Page 1

Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Nr. 4 – Desember 2011

– www.kyrkjekontakten.no –

Tema:

Juletre

Barnesider

Juletretradisjon

Kyrkjemessa

Bibel til Afrika

Velsigna Julehøgtid!


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Juletre

Alversund kyrkjekontor Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund Tlf. 56 35 73 70 Fax. 56 35 73 71 alversund@lindas.kyrkja.no Opningstider: tysd. – fred. kl.10.00-15.00 Stab Fungerande prost: Geir Sørebø 957 29 172 prosteniytresogn@c2i.net Sokneprest i Alversund: Åge Palmesen 56 35 73 76 age.palmesen@lindas.kyrkja.no Sokneprest i Seim og Lygra: Børge Ryland 56 35 73 75 borge.ryland@lindas.kyrkja.no Kateket: Trude Tomren 945 38 075 trude.tomren@lindas.kyrkja.no Sekretær: Mariann Nepstad 56 35 73 70 mariann.nepstad@lindas.kyrkja.no Kantor: Odd Leif Mjøs 56 35 73 74 odd.leif.mjos@lindas.kyrkja.no Kyrkjekontakten Redaktør: Hans K. Sundsbø 474 89 022 hansprest@bkkfiber.no Redaksjon: Monika B. Aarland 414 16 422 Hilde L. Johansen 905 83 259 Silje Marie Bauge 902 43 838 Lars Inge Kjemphol 992 59 699 Anna Maria Skotsund Hetlebakke 918 66 476 Rekneskap: Mariann Nepstad 56 35 73 70 Layout/setting: ID fix design 93 006 007 Framsidefoto: JoAS Trykk: Trykk-Service A/S Url: www.kyrkjekontakten.no Sokneråd Alversund sokneråd Øystein Aamli Seim sokneråd Rannveig Furelid Lygra sokneråd Lillian Berentsen Kontonummer kontonr.

993 21 642 400 17 918 980 86 687

3632.53.60741

Lindås Kyrkjelege fellesråd Lonsvegen 2 56 37 59 20 www.lindas.kirken.no

Gleder du deg til jul? Juleandakt av Glenn Nord-Varhaug

M

itt svar er uten tvil, ja! Hjemme i vår stue, med fire gutter, er det alltid stor stemning når julehøytiden nærmer seg. Huset blir pyntet, julekalenderen åpnes med ny luke for hver dag, juletreet skal hentes og pyntes. Og plutselig er den store dagen der. Det er jul i stuen! Som i de fleste hjem, med barn i huset, stiger spenningen når presangene under juletreet skal åpnes. Det er en fryd å se de fornøyde barneansikt som lyser av takknemlighet etter hvert som presangene blir åpnet. Gleden vil nesten ingen ende ta. Dagene etter juleaften nytes i fulle drag der alle nyervervelser skal utforskes og prøves. Det er flott at vi kan glede dem vi setter aller størst pris på med presanger på julaften. Bibelens budskap er i sum at Gud ønsker å gi oss den største presangen. Ingen presanger som vi får til jul kan måles med den Gud ønsker å gi oss: Tilgivelse for alt som vi har gjort galt(synd). Jesus, en venn som alltid er der og som aldri svikter oss. Og ikke minst, et liv etter døden som aldri tar slutt i herlighet og glede (evig liv). Men trenger jeg dette, spør du kanskje. Alle som ønsker dette evige livet trenger Guds store presang. For på grunn av vår synd er vi utestengt fra det evige livet. Derfor kom Jesus som det lille barnet i krybben. Hyrdene fikk denne første julaften høre de gode nyhetene av engelen ute på betlehemsmarken: «Frykt ikke! Se, jeg forkynner dere en stor glede, en glede for hele folket: I dag er det født dere en frelser.» Hva dette betyr for oss blir så tydelig formidlet i en enkel setning i julesalmen, En krybbe var vuggen: «Fra krybben til korset gikk veien for deg, slik åpnet du porten til himlen for meg» På korset fjernet Jesus alt som vi har gjort galt i livet. Dermed er Himmelen åpen for oss. Du kan få tilgivelse for alle dine synder. Du kan få Jesus, en venn som alltid er der og som aldri svikter. Du kan få det evige livet. Gud setter så stor pris på deg at Han vil gi deg alt dette. Du kan ganske enkelt si til han: «Takk Gud, for at du vil gi meg din store presang», og presangen blir din! Når du denne julaften åpner presangene fra de som virkelig bryr seg om deg skal du få tenke på den store presangen som Gud har gitt deg. Du betyr uendelig mye for Gud.

