Kyrkjelydsblad for Fjaler nr.3/10.

Page 1


2

Kyrkjelydsblad for Fjaler

Skal det ende her? Eitt av høgdepunkta med å komme til Vestlandet, var å sjøsetje båten min som hadde vore 14 år på land. Med min vesle plastbåt drog eg lukkeleg ut på Dalsfjorden. Då oppdaga eg noko med stor skrift på fjellet på andre sida av fjorden. Det stod: ”Skal det ende her?” Som prest tykte eg desse orda fortente litt refleksjon over livet. Å bygge bru over Dalsfjorden er eit heilt konkret prosjekt. Det handlar om å knytte saman samfunn, å føre menneske nærare kvarandre. I ei forteljing vaknar ein mann som til si store overrasking sit på ein buss. Han veit ikkje kvifor han sit på bussen, og kor bussen skal. Han spør passasjerane rundt seg, men ingen veit kvifor dei er på bussen, eller kor bussen skal. Då reiser mannen seg, og går fram til sjåføren og spør han – for han tenkjer at han må vel vite det. Men sjåføren seier: ”Eg har inga aning. Eg berre køyrer.”

FOTO: ASBJØRN EIKEROL

Slik er det med livet. Vi har kanskje ei lita aning om kvifor vi er her på jorda, men veit det ikkje heilt sikkert. Og – kor skal vi? Det er her religion kjem inn. Religion er den dimensjonen som går ut over det kvardagslege. Den tilhøyrer Gud. Guds dimensjon kan ikkje menneska heilt fatta – fullt ut. Slik Paulus uttrykkjer det i Korintarbrevet: ”No skjønar eg stykkevis, men då skal eg kjenna alt fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud.” (1 Kor 13,12b) Då Jesus seier til disiplane: ”Og dit eg går, veit de vegen,” (Joh 14,4) protesterer Tomas og seier: ”Herre, vi veit ikkje kvar du går; korleis kan vi då vite vegen?” Det er då Jesus legg all tvil til side og svarar: ”Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til far utan gjennom meg.” (Joh 14,5b6) Mens vi lever, held det likevel å vite at Jesus er vegen – vi treng ikkje vite kor vegen går. Det er nok å vite at Jesus er vegen – for Jesus seier at ”Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er.” (Joh 14,3) Eg håpar ikkje at det skal ende her – men hos Jesus. KAK


Kyrkjelydsblad for Fjaler

LJOSHEIMBASAREN søndag 31. oktober kl.15.00 Det er flott om du tek ettermiddagskaffien på Ljosheim denne siste søndagen i oktober og støttar opp om Ljosheimbasaren. Kakebordet er stort ☺. Ljosheim er eit viktig hus for alle som soknar til Dale kyrkje, og huset er flittig brukt til mange aktivitetar. Av erfaring veit vi at folk er flinke til å kjøpe lodd, noko vi er svært takksame for. Det trengst midlar til både straum og forsikring, samt vedlikehald. Vel møtt til Ljosheimbasar – håpar du kjem! Ljosheimvenene.

KYRKJESKYSS FRÅ HELSETUNET Det er no sett opp kyrkjeskyss til alle gudstenester i Dale kyrkje ut året bortsett frå kveldsarrangement. Det er ingen påmelding – det er berre å møte opp utanfor omsorgsbustadene kl.10.30 (kl.11.30 1. juledag). 12.-14. november SMS-Leir frå 8. klasse 3. desember: Adventsfest kl.19.00 m/ julemiddag 4. desember: Alværamessa frå kl.12.00 2011 15. januar: Kyrkje- og Misjonsdag 18.-20. februar: Aktivitetsleir 5 - 7 klasse 21.-23. februar: Vinterleir 2. 2 - 5 klasse. 4.-6. mars: Mariahelg 11.-13. mars: SMS leir, frå 8. klasse Alværa Misjonssenter tlf 489 90 661. For informasjon og påmelding til leir sjå http://www.nmsu.no

Innhogging av nye namn og oppfrisking av skrifta på gravminne. Kyrkjeverja formidlar kontakt med ein som kjem vår og haust og gjer slikt arbeid. Ta gjerne kontakt!

