ABC for betre miljø

Page 1

INFORMASJON

for betre miljø


Ver så snill NoMil leverer og Kinn kommune er i front Vi er glade for å kunne samarbeide med NoMil som har ansvaret for den daglege drifta. For meg er det trygt å vite at alle typar avfall blir handtert på ein god og miljøvenleg måte. Kinn kommune er medeigar i NoMil og med anlegget i Purkehola har vi eit komplett avfallstilbod. Det er dyrt å drive med miljøvenleg renovasjon – du kan medverke til at vi skal klare måla våre om å vere ein miljøvenleg kommune. Hugs at gjennvinninga startar med rett sortering i heimen. Ver med på å gje avfallet verdi! Frode Ellingsund

ikkje kast våtserviettar i do. Vi opplever aukande problem med at folk kastar eingongsklutar i toalettet. Dette fører til stor skade og stans på pumpestasjonar som også kan føre til tette avløpsleidningar og forureining av miljøet. Tette avløpsrør kan gje tilbakeslag av avløpsvatn og kloakk i bustaden, som i tillegg til å vere ubehageleg, kan gje store skadar på bustaden din. Eingongsklutar, våtserviettar, Q-tips, snus, tanntråd, sanitærbind og tampongar skal kastast i søpla. Aldri i do.

Dyrt for kommunen – dyrt for deg...

Teknisk sjef i Kinn kommune

Det er kun tiss, bæsj og dopapir som skal i do Å kaste matrestar, fett og matolje i do er enkelt – men då inviterer du rottene heim til deg...


Bruk Purkehola – godt for miljøet, godt for deg og meg NoMil er opptekne av miljøet, og har mål om at minst halvparten av alt hushaldningsavfall skal materialgjenvinnast i løpet av få år, noko som er i tråd med nasjonalt mål. Vi må ha ei effektiv og miljøvenleg renovasjonsordning som stimulerer til god kjeldesortering. Vi oppfordrar innbyggarane til å ta turen til vår nye og funksjonelle gjenbruksstasjon «Purkehola» med dyktige og serviceinnstilte operatørar. Er alle flinke til å sortere hushaldningsavfallet i dei rette dunkane og nytte gjenbruksstasjonen til å levere anna avfall, skal vi saman med alle innbyggarane nå målet!! Inge Bernt Anestad Administrerande direktør i NoMil •

I 2020 gjekk berre 1% av hushaldningsavfallet i NoMil til deponering. Resten vart energi- eller materialgjenvunne.

Gjennom gjenbruksstasjonane vart det i 2020 levert inn ca 700 tonn, i overkant av 15 kg. pr. innbyggjar, med farleg avfall frå hushalda i NoMil-området. Dette er avfall med særskilt stor innverknad på helse og miljø, og som hushalda får levere kostnadsfritt.

Gjenbruksstasjonane gjev moglegheit til å kjeldesortere i veldig mange fraksjonar, noko som gjer at vi får ned mengda restavfall, og opp graden av kva som kan materialgjenvinnast. Mengda avfall som kjem inn gjennom gjenbruksstasjonane vil auke i framtida, og det vil også talet på fraksjonar som sorterast ut ved slik levering.

Visste du at...?

Servietter skal i matavfallet

Servietter med matsøl kastast i matavfallet. Om det er store mengder servietter, som for eksempel etter et selskap med 20 personer, er det bedre å kaste det i restavfallet. Det er ikkje ønskjeleg med store mengder tørt papir i matavfallet. Det skal vere lett å gjere rett. Lurer du på kor du skal kjeldesortere kva – gå inn på sortere.no


eleg

im r g o t l Enke

Gjenbruksstasjonen

PURKEHOLA

NoMil arbeider for å gje avfallet vi produserer ein verdi, og nytte dette som ein ressurs som vi kan gjenvinne til nye råvarer eller energi. God sortering legg til rette for god gjenvinning av avfallet, noko som igjen er bra for miljøet! Det er du som abonnent som er vår viktigaste samarbeidspart – hugs at gjenvinninga startar med rett sortering i heimen. Ved å sortere avfallet og levere dette gjennom henteordningane våre eller på gjenbruksstasjonen, kan du vere med å gje avfallet verdi. Gjenbruksstasjonen i Purkehola har gitt abonnentane ei framtidsretta avfallsordning – og vi er eit steg nærmare det nasjonale målet for gjenbruk og materialgjenvinning. Vi oppfordrar difor alle å nytte seg av det gode tilbodet i Purkehola! OPNINGSTIDER Mandag og onsdag kl. 13.00 – 19.00 Torsdag kl. 10.00 – 15.00 Purkehola finn du når du køyrer RV5 mot Førde (frå Florø). Sving til venstre 100m før Sundafjelltunnelen. Velkommen til Purkehola - vi hjelper deg gjerne!

