Årsrapport Mørenett 2017

Page 1

88,9 mill. kr driftsresultat

245,1 mill. kr investert

ÅRSRAPPORT MØRENETT ÅRSMELDING, RESULTAT OG SELSKAPSINFORMASJON #2017 / ÅRSRAPPORT

2 127,2 mill. kr balanse


#2017 / ÅRSRAPPORT

INNHALD: 3

Direktøren har ordet

5

Organisasjon og bakgrunn

7

Nøkkeltal

8

Årsmelding frå styret

11

Resultat

12

Balanse

14

Innhaldsliste notar

15

Notar til rekneskapen

29 Kontantstraumoppstilling 30 Revisjonsmelding 33

Strategi og framtidsutsikter

35

HMS

36 Nettforvaltar 38

Montasje

39

Systemdrift

41

Styret

2


#2017 / ÅRSRAPPORT

Kraftnæringa står midt oppe i ein omstillingsprosess der ny teknologi og digitalisering er viktige drivarar.

DIREKTØREN HAR ORDET RUNE KIPERBERG ADMINISTRERANDE DIREKTØR

Teknologiutviklinga vi no står midt oppe i vil truleg medføre større endringar dei komande 10 åra enn det vi har opplevd dei førre 100 åra. Fleire og fleire av dagens arbeidsoppgåver både kan og må digitaliserast. For at bransjen vår skal kunne følgje denne utviklinga, møter vi eit aukande behov for fornying av kompetanse. Kraftnæringa står midt oppe i ein omstillingsprosess der ny teknologi og digitalisering er viktige drivarar. For mange av oss er robotisering, kunstig intelligens, big data og digital sårbarheit framandord. Men dette er verkelegheita, og også vi i kraftbransjen må ha ei medveten haldning til korleis desse drivarane vil endre bransjen vår. Ein kritisk suksessfaktor vil vere å sikre oss naudsynt kompetanse, som gjer oss i stand til å ta i bruk dei nye moglegheitene som kjem. Nettselskapa er i full gang med ei omfattande og kostbar utskifting av straummålarane ute hos kundane. Dei nye AMS-målarane er avanserte digitale måleapparat, som gir oss moglegheiter til ei heilt anna oversikt over teknisk tilstand, leveringskvalitet og kapasitetsutfordringar i nettet. Skal vi vere i stand til å hauste vinsten frå denne investeringa, må vi både ha naudsynt kompetanse og IT-system til å ta i mot sanntidsverdiar og systematisere informasjonsflaumen vi mottek. Dette vil hjelpe oss til å drifte, byggje og vedlikehalde kraftnettet betre enn vi gjer i dag. I Mørenett står vi difor midt oppe i ein større digitaliseringsprosess, der vi mellom anna etablerer nye SCADA- og DMS-system. Vi samarbeider med fleire av nettselskapa rundt oss, og dei vil få tenester og kompetanse frå driftssentralen vår. Målet er at nettkundane skal få vinstar gjennom betre kundeservice, leveringskvalitet og lågare nettleige gjennom meir effektiv bruk av kraftnettet. NVE si reguleringsutforming er i stadig endring, og kursen mot sterkare skilje mellom monopol og konkurranse er klar. Moglege endringar som vil påverke bransjen er: •

Reduksjon i NVE-renta. Ein reduksjon på 0.5 prosentpoeng vil redusere bransjen si samla inntektsramme for 2018 med om lag 300 mill. kr.

Samanslåing av distribusjonsnett og regionalnett i ein effektivitetsmodell.

Auke av kostnadsnorma sin del i inntektsramma frå 60 % til 70 %. Dette vil føre til at dei mest effektive nettselskapa får auka inntektsramme, medan dei mindre effektive får redusert ramme. 3


#2017 / ÅRSRAPPORT

Fjerning av eksisterande minimumsavkastning.

Nye parameter for rammevilkår og endra KILE-satsar for hushaldningskundar.

Den raude tråden i strategiarbeidet vårt i Mørenett, er å byggje selskapet som eit robust, nøytralt og effektivt monopolselskap. Som eit ledd i dette arbeidet skilte vi i 2017 ut konkurranseutsett verksemd til BKK Enotek, som har etablert seg i regionen vår. Dette vart gjennomført som ei verksemdsovedraging, og om lag 50 av våre tilsette fekk ny arbeidsgjevar. Vi er no rigga til å møte krava som vert stilt gjennom framtidig selskapsmessig og funksjonelt skilje. Auka endringstakt og kompetanseutfordringar i tida framover gjer at bransjen vil stå føre strukturendringar. Sjølv om krava til funksjonelt skilje truleg berre vil gjelde selskap med meir enn 30 000 kundar, vil utfordringane for mindre selskap likevel vere store. Mørenett er open for å greie ut grunnlaget for eventuell samanslåing med naboselskap. Vi meiner dette er den rette vegen å gå, då dette vil tene både kundar, eigarar og tilsette gjennom meir robuste og effektive einingar. Mørenett sitt nettområde er prega av ein vakker, men utfordrande, geografi. Dette set høge krav til tryggleik for dei som arbeider ute i nettet, og HMS er difor særs viktig for oss. Gjennom årlege HMS-dagar vert det mellom anna sett fokus på sikker jobbanalyse og bruk av personleg verneutstyr. Førre skade med fråvær vart registrert 28. juni 2017, men kvar skade er ei skade for mykje. Organisasjonen arbeider difor målretta med tiltaksplanar for å nå eit null-skademål. Bransjen vår er inne i spennande omstillingar som vil endre måten vi arbeider på. Framtida er både digital og elektrisk, og vi er stolte av å vere ein del av denne framtida.

Rune Kiperberg administrerande direktør

4


#2017 / ÅRSRAPPORT

ORGANISASJON OG BAKGRUNN Mørenett AS eig, utviklar, byggjer og driftar nett for overføring av elektrisk kraft i 12 kommunar på Sunnmøre og delar av Nordfjord. Mørenett AS sin visjon – vi samlar krafta på Møre – signaliserer at selskapet har vekstambisjonar. Kundar og eigarar er grunnlaget for selskapet sin eksistens. I tillegg skal Mørenett AS vere ein attraktiv arbeidsplass. Mørenett hadde ved utgangen av 2017 139 fast tilsette og 12 lærlingar. Organisering Mørenett AS gjekk igjennom ei større omorganisering i 2017. I mai vart den eksterne verksemda, som inkluderer veglys, ekom og delar av distribusjonsnettet, utskilt ved verksemdoverdraging til BKK Enotek. Om lag 50 tilsette fekk med det ny arbeidsgjevar. Mørenett AS er i dag organisert i ein stab og tre divisjonar: nettforvaltar, montasje og systemdrift. I 2017 vart det bestemt at Mørenett sine aktivitetar i Hovdebygda i Ørsta og Dragsund i Herøy skulle samlokaliserast. Dragsund vart valt som felles lokasjon for området, og vert nytt hovudkontor for Mørenett AS. Samlokaliseringa blir gjennomført i løpet av første kvartal 2018. Det er venta at samlokaliseringa skal gi betra samhandling, betre ressursstyring og bidra positivt til arbeidsmiljøet.

ADM.DIR.

STAB

NETTFORVALTAR

MONTASJE

SYSTEMDRIFT

5


#2017 / ÅRSRAPPORT

Historie og eigarskap Mørenett AS er resultat av ein fusjon mellom nettverksemdene i Tafjord Kraftnett AS og Tussa Nett AS. Mørenett AS er organisert som eit felleskontrollert selskap mellom eigarane Tafjord Kraft AS og Tussa Kraft AS. Konsesjonsområdet Mørenett AS eig og vedlikeheld eit kraftnett med om lag 7 026 km linjer og kablar (frå 11 til 132 kV), 2 587 nettstasjonar og 27 transformatorstasjonar. Mørenett AS har ansvaret for overføring av all elektrisk energi i kommunane Ålesund, Giske, Sula, Norddal, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta, Volda og Hornindal. Reginalnettet dekkjer i tillegg kommunane Sandøy, Haram, Vestnes, Skodje, Ørskog, Stordal, Sykkylven og Stranda. Mørenett AS har om lag 65 000 kundar i distribusjonsnettet.

6


#2017 / ÅRSRAPPORT

NØKKELTAL

TAL I MILL. KR

2017 2016 2015 2014 DEFINISJONAR RESULTAT OG BALANSE Energisal

7,7 6,2 5,1 6,0

Nettleige

515,5 665,8 475,4 440,0

Driftsinntekter

573,0 754,2 564,5 544,8

Driftsresultat

88,9 246,0 72,0 40,8

Årsresultat

103,9 171,9 32,5 9,9

Totalkapital Eigenkapital

2 127,2

2 038,1

1 879,4

1 860,9

775,2 781,3 699,2 660,9

Utbyte

25,2 85,9 16,2 4,8

EBITDA

193,1 351,9 171,8 145,0 Driftsresultat + avskrivingar

Årlege investeringar

245,1

246,0

164,3

73,6

232,7

94,4

Driftsresultat monopol (inkl. estimatavvik)

127,5 1,8

LØNSEMD Totalkapitalrentabilitet

6,8 %

12,6 %

3,9 %

2,4 %

(Resultat før EOP + finanskost.)/gjennomsnittleg totalkapital

Eigenkapitalrentabilitet

15,9 %

31,2 %

7,7 %

2,1 %

Resultat før EOP/gjennomsnittleg eigenkapital

Resultatgrad

22,6 %

32,7 %

13 %

7,9 %

(Resultat før EOP + rentekost.)/(driftsinntekt + finansinntekt)

Kapitalomløp

0,3 0,4 0,3 0,3 (Driftsinntekter + finansinntekter)/gjennomsnittleg totalkapital

KAPITALTILHØVE Eigenkapitalprosent

36,4 %

38,3 %

37,2 %

35,5 %

Eigenkapital/totalkapital

Rentedekningsgrad

7,8 14,8 3,5 1,5 (Resultat før skatt + finanskostnader)/finanskostnader

Likviditetsgrad 1

1,0

0,9

0,8

1,0

24,2 %

50,0 %

50,0 %

48,1 %

Utbyteprosent

Omløpsmidlar/kortsiktig gjeld Utbyte/årsoverskot

PERSONAL Fast tilsette

139 197 211 218

Omsetning pr. tilsett

4,1

3,8

2,7

2,5

Omsetning/fast tilsette

Driftsresultat pr. tilsett

0,6

1,2

0,3

0,2

Driftsresultat/fast tilsette

NØKKELTAL BRANSJE NVE-avkastning nettkapital Levert sluttbrukar distribusjonsnettet GWh Tap i distribusjonsnettet GWh Tap i distribusjonsnettet i % Tap i regionalnettet GWh Tap i regionalnettet i % KILE i mill. kr