3

ADVENTSFESTEN FREDAG 3. DESEMBER 2010 Gløggservering frå kl.18.00. Middagen blir servert kl.19.00. Seinare på kvelden er det litt program og kaffi med gode kaker. Alværa har i ei årrekkje hatt sitt eige ”julebord” første helga i desember. Dersom du ønskjer ei roleg og sosial samling før julestrida startar for fullt, er du velkomen til Alværa denne kvelden. Husk påmelding! Her samlast folk frå stort sett heile fylket, men sjølvsagt flest frå Ytre Sogn, Fjaler og Førde. Dagen etter, laurdag 4.desember, er det Alværamesse som startar kl.12.00. Her er det også Bruktsal! Har du noko brukande, utanom kle, som skal skiftast ut, så tek vi gjerne imot. Ta kontakt med Kirsten på Alværa tlf 489 90 661

KYRKJESKYSS FRÅ STRAUMSNES Frå Straumsnes vert det kyrkjeskyss til Helgemessegudstenesta i Dale kyrkje kl.16.00. Drosja køyrer frå Straumsnes 50 min før gudstenesta startar. KYRKJESKYSS I GUDDAL I Guddal vert det kyrkjeskyss til gudstenesta i Guddal kyrkje 21.nov. kl.15.00. Her må du ringe Guddal taxi på førehand. BERRE EIN PREST DENNE HAUSTEN Som vi skreiv i førre kyrkjeblad, var det lyst ut vikarpreststilling frå 15. august 2010, men ingen vart tilsett. Med unnatak av at Kurt Soltveit er prestevikar i veke 41 og 42, og litt sporadisk hjelp frå Førde til gravferder, er sokneprest Knut Arne Kummeneje åleineprest. Samarbeidet med Gaular om avvikling av gravferdsveker går som tidlegare. Vikarpreststillinga er ikkje lyst ut på nytt. if TAKK FOR MINNEGÅVE TIL GUDDAL KYRKJE Fjaler sokneråd takkar hjarteleg for kr.2.700 som vart gitt til Guddal kyrkje ved gravferda til Arne Johan Bjordal, og for kr.10.200 som vart gitt ved gravferda til Jens Langeland. JULEKONSERTAR Set av desse datoane til julekonsertane våre: Folkestad kapell: sundag 12. desember kl 19.00. Dale kyrkje: tysdag 14. desember kl. 19.30.

Framsidebilete er frå 6-årssamlinga 25. september og hausttakkefesten i Dale 26. september. Foto: Joy Taylor.


4

Kyrkjelydsblad for Fjaler

6-책rssamling og haustta Foto: Joy Taylor


Kyrkjelydsblad for Fjaler

kkefest i Dale

5


Kyrkjelydsblad for Fjaler

6

Eit møte med trusopplærar Stine Kirkeli Stine Kirkeli heiter ho, og er den nye trusopplæraren i Fjaler og Gaular. No ønskjer vi å bli litt betre kjent med Stine, og har nokre spørsmål til henne. Kor kjem du frå og kor bur du? Eg kjem frå Jølster og har vakse opp der i ein stor familie. Eg er eldst av 4 søsken. Eg har gått på Sygna vgs i Balestrand og studert i Oslo. Etter sjukepleien, gifta eg meg med Øystein Kirkeli og vi budde 3 år i Stavanger. Vi flytta til Hestadgrend i Gaular, der Øystein kjem frå, i 1998 og der bur vi enno. Kva har du jobba med før? Eg har vore sjukepleiar i fleire år, men dei siste åra har eg hatt arbeid i Acta – born og unge i Normisjon. Eg har halde på med leirarbeid og lagsarbeid i Sunnfjord. Kva arbeidar du med som trusopplærar? Som trusopplærar har eg til dømes dåpsskule, og delar ut bøker til ulike årstrinn. Vi planlegg og gjennomfører ulike opplegg for ulike grupper med den hensikt å formidle den kristne trua til dei borna som er døypte og andre som vil vere med. Kvifor valde du denne jobben? Eg synest det er meiningsfullt og viktig at vi kan hjelpe foreldre og fadrar med dette og no når skulen tek mindre ansvar. Kva forventningar har du til det du skal gjere framover? At eg kan formidle Jesu kjærleik og omsorg til borna på ein god måte … at dei kan bli kjent med Han som sin frelsar og venn. No veit du litt meir om Stine Kirkeli. Vi ønskjer henne velkommen til oss og håpar ho vil trivast! KAK


Kyrkjelydsblad for Fjaler

7

I Fjaler markerer vi FN-dagen og Den norske kyrkjas nord–sør-søndag med den tradisjonelle økumeniske gudstenesta i Dale kyrkje kl.11.00 den 24. oktober. Konfirmantane og elevar frå UWC deltek. Velkomen!

