Page 1

Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Nr. 4 – Desember 2009

«Det sanne lyset som lyser for kvart menneske kom no til verda.»

Johannesevangeliet kap. 1 v. 9

Sing Singeling

Jul til sjøs

Gjenbruk

God Jul ! Jul iMongolia


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Alversund kyrkjekontor Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund Tlf. 56 35 73 70 Fax. 56 35 73 71 alversund@lindas.kyrkja.no Opningstider: tysd. – fred. kl.10.00-15.00 Stab Fungerande prost: Geir Sørebø 957 29 172 prosteniytresogn@c2i.net Sokneprest: Åge Palmesen 56 35 73 76 age.palmesen@lindas.kirken.no Sokneprest: Børge Ryland 56 35 73 75 borge.ryland@lindas.kirken.no Prostiprest: Even Fanebust 950 89 612 even.fanebust@lindas.kirken.no Sekretær: Mariann Nepstad 56 35 73 70 mariann.nepstad@lindas.kyrkja.no Kantor: Odd Leif Mjøs 56 35 73 74 odd.leif.mjos@lindas.kirken.no Kyrkjekontakten Redaktør: Terje H. Hella 56 35 13 87 Redaksjon: Jorunn Bernssen Monika Bøkevoll Aarland Hilde L. Johansen Rekneskap: Mariann Nepstad 56 35 73 70 Layout/setting: Terje H. Hella ID fix design 93 006 007 Framsidefoto: Vidar myksvoll Lygra kyrkja Trykk: Trykk-Service A/S Url: www.menighetsblad.no Sokneråd Alversund sokneråd Wenche Tyssøy Medaas 920 25 488 Seim sokneråd Monica Bøkevoll Aarland 414 16 422 Lygra sokneråd Kari Dahl 56 35 51 12 Kontonummer kontonr.

3632.53.60741

Lindås Kyrkjelege fellesråd Knarvik Senter 56 35 62 00 www.lindas.kirken.no

Eit Juleeventyr

Min

Julesalme

Juleandakt av Biskop Halvor Nordhaug

D

et var ein gong ein fattig bonde som budde saman med kona si i ei enkel hytte med eit jordgolv som var dekt med strå. Ein dag gjekk dei tom for mat. Då sa kona til mannen: «Gå ned til elva for å fiske!» Mannen så gjorde, og fiska heile dagen utan å få noko. «Me må nok gå svoltne til sengs i kveld,» tenkte han i det han kasta ut snøret for siste gong. Brått hogg det til. Ein diger fisk hang på kroken, og etter lang kamp klarde mannen å få den på land. I det han skulle til å køyra kniven i den, sa fisken: «Ikkje drep meg! Viss du kastar meg ut igjen, skal du få oppfylt tre ønske, uansett kva det måtte vera.» Den syntest mannen høyrdes ut som ein god avtale, så han kasta fisken ut igjen og gjekk heim. Men kona hans var ikkje like nøgd då ho fekk høyre historia. «For noko sludder», sa ho. «Dette er berre noko du finn på for å unnskylda at du ikkje fekk nokon ting.» «Nei, det er sant,» sa mannen og ropte ut: «Eg ønskjer meg ein middag!» Og straks var bordet dekka med dei lekraste rettar. «Idiot» sa kona. «Du må ikkje kasta bort ønska dine på småting. Ein middag er ikkje nok. Du må ønska deg noko større og finare som varer lenger.» «Ja vel», sa mannen: «Då ønskjer eg meg eit nytt hus!» Og med eitt var den enkle tømmerhytta med jordgolvet forvandla til eit herskapshus med mange rom. «Nei, nei, kor dum går det an å verta», ropte kona fortvila. «No har du alt brukt opp to ønske. Men me kan få noko endå betre enn dette huset. La oss ønskje oss eit slott som ein konge kunne bu i. – Nei vent: Eg vil ha eit slott som kunne passa for Gud sjølv!» Mannen gjorde som kona ville, og sa: «Eg vil ha eit slott som passar for Gud!» Og brått stod dei ikkje lenger i det nye huset sitt. Dei var attende i den gamle trehytta med eit jordgolv som var dekt av strå. Dette eventyret er ei julepreike. Mannen og kona fekk det som dei ville. Dei ønskte seg ein bustad som passa for Gud sjølv. Men dei hadde gløymt juleevangeliet. Då Gud kom til verda, hende det ikkje i eit slott men på ein heilt annan stad. Me les frå juleevangeliet hjå Lukas i det 2. kapitlet: «Og ho fekk son sin, den førstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for dei fann ikkje husrom nokon stad.» Det er nærliggjande å tenkja at Gud, dersom han finst, må vera større og mektigare enn alt og alle. Passar han då ikkje best i eit slott? Men Guds Son sin første bustad var i ein stall, nedst i verda. For det var ikkje rom nokon annan stad. Gud går ikkje inn i verda på toppen, men heilt nedst. Slik vert det tydeleg at han vil femna alle. For å vinna oss for kjærleiken sin, vert han eit svakt og hjelpelaust barn, i ei krubbe i ein stall med eit jordgolv, dekte av strå. Gud søkjer seg alltid nedover. Du treng ikkje ønskje deg ein annan stad for å møta han. Han er der du er. Denne jula søkjer han deg. Ta imot han

