Årsrapport Mørenett 2019

Page 1

139,1 mill. kr driftsresultat

185,5 mill. kr investert

ÅRSRAPPORT MØRENETT ÅRSMELDING, RESULTAT OG SELSKAPSINFORMASJON #2019 / ÅRSRAPPORT

2 477,6 mill. kr balanse


#2019 / ÅRSRAPPORT

INNHALD: 3

Direktøren har ordet: Kraftnettet i ei elektrisk framtid

5

Organisasjon og bakgrunn

7

Nøkkeltal

8

Årsmelding frå styret

12

Resultat

13

Balanse

15

Innhaldsliste notar

13

Notar til rekneskapen

30

Kontantstraumoppstilling

31 Revisjonsmelding 33

Strategi og framtidsutsikter

35

HMS

37 Nettforvaltar 40 Montasje 42

Systemdrift

45

Styret

2


#2019 / ÅRSRAPPORT

“Mørenett vil vere ein viktig bidragsytar til grøn verdiskaping

KRAFTNETTET I EI ELEKTRISK FRAMTID RUNE KIPERBERG ADMINISTRERANDE DIREKTØR

Klimaendringane er verkelege. Verda vert varmare, og dei aller fleste forskarane er samde om at dette først og fremst er menneska si skuld. Vi endrar samansetjinga av drivhusgassar i atmosfæren, og dette er den viktigaste årsaka til klimaendringane vi ser no. Eit av tre overordna mål i Parisavtalen er å avgrense global oppvarming til ’’godt under’’ 2 grader C, men helst til 1,5 grader C, samanlikna med førindustriell tid. Skal vi nå dette målet uttalar FN sitt Klimapanel at vi må ha eit nullutsleppssamfunn innan 2050. Elektrifisering vil vere ei av dei viktigaste løysingane på klimautfordringane vi står føre, og fornybarnæringa vil vere ein viktig bidragsytar gjennom å levere løysingar som klimaet treng. Noreg skal verte verdas første fornybare og full-elektriske samfunn. Ein rask vekst i straumforbruket aukar krava til kraftnettet vårt. Utbygging og drift av nettet er regulert som eit naturleg monopol, der det er kundane som betalar alle kostnadene. Dette må vi ha stor respekt for. Det er vårt ansvar at kraftnettet vert drive så kostnadseffektivt som mogleg, med tilstrekkeleg kapasitet og kvalitet til å møte den full-elektriske framtida.

3


#2019 / ÅRSRAPPORT

Korleis skal vi som nettselskap ta dette ansvaret? Teknologi er avgjerande. Gjennom digitale løysingar og kompetente medarbeidarar skal vi sikre god kunnskap om tilstanden og kapasitetsavgrensingane i kraftnettet. Dette gjer oss i stand til å vedlikehalde og investere på rett stad, til rett tid og til ein rett kostnad. Som nettselskap skal vi setje kunden i fokus. I eit stadig meir komplekst kraftsystem må vi som leverandør, evne å leggje til rette for ei god kundereise som bidreg til at kunden gjer gode val. Vi må også evne å gi rette prissignal til kundane våre. Effekttariffar vil vere eit viktig og godt verkemiddel til dette. Kostnadene i kraftnettet vil ikkje auke som ein konsekvens av effekttariffar. Tvert om. Målet er nettopp å bidra til å leggje mest mogleg forbruk til dei tidene det er ledig kapasitet i nettet. Det vil føre til at investeringar for å auke kapaisteten i nettet kan utsetjast og kostnadene blir redusert. I dag har vi store geografiske skilnader i nettariffen. Fleire argumenterer for at vi må få på plass modellar for tariffutjamning. Vi trur ikkje dette er det viktigaste svaret på desse utfordringane. Tariffutjamning vil svekkje prissignala til kundane og fjerne insentiv til effektivisering. Svaret er heller å arbeide for strukturendringar og større kompetente og effektive einingar. Kostnadsfordelane her er store. Framtida er elektrisk, og Mørenett AS AS vil vere ein viktig bidragsytar til reduserte klimautslepp og grøn verdiskaping.

4


#2019 / ÅRSRAPPORT

ORGANISASJON OG BAKGRUNN Mørenett AS eig, utviklar og driftar nett for overføring av elektrisk kraft i 11 kommunar på Sunnmøre. Selskapet har sidan etableringa i 2014 styrka posisjonen sin som eit effektivt og nøytralt nettselskap.

5


#2019 / ÅRSRAPPORT

Mørenett AS har hovudkontor i Dragsund i Herøy kommune, og avdelingar i Ålesund, Valldal, Grodås, Fiskå og Ørsta. Selskapet har distribusjonsnett i kommunane, Volda, Ørsta, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Sula, Ålesund, Fjord og Giske. Regionalnettet dekkjer i tillegg kommunane Vestnes, Sykkylven og Stranda. Mørenett AS AS har om lag 66 100 kundar i distribusjonsnettet. Mørenett AS sin visjon er: Vi samlar krafta. Nyskapande er ein av selskapet sine fire verdiar. Det betyr at Mørenett AS skal utvikle og drifte ei grøn og elektrisk framtid ved å ta i bruk ny teknologi og nye arbeidsmetodar. Dette vil i stor grad påverke kva kompetanse selskapet skal ha, og korleis kompetansen skal utviklast. Selskapet hadde ved utgangen av 2019 140 fast tilsette og 8 lærlingar i energimontørfaget. Organisering Mørenett AS er eit felleskontrollert selskap eigd av Tafjord Kraft AS med 53,66 % og Tussa Kraft AS med 46,34 %. Mørenett AS er organisert i stab og tre divisjonar: nettforvaltar, montasje og systemdrift. I 2018 gjennomførte Mørenett AS samlokaliseringar slik at hovudtyngda av medarbeidarar no har arbeidstad ved hovudkontoret i Dragsund, Herøy, og basen på Høgvoll, Ålesund. Effekten vi la til grunn for samlokalisering har gitt ønska resultat, og Mørenett AS har hatt god utvilkling i medarbeidartilfredsheita.

ADM.DIR.

STAB Organisasjon/økonomi/innkjøp/IT

NETTFORVALTAR Nettutvikling/prosjekt

MONTASJE Ressurs/montørpool/stab

SYSTEMDRIFT Driftssentral/energimåling/DLE

6


#2019 / ÅRSRAPPORT

NØKKELTAL

TAL I MILL. KR

2019 2018 2017 2016 DEFINISJONAR RESULTAT OG BALANSE Energisal

14,8 15,1 7,7 6,2

Nettleige

579,5 554,1 515,5 665,8

Driftsinntekter

619,2 593,3 573,0 754,2

Driftsresultat

139,1 117,9 88,9 246,0

Årsresultat

83,0 78,0 103,9 171,9

Totalkapital Eigenkapital Utbyte

2 477,6

2 410,5

2 127,2

2 038,1

857,3 823,3 775,2 781,3 41,5 40,0 25,2 85,9

EBITDA

221,9 191,4 193,1 351,9 Driftsresultat + avskrivingar

Årlege investeringar

185,5

331,6

245,1

Driftsresultat monopol (inkl. estimatavvik)

128,4

150,1

73,6

246,0 232,7

LØNSEMD Totalkapitalrentabilitet

5,8 %

5,4 %

6,8 %

12,6 %

(Resultat før EOP + finanskost.)/gjennomsnittleg totalkapital

Eigenkapitalrentabilitet

12,8 %

12,8 %

15,9 %

31,2 %

Resultat før EOP/gjennomsnittleg eigenkapital

Resultatgrad

22,8 %

20,4 %

22,6 %

32,7 %

(Resultat før EOP + rentekost.)/(driftsinntekt + finansinntekt)

Kapitalomløp

0,3 0,3 0,3 0,4 (Driftsinntekter + finansinntekter)/gjennomsnittleg totalkapital

KAPITALTILHØVE Eigenkapitalprosent

34,6 %

34,2 %

36,4 %

38,3 %

Eigenkapital/totalkapital

Rentedekningsgrad

4,1 6,2 7,8 14,8 (Resultat før skatt + finanskostnader)/finanskostnader

Likviditetsgrad 1

0,8

0,9

1,0

0,9

50 %

51,3 %

24,2 %

50,0 %

Utbyteprosent

Omløpsmidlar/kortsiktig gjeld Utbyte/årsoverskot

PERSONAL Fast tilsette

140 143 139 197

Omsetning pr. tilsett

4,4

4,1

4,1

3,8

Driftsresultat pr. tilsett

1,0

0,8

0,6

1,2

Omsetning/fast tilsette

Driftsresultat/fast tilsette

NØKKELTAL BRANSJE Avkastningsgrunnlag (mill. kr) Avkastning monopol i % DEA-score etter kalibrering i % Levert sluttbrukar distribusjonsnettet GWh Tap i distribusjonsnettet GWh Tap i distribusjonsnettet i % Tap i regionalnettet GWh Tap i regionalnettet i % KILE i mill. kr