TV-aksjonen i år er tildelt Flyktninghjelpen (Norwegian Refugee Council). Inntektene frå TV-aksjonen går til prosjekt som set søkjelyset på menneske på flukt på grunn av krig og konflikt. Også kyrkja har eit globalt ansvar med lokale utfordringar, og derfor støttar vi opp om det som TVaksjonen tenkjer og legg vekt på. Flyktninghjelpen seier det slik: Å flykte er ei desperat handling. Det livet ein kjenner, forsvinn kanskje for alltid. For millionar av menneske er det den einaste utvegen. I dag er om lag 43 millionar menneske på flukt frå krig og konflikt. Dei har vorte tvinga til å forlate heimen sin og har lagt ut på ei reise til det uvisse. Å bli driven på flukt er ei fysisk og psykisk påkjenning. Mange tek seg fram til fots over enorme avstandar. Det kan gå dagar utan mat og vatn. Flyktningane veit aldri kvar dei endar, eller om dei når fram til ein stad der dei kan vere trygge. Å flykte treng ikkje bety å krysse ei landegrense. Om lag 27 millionar menneske er i dag på flukt i eige land. Berre i Kongo (Den demokratiske republikken Kongo) finst det 2,1

millionar internt fordrivne. Ein person som flyktar over ei landegrense, har krav på vern i samsvar med den internasjonale flyktningkonvensjonen. Ein som er på flukt i eige land, får ikkje det same internasjonale vernet. Derfor er Flyktninghjelpen særleg oppteken av å hjelpe internt fordrivne. Det er ein menneskerett å få vern når ein må flykte. Flyktningleir i Afghanistan.

Pengane frå TV-aksjonen NRK Flyktninghjelpen skal brukast til å hjelpe menneske på flukt i sju av dei hardast ramma landa i verda: DR Kongo, Colombia, Sudan, Somalia, Det okkuperte palestinske området, Afghanistan og Pakistan INNSAMLINGSKONTO: 8380 08 09005 Flyktninghjelpen Pb 6758 St Olavs Plass, 0130 Oslo


8

Kyrkjelydsblad for Fjaler

Stølskveld på Bjørvikstølen Onsdag 18.september tok øvingskveldane til Cantus til att etter sommarferien. Liv Nistad hadde bede samtlege medlemer i Cantus på Bjørvikstølen, der ho og mannen, Odd, har hytte. Kvelden kom med nydeleg ver. Vi møttest ved kyrkjegarden og fylte bilane, for så å køyre

til fjells. Odd stod og tok imot oss slik at vi fekk bilane vel parkerte. Hytta ligg nydeleg til med utsyn over vatn og fjell. Alle var glade for å sjå kvarandre att. Mark var full av energi, og starta songøvinga presis. Etter 1 times øving vart det servert rømmegraut og spekemat i hytta. Maten smaka godt, og praten gjekk lett, som det plar

gjere i lysteleg lag. Kaker og kaffi kom og på bordet, og alt smakte fortreffeleg godt. Timane gjekk fort, og då mørket hadde lagt seg over fjellheimen, og månen stod høgt på himmelen, takka vi for oss og køyrde heim att i fin kortesje. Vi hadde hatt ein minnerik og fin kveld, og takkar hjarteleg Liv og Odd for det. Cantus

Cantus hadde øvingshelg i Flåm For dei fleste av kormedlemmene starta turen fredag morgon med buss frå Dale til Rysjedalsvika, og båten vidare innover fjorden som var i Flåm 13.35. Veret var fint, fjorden låg spegelblank, og dei nakne og stupbratte fjella laga stemningsfulle skuggar i vatnet, ja det var eit mektig syn. Flåm viste seg også frå si beste side, med sol og varmt ver, så alt låg tilrette for ei fin øvingshelg.

