Sogn og Fjordane yrkesfag

Page 1

Sogn

Fjordane

yrkesfag

Les meir om oss på

OKSU.NO

Det er smart

å velje yrkesfag

Ein treng ikkje vere spesielt sterk for å mekke tunge køyretøy. Det viktigaste er å jobbe smart – og be om hjelp. Du må tore å ta dei vala du har lyst til. Eg valde tunge køyretøy fordi det er kulare og tøffare enn dei andre køyretøyfaga. - Andrea Johnsen Sollid, mekanikar på tunge køyretøy på Scania i Stryn

OKSU.NO www.okosweb.no

www.ofelsf.no

Til foreldre og føresette Yrkesfag opnar alle dører

Det er tøft å velje mot haldningane til foreldra, rådgjevarane og kompisane. Gjennomgangstonen er at om du er usikker, så ta studiespesialisering – for då er alle vegar opne. Eg vil seie at det er heilt omvendt; Er du usikker så ta ei fagutdanning. - Finn Ove Øen, dagleg leiar hos Åsen og Øvrelid

SOK SOK

SOgn OpplæringSKOntOr

www.byggmesterforbundet.no

www.transportfag-sfj.no

www.okfh.no

www.noropp.no

www.okhm-sfj.no

www.oktf.no

www.bok-sfj.no www.bilfag.no

www.vestland.byggopp.no

www.pro.sf.no

www.okab.no

SOgn www.sognok.no OpplæringSKOntOr


- No er eg sikker på at

eg har valt rett

Eg bestemte meg tidleg for å ta utdanning innan helse og omsorg, fortel Ellen Oppedal på 19 år – som har gått Helse og omsorg på VG1 og Helsearbeidarfaget på VG2 i Sogndal. Eg likar å jobbe med menneske, der eg kan gje av meg sjølv. – Det gir ein utruleg mykje tilbake, smiler Ellen, som er andre års lærling i omsorgstenesta i Høyanger. Eg har tidlegare hatt sommarjobbar på sjukeheimen heime i Eivindvik, så eg visste ein del om kva eg gjekk til. På spørsmål om kvifor ho ikkje gjekk studiespesialisering og satsa på sjukepleiarutdanning har Ellen eit klart svar. Eg var så lei av skule og teori då eg var ferdig med ungdomsskulen, at det hadde eg ikkje orka. 3 år med berre teoretiske fag freista ikkje meg. Godt grunnlag for sjukepleiar Då var det mykje betre å ta to år med praktiske fag og følge på med 2 års læretid. Eg får jo til og med løn under utdanninga, smiler 19 åringen fornøgd. No får eg testa ut faget, og eg står med eit fagbrev i handa etter fire kjekke og varierte år. Ho fortel at planen er heilt klar – eg skal ta eit år med påbygg når fagbrevet er i boks, og så vil eg ta sjukepleiarutdanning. Eg brukar litt lenger tid enn dei som tek strake vegen – men eg meiner at eg har eit mykje betre grunnlag for å bli sjukepleiar enn dei som kjem rett frå skulebenken. Eg har med meg ein god og variert praksis – og er endå meir sikker på at eg har valt rett.

Ellen Oppedal (19) merker at pasientane set pris på å ha både kvinner og menn som hjelper dei i kvardagen og anbefaler fleire gutar å teste ut omsorgsfag.

helsefagarbeidar. Ho har heile tida hatt to kontaktpersonar i kommunen, som har vore flinke til å følgje ho opp. Er det noko spesielt eg har lyst til å vere med på så er det berre å spørje. Det er og betryggande å ha eit opplæringskontor i ryggen, som sikrar at eg får den praksisen og teorien eg har rett på.

”3 år med berre teoretiske fag freista ikkje meg.” Variert læretid Ellen har lærlingplassen sin i omsorgstenesta i Høyanger, noko som har gitt ho ein svært variert praksis. Eg starta med 8 månader på sjukeheimen, no er eg inne i ein 8 månaders periode i heimesjukepleien og i tillegg skal eg innom PU tenesta og ha ein månad sjukehuspraksis. Den siste valfrie perioden har eg valt å vere på sjukeheimen – og det er der eg til slutt skal avlegge fagprøva som

Ellen trivast med å arbeide med menneske.