2 150,5

1 940,3

1 719,5

1 589,5

Gj.snitt BV dr.middel inkl 1 % påslag arbeidskapital

6 %

7,7 %

5,7 %

12,7 %

Driftsresultat monopol/avkastningsgrunnlaget

97 %

93,9 %

95,8 %

1 756,4

1 742,0

1 751,0

1 742,0

93,9

99,5

87,2

94,9

5,1 %

5,4 %

4,7 %

56,7

55,9

61,9

3,8 %

3,8 %

4,3 %

18,3

30,8

8,1

92,3 %

5,2 %

Tap i distribusjonsnettet/innlevert kraft i distribusjonsnettet

65,7

4,4 % 17,7

Kvalitetsjustert inntektsramme ved ikkje levert energi

7


#2019 / ÅRSRAPPORT

ÅRSMELDING FRÅ STYRET 2019 LOKALISERING Mørenett AS har hovudkontor i Dragsund i Herøy kommune, og avdelingar i Ålesund, Valldal, Grodås, Fiskå og Ørsta. Selskapet har distribusjonsnett i kommunane Volda, Ørsta, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Sula, Ålesund, Fjord og Giske. Regionalnettet dekkjer i tillegg kommunane Vestnes, Sykkylven og Stranda. Mørenett AS har om lag 66 100 kundar i distribusjonsnettet. VERKSEMDA Mørenett AS er eit felleskontrollert selskap eigd av Tafjord Kraft AS med 53,66 % og Tussa Kraft AS med 46,34 %. Mørenett AS eig og driv eit energiforsyningsnett med 2 616 nettstasjonar og 25 transformatorstasjonar. Selskapet er organisert etter eit bestillar-utførar prinsipp med divisjonane nettforvaltar, montasje og system-drift, og ein stab som skal støtte dei ulike prosessane i selskapet. Forbruket i Mørenett AS sitt distribusjonsnett var 14,4 GWh høgare enn året før. I 2019 var det levert 1 756,4 GWh til sluttbrukar mot 1 742 GWh i 2018. Tapet i distribusjonsnettet i 2019 vart 93,9 GWh eller 5,1%. Mørenett AS hadde omfattande investeringar i 2019. I regionalnettet er Nørve transformatorstasjon ferdig og Volda transformatorstasjon spenningssett. I distribusjonsnettet har fleire mindre og mellomstore anlegg blitt ferdigstilte, både i samband med fornying av nettet og til straumforsyning av nye kundar. Spesielt har overgangen til elektriske ferjer utløyst store investeringar, der delar av investeringane er finansiert med anleggsbidrag. Når det gjeld drift- og vedlikehaldsoppgåver er desse gjennomført i samsvar med planane, både for brytarrevisjonar og tilstandsinspeksjonar av linjer og stasjonar. Særskilt kan fokus på skogrydding nemnast, der sterk tilvekst krev store ressursar. Mørenett AS hadde eit alvorleg utfall i oktober 2019 i form av straumbrot knytt til feil i Sentrum transformatorstasjon i Ålesund. Feilen gav selskapet KILE (kvalitetsjustert inntektsramme ved ikkje levert energi)- og andre kostnader på om lag 6,5 mill. kr. Med unntak av dette utfallet hadde vi eit tilnærma normalår med omsyn til oppetid i nettet. VIDARE DRIFT Styret stadfestar at føresetnaden for framleis drift av Mørenett AS sine forpliktingar og aktivitetar er til stades, og denne føresetnaden er lagt til grunn i utarbeidinga av årsrekneskapen. Styret stadfestar at årsmeldinga gir eit rettvist bilete over utviklinga og resultatet til selskapet. FRAMTIDIG UTVIKLING Mørenett AS har gjennomført ulike tiltak som gjer at selskapet er eit reindyrka nettselskap, og selskapet ønskjer å vere ein sentral aktør i vidare strukturendringar på Nordvestlandet. Mørenett AS sine erfaringar tilseier at skalafordelane med å vekse er betydelege, både med omsyn til kompetanse, men også for å realisere økonomiske synergiar. Mørenett AS har inngått intensjonsavtale om kjøp av Statnett sitt regionale distribusjonsnett i Møre og Romsdal. Dette vil gi Mørenett AS fleire oppgåver, og vil leggje grunnlaget for vidare vekst knytt til strukturendringar. Selskapet har fokus på berekraftig utvikling og har etablert mål på eige fotavtrykk. Skal Mørenett AS bli oppfatta som ein god ambassadør for det grøne skiftet, må dette vise att både mot kundar, leverandørar, samarbeidspartnarar og tilsette.

8


#2019 / ÅRSRAPPORT

Analyse av årsrekneskapen Samla driftsinntekter for Mørenett AS vart 619,2 mill. kr i 2019, mot 593,3 mill. kr i 2018. Driftsresultatet vart 139,1 mill. kr, mot 117,9 mill. kr i 2018. Resultat før skatt er 107,2 mill. kr, mot 102,5 mill. kr i 2018. Årsresultatet for 2019 vart 83 mill. kr, mot 78 mill. kr i 2018. Det økonomiske resultatet er tilfredsstillande med bakgrunn i selskapet sine mål om å bli meir kostnadseffektivt over tid. Endringa i driftsresultatet frå 2018 til 2019 er ein kombinasjon av høgare nettinntekt og lågare kostnader. Personalkostnadene er reduserte som følgje av endring i pensjonskostnadene til ytingsbasert pensjonsordning. I tillegg har selskapet god utvikling i underliggjande drift, med reduserte kostnader i den delen av kostnadsbasen selskapet sjølv kan påverke. Dette gjeld både løn- og personalkostnader og andre driftskostnader. Mørenett AS har gjennomført forskings- og utviklingsaktivitetar tilsvarande 1,1 mill. kr. Selskapet hadde ved utgangen av 2019 ei samla netto meirinntekt inkl. renter på 26,1 mill. kr. Samla kontantstraum frå driftsaktivitetar i selskapet var på 204, 7 mill. kr, mot 198,1 mill. kr i 2018. Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar er på 182,4 mill. kr, og i 2018 var han 331,4 mill. kr. Netto kontantstraum frå finansieringsaktivitetar var på 0 mill. kr, mot 174,9 mill. kr i 2018. Dei samla eigenfinansierte investeringane for 2019 gjeld i hovudsak ny- og reinvestering i nettanlegg, og avsluttande fase med innføring av nye avanserte måle- og styringssystem (AMS). Anleggsmidlane er på 2 258 mill. kr ved utgangen av året, mot 2 170 mill. kr i 2018. Auken skriv seg frå investeringar i nettanlegg. Omløpsmidlane er på 219,6 mill. kr, mot 240,5 mill. kr i 2018. Selskapet har ein reduksjon i kortsiktige fordringar på 24,7 %, og reduksjonen er relatert til låge kraftprisar. Mørenett AS si likviditetsbehaldning var tilfredsstillande. Selskapet har evne til å finansiere drift og investeringar gjennom tilgang til likviditet innbetalt frå nettleige og finansiering gjennom bankavtalar. Totalkapitalen var ved utgangen av året 2 477,6 mill. kr, mot 2 410,4 i 2018. Varige driftsmidlar har auka med 106 mill. kr i året eller 5 %. Eigenkapitalen var på 857,3 mill. kr, og eigenkapitaldelen er 34,6 %, auke frå 34,2 % i 2018. FINANSIELL RISIKO Overordna mål og strategi Selskapet har som mål å sikre gode resultat og stabilt utbyte til eigarane, og søkjer å balansere gode resultat med berekraftig verdiskaping. Marknadsrisiko Marknadsrisiko er definert som risiko for tap som følgje av endringar i marknadsprisar på renter, valutakursar og verdipapirkursar. Pensjonsmidlane selskapet har er risikoutsett både innanfor renter, valutakursar og verdipapirkursar. Risikoeksponering og sikring er styrt gjennom høvesvis BKK Pensjonskasse og DNB Liv. Renterisiko påverkar selskapet gjennom nettregulering knytt til inntektsramma og renteberande gjeld. Styret sin politikk er at Mørenett AS ikkje driv sikring. Renteendringar vil i stor grad utlikne kvarandre gjennom endring i nettinntekt og endring i finanskostnader. Kredittrisiko Kredittrisiko er definert som risiko for tap som følgje av at kundar eller motpartar ikkje har evne til å oppfylle sine forpliktingar. Risiko for tap på fordringar er vurdert som låg fordi 90 % av kundane inngår i gjennomfaktureringsavtale som Mørenett AS har med kraftleverandørane. For alle desse kundane har selskapet sikkerheit for oppgjer gjennom bankgaranti frå kraftleverandøren.

9


#2019 / ÅRSRAPPORT

Likviditetsrisiko Likviditetsrisiko er definert som risiko for at selskapet ikkje klarer å oppfylle forpliktingane sine og/eller finansiere auke i eignelutar utan at selskapet vert påført vesentlege ekstrakostnader. Mørenett AS er sikra naudsynt likviditet gjennom to bankar, og selskapet har tilgjengelege trekkrettar som sikrar likviditet framover. Risikoen blir difor vurdert som låg. ARBEIDSMILJØ OG PERSONALE Ved utgangen av 2019 var det 140 fast tilsette i Mørenett AS, ein reduksjon på 3 fast tilsette frå 2018. Selskapet hadde på same tidspunkt 8 lærlingar, same som i 2018. I 2019 har selskapet hatt fem skadar med og utan fråvær, mot fire i 2018. Skadane har medført 37 fråværsdagar. Selskapet jobbar dagleg med helse, miljø og tryggleik (HMS), og vil i tida framover halde fram arbeidet med mål om å redusere arbeidsulykkene i selskapet. Mørenett AS har bedriftshelsetenesta med på laget i det førebyggande HMS-arbeidet. Arbeidsmiljøutvalet har gjennomført fire møte i 2019. Ei rekkje saker er handsama, og informasjon til tilsette er gitt av arbeidsgjevar og/eller tilsette sine organisasjonar. Samarbeidet med dei tilsette sine organisasjonar har vore godt i 2019. LIKESTILLING Personalpolitikken er tilrettelagt for å stimulere til ei aktiv likehandsaming med fokus på ikkje-diskriminerande åtferd. Mørenett AS har retningslinjer for tilsetjing som skal fremje likestilling og eit lønssystem som er kjønnsnøytralt og skal hindre ulik handsaming. I tillegg har Mørenett AS lagt forholda godt til rette med fleksible arbeidstidsordningar og permisjonsvilkår, noko som gjer det mogleg både for kvinner og menn å kombinere jobb og familie på ein best mogleg måte. Mørenett AS har pr. 31.12.2019 20 kvinnelege tilsette. Av 140 fast tilsette gir dette ein del på 14,3 %. Kjønnsfordelinga i styret er ei kvinne og fem menn. I selskapet si leiargruppe er fordelinga to kvinner og seks menn.

Tal for likestilling

Samla tal

Tal menn

Tal kvinner

Kvinnedel

Styret

6

5

1

17 %

Leiargruppa

8

6

2

25 %

Seksjonsleiarar

7 7 - -

Tal lærlingar

8 8 - -

Fast tilsette

140

120

20

14 %

DISKRIMINERING Selskapet godtek inga form for diskriminering. Det omhandlar lik behandling for alle uavhengig av etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. YTRE MILJØ Nettverksemda påverkar det ytre miljøet gjennom bygging og drift av luftlinjer, jord- og sjøkablar og transformatorstasjonar. Det ytre miljøet blir påverka reint visuelt, samstundes som det legg beslag på ein del areal og medfører restriksjonar på anna verksemd nær linjene. Mørenett AS legg vekt på at kraftlinjer skal leggjast slik at den visuelle effekten blir minst mogleg skjemmande, og det er sett fokus på bruk av miljøvennlege produkt.

10


#2019 / ÅRSRAPPORT

RESULTATDISPONERING Årsresultatet for Mørenett AS etter skatt vart i 2019 på 83 mill. kr og styret foreslår følgjande disponering av årsresultatet: Utbyte Annan eigenkapital Totalt disponert

41 500 000 kr 41 503 345 kr 83 003 045 kr

Korona-pandemien har på kort tid fått store konsekvensar for samfunnet. Mørenett AS har oppdatert pandemi- og beredskapsplanar og iverksett tiltak for å redusere selskapet sin risiko. Selskapet sine inntekter er i stor grad sikra gjennom monopolregulering, og ut frå ei samla vurdering finn styret det forsvarleg å betale ut utbyte.