Vi ville få med oss mest mogleg , så nokre reiste med toget til Myrdal, andre gjekk tur, og andre igjen ville sjå kva butikkane hadde å by på. Kl 19.00 var det middag, og då var resten av kormedlemmene komne og. Etter ei god matøkt, begynte Mark å murre om at vi måtte øve og. Vi tykte vi var vel mette til å øve då, men merkeleg nok var det bra lyd likevel. Etterpå var det ein tur til sentrum for å sjå på folket. Mykje folk i Flåm den helga, den årlege sykkelhelga .

all det tolmodet han måtte vise. Ikkje berre enkelt å få det inn i hovudet på oss.

Vi tok inn på Heimly pensjonat, ein fin plass ved sjøen med utsyn over steile og høge fjell, og fjorden med store turistskip som låg ved kai. Vi starta med lunsj, og elgkarbonadar med tilbehør smakte godt.

Laurdagen starta med lunsj og fleire timar øving, så då vi fekk fri nokre timar, synest vi det var velfortent. Vi kosa oss, gjorde det vi ville, mykje å sjå i Flåm. Mark tok seg ein velfortent fjelltur, noko han sikkert trengde etter

Søndagen starta som andre dagane, frukost og øving nokre timar. Vi åt lunsj på Furukroa Turistsenter både laurdag og søndag. Ein fin plass heilt på kaia. Nydeleg mat, noko for alle. Kl. 15.30 reiste vi ifrå Flåm, og den ca 3 timars båtturen gjekk veldig fort, og 19.30 var vi i Dale. Trur alle hadde hatt ei fin helg og ei flott oppleving som vi vil hugse lenge. Så oppmodinga er: BLI MED I CANTUS! Vi øver og terpar, men har det kjekt og har fine øvingshelgar om hausten. Solfrid Furnes


Kyrkjelydsblad for Fjaler

9

Folketonemesse Helgemessesundag 7. november Blandakoret Cantus med Dalsfjorden Spelemannslag og Mats Systaddal (perkusjon) inviterer til folketonemesse i Dale kyrkje kl.16.00 fyrste søndag i november. Gudstenesta har fått namnet ”folketonemesse” fordi alle salmane som kyrkjelyden syng denne dagen er folketonar, og alle med unntak av ein er av norsk opphav. Blant dei kjende tonane er songar som Eg veit i himmerik ei borg og Jeg vet meg en søvn og andre salmar om det kristne håpet. Vi vil kjenne igjen dei vakre tonane frå heile Noreg: Heddal, Lom, Ryfylke, Hallingdal, Selje og Tingvoll. Tonefølgjet blir både med flotte orgel- og korarrangement, men også med trekkspel, hardingfele, bass, gitar og trommer slik at dei gamle tonane vil svinge på folkeleg vis. Som rein korsong har vi Kyrie og Gloria frå Gammeldansmesse (lagt til rette av Henning Sommerro). Desse tek i bruk vals og halling frå Rørosdistriktet, ein tradisjonsmusikk smelta saman gjennom århundre av jemtar, tyske berggesellar og trønderske fjellbønder. På denne dagen står norsk folkemusikk sentralt i gudstenesta! Velkomen til ei kulturell og åndeleg oppleving. MT Dalsfjorden Spelemannslag


10

Kyrkjelydsblad for Fjaler

Muslimske menn driver kvinnesak! I prosjekt Landsbygdutvikling i Mali har misjonen sett seg som mål at lokalbefolkninga sin innarbeida praksis med å omskjere alle jenter, skal avviklast. Reiskapen misjonen har for å få dette til, er ein prosjektorganisasjon der berre muslimar er tilsette, og dei fleste av desse er menn. Er det mogeleg? Ja, det er mogeleg. Og det fungerer faktisk svært godt! Vi to som skriv dette informasjonsbrevet, sit begge i styret for prosjektet. Saman med oss sit 3 maliske representantar, og nyleg blei alle vi styremedlemmene tekne med på ei to dagars omvising for å sjå nærare på arbeidet som blir gjort. På denne turneen fekk vi sjå kor godt prosjektleiinga kommuniserte med lokalbefolkninga. Leiar for prosjektet heiter Allayidi Barry. Han har høgskuleutdanning, men er på alle vis landsbygda sin mann. Han er fulani og føler seg eitt med kulturen til dei vi arbeider blant, samtidig som han ser dei endringar som er naudsynte. Og dette behovet for endring får han formidla på ein måte som blir forstått. For det første handlar det om å bruke naturressursane på ein måte som er berekraftig. Her har Allayidi og staben hans ein skikkeleg plan som dei følgjer. Ved hjelp av ein ny brønn kan nye beiteområde takast i bruk. Og gjennom utstrekt møteverksemd får dei i stand avtalar om korleis landområda skal brukast. Komitear med oppfølging gjer at lokalbefolkninga sjølv tek ansvar for å førebygge overbeiting og potensielle konfliktar mellom kvegeigarar og jordbrukarar. Den andre delen av prosjektet handlar om å betre kvinner sine kår. Også her er prosjektmedarbeidarane heiltente for oppgåva. Det er to kvinner og éin mann som har hovudansvar for det kvinneretta arbeidet, men også dei andre medarbeidarane som driv med naturforvaltning, er absolutt med på laget. Særleg etter at medarbeidarane blei kjende med erfaringane frå Fatoma-prosjektet, der kampen mot kvinneleg omskjering har pågått ei tid med stor suksess, har alle forstått kor viktig det er å få stoppa kjønnslemlestinga av dei unge jentene.

