PLANPROGRAM - E39 LANGELAND-MOSKOG OG KOMMUNEDELPLAN TRAFIKK FØRDE
Nær kontakt med vatn er òg noko som er med på å karakterisera Førde. Sentrumsområdet ligg i nær kontakt med fjorden. Jølstra renn gjennom heile Førde og saman med Anga er ho med på å gjera rennande vatn til eit karaktertrekk i dalbotnane. I Førde finn ein òg mange vatn som til dømes Bergavatnet, Movatnet, Bekkjevatnet og Langelandsvatnet. Desse står fram som rolege vasspeglar. Sjølve det urbane bysentrumet ligg på begge sider av Jølstra der E39 og Rv5 møtest. Det er samanhengande byggeområde vestover til Ytre Øyrane og Førdefjorden. Opplevingsverdi Elva Jølstra svingar seg gjennom det store landskapsrommet, og saman med elva Anga gir dei Førde og sentrumsområdet stor opplevingsverdi. Elvane er viktige for landskapsbiletet og gjer rennande vatn til eit karaktertrekk i dalbotnane. Vegetasjon i randsonene mellom elva og landbruksareala er med på å gje det opne landskapet variasjon. Jordbruksområda med den intensivt dyrka elveflata, dei graskledde terrassane, elva, vegetasjons- og eigedomslinjer, lauvskogkledde lier som del av eit storskala landskap er viktig for vegopplevinga.
Fig. 3.12 Utsikt mot Førde. Sentrumsområde med tett bebyggelse og kjøpesentra nærast fjorden med det opne jordbrukslandskapet på elvesletta omkransa av lauvskogkledde åssider med fjell bakanfor.
Dei mange opne grustaka langs vegen pregar landskapet på ein negativ måte.
25