Ålesund, 16.03.2020 i styret for Mørenett AS

11


#2019 / ÅRSRAPPORT

RESULTAT

TAL I 1 000 KR NOTE

2019

Energisal

2, 13

14 814

Nettinntekt

2, 13

579 482

Andre driftsinntekter

2, 13

24 914

Sum driftsinntekter

619 210

593 342

Energikjøp og overføringskostnader

2

220 927

212 890

2, 3, 18

60 727

70 942

2, 6,7

82 837

73 547

2

115 659

118 080

Sum driftskostnader

480 149

475 460

Driftsresultat

139 061

117 882

Løns- og personalkostnader Avskrivningar Andre driftskostnader

2018

15 077

554 086 24 179

FINANSINNTEKTER OG FINANSKOSTNADER Anna renteinntekt

4

2 154

3 890

Anna finansinntekt

4

416

443

Rentekostnader

4

33 381

Annan finanskostnad

4

1 091

9

resultat av finanspostar

(31 902)

(15 363)

Ordinært resultat før skatt

107 159

102 520

Skattekostnad på ordinært resultat

19 686

5

24 155

24 525

Ordinært årsresultat

83 003

77 994

Årsresultat

83 003

77 994

OVERFØRINGAR Avsett utbyte

17

41 500

40 000

Overføring anna eigenkapital

17

41 503

38 747

Avsett fond for vurderingsskilnader

17

-

(752)

Overføringar

83 003

77 994

12


#2019 / ÅRSRAPPORT

BALANSE

TAL I 1 000 KR

NOTE 2019 2018 EIGEDELAR ANLEGGSMIDLAR Lisensar, konsesjonar

6

4 607

7 564

Utsett skattefordel

5

15 410

27 268

Goodwill

6

1 149

1 580

Sum immaterielle eigedelar

21 166

36 412

Bygningar og bustader

7, 20

108 276

163 804

Nettanlegg

7, 20

1 966 460

1 830 512

Transportmidlar, inventar og maskinar

7, 20

105 715

106 110

Anlegg under arbeid

7, 20

54 256

28 629

Sum varige driftsmidlar

2 234 707

2 129 055

2 096

4 445

Investeringar i aksjar og partar Pensjonsmidlar

8, 9

18 - 3

Andre langsiktige krav

1

31

Sum finansielle anleggsmidlar

2 097

4 478

Sum anleggsmidlar

2 257 970

2 169 945

OMLØPSMIDLAR Varelager

14

12 215

Kundefordringar

11, 19

72 496

119 562

Andre fordringar

2, 11

54 548

49 183

Sum fordringar

127 043

168 746

Bankinnskot, kontantar og liknande

13 629

58 136

15

80 381

Sum omløpsmidlar

219 640

240 510

Sum eigedelar

2 477 610

2 410 455

13


#2019 / ÅRSRAPPORT

BALANSE

TAL I 1 000 KR NOTE 2019 2018

EIGENKAPITAL OG GJELD EIGENKAPITAL Aksjekapital

16, 17

400 000

400 000

Fond/overkurs

8, 17

113 302

114 972

Annan innskoten eigenkapital

17

29 055

29 055

Annan eigenkapital

17

314 914

279 250

Sum eigenkapital

857 272

823 277

GJELD Pensjonsforpliktingar

18

20 264

29 437

Sum avsetning for forpliktingar

20 264

29 437

12, 20, 21

1 340 000

1 300 000

Sum langsiktig gjeld

1 340 000

1 300 000

11, 19

94 802

67 597

5

10 180

Skattetrekk andre trekk og offentlege avgifter

68 388

78 362

Avsett utbyte

17

41 500

40 000

Anna kortsiktig gjeld

13

45 204

56 069

Sum kortsiktig gjeld

260 074

Sum gjeld

1 620 338

1 587 178

Sum eigenkapital og gjeld

2 477 610

2 410 455

Langsiktige lån

Leverandørgjeld Betalbar skatt

15 714

257 741

Ålesund, 16.03.2020 Styret i Mørenett AS

14


#2019 / ÅRSRAPPORT

INNHALDSLISTE NOTAR: 16

Note 1. Rekneskapsprinsipp

18

Note 2. Salsinntekter pr. forretningsområde

18

Note 3. Lønskostnader, tal tilsette, godtgjersler, lån til tilsette og godtgjersle til revisor

19

Note 4. Finanspostar

19

Note 5. Skatt

20

Note 6. Immaterielle eigedelar

21

Note 7. Varige driftsmidlar

21

Note 8. Dotterselskap, tilknytte selskap m.m.

22

Note 9. Finansiell marknadsrisiko

22

Note 10. Aksjar og delar i andre føretak m.m.

22

Note 11. Mellomverande med tilknytt selskap

23

Note 12. Fordringar og gjeld

23

Note 13. Segmentinformasjon

24

Note 14. Varer

24

Note 15. Bankinnskot

24

Note 16. Aksjekapital og aksjonærinformasjon

25

Note 17. Eigenkapital

25

Note 18. Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar

28

Note 19. Transaksjonar med nærståande partar

28

Note 20. Pant og garantiar

29

Note 21. Ekstern gjeld

15


#2019 / ÅRSRAPPORT

NOTAR TIL REKNESKAPEN Note 1. Rekneskapsprinsipp Årsrekneskapen er sett opp i samsvar med rekneskapslova sine reglar og god rekneskapsskikk. Bruk av estimat Leiinga har brukt estimat og føresetnader som har påverka resultatrekneskapen og verdiane av eigedelar og gjeld, samt usikre eigedelar og forpliktingar på balansedagen under utarbeidinga av årsrekneskapen, i tråd med god rekneskapsskikk. Inntekter Nettverksemda blir regulert av styresmaktene, ved at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fastset årlege inntektsrammer for kvart selskap. Inntektsramma skal gi dekning for netteigar sine faktiske kostnader, og ei rimeleg avkastning på investert kapital. Kvart år vert avviket mellom faktiske tariffinntekter og godkjent inntekt utrekna i form av ei meir-/mindreinntekt. Akkumulert meir-/ mindreinntekt (saldo) vert rekneskapsført som anten gjeld til nettkundar eller fordring på nettkundar. Av akkumulert meir-/mindreinntekt vert det rekna rente, basert på rentesats fastsett av NVE. Skatt Skattekostnaden i resultatrekneskapen omfattar både betalbar skatt og endring i utsett skatt. Utsett skatt utgjer 22 % av mellombelse skilnader mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar, samt skattemessig underskot til framføring ved utgangen av rekneskapsåret. Skatteaukande og skattereduserande mellombelse skilnader som reverserer eller kan reverserast i same periode, er utlikna. Visse postar blir likevel vurdert særskilt, til dømes pensjonsforpliktingar. Netto utsett skattefordel blir balanseført i den grad det er sannsynleg at denne kan bli nyttegjort. Utsett skatt og utsett skattefordel som kan balanseførast, er ført netto i balansen. Betalbar skatt og utsett skatt er rekneskapsført direkte mot eigenkapitalen i den grad postane relaterer seg til postar ført direkte mot egenkapitalen. Klassifisering og vurdering av balansepostar Omløpsmidlar og kortsiktig gjeld omfattar postar som forfell til betaling innan eit år etter kjøpstidspunktet, og postar som relaterer seg til varekrinslaupen. Andre postar er klassifiserte som anleggsmidlar/langsiktig gjeld. Omløpsmidlar blir vurderte til lågaste av kostpris og verkeleg verdi. Kortsiktig gjeld blir balanseført til nominelt beløp på opptakstidspunktet. Anleggsmidlar er vurdert til kostpris, fråtrekt av- og nedskrivingar. Langsiktig gjeld er balanseført til nominelt beløp på etableringstidspunktet. Forsking og utvikling Utgifter til utvikling blir balanseført i den grad det kan identifiserast ein framtidig økonomisk fordel knytt til utvikling av ein identifiserbar immateriell eigendel og utgiftene kan målast på ein påliteleg måte. I motsett fall blir slike utgifter kostnadsført løpande. Balanseført utvikling blir avskrive lineært over økonomisk levetid. Utgifter til forsking blir kostnadsført løpande. Varige driftsmidlar Varige driftsmidlar blir balanseført og avskrivne lineært over driftsmiddelet si forventa levetid. Vesentlege driftsmidlar som har

16


#2019 / ÅRSRAPPORT

betydelege komponentar med ulik levetid er dekomponert med ulik avskrivingstid for dei ulike komponentane. Direkte vedlikehald av driftsmidlar blir kostnadsført løpande under driftskostnader, medan påkostingar eller forbetringar blir tillagt driftsmiddelet sin kostpris og avskrivne i takt med driftsmiddelet. Dersom gjenvinnbart beløp av driftsmiddelet er lågere enn balanseført verdi gjer vi nedskrivning til gjenvinnbart beløp. Gjenvinnbart beløp er høgst av netto salsverdi og verdi i bruk. Verdi i bruk er noverdien av dei framtidige kontantstraumane som eigedelen er forventa å generere. Dotterselskap/tilknytt selskap Dotterselskap er selskap der Mørenett AS har kontroll, og dermed avgjerande innverknad på selskapet sin finansielle og operasjonelle strategi, normalt ved å eige meir enn halvparten av den stemmeberettiga kapitalen. Tilknytt selskap er selskap der Mørenett AS har betydeleg (men ikkje avgjerande) innverknad, over den finansielle og operasjonelle styringa (normalt ved eigardel på mellom 20 % og 50 %). Dotterselskap vert vurdert etter eigenkapitalmetoden i selskapsrekneskapen. Eigenkapitalmetoden fører til at vår del av årsresultatet, fråtrekt avskriving på meirverdiar, vert resultatført i selskapsrekneskapen. Verdien av investeringa i balansen vert regulert med resultatandelen med frådrag for eventuelle utdelingar og med tillegg for eventuelle kapitalinnskot. Interne vinstar blir eliminert. Tilknytte selskap vert vurdert etter kostmetoden i selskapsrekneskapen. Sjå note 8 for detaljar. Behaldning av varer Varelageret er vurdert til kostpris. Fordringar Kundefordringar vert ført opp i balansen til pålydande etter frådrag for avsetning til forventa tap. Avsetning til tap vert gjort på grunnlag av ei individuell vurdering av fordringane. Andre fordringar vert ført opp til lågaste av pålydande og verkeleg verdi. Kortsiktige plasseringar Kortsiktige plasseringar (aksjar og delar vurdert som omløpsmidlar) vurderast til lågast av kostpris og verkeleg verdi på balansedagen. Motteke utbyte og andre utdelingar frå selskapa blir inntektsført som anna finansinntekt. Pensjonar Selskapet har både innskotsordning og ytingsbasert pensjonsordning for dei tilsette. Innskotsordninga blir handtert i samsvar med lov om obligatorisk tenestepensjon (OTP). Ytingsbasert pensjonsordning blir regulert i samsvar med regelverket for offentleg pensjon. Innskotsordninga omfattar medarbeidarar som 01.01.2014 kom frå tidlegare Tussa Nett AS, nytilsette etter 01.01.2014 og medarbeidarar som kom over gjennom frivillig overgang med verknad frå 01.01.2018. Ytingsbasert ordning gjeld for medarbeidarar/pensjonistar som tidlegare var tilsett i Tafjord Kraftnett AS, og pensjonistar frå tidlegare Tussa Nett AS. For innskotsordninga ligg det føre ein innskotsplan og for ytingsbasert ordning ligg det føre ein ytingsplan. I 2019 har selskapet hatt innskotsplan på 6,8 % (inkluderer 2 % frå dei tilsette) for løn mellom 0 og 7,1 G (G=grunnbeløpet i Folketrygda), og i tillegg 16,1 % for løn mellom 7,1 og 12G. Oppsparte midlar kjem til utbetaling ved oppnådd pensjonsalder. Ytingsplan er ei pensjonsordning som definerer pensjonsutbetaling som tilsette vil motta ved pensjonering. Pensjonen blir normalt fastsett som ein del av den tilsette si sluttløn. Tilsette som ikkje har full opptening vil få sin pensjon forholdsmessig redusert. Årets netto pensjonskostnader inngår i posten løns- og personalkostnad i resultatrekneskapen. Mørenett AS lukka ytingsordninga for nye innmeldingar med verknad frå 1. januar 2017. Nærare om ytingsbasert pensjonsordning Netto forplikting er berekna med utgangspunkt i noverdien av dei framtidige pensjonsytingane (utover Folketrygda sine ytingar) som den tilsette har tent opp pr. 31. 12., trekt frå verkeleg verdi av pensjonsmidlane. Netto pensjonsforpliktingar på underfinansierte ordningar er balanseførte som langsiktig rentefri gjeld, medan eventuelle netto pensjonsmidlar på overfinansierte ordningar er balanseførte som langsiktig rentefri fordring, dersom det er sannsynleg at overfinansieringa kan nyttast. 17