Som ein del av det store prosjektarbeidet blir det gjennomført leseopplæring for vaksne. Det var moro å sjå at kvinnene var med for fullt. I den eine leseopplæringsklassen vi besøkte, var kanskje så mange som 2/3 av deltakarane kvinner. Eit anna delprosjekt er å jobbe for sikrare matforsyning i ein del landsbyar. Ein stad har dei grunnvatn berre 3-4 meter under bakkenivå, og her blir det grave to brønnar som gjer det mogeleg å dyrke grønsaker heile året. Når det er kort veg ned til vatnet, er det enkelt å heise opp vatn manuelt og vatne grønsakhagane. Ein annan stad fekk vi sjå korleis landsbyen har fått hjelp til å etablere eit kornlager som skal sikre landsbyen i tida fram til ny innhausting i oktober.

Vi ønskjer dykk god sommarferie og Guds velsigning over avslutninga av dette semesteret og oppstarten av det neste. Vil de vere med og be for arbeidet i Mali, kan de særleg be for: -

-

-

at prosjektsmedarbeidarane lykkast med å etablere avtalar om bruken av naturressursane at bodskapen om skadeverknadane ved kvinnelig omskjering blir forstått og følgt opp i praksis på den måten at skikken blir avvikla. at regnet kjem slik at bøndene får sådd tidleg nok til at det kan bli god avling til hausten.

Med vennleg helsing Else Storaas Vatne og Helge Vatne


Kyrkjelydsblad for Fjaler

11

Liturgireforma i Den norske kyrkja Biskopane i Den norske kyrkja hadde liturgireforma som hovudsak på møtet sitt 14.-16. juni i år. Bispemøtet tilrår at Kirkerådet sitt framlegg til nye liturgiar for Den norske kyrkja blir vedteke med enkelte endringar. Dette går fram av protokollen frå Bispemøtet 14.-16. juni. – ”Det ser ut til at det er mulig å skape samling om det nye liturgiske materialet”, seier Bispemøtets preses Olav Skjevesland. Bispemøtet har gjennomgått det nye liturgiske materialet som Kyrkjerådet vil legge fram for Kyrkjemøtet i november 2010, – med endeleg vedtak på Kyrkjemøtet våren 2011. Bispemøtet er høyringsinstans i slike saker. Den nye liturgien vil gjelde for heile Noreg frå 1.søndag i advent 2011. Biskop Skjevesland omtalar gudstenestereforma som ei kultur-reform meir enn ei liturgitekstreform. Han trur gudstenestereforma har fungert som eit "liturgikurs" i kyrkjelydane og har bidrege til auka interesse for gudstenesta.

– ”Prosessen fram mot nye liturgier fremmer hele menighetens eierskap til gudstjenestefeiringen – det er positivt.” seier Skjevesland. I kyrkjelydane i Fjaler har vi prøvd ut den nye liturgien frå mars 2009.