4,1 %

14,0 %

6,0 %

1 751,0

1 742,0

1 700,4

1 645,8

87,2

94,9

86,3

81,7

4,7 %

5,2 %

4,8 %

61,9

0,1 %

4,7 %

Driftsresultat/gjennomsnittlege varige driftsmidlar

Tap i distribusjonsnettet/innlevert kraft i distribusjonsnettet

65,7

4,3 %

4,4 %

8,1

17,7

16,3

14,5

Kvalitetsjustert inntektsramme ved ikkje levert energi

7


#2017 / ÅRSRAPPORT

ÅRSMELDING FRÅ STYRET 2017 LOKALISERING Mørenett AS har hovudkontor i Dragsund i Herøy kommune, og avdelingar i Ålesund, Valldal, Hornindal, Fiskå og Ørsta. Selskapet har distribusjonsnett i kommunane Hornindal, Volda, Ørsta, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Sula, Ålesund, Giske, og Norddal. Regionalnettet dekkjer i tillegg kommunane Sandøy, Haram, Vestnes, Skodje, Ørskog, Stordal, Sykkylven og Stranda. Mørenett AS har om lag 65 000 kundar i distribusjonsnettet. VERKSEMDA Mørenett AS er eit felleskontrollert selskap eigd av Tafjord Kraft AS med 53,66 % og Tussa Kraft AS med 46,34 %. Mørenett AS eig og driv eit energiforsyningsnett med 2 587 nettstasjonar og 27 trafostasjonar. Selskapet er organisert etter eit bestillar-utførarprinsipp. Selskapet er organisert i divisjonane nettforvaltar, montasje og systemdrift, og ein stab som skal støtte oppunder dei ulike prosessane i selskapet. Forbruket i Mørenett sitt distribusjonsnett har auka med 9 GWh frå året før. I 2017 er det levert 1 751 GWh til sluttbrukar mot 1 742 GWh i 2016. Tapet i distribusjonsnettet i 2017 vart 87 GWh eller 4,7 %. I distribusjonsnettet har aktiviteten gjennom året vore høg med ferdigstilling av mange mindre og mellomstore anlegg, både i samband med fornying av nettet og til straumforsyning av nye kundar. Når det gjeld drift- og vedlikehaldsoppgåver er desse gjennomførte i samsvar med plan, både for brytarrevisjonar og tilstandsinspeksjonar av linjer og stasjonar. Særskilt kan fokus på skogrydding nemnast, der sterk tilvekst krev store ressursar. Frå 1. mai 2017 vart den eksterne verksemda fisjonert ut til BKK Enotek AS. Dette omfattar veglys, ekom og delar av distribusjonsnettet, og 50 tilsette fekk ny arbeidsgjevar. VIDARE DRIFT Styret stadfestar at føresetnaden for framleis drift av Mørenett AS sine forpliktingar og aktivitetar er til stades, og denne føresetnaden er lagt til grunn i utarbeidinga av årsrekneskapen. Styret stadfestar at årsmeldinga gir eit rettvist bilete over utviklinga og resultatet til selskapet. FRAMTIDIG UTVIKLING Mørenett AS er eit resultat av ein fusjon av Tafjord Kraftnett AS og Tussa Nett AS. 2017 var det fjerde driftsåret til selskapet, og det har vore fokus på endringsprosessar for å nå dei ulike synergimåla som var ein del av vedtaksfundamentet for etableringa av Mørenett AS. Framdrifta er hovudsakleg i samsvar med planen, og i løpet av 2018 skal selskapet ha ein kostnadsbase som gjer at Mørenett AS vert målt som 100 % effektive. Stortinget fatta vedtak om endringar i energilova 18. mars 2016. Endringane gjekk mellom anna ut på krav om selskapsmessig- og funksjonelt skilje av monopol- og konkurranseutsett verksemd. Mørenett AS gjennomførte 1. mai i 2017 ein fisjon der delar av verksemda vart overdrage til BKK Enotek AS, og Mørenett AS er etter dette nærare målet om å vere ein nøytral nettaktør. Reindyrka rolle som monopolist gjer at selskapet innanfor nettmonopolet ønskjer å vere ein sentral aktør i vidare strukturendringar i regionen vår. Analyse av årsrekneskapen Samla driftsinntekter for Mørenett AS vart 573 mill. kr i 2017, ein reduksjon på 181,2 mill. kr frå 2016. Inkludert i 2016-tala er eingonstildeling av kompensasjon som følgje av fusjonen på 92 mill. kr. Resultat før skatt er 123,5 mill. kr, som er ein reduksjon på 107,2 mill. kr frå året før. Årsresultatet for 2017 vart 103,9 mill. kr, ein reduksjon på 68 mill. kr frå 2016.

8


#2017 / ÅRSRAPPORT

Det økonomiske resultatet er tilfredsstillande med bakgrunn i selskapet sine mål om å bli meir kostnadseffektive over tid. I resultatet ligg finansinntekt for fisjon der inntekta blir bokført i Mørenett AS, medan oppgjeret skjedde i aksjar til fordel for eigarane Tafjord Kraft AS og Tussa Kraft AS. Selskapet har gjennomført forskings- og utviklingsaktivitetar tilsvarande 1,2 mill. kr. Mørenett AS har ved utgangen av 2017 ei samla netto meir/mindreinntekt inkl. renter på 0,5 mill. kr. Av dette utgjorde mindreinntekt 33,4 mill. kr, og denne skriv seg frå kompensasjonen selskapet fekk som følgje av fusjonen. Samla kontantstraum frå driftsaktivitetar i selskapet var på 179,8 mill. kr. Driftsresultatet var på 88,9 mill. kr. Differansen skriv seg i hovudsak frå endring i leverandørgjeld, kundefordringar, inntekt fisjon og pensjon. Dei samla investeringane for 2017 var på 245,1 mill. kr, og gjeld i hovudsak innføring av nye avanserte måle- og styringssystem (AMS), og ny- og reinvestering i nettanlegg. Mørenett AS si likviditetsbehaldning var tilfredsstillande 31.12.2017. Selskapet har evne til å finansiere drift og investeringar gjennom tilgang til likviditet, innbetalt frå nettleige og finansiering gjennom trekkrettar i bank. Selskapet si kortsiktige gjeld ved utgangen av året var 203,6 mill. kr, og det utgjer 15 % av samla gjeld. Selskapet si finansielle stilling var tilfredsstillande. Mørenett AS kan per 31.12.2017 betale delar av kortsiktig gjeld ved hjelp av dei mest likvide midlane. Totalkapitalen var ved utgangen av året 2 127,2 mill. kr og eigenkapitalen var på 775,2 mill. kr. Eigenkapitaldelen utgjer 36,4 %. FINANSIELL RISIKO Overordna mål og strategi Selskapet har som mål å sikre gode resultat og stabilt utbyte til eigarane, og søkjer å balansere gode resultat med langsiktig verdiskaping. Renterisiko Mørenett AS er eksponert for renterisiko på fleire område. Målet er å ha ei føreseieleg rente på eit akseptabelt nivå på område som selskapet sjølv kan påverke. Mørenett AS er utsett for renterisiko både gjennom nettregulering knytt til inntektsramma, gjennom finansiering av investeringane og gjennom selskapet sine pensjonsforpliktingar. Kredittrisiko Hovudtyngda av selskapet sine debitorar er privatpersonar og bedrifter som har nettleige. Risiko for tap på fordringar er vurdert som aukande, på grunn av fleire kundar på leveringsplikt der selskapet får risikoen både på nettleige og kraft. Ekstern verksemd vart fisjonert ut i 2017, så på det området er risikoen redusert. Likviditetsrisiko Selskapet har bankavtale med Handelsbanken AS, der det gjennom kontosystemet er sikra naudsynt likviditet. Mørenett AS har avtalar som sikrar likviditet framover gjennom unytta trekkrettar. ARBEIDSMILJØ OG PERSONALE Ved utgangen av 2017 var det 139 fast tilsette i Mørenett AS, som utførte 135 årsverk. Dette er ein nedgang på 58 fast tilsette frå 2016. Selskapet hadde på same tidspunkt 12 lærlingar, mot 10 lærlingar i fjor. I 2017 har selskapet hatt 11 skadar med og utan fråvær, mot 6 i 2016. 4 av desse skadane har medført 48 fråværsdagar. Selskapet jobbar dagleg med helse, miljø og tryggleik, og vi vil i tida framover setje i verk fleire tiltak med fokus på å redusere arbeidsulykkene i selskapet. Arbeidsmiljøutvalet har gjennomført 4 møte i 2017. Ei rekkje saker er handsama, og informasjon til tilsette er gitt av arbeidsgjevar og/eller tilsette sine organisasjonar. Samarbeidet med dei tilsette sine organisasjonar har vore godt i 2017. LIKESTILLING Mørenett AS har per 31.12.2017 16 kvinnelege tilsette. Av 139 fast tilsette gir dette ein del på 12 %.

9


#2017 / ÅRSRAPPORT

Mørenett AS har som utgangspunkt at personalpolitikken skal leggje til rette for å stimulere til aktiv likehandsaming med fokus på ikkjediskriminerande åtferd. Mørenett AS har retningslinjer for tilsetjing som skal fremje likestilling, og eit lønssystem som er kjønnsnøytralt og skal hindre ulik handsaming. I tillegg har Mørenett AS lagt forholda godt til rette med fleksible arbeidstidsordningar og permisjonsvilkår, noko som gjer det mogleg både for kvinner og menn å kombinere jobb og familie på best mogleg måte. Det er likevel ikkje til å kome forbi at energibransjen er sterkt dominert av menn både på fagarbeidar- og ingeniørnivå. Det er også langt mellom dei kvinnelege søkjarane til dei mest tradisjonelle yrka i energibransjen. Vi har kvinner på fagarbeidar - og ingeniørnivå i organisasjonen, og i 2017 var tre av tolv lærlingar i energimontørfaget kvinner. DISKRIMINERING Selskapet godtek inga form for diskriminering. Det omhandlar lik behandling for alle uavhengig av etnisitet, nasjonalitet, hudfarge, språk, religion og livssyn. YTRE MILJØ Nettverksemda påverkar det ytre miljø gjennom bygging og drift av luftlinjer, jord- og sjøkablar og transformatorstasjonar. Det ytre miljøet blir påverka reint visuelt, samstundes som det legg beslag på ein del areal og medfører restriksjonar på anna verksemd nær linjene. Mørenett AS legg vekt på at kraftlinjer skal leggjast slik at den visuelle effekten blir minst mogleg skjemmande, og det er sett fokus på bruk av miljøvennlege produkt. RESULTATDISPONERING Årsresultatet for Mørenett AS etter skatt vart i 2017 på 103,9 mill. kr og styret foreslår følgjande disponering av årsresultatet: Utbyte

Annan eigenkapital

25 150 000 kr

Fond for vurderingsforskjellar Totalt disponert

79 165 524 kr -462 395 kr

103 853 129 kr

Med bakgrunn i selskapet sin økonomiske situasjon finn styret det forsvarleg å dele årsresultatet mellom eigarane og selskapet.