#2019 / ÅRSRAPPORT

Pensjonsforpliktingane er berekna med utgangspunkt i tilråding frå Norsk Rekneskapsstifting og fyller krava i IAS 19 mellom anna når det gjeld diskonteringsrente, avkastingsrente, forventa lønsvekst og G-regulering. Vi nyttar ikkje korridorløysing. Alle estimatavvik, både i forhold til forpliktingar og midlar, blir amortisert umiddelbart og ført mot eigenkapitalen. Berekningane er baserte på lineær oppteningsmodell. Kontantstraumoppstilling Kontantstraumoppstillinga er utarbeidd etter den indirekte metoden. Kontantar og kontantekvivalentar omfattar bankinnskot.

Note 2. Salsinntekter pr. forretningsområde Tal i 1 000 kr Kraftomsetn. Distr.nett Reg.nett Sentr.nett Anna Eliminering Sum Sal energi 18 950 - - - - (4 136) 14 814 Nettleige - 474 700 291 779 476 - (189 825) 577 130 Årets meir-/mindreinntekt - (1 280) 3 127 - - 505 2 352 Andre inntekter - 4 263 - - 21 175 (524) 24 914 Sum driftsinntekter 18 950 477 683 294 906 476 21 175 (193 980) 619 210 Energikjøp 14 348 - - - - - 14 348 Kjøp av nettap - 34 759 21 720 -2 - - 56 477 Overføringskostnader - 193 883 146 949 - - (190 131) 150 701 Systemtenester - - -600 - - - -600 Løn/personalkostnader - 29 630 20 412 119 10 566 - 60 727 Estimatavvik pensjon ført mot EK og skatt - 6 520 1 841 3 1 263 (9 627) 0 Andre driftskostnader 466 77 750 23 882 117 5 019 1 402 108 636 Eigedomsskatt og tap - 5 671 1 330 - 22 - 7 023 Avskrivingar - 52 764 27 798 105 1 705 465 82 837 Sum driftskostnader 14 814 400 977 243 332 342 18 575 (197 891) 480 149 Driftsresultat 4 136 76 706 51 574 134 2 600 3 911 139 061 Driftsresultat ekskl estimatavvik 4 136 83 226 53 415 137 3 863 (5 716) 139 061

Note 3. Lønskostnader, tal tilsette, godtgjersler, lån til tilsette og godgjersle til revisor Tal i 1 000 kr Lønskostnader 2019 2018 Løn 101 017 98 318 Aktiverte timar eigne investeringar (52 002) (55 080) Arbeidsgjevaravgift 14 680 15 537 Pensjonskostnader (7 169) 8 506 Andre ytingar 4 201 3 662 Sum 60 727 70 942 Selskapet har i rekneskapsåret sysselsett totalt 140 årsverk. Ytingar til leiande personar Løn Pensjonsutgifter Anna godtgjersle Sum godtgjersle

Dagleg leiar 1 555 155 16 1 726

Styret - - 340 340

18


#2019 / ÅRSRAPPORT

Note 3. Lønskostnader, tal tilsette, godtgjersler, lån til tilsette og godgjersle til revisor (framhald) Det er ikkje gitt lån eller stilt garantiar til administrerande direktør, styremedlemar eller andre nærståande partar. S tyret har ingen avtalar om vederlag utover styrehonorar. Administrerande direktør har personleg pensjonsavtale med arbeidgjevar vedkomande pensjon ut over 12 G. Utover dette har korkje administrerande direktør eller styreleiar avtalar som forpliktar selskapet ved opphøyr eller endring av tilsetjingshøve eller verv. Tal i 1 000 kr Revisor Godtgjersle til revisor er fordelt på følgjande: 2019 Lovpålagt revisjon 234 Attestasjonstenester 19 Skatterådgjeving 17 Andre tenester 12 Sum honorar til revisor 282 Meirverdiavgift er ikkje inkludert i revisjonshonoraret.

Note 4. Finanspostar Tal i 1 000 kr Finansinntekter 2019 2018 Inntekt på investeringar i TS - 580 Anna renteinntekt 2 046 3 139 Morarenter 524 612 Sum finansinntekter 2 571 4 332 Finanskostnader 2019 2018 Utrangering av finansielle anlegg 387 - Rentekostnader eksterne lån 33 598 23 449 Annan rentekostnad 577 8 Valutatap 2 - Andre finanskostnader (91) (3 774) Sum finanskostnader 34 472 19 683

Note 5. Skatt Tal i 1 000 kr 2019 2018 Betalbar skatt kjem fram slik: Ordinært resultat før skattekostnad 107 159 102 520 Permanente skilnader (5 605) 14 081 Resultat på investering i DS / TS (1 383) (580) Endring mellombelse skilnader (53 897) (47 700) Grunnlag betalbar skatt på resultatet i året 46 274 68 320 Skatt 22% 23% 10 180 15 714 Betalbar skatt på resultatet i året 10 180 15 714

19


#2019 / ÅRSRAPPORT

Note 5. Skatt (framhald) Skattekostnaden i året kjem fram slik: 2019 2018 Betalbar skatt på resultatet i året 10 180 15 714 Brutto endring utsett skatt 11 857 10 775 Korreksjon tidlegare år - (192) Endring utsett skatt om EK-justering 2 118 (3 011) Endring i utsett skatt/skattefordel som følgje av endra skattesats - 1 239 Total skattekostnad i året 24 155 24 525 31.12.2019 31.12.2018 Betalbar skatt i balansen kjem fram slik: Betalbar skatt på resultatet i året 10 180 15 714 Sum betalbar skatt 10 180 15 714

Spesifikasjon av grunnlag for utsett skatt: Skilnader som vert utlikna: Anleggsmiddel (22 336) Fordringar (1 711) Gevinst- og tapskonto 343 Andre mellombelse skilnader (26 080) Sum (49 783) Utsett skatt (+)/ Utsett skattefordel (-) (10 952) Skilnader som ikkje vert utlikna: Pensjonsmiddel (+) / Pensjonsforpliktingar (-) (20 264) Sum (20 264) Utsett skattefordel (4 458) Endring i utsett skatt/skattefordel som følgje av endra skattesats - Utsett skattefordel i balansen 22 % / 23 % (15 410) Samanheng mellom skattekostnad og skatt berekna av resultat før skatt: 2019 22 % 23 % av resultat før skatt 23 575 Effekt av permanente skilnader 581 Effekt av endring skattesats til 23 % på utsett skattefordel - Korreksjon frå fjoråret - Skattekostnad i høve til resultatrekneskap 24 155 Effektiv skattesats 22,5 %

(66 330) (140) 429 (28 467) (94 507) (21 737)

(29 437) (29 437) (6 771) 1 239 (27 268) 2018 23 580 94 1 239 (388) 24 525 23,9 %

Note 6. Immaterielle eigedelar Tal i 1 000 kr Konsesjon Goodwill Lisensar Kostpris pr. 01.01.19 110 000 16 671 16 838 Tilgang kjøpte immaterielle eigedelar - - 392 Kostpris 31.12.19 110 000 16 671 17 230 Akkumulerte avskrivingar 31.12.19 110 000 15 522 12 623 Balanseført verdi pr. 31.12.19 - 1 149 4 607 Avskrivingar i året - 432 3 349

Sum 143 509 392 143 901 138 145 5 756 3 781

Mørenett nyttar lineære avskrivingar for alle immaterielle eigedelar. Den økonomiske levetida for anleggsmidlane er berekna til: *Konsesjon: 20 år *Goodwill: 5 år * Lisensar: 4 år 20


#2019 / ÅRSRAPPORT

Note 7. Varige driftsmidlar Tal i 1 000 kr Varige driftsmidlar Tomter Transpm./inv. Måling I Bygg Måling II Nettanlegg Sum varige /utstyr driftsmidlar Kostpris pr. 01.01.19 5 628 182 465 84 487 198 496 129 215 3 011 534 3 611 825 Korr. etter NVE-rapportering 2018 - - - (53 809) - 53 809 Tilgang kjøpte driftsmidlar - 12 864 - 2 450 19 598 124 605 159 517 Utrangering - 210 - - - 2 063 2 273 Avgang selde driftsmidlar - 70 - - - - 70 Kostpris 31.12.19 5 628 195 051 84 487 147 137 148 812 3 187 886 3 768 999 Akkumulerte avskrivingar 31.12.19 - 152 019 21 810 44 961 22 372 1 347 386 1 588 548 Balanseført verdi pr. 31.12.19 5 628 43 030 62 677 102 176 126 440 1 840 500 2 180 451 Avskrivingar i året - 7 816 5 431 5 098 8 723 51 988 79 056 Økonomisk levetid - Inntil 30 år Inntil 35 år Inntil 50 år Inntil 35 år Inntil 70 år Avskrivingsplan - Lineær Lineær Lineær Lineær Lineær I tillegg kjem anlegg under arbeid med 53,6 mill. kr. Det er i løpet av året ikkje gjort nedskriving av anleggsmidlar eller reversering av nedskriving frå tidlegere år. Leige i administrasjonsbygg til Tafjord Kraft AS og Tussa Energi AS . Årleg leige var høvesvis 0,6 og 0,5 mill. kr, totalt 1,1 mill. kr.