Med ønske om en velsignet julehøytid. s.2

Min

Julesong Som liten gut var det stor stas å få vera med mor og far på julefest i bedehuset heime på Nyborg i Åsane. Ein av desse festane hugsar eg svært godt. Eg kunne vel vera 5 eller 6 år gamal. Det skulle vera julespel på scena etter matøkta, noko eg såg fram til med spaning og glede. To av mine eldre brør skulle vera med i julespelet. Dersom eg hugsar rett hadde den eine rolle som hyrding, den andre som vismann. Spelet gjekk sin gang med stall og krubbe, Maria og Josef, englar som song, hyrdingar på markene og vismenn frå Austerland. Det som gjorde inntrykk på småguten var avslutninga. Då sjølve skodespelet var ferdig, gjekk alle aktørane i tog fram mot «barnet i krubba» medan dei song «Nå vandrer fra hver en verdens krok». Sidan denne opplevinga har dette vore min julesong. Kvar gong eg syng eller høyrer

av Atle Berland

andre syngja songen, ser eg for mitt indre auga dei store flokkar frå heile verda, store og små, ung og gamal, som søkjer inn i juleevangeliet i desse dagar. Den glade bodskapen om at Gud vart menneske er det største som har hendt i verdshistoria. Han fekk namnet Jesus, for han skulle frelsa sitt folk frå deira synder. Songen oppfordrar oss til å stå opp, og i ånda gå til Betlehem å sjå det som hyrdingane fekk sjå. Det dei fekk sjå resulterte i jubel og lovsong. Dei fekk sjå Frelsaren som engelen talte om. Alt var slik som det var sagt dei. «Og finner du ham i krybbens hø som hyrder så, da eier du nok til freidig å dø og leve på!»

Ynskjer dykk alle ei verdfull adventstid og ei syngande julehøgtid!

Redaktørens hjørne Kjære lesar. Adventstida er ventetid, men dei fleste av oss opplever innimellom det som kallast «julestress». Vår oppfordring til deg er å setja av tid til det som er viktigast, til familie, vener og jula sin bodskap. Jul og advent er først og fremst innhald, ikkje innpakning. Vi har sett saman eit innhaldsrikt juleblad, der mange ulike menneske har delt nokre av sine tankar kring jul. Vi vonar du finn bladet interessant. Redaksjonen i Kyrkjekontakten vil nå endre seg, og

«Nå vandrer fra hver verdenskrok» en verdens krok» Nå vandrer fra hver en verdens krok i ånden frem, i ånden frem et uoverskuelig pilgrimstog mot Betlehem, mot Betlehem Se barna går foran glad i flokk så kvinner og menn, så kvinner og menn Selv skjelvende gamle tar sin stokk til krybben hen, til krybben hen For alle har samme hjertetrang til julens fred, til julens fred Guds kirke i Norge ved våg og vang følg med, følg med, følg med, følg med Og finner du ham i krybbens hø som hyrder så, som hyrder så da eier du nok til freidig å dø og leve på, og leve på.

Hilde Langeland Johansen, Jorunn Bernssen og Hans Kenneth Sundsbø takkar for seg. Den nye redaksjonen består av Silje Marie Bauge, Lars Inge Kjemphol, Anna Maria Skotsund Hetlebakke og Monika Bøkevoll Aarland. Dei avtroppande skribentane ynskjer den nye redaksjonen lukke til!

Med ynskje om ei velsigna advents- og juletid! s.3


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Barnesida av Monika Bøkevoll Aarland

Konkurranse

1: Kor mange dagar gjekk før Jesus skulle omskjærast, og han fekk namnet sitt?