s.2

av Helge Tangen

I song- og salmeskatten vår finn me ei rekkje songar som me set stor pris på. Me knyter dei gjerne til opplevingar som me har hatt, eller me set spesielt pris på teksten og eller melodien. I periodar nynnar eg gjerne på ein slik melodi gjennom dagen. Slik er det også med julesongane våre. Det er så mange av dei med vakre, meiningsfulle tekstar og gode melodiar, men på topp vil nok «Mitt hjerte alltid vanker» likevel stå. Dette er ein julesalme skriven og komponert av den danske biskopen og salmediktaren Hans Adolph Brorson i 1732. Opphaveleg var det 11 vers som har vorte redusert til 8. Det er vers 1 – 3 og 7 – 8 som er mest kjent og brukt. For meg rommer denne salmen det meste i gudsforholdet mitt og sjølv om jula ikkje er den viktigaste kristne høgtida, så er det

«Mitt hjerte alltid vanker»

den som for meg står fram som noko spesielt og som også vert feira i breie lag av folket, om enn på ulikt vis. Dette kan sikkert også ha sin grunn i den mørke årstida, med lysfest og gåver til alle, – frå alle. For meg kan det nok også ha å gjera med at eg er er fødd på akkurat den dagen som me feirar at Jesus vart fødd. Det set ein del tankar i sving og fleire tusen år gamal historie vert liksom knytt så mykje nærmare. Denne julesalmen har nok vore sentral i oppveksten min også, og då far min døydde, var det naturleg for oss å nytta denne salmen i gravferda sjølv om det var sommer. I ulike samanhengar gjennom heile livet ligg strofen der: «….jeg kan deg aldri glemme, velsignet julenatt!»

Mitt hjerte alltid vanker i Jesu føderom Der samles mine tanker som i sin hovedsum Der er min lengsel hjemme, der har min tro sin skatt Jeg kan deg aldri glemme, velsignet julenatt!

Eg ønskjer dykk alle ei riktig God Jul!

Akk, kom, jeg opp vil lukke mitt hjerte og mitt sinn Og full av lengsel sukke: Kom, Jesus, dog herinn! Det er ei fremmed bolig, du har den selv jo kjøpt, Så skal du blive trolig her i mitt hjerte svøpt.

Julehelsing frå Kyrkjekontakten

I julenummeret av bladet i år har me som vanleg helsing til kyrkjelyden både frå Øystein og Mari i Mongolia og frå Trude Tomren m/familie i Kamerun. Me har og hatt kontakt med Hans Kenneth Sundsbø, som er prest om bord på KNM «Fridjof Nansen» i Aden-bukta. Elles finn du godt blanda stoff som orientering om julefestar, konsert på Lygra, litt om NMS sin gjenbruksbutikk i Knarvik osb....

Redaksjonen ynskjer lesarane ei riktig God Jul. s.3

Den mørke stall skal være mitt hjertes frydeslott, Der kan jeg daglig lære å glemme verdens spott. Der kan med takk jeg finne hvori min ros består, Når Jesu krybbes minne meg rett til hjertet går. Men under uten like, hvor kan jeg vel forstå At Gud av himmelrike i stallen ligge må! At himlens fryd og ære, det levende Guds ord Skal så foraktet være på denne arme jord!

Jeg gjerne palmegrene vil om din krybbe strø, For deg, for deg alene jeg leve vil og dø. Kom la min sjel dog finne sin rette gledes stund, At du er født herinne i hjertets dype grunn!


