Krisesenteret i Sogn og Fjordane

Page 5

1. Innleiing Krisesenterrørsla opna Krisesenteret i Sogn og Fjordane i 1985. Drifta var basert på tilskot frå kommunane i fylket, staten, fylkeskommunen, Helse Vest og gåver frå lag og organisasjonar. For kommunane var det frivillig om dei ville yte tilskot til drifta eller ikkje. I 2002 vart Krisesenteret organisert til ei stifting. I 2010 vart krisesentertilbodet lovfesta gjennom Lov om kommunale krisesentertilbod. Kommunane vart ansvarleg for tilbodet, og statstilskotet vart frå 2011 gitt som rammetilskotet til kommunane, som vart pålagd å fullfinansiere krisesentertilbodet. Intensjonen med å lovfeste krisesentertilbodet var å å sikre eit likeverdig og godt fungerande tilbod til alle voldsutsette i heile landet. Krisesentera er i dag profesjonelle hjelpeinstansar der vern av voldsutsette er ein viktig del av tilbodet. I 2017 kom Forskrift om fysisk sikring i krisesentertilbodet. Denne fysiske sikring som hindrar uvedkomande i å ta seg inn i huset, vert her konkretisert. Dei tilsette skal ha god kompetanse i å kartlegge trusselbildet til den enkelte brukar og om individuelle sikkerheitstiltak under opphaldet på krisesenteret må settast i verk. Mange av brukarane er i stor fare og treng ekstra tryggleikstiltak, som til dømes voldsalarm. Forskrifta handlar om både tilsette og brukarane sin sikkerheit. Krisesentertilbodet er i dag organisert som eit interkommunalt samarbeid etter ein administrativ vertskommunemodell (Kommunelova § 28) Flora kommune er vertskommune og kjøper krisesentertenestene frå Stiftinga, og samarbeidskommunane kjøper tenestene frå Flora Kommune. Driftstilskotet til Krisesenteret vert fordelt på kommunane etter folketal og demografi.

5


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.