Note 8. Dotterselskap, tilknytte selskap m.m. Tal i 1 000 kr Erverva Kontor Land Eigardel St.del Elsikkerhet Møre AS 29.5.09 Ørskog Norge 49 % 49 % Smarthub AS 21.2.13 Molde Norge 42 % 42 % Investeringa (Elsikkerhet Møre AS) har tidlegare vore vurdert etter eigenkapitalmetoden i selskapsrekneskapen, men som følgje av eit nedsal i 2019 til 49 % er ikkje Elsikkerhet Møre AS lenger eit dotterselskap, og aksjen er ved utgangen av 2019 vurdert til kostmetoden. Smarthub AS er også vurdert til kostmetoden. Tilknytt selskap Forretnings- Eigar-/stemme- Eigenkap. siste Resultat siste Balanseført kontor del år (100 %) år (100 %) verdi SmartHub AS Molde 42 % 3 245 (386) 1 497 Elsikkerhet Møre AS Ålesund 49 % 4 944 769 588 Balanseført verdi 31.12. 2 085

21


#2019 / ÅRSRAPPORT

Note 9. Finansiell marknadsrisiko Overordna mål og strategi Selskapet har som mål å sikre gode resultat og stabilt utbyte til eigarane, og søkjer å balansere gode resultat med langsiktig verdiskaping. Marknadsrisiko Marknadsrisiko er definert som risiko for tap som følgje av endringar i marknadsprisar på renter, valutakursar og verdipapirkursar. Pensjonsmidlane vi har er risikoutsett både innanfor renter, valutakursar og verdipapirkursar. Risikoeksponering og sikring er styrt gjennom høvesvis BKK Pensjonskasse og DNB Liv. Renterisiko påverkar oss gjennom nettregulering knytt til inntektsramma og renteberande gjeld. Styret sin politikk er at vi ikkje driv sikring. Renteendringar vil i stor grad utlikne kvarandre gjennom endring i nettinntekt og endring i finanskostnader. Kredittrisiko Kredittrisiko er definert som risiko for tap som følgje av at kundar eller motpartar ikkje har evne til å oppfylle forpliktingane sine. Risiko for tap på fordringar er vurdert som låg fordi 90 % av kundane inngår i gjennomfaktureringsavtale som vi har med kraftleverandørane. For alle desse kundane mottek vi oppgjer av nettleige frå kraftleverandøren. Vi ser også at risikoen for tap for kundar på leveringsplikt har ei positiv utvikling, mykje på grunn av ein enklare stengeprosess etter at AMS-målarane vart installerte. Likviditetsrisiko Likviditetsrisiko er definert som risiko for at selskapet ikkje klarer å oppfylle forpliktingane sine og/eller finansiere auke i eignelutar utan at selskapet vert påført vesentlege ekstrakostnader. Vi er sikra naudsynt likviditet gjennom to bankar, og vi har tilgjengelege trekkrettar som sikrar likviditet framover. Risikoen blir difor vurdert som låg.

Note 10. Aksjar og delar i andre føretak m.m. Tal i 1 000 kr Eigardel REN AS 2,6 %

Kostpris 1

Balanseført verdi 11

Marknadsverdi -

Note 11. Mellomverande med tilknytt selskap

Tal i 1 000 kr Elsikkerhet Møre AS Smarthub AS Fordringar 2019 2019 Lån til føretak i same konsern - - Kundefordringar - - Andre fordringar - - Sum - - Av dette fordringar med forfall > 1 år - - Elsikkerhet Møre AS Smarthub AS Gjeld 2019 2019 Leverandørgjeld - 2 333 Anna kortsiktig gjeld - - Sum - 2 333

22


#2019 / ÅRSRAPPORT

Note 12. Fordringar og gjeld Tal i 1 000 kr Fordringar med forfall seinare enn 1 år 2019 2018 Andre langsiktige fordringar - - Langsiktig gjeld med forfall seinare enn 1 år 2019 2018 Gjeld til kredittinstitusjonar 1 340 000 1 300 000 Sum 1 340 000 1 300 000

Note 13. Segmentinformasjon Tal i 1 000 kr NETTINFORMASJON Sentralnett Regionalnett Distrib.nett Sum monopol Driftsresultat (inkl. estimatavvik) 134 51 574 76 706 128 414 MEIR(+)/MINDRE(-)INNTEKT: Faktisk inntekt 476 291 779 478 209 770 464 Kostnader overliggjande nett - 146 948 193 883 340 832 = Justert faktisk inntekt 476 144 831 284 326 429 633 Inntektsramme i året 1 292 136 792 299 324 437 408 Inntektsramme justert for AVS/AKG/KILE 476 147 957 283 046 431 479 Berekna meir-/mindreinntekt inkl. rente 31.12. - (3 127) 1 280 (1 847) Inng. saldi ordinær ME/MI-inntekt inkl. rente 01.01. 38 13 254 14 153 27 445 Rørsle i året inkl. rente 1 -2 910 1 553 -1 356 Akk. ordinær ME/MI-inntekt inkl. rente 31.12. 39 10 344 15 706 26 089 BALANSE: Sum driftsmidlar etter fordeling pr. 01.01. 3 372 870 794 1 214 607 2 088 773 Sum driftsmidlar etter fordeling pr. 31.12. 3 264 879 621 1 286 676 2 169 561 Gjennomsnittlege driftsmidlar 3 318 875 207 1 250 642 2 129 167 1 % påslag for netto arbeidskapital 33 8 752 12 506 21 292 Avkastingsgrunnlag 3 351 883 959 1 263 148 2 150 459 Avkasting (driftsresultat*100/avkastingsgrunnlag) 4,0 5,8 6,1 6,0

23


#2019 / ÅRSRAPPORT

Note 14. Varer Tal i 1 000 kr 2019 2018 Lager av innkjøpte 12 215 13 629 Sum 12 215 13 629

Av samla varelagerverdi for Mørenett AS pr. 31.12.2019 er 12 215 vurdert til kostpris.

Note 15. Bankinnskot Tal i 1000 kr 2019 2018 Innskot driftskonto 67 185 43 718 Bundne skattetrekksmidlar 4 881 4 676 Depotkonto 8 315 9 742 Selskapet sin likviditet er organisert i ei konsernkontoordning der samla tilgjengeleg saldo syner på toppkontoen. Vi har disponibel kassakreditt på 50 mill. kr på denne kontoen, slik at disponibelt beløp er 117,2 mill. kr.

Note 16. Aksjekapital og aksjonærinformasjon Tal i 1 000 kr Aksjekapitalen består av: Antall Pålydande Balanseført A-aksjar 10 000 40 400 000 Mørenett AS har 2 aksjonærar pr. 31.12.2019. Selskapet sine aksjar er utstedt i aksjeklasse A. A-aksjane gir stemmerett tilsvarende del av totale utstedte A-aksjar til ei kvar tid. Oversikt over aksjonærane: A-aksjar Eigardel Stemmedel Tafjord Kraft AS 5 366 53,66 % 50,0 % Tussa Kraft AS 4 634 46,34 % 50,0 % Totalt tal aksjar 10 000 100,00 % 100,0 % Gjennom aksjonæravtalen har partane regulert at selskapet skal vere felleskontrollert.

24


#2019 / ÅRSRAPPORT

Note 17. Eigenkapital Tal i 1 000 kr Aksjekapital Overkurs Innskot Fond Anna EK Sum anna EK for vurd. Eigenkapital pr. 01.01. 400 000 113 302 29 055 1 670 279 250 823 277 Estimatavvik pensjon - - - - (7 509) (7 509) Resultat i året - - - (1 670) 84 673 83 003 Avsett utbyte - - - - (41 500) (41 500) Innarbeiding TS 400 000 113 302 29 055 - 314 914 857 272

Note 18. Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar Mørenett AS har både kollektiv innskotsordning i DNB og kollektiv ytingsordning via medlemskapet vårt i BKK Pensjonskasse. Spareplanen i innskotsordninga utgjer 6,8 % (inkludert 2 % frå dei tilsette) for løn mellom 0 og 7,1 G (G=grunnbeløpet i Folketrygden) og 16,1 % for løn mellom 7,1 og 12 G. Det er Gabler AS som administrerer ytingsordninga i BKK Pensjonskasse, og den blir rekneskapsført etter IAS 19. I tillegg har vi pensjonistar i ytingsbasert pensjonsordning frå tidlegare Tussa Nett AS. Årlege aktuarberekningar blir utarbeidd av aktuar i Gabler AS. Ytingsplan i sikra ordning Ytingsplan omfattar alders-, uføre- , etterlatte- og barnepensjon. Den gir dei tilsette ei bestemt framtidig pensjonsyting basert på oppteningsår og lønsnivået ved pensjonsalder. Alderspensjonen utgjer ved full opptening 66 % av pensjonsgrunnlaget for løn opp til 12 G. Alle fødd i 1943 eller seinare vil få pensjonen sin levealdersjustert, noko som kan føre til ei pensjonsutbetaling som er mindre enn 66 % av pensjonsgrunnlaget. Pensjonen er ei bruttoordning og blir regulert etter regelverket for offentleg pensjon. Ordninga blir finansiert ved at medlemane betalar 2 % av pensjonsgrunnlaget. Anna pensjonspremie blir dekt av arbeidsgjevar. Ytingsplan i usikra ordningar Dei usikra ordningane består av AFP og ei driftspensjonsordning for tidlegare dagleg leiar si løn mellom 12 G og 14 G. Desse er vist samla under usikra ordningar. AFP ordning AFP-ordninga er ei ordning som gir eit livslangt tillegg på den ordinære pensjonen. Dei tilsette kan velje å ta ut AFP frå og med fylte 62 år, også ved sidan av å stå i jobb, og ordninga gir ytterlegare opptening ved arbeid fram til 67 år. Ordninga er ei ytingsbasert fleirføretakspensjonsordning, og blir finansiert gjennom premie som blir fastsett som ein prosent av løn. Rekneskapsmessig blir ordninga handsama som ei innskotsbasert pensjonsordning der premiebetalingar blir kosnadsført løpande. Ingen avsetningar blir gjort i rekneskapen. I 2019 utgjorde premien 2,5 % av løn mellom 1 G og 7,1 G. Tilsette som i dag har innskotsbasert pensjonsordning i selskapet er omfatta av ordninga. Tilskot til AFP-ordninga inngår i lønskostnadene og utgjorde i 2019 1,1 mill. kr. Estimatavvik Vi nyttar ikkje korridorløysing for estimatavvik. Alle estimatavvik, både i forhold til forpliktingar og midlar, blir amortisert i notid og ført mot eigenkapitalen. Planendringar Planendringar blir resultatført. Den økonomiske effekten av levealderjustering i alderspensjonen frå folketrygda og tenestepensjonsordninga for alle årskull, og individuell garanti er innarbeidd i tidlegare år. Individuell garanti er ein garanti som delvis skjermar dei som er fødd i 1958 eller tidlegare frå effekten av levealderjustering. Den nye uføreordninga som er innført frå 01.01.2015 er forventa å redusere arbeidsgjevar sine framtidige forpliktingar, men samstundes auke folketrygda sin del av den årlege kostnaden. 25


#2019 / ÅRSRAPPORT

Note 18. Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar (framhald) Lukking av ytingsordning Hausten 2016 vedtok styret å lukke gjeldande ytingsordning med verknad frå 1. januar 2017. Økonomiske føresetnader Mørenett AS har vurdert at marknaden for obligasjonar med fortrinnsrett (OMF) stettar krava i IAS 19.83 til føretaksobligasjonar.