Ørsta

10


#2017 / ÅRSRAPPORT

RESULTAT

TAL I 1 000 KR NOTE

2017

2016

Energisal

2, 13

7 746

6 162

Nettinntekt

2, 13

515 452

665 757

Andre driftsinntekter

2, 13

49 799

82 272

SUM DRIFTSINNTEKTER

572 997

Varekostnad

2

6 896

Energikjøp og overføringskostnader

2

150 839

Løns- og personalkostnader Avskrivingar Andre driftskostnader

2, 3, 18 2, 6,7

85 385 104 226

754 192

10 755 144 273

115 528 105 898

2

136 780

131 752

SUM DRIFTSKOSTNADER

484 126

508 206

DRIFTSRESULTAT

88 871

245 986

Finansinntekter og finanskostnader Andre renteinntekter

4

563

1 078

4, 22

52 215

307

Rentekostnader

4

18 113

16 682

Andre finanskostnader

4

2

6

RESULTAT AV FINANSPOSTAR

34 663

(15 304)

Ordinært resultat før skatt

123 534

230 682

Anna finansinntekt

Skattekostnad på ordinært resultat

5

19 681

58 818

ORDINÆRT ÅRSRESULTAT

103 853

171 865

ÅRSRESULTAT

103 853

171 865

Overføringar Avsett utbyte

17

25 150

85 932

Overføring anna eigenkapital

17

79 166

85 871

Avsett fond for vurderingsskilnader

17

(462)

61

OVERFØRINGAR

103 853

171 865

11


#2017 / ÅRSRAPPORT

BALANSE

TAL I 1 000 KR

NOTE 2017 2016

EIGEDELAR ANLEGGSMIDLAR Lisensar, konsesjonar

6

9 439

17 153

Utsett skattefordel

5

39 282

Goodwill

6

2 075

2 569

SUM IMMATERIELLE EIGEDELAR

50 796

47 033

27 311

Bygningar og bustader

7, 20

92 945

90 585

Nettanlegg

7, 20

1 573 110

1 479 001

Transportmidlar, inventar og maskinar

7, 20

104 946

77 637

Anlegg under arbeid

7, 20

97 683

83 141

SUM VARIGE DRIFTSMIDLAR

1 868 684

1 730 364

Aksjar i dotterselskap

8

3 302

3 762

8, 10

1 895

1 895

18

-

Andre langsiktige krav

34

SUM FINANSIELLE ANLEGGSMIDLAR

5 230

SUM ANLEGGSMIDLAR

1 924 711

Andre aksjar og liknande Pensjonsmidlar

115 - 5 772 1 783 169

OMLØPSMIDLAR Varelager

14

14 472

Kundefordringar

11, 19

167 209

137 652

Andre fordringar

2, 11

4 201

81 519

SUM FORDRINGAR

185 882

219 171

15

16 592

17 793

SUM OMLØPSMIDLAR

202 474

SUM EIGEDELAR

2 127 184

Bankinnskot og kontantar

17 930

254 894 2 038 063

12


#2017 / ÅRSRAPPORT

BALANSE

TAL I 1 000 KR NOTE 2017 2016

EIGENKAPITAL OG GJELD EIGENKAPITAL Aksjekapital

16, 17

400 000

400 000

Fond/overkurs

8, 17

115 724

139 904

Anna innskoten eigenkapital

17

29 055

Anna eigenkapital

17

230 423

212 308

SUM EIGENKAPITAL

775 202

781 268

29 055

GJELD Pensjonsforpliktingar

18

48 389

SUM AVSETNING FOR FORPLIKTINGAR

48 389

Langsiktige lån

32 780 32 780

12, 20, 21

1 100 000

950 000

SUM LANGSIKTIG GJELD

1 100 000

950 000

Leverandørgjeld

11, 19

68 223

47 624

5

24 470

23 872

Skattetrekk andre trekk og offentlege avgifter

67 736

85 161

Avsett utbyte

17

25 150

85 932

Anna kortsiktig gjeld

13

18 015

31 426

SUM KORTSIKTIG GJELD

203 594

274 016

SUM GJELD

1 351 982

1 256 795

SUM EIGENKAPITAL OG GJELD

2 127 184

2 038 063

Betalbar skatt

13


#2017 / ÅRSRAPPORT

INNHALDSLISTE NOTAR: 15

Note 1. Rekneskapsprinsipp

17

Note 2. Salsinntekter pr. forretningsområde

17

Note 3. Lønskostnader, tal tilsette, godtgjersler, lån til tilsette og godtgjersle til revisor

18

Note 4. Finanspostar

19

Note 5. Skatt

20

Note 6. Immaterielle eigedelar

20

Note 7. Varige driftsmidlar

21

Note 8. Dotterselskap, tilknytt selskap m.m.

21

Note 9. Finansiell marknadsrisiko

22

Note 10. Aksjar og delar i andre føretak m.m.

22

Note 11. Mellomverande med selskap i same konsern og tilknytt selskap

22

Note 12. Fordringar og gjeld

23

Note 13. Meir/mindreinntekt

23

Note 14. Varer

23

Note 15. Bankinnskot

24

Note 16. Aksjekapital og aksjonærinformasjon

24

Note 17. Eigenkapital

24

Note 18. Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar

27

Note 19. Transaksjonar med nærståande partar

27

Note 20. Pant og garantiar

28

Note 21. Ekstern gjeld

28

Note 22. Store enkelttransaksjonar

14


#2017 / ÅRSRAPPORT

NOTAR TIL REKNESKAPEN Note 1. Rekneskapsprinsipp Årsrekneskapen er sett opp i samsvar med rekneskapslova sine reglar og god rekneskapsskikk. Bruk av estimat Leiinga har brukt estimat og føresetnadar som har påverka resultatrekneskapen og verdiane av eigedelar og gjeld, samt usikre eigedelar og forpliktingar på balansedagen under utarbeidinga av årsrekneskapen i samsvar med god rekneskapsskikk. Inntekter Inntekter frå sal av varer blir resultatført når levering har funne stad og det vesentlegaste av risiko og avkastning er overført. Inntekter frå sal av tenester og langsiktige tilverknadsprosjekt blir resultatført i takt med fullføringsgrada til prosjektet, når utfallet av transaksjonen kan estimerast på ein påliteleg måte. Framdrift blir målt som påløpte kostnader i forhold til totalt estimerte kostnader. Når utfallet av transaksjonen ikkje kan estimerast påliteleg, vil inntekter tilsvarande påløpte prosjektkostnader bli inntektsført. I den perioden det blir identifisert at eit prosjekt vil gi negativt resultat, vil det estimerte tapet på kontrakten bli resultatført i si heilheit. Nettverksemda blir regulert av styresmaktene, ved at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fastset årleg inntektsrammer for kvart selskap. Inntektsramma skal gi dekning for netteigar sine faktiske kostnader, og ei rimeleg avkastning på investert kapital. Kvart år vert avviket mellom faktiske tariffinntekter og godkjent inntekt utrekna i form av ei meir-/mindreinntekt. Akkumulert meir-/mindreinntekt (saldo) vert rekneskapsført som anten gjeld til nettkundar eller fordring på nettkundar. Av akkumulert meir-/mindreinntekt vert det rekna rente, basert på rentesats fastsett av NVE. Skatt Skattekostnaden i resultatrekneskapen omfattar både betalbar skatt og endring i utsett skatt. Utsett skatt utgjer 23 % av mellombelse skilnader mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar, samt skattemessig underskot til framføring ved utgangen av rekneskapsåret. Skatteaukande og skattereduserande mellombelse skilnader som reverserer eller kan reversere i same periode, er utlikna. Visse postar blir likevel vurdert særskilt, herunder pensjonsforpliktingar. Netto utsett skattefordel blir balanseført i den grad det er sannsynleg at denne kan bli nyttegjort. Utsett skatt og utsett skattefordel som kan balanseførast, er ført netto i balansen. Betalbar skatt og utsatt skatt er rekneskapsført direkte mot eigenkapitalen i den grad skattepostane relaterer seg til postar ført direkte mot eigenkapitalen. Vi har gjennomført fisjon for ekstern verksemd til BKK Enotek AS med skattemessig kontinuitet. Klassifisering og vurdering av balansepostar Omløpsmidlar og kortsiktig gjeld omfattar postar som forfell til betaling innan eit år etter kjøpstidspunktet, samt postar som relaterer seg til varekretsløpet. Andre postar er klassifiserte som anleggsmiddel/langsiktig gjeld. Omløpsmidlar blir vurdert til lågaste av kostpris og verkeleg verdi. Kortsiktig gjeld blir balanseført til nominelt beløp på opptakstidspunktet. Anleggsmidlar er vurdert til kostpris, fråtrekt avog nedskrivingar. Langsiktig gjeld blir balanseført til nominelt beløp på etableringstidspunktet. Forsking og utvikling Utgifter til utvikling blir balanseført i den grad det kan identifiserast ein framtidig økonomisk fordel knytt til utvikling av ein identifiserbar immateriell eigendel, og utgiftene kan målast på ein påliteleg måte. I motsett fall blir slike utgifter kostnadsført løpande. Balanseført utvikling blir avskrive lineært over økonomisk levetid. Utgifter til forsking blir kostnadsført løpande.

15


#2017 / ÅRSRAPPORT

Varige driftsmidlar Varige driftsmidlar blir balanseført og avskrivne lineært over driftsmidlet si forventa levetid. Vesentlege driftsmidlar som består av betydelege komponentar med ulik levetid er dekomponert med ulik avskrivingstid for dei ulike komponentane. Direkte vedlikehald av driftsmidlar blir kostnadsført løpande under driftskostnader, medan påkostningar eller forbetringar blir tillagt driftsmidlet sin kostpris og avskrivne i takt med driftsmidlet. Dersom gjenvinnbart beløp av driftsmiddelet er lågare enn balanseført verdi vert det gjort nedskriving til gjenvinnbart beløp. Gjenvinnbart beløp er høgst av netto salsverdi og verdi i bruk. Verdi i bruk er noverdien av dei framtidige kontantstraumane som eigedelen er forventa å generere. Dotterselskap/tilknytt selskap Dotterselskap er selskap der Mørenett AS har kontroll, og dermed bestemmande medverknad på selskapet sin finansielle og operasjonelle strategi, normalt ved å eige meir enn halvparten av den stemmeberettiga kapitalen. Tilknytt selskap er selskap der Mørenett AS har betydeleg, men ikkje bestemmande, innverknad over den finansielle og operasjonelle styringa, normalt ved eigardel på mellom 20 % og 50 %. Dotterselskap vert vurdert etter eigenkapitalmetoden i selskapsrekneskapen. Eigenkapitalmetoden fører til at vår del av årsresultatet, fråtrekt avskriving på meirverdiar, vert resultatført i selskapsrekneskapen. Verdien av investeringa i balansen vert regulert med resultatdelen med frådrag for eventuelle utdelingar, og med tillegg for eventuelle kapitalinnskot. Interne vinstar blir eliminert. Tilknytte selskap vert vurdert etter kostmetoden i selskapsrekneskapen. Behaldning av varer Varelageret er vurdert til kostpris. Fordringar Kundefordringar vert ført opp i balansen til pålydande etter frådrag for avsetning til forventa tap. Avsetning til tap vert gjort på grunnlag av ei individuell vurdering av fordringane. Andre fordringar vert ført opp til lågaste av pålydande og verkeleg verdi. Kortsiktige plasseringar Kortsiktige plasseringar (aksjar og andelar vurdert som omløpsmidlar) blir vurdert til lågast av kostpris og verkeleg verdi på balansedagen. Mottatt utbytte og andre utdelingar frå selskapa blir inntektsført som annan finansinntekt. Pensjonar Selskapet har både innskots- og ytingsbasert pensjonsordning for sine tilsette. Innskotsordninga blir handtert i samsvar med lov om obligatorisk tenestepensjon (OTP). Ytingsbasert pensjonsordning blir regulert i samsvar med regelverket for offentleg pensjon. Innskotsordninga omfattar medarbeidarar som 01.01.2014 kom frå tidlegare Tussa Nett AS og nytilsette etter 01.01.2014, medan ytingsbasert ordning gjeld for medarbeidarar/pensjonistar som tidlegare var tilsett i Tafjord Kraftnett AS, og pensjonistar frå tidlegare Tussa Nett AS. For innskotsordninga ligg det føre ein innskotsplan og for ytingsbasert ordning ligg det føre ein ytingsplan. I 2017 har selskapet hatt innskotsplan på 4,8 % for løner mellom 0 og 7,1 G (G=grunnbeløpet i Folketrygda) og i tillegg 18,1% for løn mellom 7,1 og 12 G. Oppsparte midlar kjem til utbetaling ved oppnådd pensjonsalder. Ytingsplan er ei pensjonsordning som definerer den pensjonsutbetalinga som tilsette vil motta ved pensjonering. Pensjonen blir normalt fastsett som ein del av den tilsette si sluttlønn. Tilsette som ikkje har full opptening vil få sin pensjon redusert høvesvis. Årets netto pensjonskostnader inngår i posten løns- og personalkostnad i resultatrekneskapen. Mørenett AS lukka ytingsordninga i BKK Pensjonskasse med verknad frå 1. januar 2017. I 2017 har tilsette i ordninga fått tilbod om frivillig overgang til innskotspensjon, og i alt 15 personar valde å gå over til innskotspensjon. Nærare om ytingsbasert pensjonsordning Netto forplikting er berekna med utgangspunkt i noverdien av dei framtidige pensjonsytingane (utover Folketrygda sine ytingar) som den tilsette har tent opp pr. 31.12, trekt frå verkeleg verdi av pensjonsmidlane. Netto pensjonsforpliktingar på underfinansierte ordningar er balanseført som langsiktig rentefri gjeld, medan eventuelle netto pensjonsmidlar på overfinansierte ordningar er balanseført som 16