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

NMS Gjenbruksbutikk i Knarvik

Øvingshelg og konsert

med SingSingeling Den siste helga i oktober var det endeleg tid for øvingshelg og konsert for Sing Singeling. Gjennom hausten har førti songglade born øvd flittig på syngjespelet «Nittini» av dirigenten, Therese Hystad Aakre. Ei framføring som skulle innehalde song, dans og drama . Historia tek utgangspunkt i Jesus si likning om hyrdingen som leitar etter den eine sauen som har kome vekk frå flokken. Hyrdin-

Gjevartenesta Alversund sokneråd inviterer alle som kan tenkje seg å styrkje arbeidet i kyrkjelyden til å vere med i gjevartenesta. Gåvene vert brukt til ymse formål som soknerådet finn særleg aktuelt å prioritere. Vi tilbyr avtalegiro. Det er høve til skattefrådrag.

av Anne Hilde P. Nygård

gen slår seg ikkje til ro før alle er komne på plass. Likninga er soleis eit bilete på Guds store kjærleik til kvart enkelt menneske. Han vil ikkje miste nokon av sine born. Helga vart innhaldsrik med øving på songar og detaljar, gode måltid og leikestunder. Foreldre stilte opp og gjorde sitt til for at dette var ei svært velluka helg. På sjølve konserten vart det stappfullt i Kyrkjelydshuset. Her møtte foreldre, søsken, besteforeldre og andre. Alle let seg imponere over den flotte innsatsen til dei unge songarane. Koret hadde og følgje av eit orkester av foreldre.

Neste opptreden for Sing Singeling er på familiegudstenesta i Alversund 1. søndag i advent. Til våren skal koret mellom anna delta på den store samlinga for barnekor i Nordhordland. Har du lyst til å vere med? Koret har medlemmar frå Alversund og Knarvik. Aldersgrensa er 2.-7. klasse. Øvingstad er Alversund kyrkjelydshus onsdagar kl. 18.30-19.30.

I mars i år opna Det norske Misjonsselskap gjenbruksbutikk i Knarvik. Butikken vert driven etter mottoet «Trivsel med brukt», og har som visjon: Misjon – Miljø – Møteplass. I dette ligg at butikken òg er meint å vera ein møteplass mellom menneske, gjerne over ein kopp kaffi og noko å bita i. Overskotet av drifta går til NMS sitt arbeid i forskjellige prosjekt over heile verda. I vår tid med så mykje bruk og kast, kan du som ei motvekt, på denne måten vera med å bidra til mijøforvalting og ressursutnytting gjennom gjenbruk. Har du ting du skal kvitta deg med, men som i utgangspunktet er varer som kan seljast, kan du her levera varer til gjenbruk, eller du kan kjøpa deg noko nytt til ein rimeleg pris. Vareutvalet

Nokre av damane som driv butikken. Fra venstre Olaug Furnes, Åshild Furukawa, Berit Karin Lindelid og Kari Romarheim.

varierer sjølvsagt mykje, men her er mange fine ting. I periodar har det vore mykje maleri, både reine amatørbilete og fine reproduksjonar. Du finn ein del religiøse motiv, og her er mykje bøker, fortrinnsvis kristenlitteratur. Akkurat no før jul, kan du finna mange

Ta kontakt med kyrkjekontoret – tlf. 56 35 73 70. Soknerådet sitt bankkontonummer: 3632.50.10635 skal nyttast til alle gåver. Dersom du ønskjer, kan du melde frå om eit bestemt formål som du vil gåva skal gå til. Det er mykje fint å finna i Gjenbruksbutikken i Knarvik.

s.4

s.5

fine ting, som kan brukast som julepresangar. Og så er her mykje lys. Dette er omsmelta stearinlys, som finst i mange flotte fargar. Dagleg leiar av butikken er Olaug Furnes. Saman med henne vert butikken driven av ca. 25 frivillige, som arbeider gratis og på deltid. Olaug Furnes fortel at dei stadig har behov for nye medarbeidarar, og at dei har eit triveleg sosialt miljø. Butikken finn du i Hauglandsbygget på sørsida av riksvegen, og tvers overfor Oasen Hageland. Opningstider er tysdag og onsdag kl. 10 - 15, torsdag og fredag kl. 10 - 18, og laurdag kl. 10 - 14. Du er velkomen innom anten det er med varer, for å handla eller om du berre vil sjå, slå av ein prat og få ein kopp kaffi!