Fleire enn tidlegare er meir aktive i gudstenestefeiringa, og det opplevast positivt for dei som deltek. Kyrkjelyden si oppleving av den nye liturgien er naturleg nok blanda, men i hovudsak er tilbakemeldingane gode. if

Dale kyrkje er nymåla

Kulturbygget, Dale kyrkje, i sentrum av Dale, står på nytt og skin kvit og fin i sola. Trass mykje regn i sommar, vart målingsfirmaet Gunnarson AS frå Loen ferdig med målinga av kyrkja. Same firmaet var i Dale sommaren for tre år sidan og måla tårnet og vestsida av kyrkja. Vi ser at måla flater treng meir vedlikehald no enn tidlegare år, og vestsida av kyrkja må vaskast til våren att. Det er sagt at ein må vaske minst tredjekvart år, noko som medfører auka vedlikehaldskostnadar. Vi takkar Fjaler kommune for midlar til målinga. if


12

Kyrkjelydsblad for Fjaler

Denne gongen har eg plukka ut sitat – aforismar frå Margot Sandsmark si bok ”Møt dagen”, som dessverre er utseld frå Lunde forlag. Håpar den snart kjem i nytt opplag då den er ei nydeleg gåvebok. God haust frå irene Et åpent sinn er en viktig bagasje på livets oppdagelsesreise. Den som møter livet med undring, ser lettere underet i det. Våg å la deg begeistre. Livet blir rikere da. Den som ser det store i det lille, er rik på livsvisdom. Det nytter ikke å skynde seg gjennom tiden. Morgendagen ligger et hakk foran likevel. Atspredelser sprer seg ikke av seg selv. Du må selv strø dem utover livet ditt. I motvind går det sakte. Men kanskje vi der finner en rikdom som vi feide forbi i medvind.

Dale

Døypte: Tiril Helle Aksel Søderstrøm Risting John Senkin Myklebust Oliver Valvik Lea Vagstad Hellebust Hedda Maurstig Strand Nora Alværen Magnus Mundal Nistad Mina Ness Igelkjøn Ragnhild Høgseth Felde Noah Stenseth Elvira Sagevik Hannah Marie Solheim Hillersøy Roald Herman Solheim Andersen Axel Bjørvik Myklebust Avdøde: Margit Strand Aase Jenny Nøtsund Ingeborg Marie Rennestraum Bjarne Refsnes Bergljot Risting

f.1922 f.1931 f.1913 f.1914 f.1919

Guddal

Døypte: Aksel Guddal Hovland Olai Meland Vik Ole Martin Mandelid Sandøy Avdøde: Arne Johan Bjordal Jens E Langeland Odd Ulvedal

f.1923 f.1920 f.1921

Folkestad

Døypte: Eric André Lundekvam Milde Liam Daniel Milde Anton Ulvik Fristad Avdøde: Herman Johan Midtbø Håkon Magnus Milde Borghild Klara Skaar

f.1914 f.1943 f.1920

Hellevik

Døypte: Tijan Olai Stølen Avdøde: Kjell Gunnar Stølen

f.1946


Kyrkjelydsblad for Fjaler

13

Dale barnekor song fyrst ”Vi må være med”

Takk til banken for gåvesjekkane! Onsdag 1. september vart barnekora i Fjaler inviterte til Fjalerhallen for å delta på markeringa av samanslåinga av Fjaler Sparebank og Sparebanken Sogn og Fjordane. Dei tre kora fekk kr.5.000,- kvar i gåvesjekk og takkar så mykje – pengane vil kome til nytte med til tur (t.d. hauststemne for barnekor i Bergen i oktober) og til vanleg drift som noteinnkjøp og nye korgensarar eller mapper. Det var stas å syngje i Fjalerhallen, sjølv om akustikken er lite eigna til song!

Små og store barn frå Guddal familiekor underhalda med både dans og song med ”Give it up”

Foto Asbjørn Eikerol, med takk.

Barna frå Guddal og Do Re Mi samarbeida med fellesnummeret ”Stopp litt” – utmerka framføring utan noko øving i lag på førehand!

Hanne tok imot gåvesjekk for Dale barnekor – i bakgrunnen får alle barna CDen

Ingar Valvik delte ut CD til alle barna i barnekora. Do Re Mi engasjerte med sitt eiget nummer ”Sprell levande”


14

Kyrkjelydsblad for Fjaler

DALE KYRKJE

GUDDAL KYRKJE

Gudsteneste på Nord-sørsøndag / FN dagen med konfirmantar og UWC. Offer til Flyktningehjelpens Nødhjelpsarbeid (TV-aksjonen).