Juletre

Smil Har d u som s høyrt om esele k r ei det va k så fælt a t t rt hes t?

(svaret er å finna i Luk. kap. 2)

Elise og Hanne:

Kvifor feirer vi jul? – Fordi Jesus har bursdag Kvifor har vi juletre i stova i jula? – For å ha noko å leggje pakkene til Jesus under.

av Hilde Langeland Johansen

Andakt Kva ønskjer du deg til jul? Dukke? Bøker? Radiostyrt bil? Klede, kanskje? Nokre barn får alt dei ønskjer seg, medan andre ikkje får noko. Mange vaksne har alt og veit ikkje kva dei skal ønskje seg, medan andre ikkje har råd til julegåver. Urettferdig, sant? Jula handlar om å dele. Dele vår overflod av mat og gåver. Dele tida vår. Dele julegleda… I Bibelen står det at «For så høgt elska Gud verda at Han gav son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.» Gud gav oss Jesus! Han gav oss ein mulighet til å få evig liv. Større gåve kan ein ikkje få, og den er heilt gratis! Dette er noko alle har råd til, og Gud vil at me skal dele den med andre. Fortell venene dine om Jesus. Fortell kva Gud gjorde for alle menneske. Alle vaksne og alle barn kan få den gåva. Og alle vaksne og alle barn kan få dele den vidare til andre. Det blir vel ekstra urettferdig om du ikkje vil dele denne Eit barn er født gåva, sant? i Betlehem

Eit barn er født i Betlehem, i Betlehem No frydar seg Tre kongar kom frå AusterJerusalem. land, frå Austerland, Halleluja, halleluja! gull, røykjels, myrra gav dei han. Halleluja, halleluja!

For juletid med gledebod, med gledebod skal Herren evig ære få. Halleluja, halleluja!

Svar innan 10. januar til: alversund@lindas.kirken.no eller i brev til: Kyrkjekontakten, Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund. Vær med i trekninga av ein fin premie! Oppgje alder.

s.4

Sara Linnea:

Kvifor feirer vi jul? – Fordi Jesus vart født. Kvifor har vi juletre i stova i jula? – Fordi det er jul?!

Laura og Karoline:

Vegard:

Kvifor feirer vi jul? – Fordi vi feirer bursdagen til Jesus. Kvifor har vi juletre i stova i jula? – Fordi vi skal jo pynte det. Passer bra å ha stjerna i toppen, vi må jo ha noko å henge stjerna opp i!

Kvifor har vi juletre? – For å kunne gå rundt det og synge. Vi vil synge Hipp hopp sanger...

Trond Elling:

Kvifor har vi juletre? – Veit ikkje, til pynt kanskje!


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Juletre

Juletreminner

Ester Skotsund har vakse opp og budd på garden Skotsund i Lygra sokn heile livet. Ho er framleis ei aktiv dame trass sine 85 år. I hennar barndom på 1930- talet var landskapet ut mot Lureosen og Toftingsundet lyngheier utan skog. Juletreet måtte derfor ofte skaffast frå slekt og naboar på gardar i nabobygdene som hadde slike tre å tilby. Seinare hogg dei tre på eigen gard, planta av bestefar og far til Ester. Ester skriv her litt om korleis dei pynta treet for over 70 år sidan. Litt annleis enn i våre dagar.

«I desember kjem julehelga, og den er ei festtid. Då skulle der og vera eit lite juletre, ei gran eller ei furu. Eit friskt bartre spreidde ein god ange i stova. Det vart pynt ettermiddagen julaftan. Treet skulle setjast på fot. Det var to trestykke som låg i kross med eit hol i midten. Så vart det teke fram det som skulle hengjast på treet: Små papirkorger som var laga av farga papir, lenker

av noko som var blankt, gjerne eit fint glansbilete forma som ein engel, og norske flagg. Lysa var små kvite stearinlys. Lysestakane var små runde trestykke, dei var mørke på farge, og i botn var ein kvass stift som vart trykt ned i ei grein. Lysa vart tende juledagane om