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Julehelsing

Det er

ikkje lenge til Jul

frå Aden-bukta

«En stor rød sol, hengende der havet møter himmelen, som dagens siste hilsen til de reisende. Det virker som om den stopper litt opp på vei ned i horisonten, som å takke for følget. Brått er den borte, en ny dag er over for mannskapet på KNM Fridtjof Nansen. Men aktiviteten opprettholdes, og etter en stund møter solen oss på ny og varsler om en ny dag i anmarsj.» Skipsprestens egen poetiske betraktning

Opplevelsene er mange ombord på det norske bidraget til Operasjon Atalanta, KNM Fridtjof Nansen. Vi befinner oss i Adenbukten og utenfor Afrikas østkyst, i utførelsen av oppdraget med å beskytte leveransene fra Verden Matvareprogram til ØstAfrika og den sivile skipstrafikken mellom Rødehavet og Det Indiske hav. Vår oppgave er å eskortere og patruljere og på den måten kunne finne de moderne sjørøverne, som med raske båter og bevæpning kaprer skip og krever løsepenger for å frigi dem. Det er veldig spennende å være

prest for besetningen ombord, oppgavene er mange og varierte. Gudstjeneste hver søndag med kirkekaffe, etikkundervisning, samtaler, etisk rådgiver, oppgaver på saniteten, velferdsoppgaver og mye annet. Og nå nærmer vi oss julehøytiden. KNM Fridtjof Nansen kommer tilbake til Norge i slutten av januar 2010, så julen blir feiret her nede. Det blir litt rart å lage til julefeiring langt fra familie og venner og for noen av oss blir det første gangen julen blir feiret hjemmefra. Men likefullt er det viktig å feire, å være sammen og markere julehøytiden på vår måte. Norsk julemat er på plass, det er også de obligatoriske julefilmene, som Grevinnen og Hovmesteren, Donalds Jul, Tre nøtter til Foto: APG

s.6

Foto: APG Julehilsen til Alversund prestegjeld fra Hans Kenneth Sundsbø. Prest KNM Fridtjof Nansen Operasjon ATALANTA!

Askepott, og julekalenderfilmer. Julekaker skal bakes, julepynt lages og julegudstjeneste holdes. Jul blir det, helt sikkert på en annerledes måte, men på vår måte. Jul i vår hverdag. Og da er vi midt i julens budskap, midt i hva det hele egentlig dreier seg om. Om Gud, Den Allmektige, som kom på vår måte, som kom til den menneskelige hverdag. Som lot seg fødes i en stall, i en krybbe. Om englene som fortalte gjeterne om en stor glede for hele folket. Om Frelseren som er født, for oss. Gud kom på vår måte for å vise at vi har uendelig verdi, for å vise at Han ønsker vårt fellesskap, for å åpne opp himmelen over våre liv. Julen handler om mennesket i møte med Gud sin skaper. Julen handler om å få lov å vandre våre liv i Jesu fotspor. Julens budskap er det samme, enten vi er sammen med våre kjære, eller må feire den andre steder. For jul blir det uansett!

Med ønske om en velsignet Julehøytid!

I alle fall ikkje i Noreg, der mange snart er ferdige med gåvehandlinga allereide. Men her i Kamerun, her er det lenge til jul. Vi har feira «don de recolte», eller hausttakkefest, dei to siste helgane. Forrige søndag var vi i Burkina kyrkjelyd her i N’gaoundéré, og sist søndag preika Tom Sverre i landsbyen Thello eit par timars kjøyretur herifrå. Og når det gjeld oppmøte, og fest-stemning, så er nok hausttakkefesten her «større» enn jula. Vi har fått alt av Gud, og no kan vi gi litt tilbake! I tre-fire timar er det jubel, song og dans. Og stemninga stig mot den siste timen, der alle skal få gå fram for alteret med si gåve. Først kjem borna frå søndagsskulen, deretter alle kora som er

Ingen for liten, ingen for stor....