Gudsteneste. Utdeling av 4 års bok. Dåp. Familiekoret deltek. Kyrkjekaffi og Orgelbrus. Kyrkjeskyss. Offer til Alværa Misjonssenter.

Sundag 7. november kl.16.00 Helgemesse

Sundag 5. desember kl.16.00

Folketonemesse med Cantus og Dalsfjorden Spelemannslag. Vi minnest våre døde. Nattverd. Kyrkjeskyss frå Straumsnes. Offer til Senter for livsmeistring – Skei.

Lysmesse. Familiekoret og skulebarn deltek. Offer til barne- og ungdomsarbeid.

Sundag 14. november kl.11.00

Sundag 5. desember kl.19.00

Sundag 24. oktober kl.11.00

Sundag 21. november kl.15.00

HELLEVIK KAPELL

Familiegudsteneste med utdeling av 4 års bok. Laurdagsklubben deltek. Kyrkjekaffi og Orgelbrus. Offer til Sogn og Fjordane Søndagsskulekrins.

Lysmesse. Do Re Mi og konfirmantane deltek. Offer til Strømmestiftelsen.

Sundag 28. november kl.19.00

FOLKESTAD KAPELL

Lysmesse. Barnekoret, konfirmantar og elevar frå Dingemoen skule deltek. Offer til barne- og ungdomsarbeid.

Gudsteneste. Nattverd. Offer til NMS Misjonsprosjekt.

Sundag 12. desember kl.11.00

Sundag 7. november kl.11.00 Helgemesse

Gudsteneste. Nattverd. Offer til Strømmestiftelsen.

Gudsteneste. Vi minnest våre døde. Konfirmantmusikkgruppa spelar. Nattverd. Offer til Folkestad bedehuskapell.

Tysdag 14. desember kl.19.30

Sundag 17. oktober kl.11.00

Julekonserten. Kollekt til Fond for Kyrkjekonsertar. Sundag 21. november kl.11.00

Familiegudsteneste. Utdeling av 4 års bok. Do Re Mi deltek. Kyrkjekaffi og Orgelbrus. Offer til barne- og ungdomsarbeid. Sundag 12. desember kl.19.00

Julekonsert. Do Re Mi deltek m.fl. Offer til Strømmestiftelsen.


Kyrkjelydsblad for Fjaler

Bønekrukka og lysgloben – for deg Bakarst i kyrkja, i kyrkjeskipet, finn du bønekrukka og lysgloben. Desse er plasserte der til å brukast, gjerne når du kjem inn i kyrkja ved ei gudsteneste. Saman med bønekrukka er det plassert små lause lappar og penn, til å skrive bøner, brette dei og putte dei på krukka. Bønene kan gjerne skrivast anonymt. Det er viktig å få fram at det er ingen som får sjå bønene. Dei blir makulerte rett etter gudstenesta – utan å bli lesne. Når det er bøner i bønekrukka, blir bønekrukka teken med i gudstenesta som eit ledd i forbøna. Ved sidan av bønekrukka finn du lysgloben. Her kan ein tenne lys, gjerne når ein ønskjer å be for og tenkje på menneske ein bryr seg om. Dette går òg an å gjere før gudstenesta byrjar. Det er allereie fleire som brukar bønekrukka og lysgloben. Det er fint å kunne gjere noko når vi tenkjer og ber.

15

Kyrkjeblad for Fjaler Bankkontonr. 3755 20 73135 Bladpengar kr. 150,-/175,- for året. Redaktør: Joy Taylor Prent: Ingvald Husabø Prenteverk a.s. fjaler.kyrkjeblad@gmail.com