Juletre

av Ester Skotsund og Anna Maria Skotsund Hetlebakke

kvelden og måtte passast godt på. Til toppen på treet vart det festa ei stjerne. Det var ei fast krå i stova der juletreet skulle stå. Julegåvene vart lagt under treet. Gåvene kunne vera eit eggeglas, ein tallerken, ei skei eller liknande. Det hende og at det vart gått rundt juletreet. Juleevangeliet vart lese før festmåltidet om kvelden. Julemiddagen var lettsalta torsk og poteter, med sviskesuppe til dessert. Nokre juleleikar høyrde med til feiringa. Det vart teikna hale på grisen på golvet med kritt, og sitjande på ei glasflaske skulle tråden treast på ei nål. Ut på nyåret var det slutt på høgtida. Treet med den gode angen hadde mista nålene sine.» Juletreet var ein viktig juletradisjon før og, og har så lenge juletreet har vore i bruk vore med å setje sitt preg på stemning og feiring. Sjølv om våre tre er fylt med meir glitter og stas og elektriske lys, er den «gode angen» som Ester skriv om den same som for 70 år sidan, – om du ikkje har eit plasttre då…

Illustrasjonsfoto

s.6

Tradisjon kring juletreet

av Hans Kenneth Sundsbø

Når mor pyntar i stova, då vert det jul! Og juletreet står i ei særstilling. Juletre er inga særnorsk tradisjon, sjølv om landet og naturen vår skulle leggja til rette for dette. Pynting med eviggrøne greinar stammar frå før-kristen tid, og vart blant anna nytta i den romerske solfesten. Den kristne tradisjonen med juletre kan førast tilbake til 1400-talet frå det sørlege Tyskland, men det er litt uvisst når dette først vart teken i bruk i Noreg. Ein tradisjon seier at det første juletreet vart satt opp i Christiania i 1822, og Jørgen Moe skreiv om juletreet i eit brev i 1842. Det som i alle fall er sikkert, er at juletreet først vart teken i bruk i Noreg frå år 1900 og utover. Da begynte skulelærarar å arrangera julefestar, og slik spreie skikken ut over det ganske land. I dag pyntar over 90% av alle norske husstandar med juletre. Vi nordmenn brukar faktisk rundt 2 millionar juletre kvart år, der dei aller fleste kjem frå Noreg. Om lag ein fjerdedel av alle trea er importerte frå Danmark, og eit aukande antal tre er til gjenbruk og av plast. Her på Vestlandet har det ikkje alltid vore så grøderikt og skog-

kledd som i våre dagar, og det var ei utfordring å skaffa seg eit juletre for hundre år sidan. I skoglause grender vart det difor vanleg å setje ein tjukk stokk med mange hol i, på ein fot. Og så laga dei eit tre ved å stikka einegreiner i hola. Til tross for eit mogleg heidens opphav, har skikken med juletre vorte kristna og juletreet ber no mange kristne symbol. Nokre av desse er kanskje litt mindre kjente i dag. Ei av dei gamle tradisjonane er at treet er eit bilete på livets tre, treet i midten av Edens Hage. Jesus vert kalla «den andre Adam» med denne grunngjevinga: Slik alle menneske mista tilgangen til livets tre på grunn av ein mann (Adam) si synd, kan alle menneske få tilgang til det evige liv på grunn av ein mann (Kristus) sin frelseshandling. Jesus vert difor «den andre Adam» og han gjev oss menneske høve til å koma tilbake til livets tre. Juletreet symboliserar og evig liv, fordi det er eit eviggrønt tre. Ein meir kjend symbolikk i juletreet er stjerna i toppen. Den er no av plast med lys inni, men var før gjerne laga av sølvpapir. Stjerna er symbolet på Betlehemsstjerna, som lyste veg for dei tre vise menn og for gjetarane fram mot

s.7

stallen der Jesusbarnet låg. Og eit sterkare symbol kan vi vanskeleg pynta med, ei stjerne som minner oss om det store under, at Gud sjølv har vorte menneske, født midt i mellom oss, som ein av våre eigne. Gud i vår verd, i vår kvardag, i vår julestove. Ei stjerne som vil visa oss vegen, og som viser oss vår uendelege verdi i Guds verd!