knytta til kyrkja, med kvar sine songar og innøvde dansetrinn. Deretter er det dei forskjellige etniske gruppene, med songar på kvar sine språk. Vi misjonærane har og øvd oss, vi kan ikkje vere

av Trude Tomren

dårlegare enn dei andre! Det vi kvite ikkje er så veldig gode på, er å bere ting på hovudet. Svære dunkar med mais, eller papaya, eller banan, kjem duvande oppetter kyrkjegolvet. Til slutt går prestar og diakonar, og så alle dei som ikkje tilhøyrer noko spesiell gruppe. Aller sist dansar ei gamal dame, som nok er ganske dement, men som bare må vise gleda si over alle dei unge som vil høyre Kristus til. Den kan ingen ta ifrå henne. Når du no kanskje trur vi skulle gå heim, startar opplesing av kor mykje pengar og andre gåver som kom inn, gruppe for gruppe. Og når alle er sikre på at det kom inn meir enn i fjor, når jubelen taket. Gud vere lova! Heilt til slutt syng vi «Deg være ære», på fransk. Og så sitt eg på benken, sveitt og god, og må tenke litt. Samanlikna med oss i Noreg har dei så lite. Likevel er gleda så stor. Og dei gir av det vesle dei har. Om du vil gi ei julegåve til nokon som har bruk for ho, tenk gjerne alternativt! NMS, og mange andre organisasjonar, har gode tips. Sjekk på internett, eller ta ein telefon.

Ei God Jul til alle Kyrkjekontaktens lesarar frå oss i Kamerun.

Nokre av ungane er heldige, og får sitte heilt framme.

s.7


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Konsert i Lygra kyrkje

Møte med

enkeltmenneske Vi har lagt bak oss vel eit og eit halvt år i Mongolia, og over eit år i Khovd. Ettersom tida går, og særleg siste halvåret, har vi fått nærare kontakt med enkeltpersonar. Dette handlar mykje om at vi no kommuniserer betre på mongolsk. Det fører til at vi kjem nærare inn på enkelmenneske, på godt og vondt. På ei side skapar det trivsel å kunne møte folk på gata, stoppe og slå av ein prat, eller stikke innom ein og annan i forbifarten. Sist søndag vart eg invitert heim til ei av dei tilsette i sosialprosjektet. Ho ville gjerne læra å baka skillingsbollar, som eg hadde servert ved eit tidlegare høve. Og me inviterer tilbake og får læra å lage nasjonalretten baads. Trivelege møte, og særleg det å få koma heim til mongolane. På ei anna side gjer språket at vi får eit nærare innblikk i menneske som har ein vanskeleg livssituasjon. Nokre av møta er med dei fattigaste, både barn og vaksne. Mellom andre ein kazakkgut som stadig bankar på døra vår. Vil berre innom og få litt

frå Mari og Øystein

mat, og kanskje varma seg. Første møte var ein dag eg stod på kjøkkenet og vaska opp, og vart var eit lite ansikt med nasa tett i ruta. Ein augneblink etter høyrde eg banking på døra. Då eg opna møtte eg ein gut med eit varsamt smil, som med tydeleg kroppsspråk fortalde at han var sulten. Peika på mage og munn. Det var vinter og minus 25 grader. Eg viste han inn på kjøkkenet, der han sette seg. Eg baud han skive med syltetøy på. Guten åt fleire skiver med god matlyst. Straks etter reiste han seg og gjekk mot døra. Eg såg etter han frå vindauga, der han gjekk ut i kulden att, og stansa ved ein bosshaug. Kva han fann, eller om han fann noko, veit eg ikkje. Eit anna problem er dei som slit med sjukdom, og som ikkje har råd til medisinsk hjelp. Ei kvinne eg møtte på kyrkjelydsturen i haust, vart sitjande ved sida av meg. Eg hadde eit strikkearbeid i hendene, og ho følgde interessert med. Etter ei stund, tok ho av seg eit par store solbriller. Eg ser inn i eit andlet med hovne, raude auge. Ho fortel at det har vorte verre i det siste. Men ho har ikkje pengar til legehjelp og medisin. Kvinna er