#2017 / ÅRSRAPPORT

langsiktig rentefri fordring dersom det er sannsynleg at overfinansieringa kan nyttast. Pensjonsforpliktingane er berekna med utgangspunkt i tilrådingar frå Norsk Regnskapsstiftelse og fyller krava i IAS 19 mellom anna når det gjeld diskonteringsrente, avkastningsrente, forventa lønsvekst og G-regulering. Vi nyttar ikkje korridorløysing. Alle estimatavvik, både i forhold til forpliktingar og midlar, blir amortisert umiddelbart og ført mot eigenkapitalen. Berekningane er basert på lineær oppteningsmodell. Kontantstraumoppstilling Kontantstraumoppstillinga er utarbeidd etter den indirekte metoden. Kontantar og kontantekvivalentar omfattar kontantar, bankinnskot og andre kortsiktige, likvide plasseringar.

Note 2. Salsinntekter pr. forretningsområde Tal i 1 000 kr Kraftomsetn. Distr.nett Reg.nett Sentr.nett Tele Anna x) Eliminering Sum Sal energi 11 978 - - - - - -4 232 7 746 Nettleige - 420 563 233 015 860 - - -138 986 515 452 Andre inntekter - 1 090 - - 7 359 41 532 -183 49 798 Sum driftsinntekter 11 978 421 653 233 015 860 7 359 41 532 -143 401 572 997 Varekjøp - 3 554 116 - 398 2 828 - 6 896 Energikjøp 7 531 - - - - - - 7 531 Kjøp av nettap - 25 643 18 724 23 - - - 44 390 Overføringskostnader - 141 723 96 423 - - - -139 228 98 918 Løn/personalkostnader - 52 951 13 144 -15 4 778 14 527 - 85 385 Estimatavvik pensjon ført mot EK og skatt - 17 596 4 368 -5 1 588 4 827 -28 374 - Andre driftskostnader 215 89 386 24 485 251 1 711 19 248 1 483 136 779 Avskrivningar - 64 376 28 299 896 324 1 176 9 155 104 226 Sum driftskostnader 7 746 395 229 185 559 1 150 8 799 42 606 -156 964 484 125 Driftsresultat 4 232 26 424 47 456 -290 -1 440 -1 074 13 563 88 871 Driftsresultat ekskl estimatavvik 4 232 44 020 51 824 -295 148 3 753 -14 811 88 871 x) Anna: Lysanlegg, entreprenørtenester og anna aktivitet utanfor nettmonopolet.

Note 3. Lønskostnader, tal tilsette, godtgjersler, lån til tilsette og godgjersle til revisor Tal i 1 000 kr

Lønskostnader 2017 2016 Løn 109 468 134 661 Aktiverte timar eigne investeringar (46 751) (57 350) Arbeidsgjevaravgift 17 028 21 118 Pensjonskostnader 1 171 7 568 Andre ytingar 4 470 9 531 Sum 85 385 115 528 Selskapet har i rekneskapsåret sysselsett totalt 135 årsverk. Under andre ytingar har vi avsett 3,9 mill. kr per 31. 12. 2017 grunna saldo avspasering og ferie.

17


#2017 / ÅRSRAPPORT

Note 3. Lønskostnader, tal tilsette, godtgjersler, lån til tilsette og godgjersle til revisor (framh.) Tal i 1 000 kr

Ytingar til leiande personar Dagleg leiar Styret Løn 1 391 - Bonus - - Pensjonsutgifter 137 - Anna godtgjersle 8 523 Sum godtgjersle 1 536 523 Det er ikkje gitt lån eller stilt garantiar til administrerande direktør, styremedlemer eller andre nærståande partar. Styret har ikkje avtalar om anna vederlag enn styrehonorar. Administrerande direktør har personleg pensjonsavtale med arbeidsgjevar vedkomande pensjon utover 12G. Utover dette har korkje administrerande direktør eller styreleiar avtalar som forpliktar selskapet ved opphøyr eller endring av tilsetjingshøve eller verv. Revisor Kostnadsført godtgjersle til revisor er fordelt på følgjande: Lovpålagt revisjon 382 Attestasjonstenester 30 Skatterådgjeving 31 Andre tenester 61 Sum honorar til revisor 504 Meirverdiavgift er ikkje inkludert i revisjonshonoraret.

Note 4. Finanspostar Tal i 1 000 kr Finansinntekter 2017 2016 Inntekt på investeringar i TS (462) 728 Annan renteinntekt 618 451 Morarenter 407 206 Annan finansinntekt 52 214 - Sum finansinntekter 52 776 1 385 Finanskostnader 2017 2016 Rentekostnader eksterne lån 18 583 17 048 Annan rentekostnad 207 334 Andre finanskostnader (675) (693) Sum finanskostnader 18 115 16 689

18


#2017 / ÅRSRAPPORT

Note 5. Skatt Tal i 1 000 kr

2017 2016 Betalbar skatt kjem fram slik: Ordinært resultat før skattekostnad 123 534 230 682 Permanente skilnader (27 141) (4 017) Resultat på investering i DS / TS 460 (728) Endring mellombelse skilnader 5 105 (130 450) Grunnlag betalbar skatt på resultat i året 101 959 95 488 Betalbar skatt på resultat i året 24 470 23 872 Skattekostnad i året kjem fram slik: Betalbar skatt på resultat i året 24 470 23 872 Brutto endring utsett skatt (13 680) 32 612 Endring utsett skatt på EK-justering 6 810 1 212 Endring i utsett skatt/skattefordel som følgje av endra skattesats 1 708 1 138 Korr. for skatt på direkte balanseførte skilnader som inngår i berekn. av utsett skatt 373 - Total skattekostnad i året 19 681 58 818 31.12.2017 31.12.2016 Betalbar skatt i balansen kjem fram slik: Betalbar skatt på resultat i året 24 470 23 872 Sum betalbar skatt 24 470 23 872 Spesifikasjon av grunnlag for utsatt skatt: Skilnader som vert utlikna: Anleggsmidlar (120 088) (122 347) Fordringar (3 361) (1 187) Vinst- og tapskonto 536 684 Andre mellombelse skilnader 475 41 722 Sum (122 438) (81 129) Utsett skatt (+)/ Utsett skattefordel (-) (29 385) (20 282) Skilnader som ikkje vert utlikna: Pensjonsmidlar (+) / Pensjonsforpliktingar (-) (48 355) (32 665) Sum (48 355) (32 665) Utsett skattefordel (11 605) (8 166) Endring i utsett skatt/skattefordel som følgje av endra skattesats 1 708 1 138 Utsett skattefordel i balansen 23% / 24% (39 282) (27 311) 2017 2016 Samenheng mellom skattekostnad og skatt berekna av resultat før skatt: 23 % / 24 % av resultat før skatt 29 648 57 671 Effekt av permanente skilnader (12 048) 77 Direkteført mot US i samband med fisjon driftsmidlar 373 - Effekt av endring skattesats til 23 % / 24 % på utsett skattefordel 1 708 1 087 Korreksjon frå fjoråret - (17) Skattekostnad i samsvar med resultatrekneskap 19 681 58 818 Effektiv skattesats 15,9 % 25,5 %

19


#2017 / ÅRSRAPPORT

Note 6. Immaterielle eigedelar Tal i 1 000 kr Konsesjon Goodwill Lisensar Kostpris pr 01.01.17 110 000 16 671 14 450 Korr. etter NVE-rapportering 2016 - - 780 Tilgang kjøpte immaterielle eigedelar - - 166 Kostpris 31.12.17 110 000 16 671 15 395

Sum 141 121 780 166 142 066

Akkumulerte avskrivingar 31.12.17 110 000 14 596 5 956 130 553 Balanseført verdi pr. 31.12.17 - 2 075 9 439 11 513 Avskrivingar i året 5 500 494 3 160 9 155 Mørenett nyttar lineære avskrivingar for alle immaterielle eigedelar. Den økonomiske levetida for anleggsmidlane er berekna til: *Konsesjon: 20 år *Goodwill: 5 år * Lisensar: 4 år

Note 7. Varige driftsmidlar Tal i 1 000 kr Varige driftsmidlar Tomter Transpm/inv Måling I Bygg Måling II Nettanlegg Sum varige /uts. driftsmidlar Kostpris pr. 01.01.17 3 497 193 232 58 268 120 254 48 798 2 665 166 3 089 215 Korr. etter NVE-rapportering 2016 (780) - - - (627) (1 407) Tilgang kjøpte driftsmidlar 554 1 211 49 715 5 495 1 350 172 337 230 661 Avgang selde driftsmidlar - 21 415 - - - 8 168 29 583 Kostpris 31.12.17 4 051 172 248 107 983 125 749 50 148 2 828 708 3 288 886 Akkumulerte avskrivingar 31.12.17 - 143 641 31 644 36 854 36 534 1 269 213 1 517 886 Balanseført verdi pr. 31.12.17 4 051 28 607 76 340 88 894 13 613 1 559 495 1 771 000 Avskrivingar i året - 9 539 3 607 3 688 2 918 75 319 95 071 Økonomisk levetid - Inntil 30 år Inntil 35 år Inntil 50 år Inntil 35 år Inntil 35 år Avskrivingsplan - Lineær Lineær Lineær Lineær Lineær I tillegg kjem anlegg under arbeid med 97 683 Det er i løpet av året ikkje gjort nedskriving av anleggsmidlar, reversering av nedskriving frå tidlegere år eller gjort endring i avskrivingsplanar for eksisterande anlegg. Kontorlokale blir leigt i adm.bygg til Tafjord Kraft AS og Tussa Energi AS. Årleg leige var høvesvis 1,7 mill. kr og 4,5 mill. kr, totalt 6,2 mill. kr.