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Juletre

Kyrkja

Ekteskap og juletre

av Hans Kenneth Sundsbø

Er du klar over at det å setje lys på juletreet er ein av dei mest stressande situasjonane ein kan gjera i eit parforhold? Ting som overgår dette er å læra partneren sin å kjøra bil og å tapetsere om i heimen. Kyrkjekontakten ynskjer å gje ei hjelpande hand i ein hektisk førjulstid, og har derfor satt saman ei liste med setningar ein helst bør unngå når juletrelysa skal monterast. • Kva var det eigentleg du gjorde med leidningane då du pakka dei ned i fjor? Sette du knute på dei med vilje? • Dersom du ikkje kan gjera dette skikkelig, så ikkje bry deg! Du kan ikkje berre slenga ein bunt med leidningar og lys opp i treet! • Du har snudd alt saman opp ned! Kontakten skal vera nede, ikkje oppe i toppen! • Eg bryr meg ikkje om du har funne to skøyteleidningar til. Eg er ferdig! • Du har sett to raude lys ved sida av kvarandre!

Det skal vera gul, grøn, raud, blå…. ikkje gul, grøn, raud, raud, blå… • Litt høgare! Kom igjen! Forsøk i det minste å strekkja litt på kroppen! • FÅ DEN! • Du er verre enn din far! På ein humoristisk måte ville vi setja fokus på ein veldig viktig ting. Julestria er travel for dei fleste av oss, med ting vi gjer og ting vi tenkjer vi burde gjere. Oppi alt dette er det lett å mista fokus på dei næraste vi har rundt oss, på ektefelle, born, foreldre og gode vener. Dette kan du gjere noko med, her kan du prioritera kva som er viktigast i ditt liv. Og ikkje minst: la dei som er viktigast for deg, få oppleva at dei nettopp er viktigast! Eit godt tips i ekteskapet er å gje kvarandre 15 minutt saman kvar dag, gjerne på kvelden når ting er litt rolege. Då får ein prata ut om dagen som har gått, og om ting som ligg framfor. Og ein får vere saman. Lukke til, og god førjulstid!

Kyrkjemessa

av Ivar Eidsheim Leiar i Plan- og prosjektgruppa

Lindås kyrkjelege fellesråd har i lengre tid arbeidd med å få realisert ei kyrkje i Knarvik. Ei plan- og prosjektgruppe, ein jury og fleire arbeidsgrupper har utført eit omfattande arbeid, og vist stort engasjement.

selskapa Rambøll Norge og Bygganalyse. Prosjektorganisasjonen har lagt til grunn den kostnadsramma som kommunestyret har vedteke, kr. 77 mill, inklusiv forventa innsamla midlar. For å kunna realisera prosjektet innanfor denne kostnadsramma har det vore føreteke fleire større kostnadskutt, i første rekkje ved reduksjon av byggjearealet. Når det gjeld kvalitet har ein vald nøkterne, men gode løysingar. Etter anbodsopning og kvalitetssikring syner det seg no at kyrkja vert kr. 13 mill dyrare enn tidlegare estimert. Prislappen på prosjektet, med uteanlegg, inventar og utstyr, men utan kyrkjeorgel, viser ca. kr. 90 mill. Som tala viser er kyrkjeprosjektet inne i ein avgjerande fase. Fellesrådet ønskjer å ha ein tett dialog med politisk og administrativ leiing i kommunen, for saman å finna den beste løysinga vidare. Alversund sokneråd har vist engasjemang i prosjektet og har alt samla inn ikkje ubetydelige summar. Det skal dei ha stor ros for. Men det trengs fortsatt innsats frå innbyggjarane og næringslivet i Knarvik og Alversund slik at kyrkja no kan bli realisert.