Ikkje eit feminint yrke Det er utruleg givande å jobbe med eldre, og det skal ofte så lite til for å glede folk. Ellen vil slå eit slag for at fleire gutar vel denne yrkesvegen. Eg er heilt sikker på at mange hadde likt dette veldig godt – og pasientane set veldig pris på at det er både kvinner og menn som hjelper dei i kvardagen. Ho vil anbefale gutane å teste ut faget. – Det er ikkje ein spesielt feminin jobb, presiserer ho. Start med fagbrev Eg vil anbefale folk å starte med ei yrkesutdanning og få fagbrev, før dei går vidare til høgare utdanning, er Ellen sitt klare råd. På den måten får ein erfaring og finn ut kva ein likar. Det viktigaste er å finne eit fag ein likar, og som helsearbeidar er du garantert sikra jobb. Eldrebølga kjem – og vi treng omsorgsarbeidarar – anten dei har fagbrev eller høgare utdanning. I dette yrket er det viktig å vere flink med folk og kunne lytte og vere medmenneskeleg. Vi må ikkje berre ha fokus på sjukdom, men kunne sjå heile mennesket, avsluttar ein reflektert lærling – som er sikker på at ho har valt rett hylle i livet.


Vi må tore å

velje utradisjonelt Det var litt tilfeldig at Andrea Johnsen Sollid enda opp med å reparere på store lastebilar. Eg var skulelei og trengte nye utfordringar. Eg har alltid vore vand med mannsdominerte miljø, og eg likar å velje litt utradisjonelt, fortel lærlingen hos Scania i Stryn. Planen var nok i utgangspunktet at eg skulle gå studiespesialisering, og eg hadde nok takla det også, men etter 10 år med teori trigga det meg å gjere noko utradisjonelt. Eg hadde lyst på eit spennande yrke, og difor starta eg på TIP på Eid og fortsette på Køyretøy i Sogndal. Kult og tøft fag På Eid vidaregåande fekk eg ein veldig god lærar, som hjalp meg mykje, og som gav meg gode råd. Eg ville gjerne jobbe med køyretøy, og valde tunge køyretøy – rett og slett fordi det er kulare og tøffare enn dei andre køyretøyfaga. Som mekanikar på tunge køyretøy jobbar ein med lastebilar, bussar, varebilar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.

Som mekanikar på tunge køyretøy får Andrea jobbe med lastebilar, bussar, varebilar og andre køyretøy som veg meir enn 3500 kilo.

”Det viktigaste er å jobbe smart – og be om hjelp.” Mannsdominert Sjølv om Andrea har valt eit utradisjonelt yrke, som svært få jenter har valt før ho, er ho klar på at det ikkje er noko hinder for å gjere ein god jobb. Du må berre tore å ta dei vala du har lyst til, er Andrea sitt klare svar. Ho er vand med å vere i mannsdominerte kretsar, fortel ho. I Sogndal gjekk eg i lag med berre gutar, på TIP var eg ei av to jenter og på barneskulen i Kjølsdalen var eg einaste jenta i klassen. Gutane er snille dei, smiler ho. Ein må berre bli kjent med dei. Lære ved å gjere Andrea har vore lærling hos Scania i Stryn sidan august 2019, og stortrivast med å reparere tunge køyretøy. Når doningane skal testast er det andre

som må køyre dei, og det er i grunnen veldig nyttig. Då får eg sitte på med ein erfaren mekanikar – og det lærer eg veldig mykje av. Eg lærer best ved å gjere ting, så det var veldig kjekt å gå frå skulebenken til lærlingjobben – og få teorien ut i praksis. Smarte val Ein treng ikkje vere spesielt sterk for å mekke tunge køyretøy. Det viktigaste er å jobbe smart – og be om hjelp. Sjølv dei sterkaste på verkstaden må be om hjelp, når store tunge ting skal flyttast manuelt. Så er det veldig viktig å tenke HMS, skyt Andrea inn. Ein må bruke verktøy og hjelpemiddel – og ein må bruke dei på rett måte. Det er mange verkstader for tunge køyretøy i fylket, men mekanikarar er faktisk mangelvare. Transport og mekanikarar må vi alltid ha, seier Andrea. Eg