s.8

mor til tre ungdomar og bestemor til ei jente på to år, og er som mange mongolske kvinner aleine om ansvaret. For nokre dagar sidan var eg hjå skreddaren for å henta klær. Det er eit godt alternativ her, når ein må fornya garderoben iblant. Denne dagen møtte eg ei av arbeidarane på systova. Ho bur aleine med borna i ein ger (mongolsk telt), som er i svært dårleg forfatning. Dei frys mykje no vinterstid. Vanlegvis er det treplank som golv i gerane, men det hadde ikkje denne kvinna råd til, og dei bur direkte på jordgolv. Dei har det vanskeleg i kulden. Slik er det nok mange som slit, og som berre har eit minimum å leva av. Dette er berre få døme på kva vi møter av vanskar hjå enkeltpersonar. For oss som kjem frå eit rikt og godt utbygd velferdssystem, vert kontrasten stor til desse som kjempar med å halda svolt og kulde unna. Kjenner takksemd for det vi får ta del i av goder heime, men samstundes vondt å sjå og møte enkeltpersonar som slit her i Mongolia. Og i skrivande stund sit det ein kazakkgut ved bordet vårt igjen, med ein varm kopp te i handa. Ute er det 20 minus. Eit broderi som heng på veggen vår, har teksten: «Pray for Mongolia» (be for Mongolia).

Med dette ønskjer vi alle lesarar ei god og velsigna julehøgtid!

Søndag 25.oktober inviterte Seim musikklag og Lygra sokneråd til konsert i kyrkja. Den var fint pynta med lykter og levande lys i alle vindaugene. I tillegg til Seim musikklag som gledde oss med musikk frå ulike sjangerar, deltok Solveig Gilborne med både pianospel og nydeleg song. Asle Hetlebakke las ei

historie frå si eiga bok, Knut’n og Bertå, og han fekk fram smilet og latteren hjå oss som var møtt fram. Etter at Seim musikklag avslut-

ta programmet med den vakre hymnen «O, bli hos meg», var det ståande buffèt bak i kyrkja med kaffi, saft og herleg heimebakst. Og no var det tid for å slå av ein prat med vener og kjende. Tusen takk for eit flott tiltak!

Ten-treff i Myksvoll bedehus Annankvar fredag er det ungdomssamlingar i bedehuset. Ein vekslar mellom ten-treff med ulike aktivitetar og ungdomsmøte med meir song og undervisning. I kjellaren held Kafe Sarepta med sine mange gode tilbod, åpent utover kvelden. Konfirmantane er spesielt inviterte. Samlingane har ofte ei fin blanding av yngre og eldre ungdommar. Nytt av året er at ten-treffungdomane har vald eige styre og at ten-treff også har fått sin eigen blogg. Gå gjerne inn på www.tentreff.blogspot. com og les meir!

s.9


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Fredagskafé på Seim

Etter initiativ frå nokre av ungdommane på Seim, blei det i oktober starta opp fredagskafè i bedehuset. I mange år har det vore lite aktivitet for ungdommane i bedehuset, og dei sjølve lengta etter ein plass å væra der det skjedde noko kjekt – i sitt nærområde. Det blei ein knall-start, der oppimot 40 positive og energiske ungdommar frå distriktet møtte opp! Før bladet «går i trykken» har det

vore to kafè-kveldar, som består av glade menneske i eit godt fellesskap, lovsong, andakt, kiosk, spel, underhaldning, play-station, leikar og bordtennis. Fredags-kafèen vil fortsetja annankvar fredag frå kl. 20.0023.00, og siste gong før jul er 4. desember. Aldersgrensa er frå 8. klasse. Alle som vil er hjarteleg velkomne til å være med!

Händels Messias

i Myking kirke

Søndag 20. desember kl 19.30 er det stor julekonsert i Myking kyrkje med oratoriet «MESSIAS» av G.F. Händel. «Messias» er eit utruleg flott kyrkjemusikk bygd på tekstar frå Bibelen, eit musikalsk perlekjede av opplevingar! Mest kjent er kanskje Halleluja-koret. Händel skreiv svært inspirert heile verket på tre veker! Meisterverket har vore folkekjært heilt fram til i dag, 250 år etter han døydde i 1759, og vert kvart år framført over heile verda. Alversund kammerkor framfører «Messias» i lag med fire songsolistar og eit fantastisk flott orkester! Konserten er ein nydeleg inngangsport til julefeiringa i år! Billettar kan kjøpast hjå kormedlemmene eller epost helge.ogaard@hallgeir.com. Det er veldig lurt å skaffa seg billett på førehand!

Velkomne til ein flott julekonsert ! s.10

Seim barnekor I Seim Kyrkje går det verkeleg føre seg kvar onsdag mellom klokka 17.00 og 17.45

Då møter 10-15 songglade seimarar for å øve på dei nye songane til Seim barnekor. Det er Helga Bjørke Harnes og Margareth Bjåen som har leiinga, og dei inviterer gutar og jenter frå 5 år til og med 4. klasse til å bli med. Og her øver dei for å opptre: koret skal syngja både på julafta i kyrkja, og på julefesten på Vollom den 27. desember. Dette er gøy!