VI SET PRIS PÅ DI HJELP

NoMil har samla inn meir plastemballasje pr innbyggar enn det norske gjennomsnittet! Ved siste kvalitetsrevisjon var kvaliteten i samsvar med Grønt punkt sin høge kvalitetsstandard.


Velkommen til Purkehola Snart har gjenbruksstasjonen vore i drift i eitt år, og anlegget er godt tilrettelagt for sjølvbetening. Det er eigne konteinarar for ulikt avfall. Vanskeleg å finne ut kor du kaster kva? Ikkje stress, vi har flinke og hyggelege operatørar som er opptekne av å hjelpe deg. Betaling EE-avfall Fretex

Farlig avfall

Papp

Alle kontainarar er godt skilta med tekst og symbol.

Restavfall

Trykkimpregnert

Plastemballasje,

Farleg avfall

Papp/papir

(gammal og ny type)

hushaldning

Vindu

Trevirke

Stein/flis

Glas- og metall,

EE avfall

Metall

Betong

hushaldning

Hageavfall

Gips

Isolasjon

• Not/tau • Vinylbelegg

NB! NoMil-sekkane for plastemballasje og svarte avfallssekkar kan du ikkje bruke til å levere restavfall, du må kjøpe gjennomsiktige sekkar på butikken din.

Gjenvinn – og vinn! Delta i Returkartonglotteriet Årleg vert det delt ut til saman 1,6 millionar kroner fordelt på 120 premiar á kr. 10.000, og 4 premier á kr. 100.000. For å vinne kr. 10.000,- må du skylle kartongen, press den flat og skriv namn og telefonnummer på den du vil skal vinne. Slik kan du vere med i trekninga om kr. 10.000,-. For å vinne kr. 100.000,- må du skylle, brette og stappe minst seks drikkekartongar i ein sjuande til ein kubbe. Skriv navn og telefonnummer på kubben.


ut Snapp opp! og heng

RENOVASJONSKALENDER Saman for eit betre miljø

2022

jan – juni 2022

Telefon: 57 00 94 00 E-post: post@nomil.no

Din lokale gjenbruksstasjon er Purkehola. Opningstider: Måndag og onsdag kl. 13.00 – 19.00 og torsdag kl. 10.00 – 15.00 Gjenbruksstasjonen finn du når du køyrer RV5 mot Førde. Sving til venstre 100 m før Sundafjelltunnelen.

JANUAR SENTRUM SONE 1–5

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31

FEBRUAR

DISTRIKT SONE 6–8

L S M T O T F L S M T O T F L S M T O T F L S M T O T F L S M

SENTRUM SONE 1–5

52 1

2

3

4

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28

T O T F L S M T O T F L S M T O T F L S M T O T F L S M

5

1. Nyttårsdag - 21. Ingrid Alexandra

6. Samefolkets dag 13. Morsdag - 14. Valentinsdag 21. Harald V 27. Fastelavn

MARS

DISTRIKT SONE 6–8

SENTRUM SONE 1–5

6

7

8

9

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31

T O T F L S M T O T F L S M T O T F L S M T O T F L S M T O T

MAI

APRIL DISTRIKT SONE 6–8

10

11

12

13

20. Vårjamdøger 27. Sommartid start

SENTRUM SONE 1–5

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30

F L S M T O T F L S M T O T F L S M T O T F L S M T O T F L

www.nomil.no

DISTRIKT SONE 6–8

14

1 og 4

7

2 og 5

8

3

6

15

16 1 og 2

10. Palmesøndag 14. Skjærtorsdag 15. Langfredag 17.1. påskedag - 18. 2. påskedag

17

SENTRUM SONE 1–5

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30 31

S M T O T F L S M T O T F L S M T O T F L S M T O T F L S M T

JUNI DISTRIKT SONE 6–8

18

19

20

1 og 2

1 og 4

7

2 og 5

8

3

6

21

22

1. Off. høgtidsdag - 8. Frigjeringsdag 1945 17. Grunnlovsdag 1814 26. Kristi Himmelfartsdag

SENTRUM SONE 1–5

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29 30

O T F L S M T O T F L S M T O T F L S M T O T F L S M T O T

DISTRIKT SONE 6–8

23 1 og 2

7 8

6

24

25

26

5. 1. Pinsedag - 6. 2 pinsedag 7. Unionsoppløysinga 1905 21. Sommarsolkverv - 23. Jonsokaftan