Demografiske føresetnader Selskapet har i pensjonsberekningane som grunnlag for dødelegheit fulgt GAP07 til Finanstilsynet K2013 -tabell tilrådd av Norsk Regnskapsstiftelse. Kurva reallønsvekst Forventa lønsvekst lagt til grunn i Mørenett AS sine pensjonsberekningar for aktive medlemer byggjer på Gabler sin regresjonsmodell. Modellen nyttar alder som forklaringsvariabel for reallønsutvikling til arbeidstakarar. Samanhengen mellom alder og reallønsutvikling kan vi forklare mellom anna med at unge gjer fleire lønshopp enn eldre arbeidstakarar. Basert på historiske bestandsdata i pensjonskassa er det utgreidd ei tilpassa lønskurve som viser at den gjennomsnittlege reallønsveksten for tilsette i Mørenett AS fell med alder. Denne kurva blir lagt til grunn for aktuarielle berekningar. Berekningar viser at kurva gir lågare pensjonsforplikting enn lineær lønskurve. Risikovurdering av ytingsbaserte ordningar

Gjennom ytingsbaserte ordningar er selskapet påverka av fleire risikoar som følgje av usikkerheit i føresetnader og framtidig utvikling. Dei mest sentrale risikoane er følgjande: Forventa levetid

Selskapet er forplikta til å utbetale pensjon for dei tilsette livet ut. Auke i forventa levealder blant medlemane aukar forpliktinga for selskapet.

Avkastingsrisiko

Selskapet blir påverka ved ei endring i faktisk avkasting på pensjonsmidlane som vil medføre endring i netto forplikting.

Inflasjons- og lønsvekstrisiko

Selskapet si pensjonsforplikting har risiko knytt til både inflasjon og lønsutvikling, sjølv om lønsutviklinga er nært knytt til inflasjonen. Høgare inflasjon og lønsutvikling enn lagt til grunn i pensjonsberekningane, fører til auka forplikting for selskapet.

Renterisiko

Ved neddiskontering av pensjonsutbetalingar blir marknadsrenter lagt til grunn. Generelt lågt eller fallende rentenivå aukar brutto pensjonsforplikting for selskapet, medan aukande rentenivå reduserer forpliktingane. DNB LIV Den delen av ytingsbasert ordning som er i DNB LIV gjeld utbetaling av pensjonar til pensjonistar i tidlegare Tussa Nett AS. Føresetnadene som blir lagt til grunn her er tilrådingar frå Norsk Rekneskapsstifting.

I den talmessige delen av pensjonsnoten under er det ei oversikt over tal aktive medlemer og pensjonistar for høvesvis sikra og usikra ordningar.

26


#2019 / ÅRSRAPPORT

Note 18. Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar (framhald) Dei aktuarmessige berekningane byggjer på følgjande føresetnader: BKK P 2019

DNB 2019

1. Diskonteringsrente

2,30 %

1,80 %

2. Forventa avkastning

2,30 %

1,80 %

3. Forventa lønsvekst

2,50 %

2,25 %

4. Forventa G-regulering

2,25 %

2,00 %

5. Forventa regulering av pensjonar under utbetaling

1,50 %

2,00 %

6. Tendens til uttak AFP

25 %

-

7. Tendens til uttak direktørpensjon v/62 år

25 %

-

K2013/K63

K2013BE/IR02

Mørenett AS total

Mørenett AS sikra

8. Demografiske føresetnader

Tal i 1 000 kr

Mørenett AS usikra

Dato for rekneskapsavslutning 31.12.2019 31.12.2018 31.12.2019 31.12.2018 31.12.2019 31.12.2018 A. Pensjonskostnad i perioden Pensjonsopptening i året (Service Cost) 4 036 4 713 3 490 4 008 546 705 Arbeidsgjevaravgift av oppteninga i året 569 663 492 564 77 99 Rentekostnad på pensjonsforpliktinga 6 446 5 943 5 872 5 326 574 617 Forventa avkastning på pensjonsmidlar (5 823) (4 920) (5 823) (4 920) - - Medlemsinnskot (7 955) - ( 7 955) - - - Avkorting (4 671) - - - (4 671) - Oppgjer (3 486) - - - (3 486) - Resultatført pensjonskostnad ytingsordning (10 885) 6 399 (3 924) 4 978 (6 961) 1 421 B. Balanseført pensjonsforplikting DBO ved slutten av perioden 281 727 293 703 269 093 271 403 12 634 22 300 Midlar ved slutten av perioden 264 534 264 265 264 534 264 265 - - Balanseført pensjonsforplikting inkl. arb.g.avgift 17 193 29 437 4 559 7 137 12 634 22 300 C. Avstemming pensjonsforplikting Pensjonsforplikting i inngåande balanse 29 437 48 368 7 137 21 897 22 300 26 471 Resultaført pensjonskostnad (10 885) 6 399 (3 924) 4 978 -6 961 1 421 Aktuarielt tap (gevinst) ført mot eigenkapital 9 627 (13 091) 12 200 (8 015) (2 573) (5 076) Innbetalingar inkl. arb.g.avg. (7 798) (11 787) (7 782) (11 723) (16) (64) Utbet. pensjon over drift ekskl. arb.g.avgift (116) (452) - - (116) (452) Balanseført pensjonsforpl. ved slutten av perioden 20 264 29 437 7 630 7 137 12 634 22 300 D. Medlemsstatistikk Tal aktive medlemer i ytingsordning 27 47 27 47 Tal pensjonistar 103 105 1 2 Innskotsordning: Resultatført kostnad er 4,1 mill. kr i 2019. Ordninga omfattar 95 medlemer.

27


#2019 / ÅRSRAPPORT

Note 19. Transaksjonar med nærståande partar Tal i 1 000 kr Nærståande part Tilknyting Eigardel Elsikkerhet Møre AS Tilknytt selskap 49 % Tussa Kraft AS Aksjeeigar 46 % Tussa Energi AS Dotter av aksjeeigar - Sunnmøre Energi AS Dotter av aksjeeigar - Tussa IKT AS Dotter av aksjeeigar - Tussa Installasjon AS Dotter av aksjeeigar - Tussa-24 AS Dotter av aksjeeigar - Smarthub AS Tilknytt selskap 42 % Tafjord Kraft AS Aksjeeigar 54 % Tafjord Kraftproduksjon AS Dotter av aksjeeigar - Tafjord Kraftvarme AS Dotter av aksjeeigar - Tafjord Marked AS (drift) Dotter av aksjeeigar - Tafjord Marked AS (strøm) Dotter av aksjeeigar - Tafjord Fibernett AS Dotter av aksjeeigar - Rune Kiperberg Administrerande direktør - Erik Espeset Styreleiar - Transaksjonar med nærståande partar Selskapet har gjennomført fleire ulike transaksjonar med nærståande partar. Alle transaksjonane er gjennomført som ein del av den ordinære verksemda og til armlengdes prisar. Dei mest vesentlege transaksjonane som er gjennomført er følgjande: 2019 2018 a) Kjøp av varer og tenester frå aksjeeigar/dotter av aksjeeigar 87 710 91 513 b) Kjøp av varer og tenester frå tilknytt selskap 31 608 54 924 c) Sal av varer og tenester til aksjeeigar/dotter av aksjeeigar 73 752 63 470 d) Sal av varer og tenester til tilknytt selskap 903 1 359 Balansen inkluderer følgjande beløp som følgje av transaksjonar med nærståande partar: 2019 2018 Kundefordringar 9 593 11 495 Leverandørgjeld 6 094 - Sum 3 499 11 495

Note 20. Pant og garantiar Tal i 1 000 kr Garantiansvar 2019 2018 Gjeld 1 340 000 1 300 000 Immaterielle eigedelar 4 607 7 564 Varige driftsmidlar 2 234 707 2 129 055 Sum bokført verdi av panteobjekt 2 239 314 2 136 619

28


#2019 / ÅRSRAPPORT

Note 21. Ekstern gjeld Tal i 1 000 kr Beløp Trekkfasilitet 2016 850 000 Bullet lån 400 000 Bullet lån 450 000

Bokført verdi Rente Løpetid 490 000 3.mndr NIBOR + Margin 60 mnd 400 000 3.mndr NIBOR + Margin 48 mnd 450 000 3.mndr NIBOR + Margin 60 mnd

Forfall 21.12.2021 05.12.2023 05.12.2024

Selskapet har TNOK 360 000 i tilgjengelege trekkrettar pr. 31.12.2019. I låneavtalane har vi pålegg i forhold til nivå på eigenkapitalprosenten og rentedekningsgrad. Kravet for eigenkapitalen er 25 % og kravet for rentedekningsgraden er 1,2. Berekningar syner at begge krava er oppfylte.

29


#2019 / ÅRSRAPPORT

KONTANTSTRAUMOPPSTILLING

TAL I 1 000 KR

KONTANTSTRAUMOPPSTILLING, INDIREKTE MODELL 2019 2018 Kontantstraum frå operasjonell aktivitet Resultat før skattekostnad 107 159 102 520 Betalt skatt i perioden (15 714) (24 278) Tap/vinst ved sal av anleggsmidlar 428 (101) Resultatdel dotterselskap fråtrekt utdelingar (744) 752 Avskrivingar 82 837 73 547 Endring i varelager 1 413 843 Endring i kundefordringar 47 067 (376) Endring i leverandørgjeld 27 205 (626) Skilnad mellom kostnadsført pensjon og inn-/utbet. i pensjonsordningar (18 879) (5 860) Endring i andre tidsavgrensingspostar 26 092 51 721 Netto kontantstraum frå operasjonelle aktivitetar 204 681 198 141 Kontantstraum frå investeringsaktivitetar Innbetalingar ved sal av varige driftsmidlar 8 103 Utbetalingar ved kjøp av varige driftsmidlar (185 536) (331 551) Nedskriving av anleggsaksjar til VV 387 - Nedsal Elsikkerhet Møre AS 2 705 - Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar (182 435) (331 447) Kontantstraum frå finansieringsaktivitetar Innbetalingar ved opptak av ny langsiktig gjeld 40 000 200 000 Utbetaling av utbyte (40 000) (25 150) Netto kontantstraum frå finansieringsaktivitetar - 174 850 Netto endring i kontantar og kontantekvivalentar 22 245 41 544 Behaldning av kontantar og kontantekvivalentar ved starten av året 58 136 16 592 Behaldning av kontantar og kontantekvivalentar ved slutten av året 80 381 58 136

30


#2019 / Ã…RSRAPPORT

REVISJONSMELDING (utkast)

31


#2019 / Ã…RSRAPPORT

REVISJONSMELDING (utkast)

32


#2019 / ÅRSRAPPORT

STRATEGI OG FRAMTIDSUTSIKTER Mørenett er eit nettselskap utan konserntilknyting, eigd av Tafjord Kraft AS og Tussa Kraft AS. Den raude tråden i strategiarbeidet vårt er å byggje Mørenett AS som eit nøytralt, effektivt og kompetent nettselskap.