Med den sentrale plasseringa kyrkja har fått i tilknytning til Knarvik senter og skulane i Knarvik er det ei viktig målsetjing at kyrkja og vil vera eit oppvekstsenter for barn og unge. Etter ein arkitektkonkurranse i 2010 var det arkitektfirmaet Ramstad som vann fram med si løysing. Dette var både juryens valg, folkets valg, og samstundes den billigaste løysinga. Profesjonelle rådgjevarar har vore nytta i prosjekteringsfasen, herunder

Foto: T.N.Kirkeluten

Til høgre: Speidaren i Alversund stod for grillinga.

Kyrkjemessa i Nordhordlandshallen Laurdag 22.oktober 2011

neaktivitetar, stands og guida tur til kyrkjetomten. Messa var svært godt besøkt, og stemninga var god. Ved sida av å samla inn pengar til nye-kyrkja, var siktemålet å synleggjera mangfaldet i det kyrkjelege arbeidet i soknet. Dette skjedde på ein svært fin måte.

Alversund Sokneråd inviterte til kyrkjemesse til inntekt for den nye kyrkja i Knarvik, ei messe beståande av konsertar, kunstlotteri, åresal, kafè, bar-

Dugnadsarbeidet kring den nye kyrkja er i gang, og prosjektet treng fortsatt støtte. Vi oppgjer frimodig gåvekontoen for Knarvik Kyrkje: 3632.56.80444.

av Hans Kenneth Sundsbø Foto: Gro Anette Fanebust, Avisa NH

s.8

Kyrkje i Knarvik status

s.9


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

Adventskonsertar

Bibelen kan endre Afrika!

Händels «Messias»

Denne flotte konserten er eit initiativ frå Myking sokneråd som feirar 150-års jubileum for ei nyrestaurert Myking kyrkje. Kyrkja er blitt veldig vakker og har faktisk fått endå betre klang etter oppussinga i år. Koret gler seg over å få framføra dette magiske verket og ser fram til ei vakker julekonsert-oppleving søndag 18/12 i Myking. Billettpris er kr 250,- (born under 14 år gratis), og billettsalet er av kormedlemmer og ved inngangen. Hjarteleg velkomen!

Familiegudstenester

Førjuls-konsert

i Alversund Kyrkjelydshus

Søndag 11. desember kl. 17.00 i Alversund kyrkje.

Prest Marianne Skauge og Alversund Søndagsskule inviterar til samling på følgjande datoar: Familiegudsteneste: 15. januar, 12. februar, 11. mars, 1. april, 3. juni Søndagsskule: 22. januar, 5. februar, 18. mars, 15. april, 29. aprilSamlingane er spesielt tilrettelagt for barnefamiliar, men alle er hjarteleg velkomne!

s.10

Den store førjuls-konserten er blitt ein god gamal og vakker tradisjon for Alversundfolk, der me samlast i kyrkja for lystenning, song og musikk. Alversund skulemusikklag, Alversund musikklag, Songlaget Alvidt/Manger og Alversund kammerkor deltek. Ikkje minst viktig er den gode allsongen av julesalmane. Vel møtt!

Mange statar har ein stor muslimsk folkesetnad og mange praktiserer framleis gamle religionar. I 2012 vil Bibelselskapet rette merksemda mot Etiopia, Afrikas mest folkerike stat, eit stort land med ei av dei eldste kyrkjene i verda. I motsetnad til resten av Afrika har Etiopia aldri vore ein koloni under europeiske statar. Men det er eit av dei fattigaste landa i verda med ein stor folkesetnad på landsbygda med låg utdanning. Det er stor interesse for Bibelen i Etiopia. Men landet har mange folkeslag som talar ulike språk. Det er ei stor utfordring å skaffe biblar til alle. Omsetjing til mange av dei lokale språka er viktigast. Talet på biblar som blir spreidd aukar stadig, men det er vanskeleg å skaffe nok biblar til ein rimeleg pris slik at også den fattige delen av folket kan få sin eigen bibel.

Ei 17-år gamal jente formidlar Guds Ord til borna på ein barneheim i hovudstaden Addis Ababa.