20


#2017 / ÅRSRAPPORT

Note 8. Dotterselskap, tilknytt selskap m.m. Tal i 1 000 kr Erverva Kontor Land Eigardel St.del Elsikkerhet Møre AS 29.5.09 Ørskog Norge 67 % 67 % Smarthub AS 21.2.13 Molde Norge 42 % 42 % Investeringa i dotterselskapet (Elsikkerhet Møre AS) vert vurdert etter eigenkapitalmetoden i selskapsrekneskapen. Det tilknytte selskapet (Smarthub AS) er vurdert til kostmetoden. Investering etter eigenkapitalmetoden Meirverdianalyse Elsikkerhet Møre AS Balanseført eigenkapital på kjøpstidspunktet 880 Kostpris 880 Berekning av resultatdel i året Del resultat i året 380 Resultatdel i året 380 Berekning av balanseført verdi pr. 31.12.17 Inngåande balanse 1.1.17 3 762 Resultatdel i året 380 Motteke utbyte (666) Andre endringar i løpet av året (174) Utgåande balanse 31.12.17 3 302 Berekningane for Elsikkerhet Møre AS er basert på førebelse rekneskapstal. 7. mars 2018 mottok vi ei oppdatering frå dagleg leiar i selskapet. Dersom endringa hadde blitt innarbeidd hos Mørenett AS, ville resultatdel i året blitt om lag 420 000 kroner høgare, totalt 800 000 kr, og utgåande balanse 3 788 000 kr. Rekneskapen til Elsikkerhet Møre AS er framleis ikkje revidert, og kan få fleire endringar. Meirverdi i driftsmidlar knytt til investering i tilknytt selskap vert avskrive lineært med 10 % årleg, medan goodwill blir avskrive med 20 %.

Tilknytt selskap Forretningskontor E igar-/stemmedel Eigenkap. siste år Resultat siste år (100 %) SmartHub AS Molde 42 % 3 776 41 Balanseført verdi pr. 31.12.17

Balanseført verdi (100 %) 1 884 1 884

Dotterselskapet Elsikkerhet Møre AS er utelate frå konsolidering på grunn av vesentlegheit. Dotterselskapet har ikkje betydning for å bedømme Mørenett AS si stilling og resultat.

Note 9. Finansiell marknadsrisiko Overordna mål og strategi Selskapet har som mål å sikre gode resultat og stabilt utbyte til eigarane, og søkjer å balansere gode resultat med langsiktig verdiskaping. Renterisiko Mørenett AS er eksponert for renterisiko på fleire område. Målet er å ha ei føreseieleg rente på eit akseptabelt nivå på område som vi sjølve kan påverke. Vi er utsett for renterisiko både gjennom nettregulering knytt til inntektsramma, gjennom finansiering av investeringane og gjennom selskapet sine pensjonsforpliktingar. Kredittrisiko Hovudtyngda av selskapet sine debitorar er privatpersonar og bedrifter som har nettleige. Risikoen for tap på fordringar er vurdert som aukande på nettleige, fordi vi forventar fleire kundar på leveringsplikt der vi får risikoen både for nettleige og kraft. Ekstern verksemd vart utfisjonert i 2017, så på det området er risikoen redusert. Likviditetsrisiko Likviditetsrisiko oppstår dersom det ikkje er samsvar mellom kontantstraumen til verksemda og finansielle forpliktingar. Selskapet har bankavtale med Handelsbanken AS der det gjennom kontosystemet er sikra naudsynt likviditet. Mørenett AS har avtalar som sikrar likviditet framover gjennom unytta trekkrettar. 21


#2017 / ÅRSRAPPORT

Note 10. Aksjar og delar i andre føretak m.m. Tal i 1 000 kr Eigardel REN AS 2,6 %

Kostpris Balanseført verdi Marknadsverdi 1 11 -

Note 11. Mellomverande med selskap i same konsern og tilknytt selskap

Tal i 1 000 kr Elsikkerhet Møre AS Smarthub AS Fordringer 2017 2017 Kundefordringar 11 109 Sum 11 109 Av dette fordringar som forfell > 1 år - - Elsikkerhet Møre AS Smarthub AS Gjeld 2017 2017 Leverandørgjeld 1 617 5 400 Sum 1 617 -

Note 12. Fordringar og gjeld Tal i 1 000 kr Fordringar med forfall seinare enn 1 år 2017 2016 Andre langsiktige fordringar - - Langsiktig gjeld med forfall seinare enn 1 år 2017 2016 Gjeld til kredittinstitusjonar 1 100 000 950 000 Sum 1 100 000 950 000

22


#2017 / ÅRSRAPPORT

Note 13. Meir/mindreinntekt Tal i 1 000 kr Nettinformasjon Sentralnett Regionalnett Distrib.nett Sum monopol Driftsresultat (inkl. estimatavvik pensjon) -290 47 456 26 424 73 590 Meir(+)/mindre(-)inntekt Faktisk inntekt 1 386 229 386 467 105 697 877 Tilbakeført meir-/mindreinntekt i året - 5 500 (16 000) (10 500) Kostnader overliggande nett - 96 424 141 723 238 147 = Justert faktisk inntekt 1 386 138 462 309 382 449 230 Årets inntektsramme 1 536 128 627 273 945 404 108 Inntektsramme justert for AVS/AKG/KILE 1 367 134 900 279 821 416 088 Berekna meir-/mindreinntekt i året 19 3 562 29 561 33 142 Inng. saldi ordinær ME/MI-inntekt inkl. rente 01.01 611 - - 611 Inng. saldi Harmoni MI-inntekt inkl. rente 01.01 - (16 478) (26 964) (43 442) Årets bevegelsar inkl. rente 27 (2 148) 45 511 43 390 Akk. ordinær ME/MI-inntekt inkl. rente 31.12 638 3 583 29 739 33 960 Akk. Harmoni MI-inntekt inkl. rente 31.12 (22 209) (11 192) (33 401) Balanse Sum driftsmidlar etter fordeling pr. 01.01 5 116 669 664 964 837 1 639 617 Sum driftsmidlar etter fordeling pr. 31.12 3 419 703 267 1 039 289 1 745 975 Gjennomsnittlege driftsmidlar 4 268 686 466 1 002 063 1 692 796 1% påslag for netto arbeidskapital 43 6 865 10 021 16 928 Avkastningsgrunnlag 4 310 693 330 1 012 084 1 709 724 Avkastning (driftsresultat*100%/avkastningsgrunnlag) -6,7 6,8 2,6 4,3

Note 14. Varer Tal i 1 000 kr 2017 2016 Lager av innkjøpte varer 14 472 17 930 Sum 14 472 17 930 Av samla varelagerverdi for Mørenett AS pr. 31.12.2017 er 14 472 mill. kr vurdert til kostpris.

Note 15. Bankinnskot Tal i 1000 kr 2017 2016 Innskot driftskonto 10 082 9 251 Bundne skattetrekksmidlar 4 611 6 390 Depotkonto 1 899 - Selskapet sin likviditet er organisert i ei konsernkontoordning der samla tilgjengeleg saldo syner på toppkontoen. Vi har disponibel kassakreditt på 50 mill. kr på denne kontoen, slik at disponibelt beløp er 60,1 mill. kr.

23


#2017 / ÅRSRAPPORT

Note 16. Aksjekapital og aksjonærinformasjon Tal i 1 000 kr Tal Pålydande Balanseført A-aksjar 10 000 40 400 000 Mørenett AS har 2 aksjonærar pr. 31.12.2017. Selskapet sine aksjar er utferda i aksjeklasse A. A-aksjane gir stemmerett tilsvarande del av totalt utferda A-aksjar til ei kvar tid. Oversikt over aksjonærane pr. 31.12.2017: A-aksjar Eigardel Stemmedel Tafjord Kraft AS 5 366 53,66 % 50,0 % Tussa Kraft AS 4 634 46,34 % 50,0 % Totalt tal aksjar 10 000 100,00 % 100,0 % Gjennom aksjonæravtalen har partane regulert at selskapet skal vere felleskontrollert.

Note 17. Eigenkapital Tal i 1 000 kr Aksjekapital Overkurs Innskot Fond Anna EK Sum anna EK for vurd. Eigenkapital pr. 01.01. 400 000 137 020 29 055 2 884 212 309 781 268 Kapitalnedsetjing (23 718) - - - - (23 718) Kapitalauke 23 718 (23 718) - - - (0) Skattefri fisjon/fusjon - - - - (39 486) (39 486) Estimatavvik pensjon - - - - (21 565) (21 565) Resultat i året - - - (462) 104 315 103 853 Avsett utbyte - - - - (25 150) (25 150) Eigenkapital pr. 31.12 400 000 113 302 29 055 2 422 230 423 775 202

Note 18. Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar Mørenett AS har kollektiv innskotsordning i DNB og kollektiv ytingsordning via vårt medlemskap i BKK Pensjonskasse. Innskotsordninga omfattar tilsette som 01.01.2014 kom frå Tussa Nett AS og tilsette etter 01.01.2014. Spareplanen utgjer 4,8 % for løn mellom 0 og 7,1 G (G=grunnbeløpet i Folketrygda) og 18,1 % for løn mellom 7,1 og 12 G. Ytingsordninga gjeld tidligare tilsette i Tafjord Kraftnett AS. Det er Gabler AS som administerer BKK Pensjonskasse og ytingsordninga blir rekneskapsført i samsvar med IAS 19. I tillegg har vi pensjonistar i ytingsbasert pensjonsordning frå tidlegare ordning i Tussa Nett AS. Årlege aktuarberekningar blir utarbeidd av aktuar i Gabler AS. Ytingssplan i sikra ordning Ytingsplan omfattar alders-, uføre- , etterlatne- og barnepensjon. Den gir dei tilsette ei bestemt framtidig pensjonsyting basert på oppteningsår og lønsnivået ved pensjonsalder. Alderspensjonen utgjer ved full opptening 66 % av pensjonsgrunnlaget for løn opp til 12G. Alle fødd i 1943 eller seinare vil få pensjonen sin levealdersjustert, noko som kan føre til ei pensjonsutbetaling som er mindre enn 66 % av pensjonsgrunnlaget. Pensjonen er ei bruttoordning og blir regulert i samsvar med regelverket for offentleg pensjon. Ordninga blir finansiert ved at medlemane betaler 2 % av pensjonsgrunnlaget. Pensjonspremien elles blir dekt av arbeidsgjevar. Ytingsplan i usikra ordningar Dei usikra ordningane består av AFP og ei driftspensjonsordning for tidlegare dagleg leiar si løn mellom 12 G og 14 G. Desse er vist samla under usikra ordningar. 24


