Indre Nordmøre menighetsblad nr. 3/10.

Page 2

Side 2

Kyrkjeblad for Indre Nordmøre

ØRE

Øre - Gjemnes

Kyrkjekontoret 71 29 39 00 Telefaks 71 29 38 28 E-post sokneprest: petter.dahle@ gjemnes.kommune.no Biletet: Øre kyrkje

Leir for 5.klassingane Dei fleste av årets 5.-klassingar var med på leiren i Flemma no i vinter. Aktiviteten var stor både ute og inne. Fellesskapet vart utvikla både ved matbordet, i gym.salen, ute i snøen og i undervisningsbolkane. Noko av tida vart brukt til å dramatisere ulike bibelske forteljingar.

Friluftsgudstenester

Vegkirke

I år legg vi også opp til gudstenester ute i det fri. Det blir først gudsteneste på Ikornneset søndag 6.juni. Dette er ei samling som har vorte godt innarbeidd og har hatt bra frammøte. Ein parkerer ved meieriet på Høgset. Så er det planlagt felles kyrkjelydstur for Gjemnes og Øre søndag 20.juni. Her blir det truleg tur utover mot havet med innlagt gudsteneste – kanskje ved Atlanterhavsvegen? Sjå kunngjeringar. Seinare på sommaren følgjer vi opp den gamle tradisjonen med gudsteneste på Svanavollen 1.august. Her ventar vi også mykje folk – uansett ver! For å komme til Svanavollen køyrer ein inn til Hoem og vidare bomveg til Kinna. Her er det nokre hundre meter å gå frå bilveg. Så legg vi også opp til gudsteneste i Batnfjorden i samarbeid med Dyregod-dagane. Denne gudstenesta blir søndag 5.september.

Gjemnes kirke vil også denne sommaren bli open for vegfarande. Her blir det høve til ei pause i kvardagen enten ein er på langtur eller stikk innom frå nærområdet. Å finne ei open kyrkje gjer godt for både kropp og sjel. Velkommen innom!

Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstoda av lekamen og evig liv.

1.søndag etter påske deltok Høgtun folkehøgskole med ulike innslag under gudstenesta. Dei stilte med klokkar og tekstlesarar, likeeins med band og forsongargruppe som leia nokre av songane. Kyrkjelyden set pris på denne kontakten med Høgtun.

Barnekoret Barnegospelkoret i Øre kyrkje har gledd oss med song og deltaking elles ved fleire gudstenester også siste året. Her ser vi eit glimt frå avslutninga deira no i vår. Dei kosa seg ved bordet – det vart eit flott selskap! Dermed er jubileumssesongen fullført med mange songarar og god stemning. Leiarar har også i år vore Aud Toril Gagnat og Gunnar Sødal.

Vel møtt til desse samlingane!

Tredje trusartikkel

Høgtun-gudsteneste i Øre kyrkje

Takk til Marie! Marie Hovde Drøpping har vore medarbeidar i barne- og ungdomsarbeidet i kyrkja det siste året. Dessverre reiser ho vidare til nye studier og oppgåver. Vi forstår det, men skulle gjerne hatt henne lenger her hos oss. Ho har hatt mykje kontakt med konfirmantane – delvis også andre aldersgrupper. Det er også starta eit nytt KRIK-lag i Gjemnes som vi håper lever vidare sjølv om Marie reiser. Tusen takk Marie!


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.