33


#2019 / ÅRSRAPPORT

Strategiarbeidet vårt har følgjande hovudtema: strukturutvikling, verksemdstyring, kunde og berekraft. Strukturutvikling Kraftsystemet er i stor endring, og nasjonalt har vi ambisiøse mål rundt elektrifisering. Dette set store krav til nettselskapa framover, ikkje minst med tanke på kompetanse. Erfaringane våre tilseier at skalafordelane ved å verte større er betydelege, både med omsyn til kompetanse, men også i forhold til å realisere økonomiske synergiar. Nettverksemda er eit naturleg monopol, og vi har ei plikt til å drive kraftnettet kostnadseffektivt, til rett pris og med rett kvalitet. Det gjer vi etter vår meining gjennom å arbeide for strukturendringar, og for større og meir kompetente einingar. Vi er no inne i ein prosess mot Statnett med ambisjon om å kjøpe regionalt distribusjonsnett i Møre og Romsdal. Dette vil gi oss fleire oppgåver, men vil også leggje grunnlaget for vidare vekst knytt til strukturendringar. Som ein del av prosessen arbeider vi for eit større nettselskap i fylket gjennom ein fusjonsmodell der vi opnar dørene våre. Berekningane våre viser at potensialet for kostnads- og tariffreduksjonar er store. Verksemdstyring Det å bli større, både med tanke på anlegg, kompleksitet og geografi, set større krav til at vi har gode prosessar, rolleavklaringar og arbeidsmetodikk, som sikrar risiko og sårbarheitsanalyse (ROS) og helse, miljø og tryggleik ( HMS). Verksemdstyring er difor viktig for oss. Skal arbeidsmetodikk og risikostyring som er forankra i ein modell for verksemdstyring verte vellukka, vil dette krevje proaktiv oppfølging og analyse av drifta vår. Dette vil krevje ressursar, og vi vurderer ulike modellar for korleis vi skal styrke oss ytterlegare, både når det gjeld kompetanse- og kapasitet. Nettkunde Nettselskapa i Noreg er rimeleg gode på kjerneverksemd. Største utfordringane for bransjen er knytt til kundefokus og manglande insentiv til å vere innovative. Mørenett AS skal vere eit kundeorientert selskap der kundane skal møte ein enkel, rasjonell og definert veg inn til selskapet. For å oppnå dette skal Mørenett AS samle naturlege samhandlingsmiljø i ei felles organisering der kunden er sett i fokus. Berekraft Berekraftig utvikling for ei grønare framtid får stadig større fotfeste hos interessentane våre. Dette fokuset gjennomsyrer dei fleste arenaene vi opererer på, frå finansieringssida, der berekraft vert premiert, til det å verte oppfatta som ein attraktiv arbeidsgjevar, som tiltrekkjer seg rett kompetanse. Skal Mørenett AS vere ein attraktiv samarbeidspartnar må vi setje oss klare mål for vår eiga verksemd og vår plass i verdikjeda. Vi må ha klare forventningar til både oss sjølve og til dei som skal samhandle med oss. Framtida er elektrisk, og Mørenett AS skal vere ein viktig bidragsytar for reduserte klimautslepp og ei grøn verdiskaping.

34


#2019 / ÅRSRAPPORT

HMS Mørenett AS sitt nettområde er prega av ein vakker, men utfordrande geografi. Dette set høge krav til tryggleik for dei som arbeider ute i nettet, og helse, miljø og tryggleik (HMS) er difor særs viktig for oss.

35


#2019 / ÅRSRAPPORT

Mørenett AS arbeider med krevjande oppgåver, og skal vi nå målet vårt om null alvorlege skadar er gode HMS-rutinar særs viktig. Vi tek ansvar for at dei som ferdast i nærleiken av dei elektriske anlegga og installasjonane våre kan gjere det på ein trygg måte. Vi gjennomfører systematisk opplæring knytt til el-tryggleik og førstehjelp, og har årlege HMS-dagar der alle lovpålagte kurs vert gjennomførte. Mørenett AS følgjer til ei kvar tid gjeldande lov- og regelverk. Gjennom 2019 har vi hatt ei negativ utvikling på skadetala våre. Vi har fem registrerte skadar (mot 4 i 2018) der fire av skadane har medført fråvær (0 i 2018). Gjennom året har vi sett ekstra fokus på rett bruk av personleg verneutstyr, og vi har innført gransking som metode. Ingen av skadane med fråvær er knytt til elektrisk straum. Sjukefråværet i selskapet gjekk opp i 2019. Det totale sjukefråværet var på 7,1 prosent, og korttidsfråværet på 2,1 prosent. Målet vårt er eit totalt sjukefråvær på 3,7 prosent. Gjennom 2019 har vi sett i verk ytterlegare tiltak for å redusere sjukefråværet i selskapet.

NØKKELTAL FOR HMS

2019 2018 2017 2016 2015

F-verdi*

160,5

H1-verdi*

17,4

H2-verdi*

21,7

Registrerte skadar med og utan fråvær

0 0 16,92

176,8

61,1

224,6

14,7

11,6

21,5

40,5

17,4

69,9

5

4

11

6

37

0

48

21

83,5

Fast tilsette

140

143

139

197

211

Årsverk

136 138 135 197 211

Fråvær som følgje av arbeidsulykker

Lærlingar

8

8

12

14

Gjennomsnittsalder tilsette

49

49,3

48

47,6

Personalomsetning*

5,7

9

14

8,2

32

13 47 3,8

* HI-verdi: ulykkesfrekvens = tal skadar med fråvær/arbeidde timar totalt x 1 000 000 * H2-verdi: skadar med fråvær + skadar utan fråvær, men med medisinsk behandling/arbeidde timar totalt x 1 000 000 * F-verdi: Fråværsfrekvens = tal fråværsdagar pga. skade/arbeidde timar totalt x 1 000 000 * Personalomsetning: tal arbeidstakarar som har sagt opp/ tal arbeidstakarar x 100 %

36


#2019 / Ă…RSRAPPORT

NETTFORVALTAR Divisjon nettforvaltar organiserer seksjonen for nettutvikling og seksjonen for prosjekt. 36 medarbeidarar jobbar i divisjonen.

37


#2019 / ÅRSRAPPORT

Utvikling i 2019 Samla nettinvesteringar i 2019 var 153,9 mill. kr. Av dette var 53,3 mill. kr. i regionalt distribusjonsnett og 100,6 mill. kr i lokalt distribusjonsnett. Det er henta inn 62,3 mill. kr gjennom krav om anleggsbidrag. Vi er ferdige med å byggje om Volda og Nørve transformatorstasjonar. I Stranda transformatorstasjon er det montert nye kondensatorbatteri, og det er bestilt nytt utandørs brytar- og kontrollanlegg. I Tafjord 4 KS er det sett inn nye effektbrytarar. Det er bestemt at Mørenett AS skal ha dublerte batterianlegg som standard i alle transformatorstasjonar. I 2019 vart batterianlegga i Kjelbotn, Alvestad, Ryste og Elsebø transformatorstasjonar bytta, og arbeidet vil halde fram i 2020 og i dei komande åra. Haram Kraft AS har fått konsesjon for å byggje ein vindpark med 8 turbinar og installert yting på 34 MW. Utbyggar skal etablere eit 33 kV samband frå Haramsfjellet til Alvestad. I Alvestad set Mørenett AS inn ein ny treviklingstransformator slik at energien frå vindparken kan leverast på nettet. I distribusjonsnettet har vi gjennomført fleire store investeringar knytt til elektrifisering. Spesielt har overgangen til elektriske ferjer utløyst store investeringar. For å kunne forsyne sambandet Hareid - Sulesund har Mørenett AS investert 27 mill. kr, der 22,6 mill. kr er anleggsbidrag. Tilsvarande tal for Magerholm er 41,7 mill. kr, der 29,1 kr er anleggsbidrag. Det er også gjort betydelege investeringar for å klargjere ferjesambandet Volda- Folkestad for elektrisk drift. Mange prosjekt er under utvikling. Djupvik-Sandvikskaret og fornying av Giskemo transformatorstasjon er til handsaming hos NVE. For strekninga Ørsta- Haugen- Bondalen er alternative løysingar til vurdering. Det vert vidare arbeidd med konseptval for forsterking av nettet mot Eidsdal/Linge og Geiranger. Det vert også sett på korleis vi kan levere landstraum til skip i Ålesund sentrum. Strategi og framtidsutsikter 2019 har vore prega av Statnett sine planar om å omklassifisere og selje delar av 132 kV nettet i Møre og Romsdal. Etter vår vurdering er det viktig å sikre samanhengande forvaltning av regionalt distribusjonsnett gjennom heile fylket. Statnett har vedteke å forsterke innmatinga til Romsdal og Nordmøre, mellom anna ved å setje inn nye transformatorar 400/132 kV på Ørskog og i Surnadal. Transformatoren som skal installerast i Ørskog vil auke kapasiteten inn mot både Istad og NEAS sine nett. Denne kapasiteten må transporterast gjennom anlegg som Mørenett AS eig og driftar. Driftskoordinering på tvers av selskapsgrensene vi har i dag vert difor endå viktigare enn det har vore til no. Vår erfaring tilseier at dette best let seg gjere i eit felles selskap, og vi ønskjer dialog med dei andre nettselskapa i fylket om strukturutvikling. Eit nettselskap for heile fylket vil sikre at vi beheld viktige kompetansemiljø i regionen, at vi har nok løfteevne og kapital til å møte dei store investeringane som følgje av elektrifiseringa i samfunnet, og at investeringar kan gjennomførast utan at nettleiga til kundane vert for høg. Policy for nettforvaltning vart vedteke av styret i 2019, og i lag med Vedlikehaldsstrategi for Mørenett AS, skal desse angi Mørenett AS sine prioriteringar framover. 38


#2019 / ÅRSRAPPORT

Mørenett AS eig mange eldre anlegg. For å prioritere mellom reinvestering og vedlikehald av dei ulike linjene vert det brukt fleire kriteria, og det vert lagt opp til at 10-20 km må fornyast kvart år. Vi arbeider med å utvikle tilsvarande metodikk for å prioritere tiltak for andre typar anlegg som nettstasjonar, brytarar osv. Ein stadig større del av tenestene Mørenett AS er avhengige av for å vedlikehalde, fornye og utvide nettanlegga vert kjøpt av eksterne leverandørar. Mørenett AS legg vekt på å vere ein profesjonell bestillar, noko som krev at vi har kontinuerleg fokus på å vidareutvikle bestillarrolla. Våren 2020 skal Mørenett AS ut med ny førespurnad etter entreprenørtenester. Det er gjennomført prekvalifisering av aktuelle tilbydarar, og det er stor interesse frå marknaden for å gi tilbod.

NØKKELTAL DISTRIBUSJONSNETT 2019 2018 2017 2016 2015 Høgspentlinjer (km)

860

866

870

878

881

Høgspent jordkabel (km)

920

915

897

885

866

81

77

76

74

Nettstasjonar (stk.)