VÅTORGANISK AVFALL

GLAS- OG METALLEMBALLASJE PAPP/PAPIR · SEKK FOR PLASTEMBALLASJE Våtorganisk avfallRESTAVFALL Restavfall Papp/Papir· Sekk for plastemballasje Glas- og metallemballasje

Visste du at...? Chipsposen skal i restavfallet Chipspose og snackspose med aluminiumsfilm på innsida blir sortert som restavfall. Det skal vere lett å gjere rett. Lurer du på kvar du skal kjeldesortere kva – gå inn på sortere.no

Med appen NoMil Tømmeplan kan du få varsel om tømming på mobilen!

© A til Å • www.atilaa.no

Renovasjonskalender


Kor vert avfallet av...? Glas- og metallemballasje vert sendt til materialgjenvinning og vert til ny emballasje, som til dømes syltetøyglas og hermetikkboksar. Av gjenvunne glasemballasje vert det også produsert glasopor, som er det mest miljøvennlige fyll- og isolasjonsalternativet på marknaden. Matavfallet vert sendt til kompostering på SIMAS sitt kompostanlegg i Sogn/Kaupanger. Her vert matavfallet blanda med hageavfall eller trefils, og kompostert. Ferdig kompostert materiale kan nyttast som jordforbetring, gjødselvare eller som dekke på t.d. skråningar ved vegutbygging. Grønt punkt Norge organiserer gjenvinningsordninga for plastemballasje i store delar av Noreg, på vegne av plastprodusentane. Grønt punkt har avtaler med ei rekke gjenvinningsanlegg i Europa, som gjenvinn materialet. Plastemballasjen som Nomil samlar inn frå hushalda, vert normalt transportert til eit av gjenvinnigsanlegga for plast i Tyskland. Papp, papir og drikkekartong vert samla inn i lag, frå dunken med blått lokk. Ved Nomil sitt anlegg i Eidsmona jobbar Mona Vekst med å manuelt sortere papp, papir og drikkekartong frå kvarandre, og presse det til store terningar som er eigna for transport. Papiret vert sendt til materialgjenvinning, og endar normalt hos gjenvinningsanlegg i Sverige. Restavfallet vert sendt til energigjenvinning i Noreg. Fleire forbrenningsanlegg på Austlandet tek i mot restavfall frå Nomil. Noko går og til forbrenning hos Tafjord kraftvarme i nærleiken av Ålesund. Unntaksvis vert mindre mengder transportert til Sverige for energigjenvinning.


Avfall er ikkje lenger noko vi berre kastar på søppelfyllinga. NoMil og Kinn kommune arbeider saman for å gje avfallet ein verdi og nytte det som ein ressurs vi kan gjenvinne til nye råvarer eller energi. God sortering legg til rette for god gjenvinning av avfallet, noko som igjen er bra for miljøet! Du skal vere glad for at vi har eit godt tilbod med gjenvinningsstasjonen i Purkehola. Stasjonen er ei framtidsretta avfallsordning – vi er eit steg nærmare det nasjonale målet for gjenbruk.

DET ER ENKELT Å VERE MILJØVENNLEG!

ALT VERT JO BRENT LIKEVEL? Nei, det gjer ikkje det. Alt som skal kjeldesorterast blir gjenvunne, og råvarene som kjem ut blir brukte på nytt. Då vi kan hente ut mindre av kloden sine ressursar når vi skal lage nye ting. Plast blir til ny plast, panteflasker blir til nye panteflasker, papir blir til nytt papir og metall blir til nye metallprodukt. Kle og tekstilar selgast i bruktbutikkar eller blir sendt til fabrikkar som lagar nye produkt. Tomme syltetøyglass og hermetikkboksar blir til nye produkt i hundrevis av år framover, det vil sei, så sant du hugsar å sortere dei. Det som sorterast brenn vi ikkje, men det som hamnar i restavfallet blir brent og energigjennvunne.

Visste du at kvar hushaldning kan levere inntil

1000 kg farleg avfall gratis i Purkehola?

Tlf.: 57 00 94 00 E-post: post@nomil.no www.nomil.no

Tlf.: 57 75 60 00 E-post: post@kinn.kommune.no www.kinn.kommune.no

A til Å • www.atilaa.no

NoMil og Kinn kommune tek miljøet på alvor


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.