100.000 i kyrkja kvar sundag Den lave kyrkjesøkinga i Noreg kan sjåast som teikn på ei åndeleg krise. Men at berre tre prosent av kyrkjemedlemmene deltar på gudstenesta ein vanleg sundag, gir ikkje heile biletet. Det finst mange døme på fulle kyrkjer, seier avdelingsleiar Paul Erik Wirgenes i Kyrkjerådet til kyrkja.no. På bakgrunn av nasjonale statistikkar har han forståing for nyheitsoppslag om at «nesten ingen går i kyrkja». – Men det er vel tillate å peike på at dei 100 000 menneska som søkjer kyrkja komande sundag er langt fleire enn «nesten ingen»? spør Wirgenes. – Arbeidet med nye liturgiar, salmebok og tekstut-

val har som mål å føre fleire til gudstenesta. Dette er ei av dei største utfordringane for vår kyrkje, seier Paul Erik Wirgenes. KPK

Kyrkjefest 2010

Barnekorfestival Også i 2010 dreg Bjarte Leithaug i gong barnekorfestival i Nordhordlandshallen. Dagen er sett til laurdag 20. mars Festivalen er kalla Kor-i-fokus.

Julefestar

i Alversund prestegjeld

Dette året vert prostiet sin kyrkjefest kombinert med biskopen sin stiftsturne. Biskopen vitjar alle prostia i Bispedømet og ønskjer å treffe sokneråd, tilsette og friviljuge. Samlinga her vert på

Søndag 27. des. kl 15.30 Vollom bedehus Mandag 28. des. kl 18.00 Alversund bedehus, Fosse

Nordhordland Folkehøgskule – laurdag 13. februar –

Lørdag 2. jan. kl 16.00 Knarvik Misjonshus, Barnas julefest.

Biskopen vil halde innleiingsføredrag med tittelen: Kva vil det seie å vere kyrkje? Elles vil trusopplæringsarbeidet stå i fokus og det vil verte ulike seminar om kyrkjelydsarbeid. Sjølv om sokneråd, tilsette og friviljuge vil vere primær målgruppe, vil samlinga verte open for alle. Detaljprogam vil verta kunngjort og spreidd seinare.

Søndag 3. jan. kl 15.30 Myksvoll bedehus Store og små er velkomne til dei tradisjonelle julefestane i dei ulike bedehusa. På alle festane vil det vera julesongar, andakt, matøkt og gang rundt juletreet.

Vel møtt til ein dag med inspirasjon, fellesskap og glede!

Velkommen til bedehuset ! s.11


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Frå kyrkjeboka

Barnesida Konkurranse

av Monika Bøkevoll Aarland

1: Kvar i Bibelen står Juleevangeliet?

Kryssordoppgåve: Vannrett 1. Svar 3. Daniel Fjøren 5. Flokkdyr 7. Finsk guttenavn 8. Pusser 9. Spørre 10. By i Hellas 12. Moderne 13. Utvekst 16. Norsk forfatter 17. Guttenavn

Døypte Alversund: 27.09.09 Adele Haveland Henrik Hopland Bjånesø Erik Valadao Petersson 04.10.09 Maria Lærkerød Døypt i Salhus kirke 11.10.09 Martine Håkenstad Gripsgård Jenny Langbraaten Markus Gundersen Straume Erika Øren Johansen Anders Emil Reigstad Henrik Reigstad 08.11.09 Lola Torice Veland Taule Nora Braseth

Preben Hordvik Haugland Magnus Nordanger Sofie Vassdal 22.11.09 Andreas Klausen Døypt i Meland krk. Seim: 18.10.09 Adrian Revheim Hopland Magnus Nesse Natalie Gausereide Risa Amanda Amble Anundsen

Vigde Lygra: 03.10.09 Eldrid Olsvoll og Roger Myksvoll

Avildne Alversund: 10.02.09 Arvid Magne Litlekalsøy 29.09.09 Borgny Nepstad 10.10.09 Margit Kolstad 12.10.09 Karsten Steinar Havreberg 14.10.09 Svein Martin Hodneland Seim: 07.02.09 Svanhild Hjelmtveit 03.11.09 Ragnhild Kolaas 08.11.09 Aslaug Oddrun Hopland

Slepp Jesus inn!