Bibelselskapet har utvikla eit program for å avgrense utviklinga av HIV/AIDS. Det er svært suksessrikt i Etiopia. Ved hjelp av bibeltekstar – og særleg likninga om den miskunnsame samaritanen blir det opna rom for samtalar om korleis ein skal leve for å unngå smitte, og korleis ein skal ta vare på dei som allereie er råka. Verda har vore vitne til enno ei sultkatastrofe på Afrikas horn.

I ei slik tid er det mange munnar å mette, kroppar som treng varme og sjeler som treng næring og von. Kyrkjene i Etiopia er aktivt involvert i naudhjelpsarbeidet som blir utført. Bibelselskapet i Etiopia hjelper kyrkjene med å gi bodskapen om von gjennom å sørge for Det nye testamentet på lokale språk til dei som ønskjer det, både i papirform og på kassettar. Særleg i flyktningleirar med mange eritrearar er det stor etterspurnad etter biblar. Midla som blir samla inn på Bibeldagen vil mellom anna gå til: Omsetjing til seks lokale språk, biblar til skuleungdom og studentar, utvikling og distribusjon av lydbøker for dei som enno ikkje kan lese, og å avgrense utviklinga av HIV/AIDS. Kvart år blir det lagt ut informasjon og bilete frå bibeldagsprosjektet på www.bibel.no/bibeldagen Foto: Francois Sieberhagen

Alversund kammerkor har fått med seg profesjonelt orkester og solistane Kjersti Wiik (sopran), Tone Kvam Thorsen (alt), Tore Kloster (tenor) og Magne Fremmerlid (bass). Messias er det beste du kan få med deg til julefeiringa!

Foto: Clare Kendall

I dag ser vi at den sørlege delen av Afrika blir dominert av dei kristne kyrkjene, og store delar av folket vedkjenner seg kristen tru. I den sentrale og nordlege delen av kontinentet er situasjonen annleis.

i Myking kyrkje Søndag 18. Desember kl. 18.30

og søndagskule

Bibelen

Born i gatene utanfor rådgjevingssenteret for HIV/AIDS i Dechatu, Dire Dawa, Etiopia.

s.11


Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim

1. nyttårsdag

Julefestar

i Lygra kyrkje

i Alversund prestegjeld Myksvoll bedehus:

onsdag 28. desember kl 17.00

Gudsteneste kl. 12.00 i Lygra kyrkje

Fosse bedehus, Alversund:

Kyrkjelyden på Lygra inviterar alle til å vera med og starte det nye året i fellesskap med Gud og kvarandre.

onsdag 28. desember kl 18.00

Børge Ryland heldt gudstenesta.

Vollom bedehus:

Frå kyrkjeboka

Velkomen til kyrkja !

fredag 30. desember kl 18.00

Nyttårsmesse i Alversund kyrkja

I god tradisjon vert du invitert til gudsteneste

nyttårsaftan kl 17.00

Mange har delteke på desse gudstenestane gjennom åra, og har fått vore med på ein høgtidsfylt samling med oppsummerande blikk på året som har gått, og bøn for året som ligg framfor.

Gudstenesta vert halden av Børge Ryland.

s.12

Døypte

Alversund: 21.08.11 Laura Sande Hesjedal Ole Marius Stølan Sæthre Vegard Henriksen Myhre Emilie Sandviken Lieske Jesper Fyllingen Tofting Amalie Skorpen Hauge 18.09.11 Nelia Daniella Säterskog Aakvaag Johanne Bøe Aalhus Nikoline Sollesnes Ekhougen 09.10.11 Magnus Bragstad Hellum Mariell Vabø Toft Viljar Nepstad Tanita Sperrevik Jørgen Vabø Eknes 16.10.11 Mathias Rokkonæs døypt i Lindås krk 23.10.11 Leah Karin Waage-Husa døypt i Fedje krk 06.11.11 Leah Anita Nyheim Nepstad

Adrian Bjånesø Nilsen Aron Redzic Sudmann 20.11.11 Mia Brendehaug Sivertsen Morgan Heradstveit Lotta Bådsvik Aurora Brakstad Tvedt Seim: 16.10.11 Lars Olai Spurkeland Feste John Patrik Gausereide Bertelsen 13.11.11 Trygvar William Tiberius Vabø-Styve Leon Johannes Molvik Nesse Lygra: 25.09.11 Oskar Nathapom Titland

