Kommunedelplan trafikk Førde

Page 70

Kommunedelplan trafikk Førde sentrum

Dei trafikale problema for biltrafikken i sentrum skuldast i stor grad lokaltrafikk, og vil i all hovudsak bli løyst med tiltaka over Hafstad bydel, Indre Øyrane og Halbrendsøyra. Tunnel nord eller sør for sentrum for rv. 5 er derfor ikkje prioritert. Dette er svært kostbare tiltak. For å få god trafikkavvikling i Førde sentrum vil det vere viktigare å få til ei fortettinga av areala i sentrum i tråd med gjeldande kommuneplan. Dette vil, saman med satsing på gang- og sykkelvegar, leggje til rette for at ein kan bruke sykkel på ein større del av reisene.

Fjellvegen er då føreslege oppgradert til ein hovudveg med sykkelfelt i begge retningar og noko fortau. For Førde kommune er det vesentleg at areal på sørsida av Fjellvegen kan nyttast til mellom anna infrastrukturtiltak som parkering og liknande. Utnytting av areal på sørsida må finne si løysing gjennom reguleringsplanarbeidet.

6. Konklusjon/tilråding Dei vurderte tiltaka er sett opp skjematisk for å gje ein samla oversikt over måloppnåing og tilråding (sjå Tabell 20). Under måloppnåing er det nytta fire kategoriar: svært god -god – mindre god – dårleg. Vurderingane av dette momentet er hovudsakleg gjort med grunnlag i effektmåla. Tiltaka er vurdert opp mot desse måla (jfr. Kapittel 1.2): • Del av trafikken i Førde som er gåande og syklande må aukast. • Del av trafikk i Førde som er kollektivreisande må aukast. Tilrådinga er ein vurdering av måloppnåing og dei prissette og ikkje-prissette konsekvensane. Dette er vurdert ut i frå korleis tiltaka i denne kommuneplan samanhengen bør prioriterast, og for å tydeleggjere at her er tiltak som ikkje bør gjennomførast i det heile, er det teke med ein eigen kategori «Ikkje aktuelt» for desse. Tilrådinga er delt i følgjande kategoriar: Bør prioriterast høgt – Bør prioriterast – Bør prioriterast lågt – Ikkje aktuelt. Særskilde høve er nemnt i kommentarfeltet. Tabell 20 Figuren viser ein samla oversikt over tiltaka, korleis dei er vurdert mot måloppnåing og kva tilråding som er gjort

Tiltak

Måloppnåing

1 1.01 Steinen - Øyrane (vestre alt.) 1.02 Halbrendsøyra – Øyrane (austre alt.) 1.03 Halbrendsøyra – Løken - g/sbru 1.04 Storehagen bru - ny g/s-bru/ fortau

Halbrendsøyra - Øyrane Mindre god Ikkje aktuelt

Tilråding

Mindre god

Bør prioriterast

God

Ikkje aktuelt

God

Bør prioriterast

1.05 Steinavegen - fortau 1.06 Kryss fv. 609 X E39

Svært god

Bør prioriterast

Svært god

Bør prioriterast

1.07 Naustdalsvegen – Øyrane – Storehagen bru - turveg

Mindre god

Bør ikkje prioriterast

2 2.01 Indre Øyrane – Angedalsvegen (tunnel nord)

Indre Øyrane - Vievegen Dårleg Ikkje aktuelt

Kommentar Stor kostnad

God samfunnsøkonomi og trafikal verknad i sentrum Berre aktuelt saman med vestre alternativ og om 1.02 ikkje vert bygd

Svært god på trafikktryggleik

Store kostnadar pga tunnel og usikkerhet knytt til flaumfare/-sikring. Konfliktar også i høve til

Side 69


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.