#2017 / ÅRSRAPPORT

Ny AFP-ordning Den nye AFP-ordninga er ei ordning som gir eit livslangt tillegg på den ordinære pensjonen. Dei tilsette kan velje å ta ut den nye AFP- ordninga frå og med fylte 62 år, også ved sida av å stå i jobb, og ordninga gir ytterlegare opptening ved arbeid fram til 67 år. Den nye AFP-ordninga er ei ytingsbasert fleirføretakspensjonsordning, og blir finansiert gjennom premie som blir fastsett som ein prosent av lønn. Rekneskapsmessig blir ordninga handsama som ei innskotsbasert pensjonsordning der premiebetalingar blir kostnadsført løpande. Ingen avsetjingar blir gjort i rekneskapen. I 2017 utgjorde premien 2,4 % av løn mellom 1G og 7,1G. Tilsette som i dag har innskotsbasert pensjonsordning i selskapet er omfatta av ordninga. Tilskot til AFP-ordninga inngår i lønskostnadane og utgjorde i 2017 1 mill. kr. Estimatavvik Vi nyttar ikkje korridorløysing for estimatavvik. Alle estimatavvik, både i forhold til forpliktingar og midlar, blir amortisert i notid og ført mot eigenkapitalen. Planendringar Planendringar blir resultatførte. Den økonomiske effekten av levealdersjustering i alderspensjonen frå folketrygda og tenestepensjonsordninga for alle årskull, i tillegg til individuell garanti, er innarbeidd i tidlegere år. Individuell garanti er ein garanti som delvis skjermar dei som er fødde i 1958 eller tidlegare frå effekten av levealdersjustering. Den nye uføreordninga som er innført frå 01.01.2015 er forventa å redusere arbeidsgjevar sine framtidige forpliktingar, men samstundes auke folketrygda sin del av den årlege kostnaden. Lukking av ytingsordning Hausten 2016 vedtok styret å lukke gjeldande ytingsordning med verknad frå 1. januar 2017. Etter gjennomført prosess med frivillig overgang har 15 takka ja til å skifte ordning. Økonomiske føresetnader Mørenett AS har vurdert at marknaden for obligasjonar med fortrinnsrett (OMF) stettar krava i IAS 19.83 til føretaksobligasjonar. Demografiske føresetnader Selskapet har i pensjonsberekningane gjennomført ny vurdering av dødeleheitskriteriet, og valt å endre kriteria frå Gablers dynamiske dødelegheitsgrunnlag GAP07 til Finanstilsynet K2013 tabell tilrådd av Norsk Regnskapsstifelse. Kurva reallønsvekst Forventa lønsvekst lagt til grunn i Mørenett AS sine pensjonsberekningar for aktive medlemer byggjer på Gablers regresjonsmodell. Modellen nyttar alder som forklaringsvariabel for reallønsutvikling til arbeidstakarar. Samanhengen mellom alder og reallønsutvikling kan vi forklare mellom anna med at unge gjer fleire lønshopp enn eldre arbeidstakarar. Basert på historiske bestandsdata i pensjonskassa er det laga ei tilpassa lønskurve som viser at den gjennomsnittlege reallønsveksten for tilsette i Mørenett AS fell med alder. Denne kurva blir lagt til grunn for aktuarielle berekningar. Berekningar viser at kurva lønsvekst gir lågare pensjonsforplikting enn lineær lønskurve. Risikovurdering av ytingsbaserte ordningar Gjennom ytingsbaserte ordningar er selskapet påverka av fleire risiki som følgje av usikkerheit i føresetnader og framtidig utvikling. Dei mest sentrale risiki er følgjande: Forventa levetid Selskapet er forplikta til å utbetale pensjon for dei tilsette livet ut. Auke i forventa levealder blant medlemane aukar forpliktinga for selskapet. Avkastningsrisiko Selskapet blir påverka ved ei endring i faktisk avkastning på pensjonsmidlane som vil medføre endring i netto forplikting. Inflasjons- og lønsvekstrisiko Selskapet si pensjonsforplikting har risiko knytt til både inflasjon og lønsutvikling, sjølv om lønsutviklinga er nært knytt til inflasjonen. Høgare inflasjon og lønsutvikling enn lagt til grunn i pensjonsberekningane, fører til auka forplikting for selskapet.

25


#2017 / ÅRSRAPPORT

Renterisiko Ved neddiskontering av pensjonsutbetalingar blir marknadsrenter lagt til grunn. Generelt lågt eller fallande rentenivå aukar brutto pensjonsforplikting for selskapet, medan aukande rentenivå reduserer forpliktingane. DNB LIV Den delen av ytingsbasert ordning som er i DNB LIV gjeld utbetaling av pensjonar til pensjonistar i tidlegare Tussa Nett AS. Føresetnadane som blir lagt til grunn her er tilrådingar frå Norsk Rekneskapsstiftelse. I den talmessige delen av pensjonsnoten under er det ei oversikt over tal aktive medlemer og pensjonistar for høvesvis sikra og usikra ordningar. Dei aktuarmessige berekningane byggjer på følgjande føresetnader: BKK P 2017

DNB 2017

2,3 %/2,35 %

2,3 %

2. Forventa avkastning

2,35 %

2,3 %

3. Forventa lønsvekst

2,50 %

2,5 %

4. Forventa G-regulering

2,25 %

2,25 %

5. Forventa regulering av pensjonar under utbetaling

1,50 %

2,25 %

6. Tendens til uttak AFP

25 %

-

7. Tendens til uttak direktørpensjon v/62 år

25 %

-

K2013/K63

K2013BE/IR02

1. Diskonteringsrente

8. Demografiske føresetnader

I føresetnadene i pkt. 1 over, der det er oppgitt to %-satsar for same år, gjeld den første for kostnaden og det siste for forpliktingane i utgåande balanse.

Tal i 1 000 kr

Mørenett AS total

Mørenett AS sikra

Mørenett AS usikra

Dato for rekneskapsavslutning 31.12.2017 31.12.2016 31.12.2017 31.12.2016 31.12.2017 31.12.2016 A. Pensjonskostnad i perioden Pensjonsopptening i året (Service Cost) 6 092 6 473 5 191 5 530 900 943 Arbeidsgjevaravgift av oppteninga i året 859 913 732 780 127 133 Rentekostnad på pensjonsforpliktinga 6 507 6 810 5 902 6 172 606 638 Forventa avkastning på pensjonsmidlar (5 832) (6 081) (5 832) (6 081) - Resultatført netto forplikting ved oppgjer (9 574) - (4 397) - (5 177) Medlemsinnskot - (1 125) - (1 125) - Resultatført pensjonskostnad ytingsordning (1 948) 6 990 1 596 5 277 (3 544) 1 714 B. Balanseført pensjonsforplikting DBO ved slutten av perioden 301 311 282 843 274 840 256 269 26 471 26 574 Midlar ved slutten av perioden 252 923 250 178 252 923 250 178 - Balanseført pensjonsforplikting inkl. arb.g.avgift 48 389 32 665 21 917 6 091 26 471 26 574 C. Avstemming pensjonsforplikting Pensjonsforplikting i inngåande balanse 32 665 33 356 6 091 7 610 26 574 25 746 Resultaført pensjonskostnad (1 948) 6 990 1 596 5 277 (3 544) 1 714 Aktuarielt tap (vinst) ført mot eigenkapital 28 374 5 052 24 430 5 402 3 945 (351 ) Innbetalingar inkl. arb.g.avg. (10 262) (12 264) (10 199) (12 197) (62) (66) Utbet. pensjon over drift ekskl. arb.g.avgift (441) (469) - - (441) (469) Balanseført pensjonsforpl. v/slutten av perioden 48 389 32 665 21 917 6 091 26 471 26 574 D. Medlemsstatistikk Tal aktive medlemer i ytingsordning 68 95 68 95 Tal pensjonistar 147 149 2 2 Innskotsordning: Resultatført kostnad er 3,2 mill. kr i 2017. Ordninga omfattar 108 medlemer. 26


#2017 / ÅRSRAPPORT

Note 19. Transaksjonar med nærståande partar Tal i 1 000 kr Nærståande part Tilknyting Eigardel Elsikkerhet Møre AS Dotterselskap 67 % Tussa Kraft AS Aksjeeigar 46 % Tussa Energi AS Dotter av aksjeeigar - Sunnmøre Energi AS Dotter av aksjeeigar - Tussa IKT AS Dotter av aksjeeigar - Tussa Installasjon AS Dotter av aksjeeigar - Tussa-24 AS Dotter av aksjeeigar - Smarthub AS Tilknytt selskap 42 % Tafjord Kraft AS Aksjeeigar 54 % Tafjord Kraftproduksjon AS Dotter av aksjeeigar - Tafjord Kraftvarme AS Dotter av aksjeeigar - Tafjord Marked AS (drift) Dotter av aksjeigar - Tafjord Marked AS (strøm) Dotter av aksjeigar - Tafjord Fibernett AS Dotter av aksjeeigar - Rune Kiperberg Administrerande direktør - Erik Espeset Styreleiar - Transaksjonar med nærståande partar Selskapet har foretatt fleire forskjellige transaksjonar med nærståande partar. Alle transaksjonar er foretatt som del av den ordinære verksemda og til armlengdes prisar. Dei vesentlegaste transaksjonane som er gjort er som følgjer: 2017 2016 a) Kjøp av varer og tenester frå aksjeeigar/dotter av akjeeigar til TNOK 100 655 102 245 b) Kjøp av varer og tenester frå dotterselskap til TNOK 29 819 11 752 c) Sal av varer og tenester til aksjeeigar/dotter av aksjeeigar til TNOK 70 790 96 854 d) Sal av varer og tenester til dotterselskap til TNOK 1 679 1 784 Balansen inkluderer følgjande beløp som følgje av transaksjonar med nærståande partar: 2017 2016 Kundefordringar 14 062 19 755 Leverandørgjeld (30 229) ( 17 156) Sum (16 167) 2 599

Note 20. Pant og garantiar Tal i 1 000 kr I låneavtalen mellom Mørenett AS og Handelsbanken er det gjort avtale om negativ pant. Dette avgrensar Mørenett sine moglegheiter til å pantsetje eigedelane sine. Pantesikra gjeld 2017 2016 Pantesikra gjeld 1 100 000 950 000 Immaterielle eigedelar 9 439 17 154 Varige driftsmidlar 1 868 685 1 730 364 Sum bokført verdi av panteobjekt 1 878 123 1 747 518

27


#2017 / ÅRSRAPPORT

Note 21. Ekstern gjeld Tal i 1 000 kr Trekkfasilitet 2016 Trekkfasilitet B

Beløp 650 000 600 000

Bokført verdi Rente 500 000 3 mdr. NIBOR + Margin 600 000 3 mdr. NIBOR + Margin

Løpetid 60 md. 36 md.

Forfall 21.12.2021 12.12.2018+1

Selskapet har TNOK 150 000 i tilgjengelege trekkrettar pr. 31.12.2017. I låneavtalen har vi pålegg i forhold til nivå på eigenkapitalprosenten og rentedekningsgrad. Kravet for eigenkapitalen er 25 % og kravet for rentedekningsgraden er 1,2. Berekningar syner at begge krava er oppfylt.