Loddrett 1. Får vi julaften 2. Ventetid 4. Bruke fritiden 5. Uvel 6. Fører en båt 9. Kjøretøy 11. Askeladdens bror 14. Bindeord 15. Tall

Send inn svara innan 15. januar til: alversund@lindas.kirken.no eller i brev til: Kyrkjekontakten, Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund. Rett svar på førre konkurranse var: «Abraham fekk to barn». Den heldige vinnar vart Vilde Gjerde. Gratulerer, premie kjem!

s.12

Tenk på hjarta ditt som eit lite hus. Tenk no at Jesus kjem på besøk. Når han bankar på døra, kva skal du gjera då? Er du for opptatt til å snakka med han? Skal du sei at han må komma tilbake seinare? På julafta minnast me Jesu fødsel og den kjærleiken Gud viste ved å senda Jesus for å bu på jorda. Jesus vil væra ein del av våre liv i dag, og ynskjer å fylla deg med sin kjærleik. Han ber om å få komma inn i hjarta ditt og bu der i all æve. Vil du sleppa han inn? s.13

f. 1942 f. 1921 f. 1928 f. 1955 f. 1944 f. 1921 f. 1919 f. 1927


Nordhordland Elektro AS

ELEKTRO.SERVICE SA Alvermarka - 5911 Alversund tlf. 56 35 15 40 - Fax. 56 35 21 45 Elektriske installasjoner - Bolighus Industri - Landbruk -

Tlf: 56 35 73 80

Vatnøy Eiendom AS

– Din kristne bokhandel – Åsane Senter!

Bibler

Bøker – Musikk – Film – Kort – Gaver tlf 55 19 82 00

Blomster til alle anledninger

Fargehuset

www.fargehuset.no Knarvik Senter Tlf. 56 34 30 80

Kiwi Ikenberget Tlf. 56 35 86 10

Isopor - netting - plastfolie Alt i isolasjon, plastfolie, netting, grunnmurspapp, støpematrise, drensrør, drensrenner, anleggsrør, veiduk, merkespray, formstag, kryssfiner og spiker. Armeringstoler/lister.

Alt i Hey`di produkter. 56 35 79 90

s.14

56 35 79 91

s.15

5911 Alversund tlf. 56 35 00 05 mob. 901 18 290 fosse-b@online.no


Gudstenester

i Alversund prestegjeld 13. desember 20. desember

Alversund Lygra Alversund V. Vassbygd

kl 1100 v/Palmesen kl 1700 v/Fanebust kl 1700 kl 1100 v/Ryland

Dåpsgudsteneste Kor- og korpskonsert

Julegudstenester – 2009 Julaftan

Alversund Knarvik Lygra Seim 1. Juledag Alversund 2. Juledag Seim Nyårsaftan Alversund

kl 1430 kl 1600 kl 1430 kl 1400 kl 1530 kl 1200 kl 1100 kl 1700

Palmesen Palmesen Fanebust Ryland Ryland Palmesen Ryland Palmesen

Alversund skulemusikklag Knarvik skulekorps spelar Seim barnekor deltek Dåp og nattverd Dåp og nattverd Nyårsmesse

2010 03. januar Lygra 10. januar Alversund 17. januar Seim 24. januar Knarvik 31. januar Alversund Lygra 07. februar Seim 14. februar Alversund 21. februar Alversund 28. februar Knarvik Seim 07. mars Lygra 14. mars Alversund 21. mars Seim

kl 1100 kl 1100 kl 1100 kl 1100 kl 1100 kl 1100 kl 1100 kl 1900 kl 1100 kl 1100 kl 1100 kl 1100 kl 1100 Kl 1230 kl 1100

v/Ryland v/Palmesen v/Palmesen v/Ryland v/Ryland v/Palmesen v/Ryland v/Palmesen v/Palmesen v/Palmesen v/Ryland v/Ryland v/Palmesen v/Palmesen v/Palmesen

Dåpsgudsteneste

Nattverd Dåpsgudsteneste 4års boka 4års boka 4års boka 4års boka Dåpsgudsteneste

Det kan verte endringar i den oppsette lista så følg med på kunngjeringar i avisene og på plakatar.

Kyrkjekontakten nr. 4/09.  

Jul iMongolia Nr. 4 – Desember 2009 Gjenbruk Sing Singeling Jul til sjøs Johannesevangeliet kap. 1 v. 9