gler meg til å få fagbrevet på plass, og det er supert å ta ei utdanning der ein får løn under opplæring. Likar utfordringar På spørsmål om kva som er det kjekkaste med jobben, fortel mekanikarlærlingen at det er alle utfordringane ho møter på. Det er veldig kjekt når ein blir stilt over for ein situasjon eller eit problem – og så klarer eg å fikse det sjølv. Eg er ikkje redd for å spørje om hjelp – men det er ekstra stas å løyse problema sjølvstendig. Ho er overbevisst om at ho har valt rett fag, og fortel om ein positiv arbeidsplass, der ho er blitt tatt godt i mot. Det er viktig å bli kjent med dei ein jobbar med, då blir det ekstra kjekt å gå på jobb. Bil er viktig Andrea fortel at bil er ein viktig del av kvardagen, både på jobb og i fritida. I vennekretsen min har vi stort fokus på bil, og det blir både ein del mekking, bilturar og råning. Det er veldig sosialt å vere i lag med vener, når vi har ei slik felles interesse, avsluttar biljenta som torer å ta utradisjonelle val.


Med eit fagbrev i botnen, kan du bli kva som helst, seier Finn Ove Øen (40) - som har gått frå sommarjobb som tømrar til dagleg leiar i Åsen & Øvrelid.

Derfor er yrkesfag

nøkkelen til suksess Du har ikkje lukka ei einaste dør om du vel yrkesfag, seier Finn Ove Øren, som er dagleg leiar i firmaet Åsen & Øvrelid i Førde. Dei aller beste ingeniørane har gått vegen frå fagbrev til fagskulen og vidare til ingeniørutdanning. Ulempa er at vi misser mange gode fagarbeidarar på denne måten.

”I yrkesfaga er det slik at om du likar å jobbe så får du betalt for det.”

Yrkesfag opnar alle dører Gjennomgangstonen er at om du er usikker så ta studiespesialisering – for då er alle vegar opne. Eg vil seie at det er heilt omvendt; Er du usikker så ta ei fagutdanning – då har du noko i botnen – og du kan bli kva som helst. Du kan for eksempel gå karrierestigen i ei bedrift, kombinere fleire fag eller bygge på med høgare utdanning. Muligheitene er uendelege. To krav til lærlingane Hos Åsen & Øvrelid ønskjer dei primært å ha lokal arbeidskraft med fagbrev, og dei prøver å rekruttere ved å ta inn lærlingar. Målet for fylket må vere å ha dei yrkesfaga som næringslivet etterspør, meiner Finn Ove. Samtidig må vi sjølvsagt stille visse krav til ungdommen. Mange er skuleleie når dei er ferdige på ungdomsskulen, og kanskje er yrkesfaga i overkant teo-

retiske for nokre elevar. Det vi legg mest vekt på er at folk møter opp på jobb – og at dei viser normal folkeskikk. Det er eit godt utgangspunkt for å lære seg eit fag. Yrkesfag er vegen til suksess I yrkesfaga er det slik at om du likar å jobbe så får du betalt for det. Dess meir du jobbar dess meir tener du, i motsetnad til andre yrker der ein har ei fast løn uansett. Ønskjer du i periodar å jobbe lange dagar – for å tene meir pengar – så får du gjere det. Elles kan ein jo berre klikke seg inn på skattelistene, smiler Finn Ove. Nesten utan unntak så er det slik at dei som tronar høgst på formuelistene har starta som fagarbeidarar. Det fortel meg at yrkesfag er eit godt utgangspunkt for å starte for seg sjølv.

A til Å - www.atilaa.no / Trykk: Printfarm

Sjølv har Finn Ove gått den strake akademiske vegen for å bli ingeniør, men meiner det er ei stor utfordring at samfunnet oppfordrar alle til å ta høgare utdanning. Han forstår at det er tøft å velje i mot haldningane til foreldra, rådgjevarane og kompisane – og Finn Ove påpeikar at folk må sette seg meir inn i muligheitene som finst.