Note 22. Store enkelttransaksjonar Mørenett AS fisjonerte ut delar av verksemda til BKK Enotek AS 1. halvår 2017. Mørenett AS er etablert som eit felles nettselskap på Sunnmøre, og har nettmonopol som forretningsaktivitet. Forretningsområdet ekom og gatelys vart fisjonert til BKK Enotek AS, som er eit entreprenørselskap i BKK konsernet. BKK Enotek AS har tilsvarande aktivitet i Bergen, og etablerte gjennom fisjonen entreprenøravdeling på Sunnmøre. Ved fisjonen vart aksjekapitalen i Mørenett AS sett ned ved reduksjon av aksjane sin pålydande verdi, og aksjeeigarane fekk vederlag i form av nye aksjar i BKK Enotek AS. Aksjekapitalen i Mørenett AS vart sett ned frå kr 400 000 000 til kr 376 282 360, ein reduksjon på kr 23 717 640. Deretter vart aksjekapitalen auka tilsvarande ved bruk av fond, jfr note 17. Tidspunkt for verdsetting var 31. januar 2017, og opningsbalanse vart utarbeidd for same tidspunkt. Rekneskapsmessig gjennomføring for fisjonen var 1. mai 2017. Eigedelar, rettar og forpliktingar er overførte frå Mørenett AS til BKK Enotek AS i samsvar med det som er bestemt i fisjonsplanen. Aksjekapitalen i BKK Enotek AS er auka med kr 1 267 532 ved auke i 291 532 nye aksjar pålydande kr 1. Som vederlag for reduksjon av aksjane sin pålydande i Mørenett AS, har aksjonærane i Mørenett AS fått nye aksjar i BKK Enotek AS. Etter dette eig Tafjord Kraft AS 12,34 % og Tussa Kraft 10,66 % i BKK Enotek AS. Eigardelane i Mørenett AS er uendra, jfr note 16. Fisjonen er regulert av aksjelova kapittel 14 og skattelova sine reglar om skattefri fisjon og rekneskapslova sine reglar. Fisjonen er gjennomført som rekneskapsmessig transaksjon og med skattemessig kontinuitet, jfr note 5. Mørenett AS har bokført vinst over resultatet med kr 51 894 175, jamfør note 4.

28


#2017 / ÅRSRAPPORT

KONTANTSTRAUMOPPSTILLING

TAL I 1 000 KR

KONTANTSTRAUMOPPSTILLING, INDIREKTE MODELL

2017 2016 Kontantstaum frå driftsaktivitat Resultat før skattekostnad 123 534 230 682 Betalt skatt i perioden (23 872) (9 662) Tap/vinst ved sal av anleggsmidlar (910) (3 281) Resultatdel dotterselskap fråtrekt utdelingar 460 (61) Avskrivingar 104 226 105 898 Nedskriving anleggsmidlar - 15 Endring i varelager 3 459 2 126 Endring i kundefordringar 18 465 (44 096) Endring i leverandørgjeld 20 599 (4 293) Forskjell mellom kostnadsført pensjon og inn-/utbet. i pensjonsordningar (12 685) (5 743) Postar klassifisert som investerings- eller finansieringsaktivitetar (51 894) - Endring i andre tidsavgrensingspostar (1 542) (93 638) Netto kontantstraum frå operasjonelle aktivitetar 179 841 177 947 Kontantstraum frå investeringsaktivitetar Innbetalingar ved sal av varige driftsmidlar - 7 878 Utbetalingar ved kjøp av varige driftsmidlar (245 110) (245 971) Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar (245 110) (238 093) Kontantstraum frå finansieringsaktivitetar Innbetalingar ved opptak av ny langsiktig gjeld 150 000 54 443 Utbetaling av utbyte (85 932) (16 242) Netto kontantstraum frå finansieringsaktivitetar 64 068 38 201 Netto endring i kontantar og kontantekvivalentar (1 201) (21 945) Behaldning av kontantar og kontantekvivalentar ved starten av året 17 793 39 738 Behaldning av kontantar og kontantekvivalentar ved slutten av året 16 592 17 793

29


#2017 / Ã…RSRAPPORT

30


#2017 / Ã…RSRAPPORT

31


#2017 / Ã…RSRAPPORT

32


#2017 / ÅRSRAPPORT

STRATEGI OG FRAMTIDSUTSIKTER Mørenett AS er eit nøytralt nettselskap utan konserntilknyting, som er eigd av Tafjord Kraft AS og Tussa Kraft AS. Den raude tråden i strategiarbeidet vårt er å byggje Mørenett AS som eit nøytralt, effektivt og kompetent nettselskap med god leveringstryggleik. I strategiarbeidet i selskapet har vi fokus på følgjande hovudtema: kost, digitalisering, kompetanse og vekst. For å sikre fokus skal alle aktivitetane våre kunne plasserast inn i ein eller fleire av desse båsane. Kost Bakgrunnen for å etablere Mørenett AS 1. januar 2014 var å skape eit nøytalt og effektivt nettselskap på Nord-Vestlandet med 100 % effektiv drift i løpet av 2018. For å nå dette målet har vi arbeidd etter eit synergiprogram som har resultert i om lag 45 mill. kr i årlege reduserte driftskostnader. Kostnadsfokus har vore heilt avgjerande, og vi ligg i rute for å nå målet i løpet av 2018. I perioden 2014 til 2018 har vi styrt aktiviteten i selskapet mot reindyrka monopoltenester, med fokus på drift, vedlikehald og beredskap. I same periode er bemanninga vår redusert frå om lag 250 tilsette til 139 tilsette. Synergiprogrammet er under stadig endring, og målet om vidare effektivisering av arbeidsprosessar har sterkt fokus i organisasjonen. Digitalisering Kraftnæringa står oppe i ein omstillingsprosess der ny teknologi og digitalisering er viktige drivarar. For mange av oss er robotisering, kunstig intelligens, big data og digital sårbarheit framandord. Dette er likevel verkelegheita, og også vi i kraftbransjen må ha ei medveten haldning til korleis desse drivarane vil endre bransjen vår. I Mørenett AS står vi midt oppe i ein større digitaliseringsprosess, der vi mellom anna etablerer nye SCADA- og DMS-system. Dette gjer vi i samarbeid med fleire av nettselskapa rundt oss, som vil få tenester og kompetanse frå vår driftssentral. Målet er at nettkundane får vinstar gjennom betre kundeservice, leveringskvalitet og lågare nettleige gjennom meir effektiv bruk av kraftnettet. Vidare har vi også sterkt fokus på digitalisering av prosessar inn mot MAFIK-oppgåver (måling/avrekning/fakturering/innfordring/kunde). Etablering av AMS-løysingar og nasjonal HUB legg godt til rette for meir automatiserte prosessar enn det vi tradisjonelt har evna å ha. 33


#2017 / ÅRSRAPPORT

Kompetanse Teknologiutvikling fører til at stadig fleire arbeidsoppgåver kan digitaliserast. Dette vil skape betydelege behov for ny kompetanse innan heile verdikjeda i Mørenett AS. Ein kritisk suksessfaktor vil vere å sikre oss naudsynt kompetanse, som gjer oss i stand til å ta i bruk dei nye moglegheitene som kjem. Dette gjeld både nyrekruttering, men vi er også opptekne av å gi medarbeidarane våre moglegheit til å vidareutvikle ferdigheitene sine. Fagorganisering og fagleg utvikling har difor ein sentral plass i HR-arbeidet vårt. Vekst Auka endringstakt og kompetanseutfordringar i tida framover gjer at bransjen vil stå føre strukturendringar. Sjølv om krava til funksjonelt skilje truleg berre vil gjelde selskap med meir enn 30 000 kundar, vil utfordringane for mindre selskap likevel vere store. Fram til 2018 har vi hatt hovudfokus på Mørenett AS sine selskapsinterne arbeidsprosessar, men tida er no inne for at vi i større grad løfter blikket utover. Mørenett AS er open for å greie ut grunnlaget for eventuell samanslåing med naboselskap. Vi meiner dette er den rette vegen å gå, då det vil tene både kundar, eigarar og tilsette gjennom meir robuste og effektive einingar med god leveringstryggleik og lågare nettleige. Vi har også fokus på vekst inn mot nye arbeidsoppgåver og ansvarsområde for Mørenett AS. I samband med endringar i framtidig utvida DSO-organisering har vi engasjert oss i utgreiingsarbeidet saman med både Energi Norge og Statnett. Mørenett AS ser klart behovet for sterke regionale einingar, som kan vere med å ta eit framtidig system- og balanseansvar inn mot eit stadig meir krevjande kraftsystem, og vi har klare ambisjonar mot ei slik framtidig rolle. Med fokus på kunde, eigarar og medarbeidarar er vi eit offensivt nettselskap, godt rusta for framtida.

34


#2017 / ÅRSRAPPORT

HMS-dag i Dragsund

HMS Mørenett sitt nettområde er prega av ein vakker, men utfordrande geografi. Dette set høge krav til tryggleik for dei som arbeider ute i nettet, og HMS er difor særs viktig for oss. Mørenett arbeider med krevjande oppgåver, og skal vi nå målet vårt om null alvorlege skadar er gode HMS-rutinar særs viktig. Vi tek ansvar for at dei som ferdast i nærleiken av dei elektriske anlegga og installasjonane våre kan gjere det på ein sikker måte. Vi gjennomfører systematisk opplæring knytt til el-tryggleik og førstehjelp, og har årlege HMS-dagar der alle lovpålagte kurs vert gjennomførte. Gjennom 2017 hadde vi ei negativ utvikling på skadetala våre, med fire registrerte skadar med fråvær. Gjennom året har vi sett ekstra fokus på bruk av verneutstyr og meir synleg HMS, og dette arbeidet vil bli forsterka i 2018. Sjukefråværet i selskapet gjekk opp i 2017, med eit totalt sjukefråvær på 5,3 %, der korttidsfråværet var 2,4 %. Målet vårt er eit totalt sjukefråvær på 3,7 %, og vi set også i verk tiltak for å redusere sjukefråværet i selskapet.

NØKKELTAL FOR HMS Registrerte skadar med og utan fråvær

2017 2016 2015 2014 11

6

32

Fråvær som følgje av arbeidsulykker (dagar)

48

21

83,5

Sjukefråvær (%)

5,3 5,2 4,4 3,4

Tal fast tilsette (ekskl. lærlingar)

139

197

211

12

14

13

Lærlingar

25 12,5

218 18

Gjennomsnittsalder tilsette

48 47 47 47

Personalomsetning (%)

14

8,2

3,8

3,6

Mørenett AS sin aktivitet skal ikkje vere til ulempe for miljøet og samfunnet. Relevante ulemper og miljøpåverknader blir alltid vurderte opp mot nytteverdiar i planlagde prosjekt. Vi legg kraftlinjer slik at den visuelle effekten blir minst mogleg skjemmande. Vi fokuserer også på bruk av miljøvennlege produkt. Mørenett følgjer til ei kvar tid gjeldande lov- og regelverk. 35


#2017 / ÅRSRAPPORT

Nye Ryste transformatorstasjon

NETTFORVALTAR Divisjon nettforvaltar organiserer avdeling for nettutvikling og avdeling for prosjekt. 33 medarbeidarar jobbar i divisjonen. Utvikling i 2017 Mørenett er inne i ei fase med store investeringar i både regional- og distribusjonsnettet, og selskapet har gjennom året gjort sitt beste for å sikre kundane ei sikker og god straumforsyning. Vi hadde få store feil i nettet gjennom året, så vi har i stor grad brukt tilgjengelege ressursar til vedlikehald og til å byggje nye anlegg. Samla nettinvesteringar i 2017 var 183 mill. kr. Av dette var 70 mill. kr i distribusjonsnettet og 113 mill. kr. i regionalnettet. Nye Ryste transformatorstasjon vart spenningssett i 2017. Når mindre etterarbeid er utført, er det investert over 70 mill. kr i den nye stasjonen. Ved at stasjonen er oppgradert, har innbyggjarane i Ørsta fått ei tryggare og betre straumforsyning. Vidare har vi starta arbeidet med å byggje ny hovudforsyning til Ålesund på Nørve. Prosjektet har ei kostnadsramme på om lag 150 mill. kr, og skal ferdigstillast i 2018. Bygget, som skal huse den nye stasjonen, skal vere ferdig til påske, og vi kan då starte å montere dei elektrotekniske installasjonane. Andre viktige prosjekt i regionalnettet er investering i trafo nr. 2, 132/22 kV trafo, i Stranda transformatorstasjon, og at vi har kjøpt ut Mørenett AS sine delar av Statnett sine stasjonar i Sykkylven og Ørsta. Det vert arbeidd med å setje inn ny trafo i Volda, og vi skal leggje ny sjøkabel for å forsyne Folkestad og Austefjorden. Når prosjektet er fullført kan Mørenett AS si 66 kV linje frå Leivdal til Straumshamn rivast. Strategi og framtidsutsikter Mørenett AS har gjennomført fleire store investeringar i regionalnettet dei seinare åra, men det er framleis store behov for nye tiltak. Vi ser og at behovet for reinvestering i distribusjonsnettet er veksande. Vi har mange 20 kV linjer som er bygde på 50-talet, og vi må framover lage ein stegvis plan for fornying av desse. Elektrifisering av transportsektoren har starta for fullt, og ferjene får høg prioritet. Mørenett AS har ansvar for å forsyne mange av ferjesambanda på Sunnmøre, og vi har gjennom året førebudd oss på at dei første elektriske sambanda skal i drift i 2018 og 2019. Samla forventar vi om lag 200 mill. kr i investeringar retta mot ulike ferjekaier dei neste åra. Forventa energiforbruk er om lag 70 GWh, noko som tilsvarar energiforbruket til ca. 3 500 husstandar.