Vigde

Alversund: 20.08.11 Lene Aasgard og Torstein Lyngøy

s.13

27.08.11 Solveig Ryland og Andreas Bergum Seim: 20.08.11 Lene Kvinge Tvedt og Kjetil Andre Hjelmtveit 17.09.11 Linn-Katrin Soltveit og Øyvind Aarra

Avlidne

Alversund: 27.08.11 Kåre Bjelde 18.09.11 Kim Raymond Holmås Seim: 19.08.11 Rannveig Totland 25.08.11 Martha Maria Totland Lygra: 28.09.11 Målfrid Skotsund

f. 1925 f. 1990 f. 1923 f. 1929 f. 1931


Annonsesider

«Med fokus på fag og kunden»

Knarvik. tlf. 56 35 17 65 www.hageland.no

Bok & Media Frekhaug tlf. 55 31 89 89 frekhaug@bokogmedia.no

www.nordh-bb.no

Blomster til alle anledninger – Din kristne bokhandel – Åsane Senter!

Fargehuset

Bibler

Bøker – Musikk – Film – Kort – Gaver tlf 55 19 82 00

www.fargehuset.no

Kiwi Ikenberget Tlf. 56 35 86 10

Knarvik Senter Tlf. 56 34 30 80

Isopor - netting - plastfolie Alt i isolasjon, plastfolie, netting, grunnmurspapp, støpematrise, drensrør, drensrenner, anleggsrør, veiduk, merkespray, formstag, kryssfiner og spiker. Armeringstoler/lister.

Alt i Hey`di produkter. 56 35 79 90

s.14

56 35 79 91

s.15

5911 Alversund tlf. 56 35 00 05 mob. 901 18 290 fosse-b@online.no


Gudstenester 18. desember 23. desember

Julaftan

V. Vassbygd Seim

v/Ryland Julekonsert

kl 1430 kl 1600 kl 1430 kl 1400 kl 1530 kl 1200 kl 1100 kl 1700

Palmesen Palmesen Fykse Ryland Ryland Palmesen Ryland Ryland

Julegudstenester – 2011

Alversund Knarvik Lygra Seim 1. Juledag Alversund 2. Juledag Seim Nyårsaftan Alversund 01. januar 08. januar 15. januar 22. januar 29. januar 05. februar 12. februar 19. februar 22. februar 26. februar 04. mars 11. mars 18. mars 25. mars

kl 1100 kl 2200

2012

Lygra kl 1200 Alversund kl 1100 Seim kl 1100 Alversund K.hus kl 1100 Knarvik kl 1100 Alversund kl 1100 Seim kl 1100 Lygra kl 1100 Alversund K.hus kl 1100 Alversund kl 1700 Seim kl 1100 Alversund kl 1930 Knarvik kl 1100 Alversund kl 1100 Lygra kl 1100 Alversund K.hus kl 1100 Alversund kl 1100 Seim kl 1700 Knarvik kl 1100

med Seim Songkor

Alv. Skulemusikklag Hanne Vatnøy Knarvik skulekorps Seim Barnekor

Nyårsmesse

v/Ryland v/Palmesen Dåp v/Palmesen v/M. Skauge Familiegudsteneste v/Ryland v/Ryland Dåp v/Palmesen v/Ryland v/M. Skauge Familiegudsteneste v/Palmesen v/Ryland Dåp v/Palmesen/Ryland v/Palmesen 5. klasse bibel v/Ryland 5. klasse bibel v/Palmesen v/M. Skauge Familiegudsteneste v/Palmesen v/Ryland 5. klasse bibel v/Ryland

Det kan verte endringar i den oppsette lista så følg med på kunngjeringar i avisene og på plakatar.

Kyrkjekontakten nr.4/11.  

Nr. 4 – Desember 2011 – www.kyrkjekontakten.no – Kyrkjeblad for Alversund, Lygra og Seim Kyrkjemessa Barnesider Bibel til Afrika Juletretrad...