2 616

2 604

2 598

2 590

2 572

Fordelingstransformatorar (stk.)

2 841

2 813

2 807

2 781

2 759

Fordelingstransformatorar (MVA)

1 079

1 057

1 039

1 016

999

Lågspentlinjer (km)

1 542

1 449

1 421

1 393

1 413

Høgspent sjøkabel (km)

Lågspentkablar (km)

73

2 759

2 735

2 692

2 633

2 586

66 100

65 500

65 031

64 473

63 784

53

51

50

49

48

2019

2018

2017

2016

2015

132 kV luftlinjer (km)

403

386

386

386

386

132 kV sjøkabel (km)

19

19

19

19

19

132 kV jordkabel (km)

26

30

30

30

30

22 - 66 kV luftlinjer (km)

179

194

194

196

197

22- 66 kV sjøkabel (km)

26

26

26

26

26

22 - 66 kV jordkabel (km)

43

40

40

40

39

Transformatorstasjonar (stk.)

25 26 27 27 27

Aktive målepunkt Småkraftverk (stk.)

NØKKELTAL REGIONAL- OG SENTRALNETT

Installert transformatoryting (MVA)

1 249

1 336

1 321

1 310

1 310

39


#2019 / ÅRSRAPPORT

MONTASJE Divisjon montasje organiserer ressursseksjonen og montørpool. Ressursseksjonen har ansvar for logistikkoppgåver, teknisk kundeservice og ressursstyring. Montørpoolen utfører oppgåver knytt til feilretting, vedlikehald og utbygging av kraftnettet. 68 medarbeidarar jobbar i divisjonen. 8 av desse er lærlingar.

40


#2019 / ÅRSRAPPORT

Organiseringa er basert på bestillar-utførar prinsipp, og divisjonen er intern tenesteleverandør i Mørenett AS. Utvikling i 2019 Det overordna målet i 2019 har vore å auke effektiviteten i utføringa av oppdraga våre. Vi har fokusert på å gjere rutinar og innhald i dei ulike rollene i verdikjeda meir tydelege, og forbetre tilrettelegginga for å utføre oppdraga våre. Ressursseksjonen skal syte for god koordinering og effektiv bruk av utførande ressursar. Ressursstyring er godt innarbeidd i Mørenett AS. Gjennom 2019 har vi fokusert på utvikling av ressursstyring med auka grad av geografisk koordinering og langsiktig ressursplanlegging. Teknisk kundeservice (TKS) er etablert for å gi kundane effektiv og god service. TKS har medarbeidarar med teknisk kompetanse, og tekniske spørsmål blir i hovudsak behandla her. I 2019 har TKS behandla om lag 4 000 kundespørsmål og omsett desse til planlagde ordrar for utføring av oppdrag. Logistikkløysingane våre er vidareutvikla gjennom nye formar for samarbeid med grossist. Dette skal gi meir effektiv materiellflyt, enklare og digitaliserte bestillingsløysingar, redusert lagerbehov og større grad av leveranse direkte til prosjekt. Montørpoolen utfører oppgåver knytt til feilretting, vedlikehald og utbygging av kraftnettet. 68 medarbeidarar jobbar i denne seksjonen, av dei 8 lærlingar. Montørpoolen er redusert med 4 årsverk i 2019. Året har hatt fokus på avklaring av oppdragstyper, oppdragsvolum og kompetansebehov. Strategi og framtidsutsikter Divisjonen har kome langt i bruk av digitale løysingar for ordreflyt, informasjonsdeling og rapportering. Digitaliseringstrenden held fram, noko som vil vidareutvikle dei løysingane vi har i dag, og gi tilgang til nye, mobile digitale hjelpemiddel. Dette gir tydelege effektiviseringsgevinstar. Nye verkty som opnar for at fleire oppgåver kan utførast direkte av montørane ute i felt vert innført ved inngangen til 2020. For Mørenett AS er det viktig å styrke utførande kompetanse innan fagfelta som handterer høgspent luftleidning, dei store stasjonsanlegga og drift av dei tradisjonelle distribusjonsanlegga.

41


#2019 / Ă…RSRAPPORT

SYSTEMDRIFT Divisjon systemdrift organiserer driftssentral, energimĂĽling og DLE, og har driftsleiing og beredskapsansvar. 33 medarbeidarar jobbar i divisjonen.

42


#2019 / ÅRSRAPPORT

Utvikling i 2019 Mørenett AS har i 2019 tatt i bruk nytt Distribution Managing System (DMS), SCADA (Suvervisory Control And Data Acquisition) og nytt system for nettstasjonsovervaking. No når utrullinga av smarte straummålarar er ferdig, og anna ny teknologi er teke i bruk, opnar det seg nye moglegheiter for digitalisering og intelligent nettdrift. Beredskapsordninga for montørar vart endra i 2019, der tal faste vakter vart redusert og kombinert med frivillig beredskap. Prinsippet er å bruke næraste tilgjengelege vakt ved feil i nettet. Vi hadde ingen alvorlege natur- eller beredskapshendingar i 2019, der dette vart teke i bruk. I 2019 tok Mørenett AS i bruk naudnettet til driftssamband som erstatning for VHF-samband. Mørenett AS arbeider med forbetringsprosjekt på mange felt, mellom anna for å redusere utkoplingstid og KILE. I 2019 var KILEkostnaden 18,3 mill. kr. Den største enkeltkostnaden kom som følgje av feil i Sentrum transformatorstasjon, med KILE på 6,2 mill. kr. Planlagde utkoplingar for revisjon og liknande utgjorde 2,5 mill. kr av den totale KILE-kostnaden. Gjennomsnittleg avbrotskostnad i 2019 vart 61 kr/kWh. Vidare hadde vi i gjennomsnitt 2,4 avbrot per kunde, med ei gjennomsnittleg avbrotstid på 110 minutt. Det er utbetalt erstatning til 123 kundar på til saman 105 000 kr ut frå regelverket om erstatning for langvarige avbrot. Etter at Mørenett AS avslutta hovudmontasjen av nye smarte målarar i desember 2018, stod det igjen 5 000 målarar (8,2 prosent). Arbeidet med å ferdigstille desse pågjekk gjennom heile 2019. Ved årsskiftet stod det igjen å byte 1 728 målarar, i tillegg til målarar i anleggskasser. Samla sett er Mørenett AS godt fornøgd med utrullinga av smarte straummålarar, som vart gjennomført i regi av Smart Strøm Nordvest og Smarthub AS. Kostnadsmessig enda monteringa av smarte straummålarar på om lag 2 900 kr per målar, mot budsjettert 3 500 kr. Hausten 2019 valde Mørenett AS og dei andre eigarane av Smarthub AS å selje selskapet. Salet av aksjane og ny driftsavtale med Rejlers Embriq AS vart underteikna i desember, med verknad frå januar 2020. Det Lokale Eltilsynet (DLE) i Mørenett AS har to tilsette for å gjennomføre dei lovpålagte DLE-oppgåvene. Operativt tilsyn vert kjøpt inn frå sakkyndige selskap. I eigen regi gjennomfører vi tilsyn med installatørar, tilsyn på byggjeplassar, stikkprøver med sakkyndige selskap, delar av brannetterforsking og ulikt informasjonsarbeid. Gjennom året hadde vi undervisning til 1 556 elevar i 6. og 9. klasse. Volda ungdomsskule vart vinnar av den årlege klassequizen. Strategi og framtidsutsikter Den teknologiske utviklinga gir oss moglegheit til meir intelligent nettdrift, og smart utnytting av nettet vil vere fokusområde i Mørenett AS framover. Effekttariffering vil endre bruken av kraftnettet, og særskilt distribusjonsnettet, og vi forventar at det kjem meir kraftproduksjon og plusskundar ute i nettet. Endringane gir press på både spenningskvalitet og investeringsbehov. Dei nye drivkreftene påverkar systemdrifta i eit stadig meir utnytta nett med mindre reservekapasitet. Gjennom implementering av nytt EU-regelverk er det på nasjonalt nivå sett i gang prosesser med å definere rolla for Distribution System Operator (DSO), og avklare arbeidsfordelinga mellom DSO og TSO (Transmision System Operator/Systemansvarleg/Statnett). Mørenett AS arbeider for å få ei rolle som regional DSO, der driftssentralen skal operere nettet i ein større region enn Mørenett AS sitt nettområde. I 2018 vart Mørenett AS plukka ut til å køyre ein av tre nasjonale pilotar for å sjå på framtidig arbeidsfordeling mellom TSO og DSO. Piloten gjekk føre seg gjennom heile 2019, med gode tilbakemeldingar.

43


#2019 / ÅRSRAPPORT

FORBRUK DISTRIBUSJONSNETTET 2019 2018 2017 2016 2015 Levert sluttbrukar GWh Tap GWh Sum GWh Tap i distribusjonsnettet %

ANDRE NØKKELTAL Nettkundar (aktive målepunkt)

1 756

1 742

1 751

1 742

1 700

94

100

87

95

86

1 850

1 841

1 838

1 837

1 786

5,1

5,4

4,7

5,2

4,8

2019 2018 2017 2016 2015

66 077

65 467

64 985

64 414

63 696

Nettkundar på leveringsplikt (%)

2,7

3,1

4,2

2,6

2,2

Nettkundar på gjennomfaktureringsavtale (%)

90

90

90

80

-

354

374

361

364

341

1 368

1 400

1 660

1 465

1 415

Energiproduksjon i distribusjonsnettet (GWh)

428

430

473

428

501

KILE (mill. kr)

18,3

30,8

8,1

17,7

16,3

Effektmaks (MW) Energiproduksjon i regionalnettet (GWh)

44


#2019 / ÅRSRAPPORT

PRESENTASJON AV STYRET ERIK ESPESET STYRELEIAR

ELLING DYBDAL NESTLEIAR

Stilling: Konsernsjef i Tafjord

Stilling: Konsernsjef i Tussa

Utdanning: Sivilingeniør NTH/NTNU,

Utdanning: Sivilingeniør, NTH og

Master of Business Administration,

bedriftsøkonom, BI

Helsinki School of Economics

NINA MELLE SCHARNING STYREMEDLEM

TERJE SØVIKHAGEN STYREMEDLEM

Stilling: Organisasjonssjef i Tussa Kraft

Stilling: Økonomi- og finansdirektør

Utdanning: Bachelor barnevern og

i Tafjord Kraft

psykologi, arbeidsrett, økonomi og lei-

Utdanning: Diplomøkonom , BI, MBA finans,

ingsfag frå universitetet i Bergen og Nord.

NHH og autorisert finansanalytikar, NFF

TROND SØREIDE STYREMEDLEM

BJØRNAR DAHLE STYREMEDLEM

Stilling: Fagsjef energimåling i Mørenett

Stilling: Overmontør i Mørenett

Utdanning: Sivilingeniør NTH/NTNU

Utdanning: Energimontør

45


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.