36


#2017 / ÅRSRAPPORT

Vi har gjennom 2017 forbetra verktya vi brukar for å planleggje og distribuere jobbar internt i eigen organisasjon, og ut mot eksterne leverandørar. Vi vil i 2018 fortsette dette fokuset. Planar om å leggje om Mørenett AS sine løysingar for lager og logistikk, gir behov for betydelege endringar i måten vi planlegg og gjennomfører prosjekt på.

NØKKELTAL DISTRIBUSJONSNETT 2017 2016 2015 2014 Høgspentlinjer (km)

866

874

873

877

Høgspentkabel (km) 976 959 940 938 Nettstasjonar (stk.)

2 587

2 586

2 573

2 563

Fordelingstransformatorar (stk.)

2 788

2 770

2 690

2 636

Fordelingstransformatorar (MVA)

1 029

1 014

997

971

Lågspentlinjer (km)

1 575

1 610

1 636

1 647

Lågspentkablar (km)

2 895

2 867

2 822

2 548

NØKKELTAL REGIONAL- OG SENTRALNETT

2017

2016

2015

2014

132 kV luftlinjer (km)

415

415

415

415

132 kV sjøkabel (km)

22

22

22

22

132 kV jordkabel (km)

26

26

26

26

22 - 66 kV luftlinjer (km)

185

192

192

192

22- 66 kV sjøkabel (km)

26

26

26

26

22 - 66 kV jordkabel (km)

40

40

40

39

Transformatorstasjonar (stk.) 27 28 28 26 Installert transformatoryting (MVA)

1 321

1 310

1 310

1 310

37


#2017 / ÅRSRAPPORT

MONTASJE Divisjon montasje organiserer ressursseksjonen og montørpool. Ressursseksjonen har ansvaret for logistikkoppgåver, teknisk kundeservice og ressursstyring. Montørpoolen utfører oppgåver knytt til feilretting, vedlikehald og utbygging av kraftnettet. 76 medarbeidarar jobbar i divisjonen. Organiseringa av divisjonen er basert på bestillar-utførar prinsipp, og divisjonen er intern tenesteleverandør i Mørenett. Utvikling i 2017 Vi har gjennom året fokusert på å innføre nye rutiner og leggje til rette for effektiv drift. Utviklinga er positiv, og vi vil halde fram med dette arbeidet i 2018. Ressursseksjonen skal syte for god koordinering og effektiv bruk av utførande ressursar. Ressursstyring er godt innarbeidd i Mørenett AS, men vi ser eit utviklingspotensiale for auka grad av ressursstyring uavhengig av geografi, og langsiktig ressursplanlegging. I 2017 oppretta vi teknisk kundeservicefunksjon, ein funksjon som tidlegare vart kjøpt frå Tussa-24 AS og Tafjord Marked AS. Vi er betre i stand til å utføre oppgåvene meir effektivt og på ein betre måte for kundane. Teknisk kundeservice tek i mot tekniske spørsmål frå kundane om til dømes kabelpåvisning og anleggskasse. Strategi og framtidsutsikter Divisjonen har kome langt i bruk av digitale løysingar for informasjons- og ordreflyt. Vi ser ei tydeleg digitaliseringstrend. Dette vil vidareutvikle dei løysingane som vi har i dag, og gi tilgang til nye, mobile hjelpemiddel. Digitalisering og bruk av mobile hjelpemiddel viser tydelege effektiviseringsvinstar innan ordreflyt, informasjonsdeling og rapportering. Det er også venta at stadig fleire oppgåver kan utførast direkte av montørane ute i felt. Vi vurderer å endre logistikkløysingane våre. Nye former for samarbeid med grossist skal gi meir effektiv materialflyt, redusert lagerbehov og større grad av leveranse direkte til prosjekt.

38


#2017 / ÅRSRAPPORT

Utbygging av AMS

SYSTEMDRIFT Divisjon systemdrift organiserer driftssentral, energimåling og DLE, og har driftsleiing og beredskapsansvar. 27 medarbeidarar jobbar i divisjonen. Utvikling i 2017 Driftsmessig var 2017 eit godt år. KILE-kostnaden vart meir enn halvert i 2017 i høve til de føregåande åra. Kostnaden i 2017 vart 8,1 mill. kr mot 17,7 mill. kr i 2016 og 16,3 mill. kr i 2015. Det er fleire grunnar til den låge KILE-kostnaden. Vi gjekk klar av dei verste ekstremver, vi ser resultat av god skogryddding, og vi har gode rutinar rundt drift og kopling i nettet. Med gjeldande reglar for KILE vil det vere vanskeleg å kome særleg lågare enn kostnaden i 2017. Vi har eit mål om å ha mindre enn to straumbrot per kunde (SAIFI), og kortare avbrotstid enn 90 minutt pr. kunde (SAIDI) i gjennomsnitt i nettet. I 2017 nådde vi dette målet, og hadde gjennomsnittleg 1,78 (1,9) avbrot pr. kunde, med varigheit 73 (128) minutt pr. kunde. Gjennomsnitt for Noreg står i parentes. I juli 2017 starta vi montering av nye straummålarar. Ved årsskiftet hadde vi skifta 30 000 av dei totalt 65 000 målarane. Frå tidleg på hausten har vi hatt full aktivitet i prosjektet, og det vil halde fram ut 2018. Det har vore ein kontinuerleg prosess sidan etableringa av Mørenett AS å endre arbeidsprosessar og systemløysingar for å forenkle og effektivisere drifta. I 2017 vart mellom anna kundeservice, fakturering og telefonløysing samordna. Det lokale eltilsynet er organisert med DLE-ansvarleg i Mørenett, og kjøper alle tilsynstenester frå sakkyndig selskap. Ved utgangen av 2017 var vi ajour med utføring av tilsynsarbeid pålagt gjennom instruks frå styresmaktene.

39


#2017 / ÅRSRAPPORT

FORBRUK DISTRIBUSJONSNETTET

2017 2016 2015 2014

Levert sluttbrukar GWh

1 751

1 742

1 700

1 645

Tap GWh

87

95

86

82

Sum GWh

1 838

1 837

1 786

1 727

Tap i distribusjonsnettet %

4,7

5,2

4,8

4,7

ANDRE NØKKELTAL

2017 2016 2015 2014

Nettkundar

64 985

64 414

63 696

62 920

Nettkundar på leveringsplikt (%)

4,2

2,6

2,2

1,8

Nettkundar på gjennomfaktureringsavtale (%)

90

80

-

-

Effektmaks (MW)

361

364

341

354

Energiproduksjon i regionalnettet (GWh)

1 660

1 465

1 415

1 315

Energiproduksjon i distribusjonsnettet (GWh)

473

428

501

KILE (mill. kr)

8,1

17,7

16,3

363 14,5

Strategi og framtidsutsikter Bruken av kraftnettet, og særskilt distribusjonsnettet, endrar seg. Den teknologiske utviklinga gjer at det både blir meir innmating ute i nettet, og at bruken endrar seg meir mot effekt. Vi har alt sett denne trenden, som gir press på både spenningskvalitet og investerings-/ forsterkingsbehov. Endringane kjem samstundes med at vi er gang med å installere nye smarte målarar. Mørenett AS vil utnytte dei nye målarane til meir effektiv nettdrift, få betre oversikt over leveringskvalitet og halde nede investeringane. Etter forprosjekt og innkjøpsprosess er vi no i ferd med å installere ny systemløysing med SCADA-DMS-NIS, som skal leggje til rette for å utnytte digitalisering og teknologi i denne retninga. Vi har inngått avtale med andre nettselskap i regionen om å knyte seg til Mørenett AS si systemløysing. Mørenett AS ser behovet for nærare avklaring og rammer rundt systemdrift og systemansvar både i regional- og i distribusjonsnettet. Vi meiner dette er avklaringar som heng saman med definisjonen av DSO-rolla. I 2017 var det sett i gang arbeid på sentralt nivå på dette feltet, og vi bidreg med erfaringar og innspel i arbeidet.

40


#2017 / ÅRSRAPPORT

STYRET

ERIK ESPESET STYRELEIAR

ELLING DYBDAL NESTLEIAR

Stilling: Konsernsjef i Tafjord

Stilling: Konsernsjef i Tussa

Utdanning: Sivilingeniør NTH/NTNU,

Utdanning: Sivilingeniør, NTH og

Master of Business Administration,

bedriftsøkonom, BI

Helsinki School of Economics

NINA MELLE SCHARNING STYREMEDLEM

Stilling: Organisasjonssjef i Tussa Kraft

TERJE SØVIKHAGEN STYREMEDLEM

Stilling: Økonomi- og finansdirektør

Utdanning: Bachelor barnevern, Høgsku-

i Tafjord Kraft

len i Volda og psykologi, arbeidsrett og

Utdanning: Diplomøkonom ,BI, MBA finans,

leiingsfag, Universitetet i Bergen

NHH og autorisert finansanalytikar, NFF

JO STIAN TVERBERG STYREMEDLEM

MAY BRIT TØMMERVIK STYREMEDLEM

Stilling: Adm. dir. i Tussa Installasjon

Stilling: Organisasjonssjef i Tafjord Kraft

Utdanning: Sivilingeniør elektro, NTNU

Utdanning: Master of management, BI

STIG KYRKJEEIDE STYREMEDLEM

PER ANTON KILSTI STYREMEDLEM

Stilling: Sivilingeniør plan i Mørenett

Stilling: Ingeniør prosjektering i Mørenett

Utdanning: Sivilingeniør elkraft, NTH

Utdanning: Ingeniørhøgskule, Elkraft

BJØRNAR DAHLE STYREMEDLEM

OLE JOHAN REKKEDAL STYREMEDLEM

Stilling: Overmontør i Mørenett

Stilling: Ressursstyring/prosjektering i

Utdanning: Energimontør

Mørenett Utdanning: Energimontør

41


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.