Kyrkja i Fjaler www.fjaler.kyrkja.no Kyrkjekontoret, pb 18, 6961 Dale Telefon 57 73 97 70 Faks 57 73 97 77 Kyrkjekontoret er ope måndag-torsdag kl.09.00-14.00 fredag kl.09.00-12.00 Ved oppdrag og ferie kan du oppleve kontoret stengt også når det skulle vore ope. Tilsette med kontorplass: Sokneprest Knut Arne Kummeneje Jobb: 57 73 97 73 Priv: 57 73 67 78 Mobil 90 85 52 30 knut.arne.kummeneje@fjaler.kyrkja.no Kyrkjeverje Irene Fløde Jobb: 57 73 97 71 Priv: 99 23 84 20 kyrkjeverje@fjaler.kyrkja.no Kantor Mark Taylor Jobb: 57 73 97 74 Priv: 57 73 61 65 kantor@fjaler.kyrkja.no kantor har fri kvar torsdag. Sekretær Joy Taylor Jobb: 57 73 97 72 kyrkjesekreter@fjaler.kyrkja.no På kontoret: Tysdag og fredag kl.09-13. Trusopplæringsmedarbeidar Stine Kirkeli Jobb: tlf 57 71 97 68 trusopplaering@gaular.kyrkja.no Kontorplass i Gaular Kyrkjetenarar: Dale kyrkje Joy Taylor tlf: 57 73 61 65 Guddal kyrkje Liv Svanhild og Reidar Langeland tlf: 57 73 88 21 Hellevik- og Folkestad bedehuskapell Sigrid Kleppe tlf: 57 73 53 57 Fjaler sokneråd Leiar Terje Halsnes tlf: 57 73 55 95 Beredskapstelefon ved akutt behov utanom kontortid 95 48 31 52.


INFORMASJON

B

Avsendar: Fjaler kyrkjekontor Pb. 18 - 6961 Dale i Sunnfjord

Kyrkjelydsblad for Fjaler

16

Prestegarden er til sals ”Til sals” står det på plakaten på første treet i alleen, og på husveggen. Ja, då er det ingen veg tilbake, prestegarden i Dale vil bli selt. Sjølv om det er nokre år sidan der budde prest, er det nok likevel litt vemodig for mange å tenkje på at no skal huset ikkje lenger hyse prestar. Det er Opplysningsvesenets fond (OVF) som eig prestegarden, og dei har bestemt at det er for dyrt å ruste den opp til dagens standard. Kor gamal prestegarden er, veit vi vel ikkje heilt, men vi veit at i 1755 vart Bjerga i Dale prestegard og bustad for presten i Ytre Holmedal. Før den tid budde kapellanane på Bjerga, truleg frå tidleg på 1600 talet. Om delar av dagens prestegard er så gamal, er uvisst. if

Ny sokneprestbustad OVF har kjøpt ein mindre bustad i Dale sentrum, som også treng ein god del oppussing før den vert innflyttingsklar. Bustaden ligg solrikt og usjenert til på ei fin tomt. Den vil bli kalla sokneprestbustad og ikkje prestegard. ☺

Tida med to heile prestestillingar i Fjaler er forbi To heile prestestillingar i Fjaler tok i praksis slutt då tidlegare sokneprest Sigurd Wahl Sande frå hausten 2007 gjekk ned til 60 % stilling og vart seniorprest. No ønskjer bispedømet at Fjaler og Askvoll skal dele ei prestestilling med ½ presteressurs i kvart sokn. Det er den tidlegare kapellanstillinga i Fjaler som blir gjort om, og stillinga vil truleg bli lyst ut utan tenestebustad. Fjaler sokneråd ser det likevel som naturleg at presten vert busett i Fjaler. Bispedømet ser for seg eit tettare samarbeid vedkomande presteteneste med Askvoll sokn, særleg når Dalsfjordbrua står ferdig i 2013. I

dag samarbeidar Fjaler og Gaular om presteteneste, då i hovudsak ved gravferder. Fjaler har lang tradisjon med to prestestillingar. Etter soknereguleringa med Askvoll prestegjeld i 1990, har to prestar hatt bustad i Fjaler. Frå hausten 2007 vart kapellan Knut Arne Kummeneje sokneprest. På nyåret 2008 fekk han fritak frå buplikta og fekk kjøpe huset han bur i av kommunen. 31. januar 2010 slutta Sigurd Sande som prest i Fjaler, og etter det har vi hatt sporadisk hjelp av prestevikarar.

I Bjørgvin bispedøme har presteressursane vore oppe til evaluering då det rundt Bergen er stor mangel på prestar. Sunnfjord prosti var heldig og slapp å gje frå seg prestestillingar, men er pålagd å sjå på fordelinga av presteressursane innan prostiet. Tida med to prestestillingar i Fjaler er nok ugjenkalleleg forbi, så då må ein få til eit godt samarbeid med nabosokn om presteressursane. 10. oktober var det soknemøte i Dale kyrkje om omorganisering av prestetenesta. if


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.