Kommunedelplan trafikk Førde

Page 6

Kommunedelplan trafikk Førde sentrum

Konsekvensutgreiinga og kommunedelplanen er utarbeida med grunnlag i vedteke planprogram. Konsekvensutgreiinga skal gjere greie for tiltaket med aktuelle alternativ og konsekvensar knytt til kostnader og ikkje prissette konsekvensar. Vurderingar av konsekvensar for dei 12 einskilde forprosjekta er utført slik planprogrammet legg fast. For dei fleste tiltaka er det ikkje er snakk om val av alternativ, men ei vurdering av dei enkelte tiltaka sine konsekvensar i høve tema. Det er ut i frå tidlegare erfaringar nytta ein forenkla modell i dei konkrete verdi- og konsekvensvurderingane, jf. omtale av dette i omtale av ikkje prissette konsekvensar i dei enkelte forprosjekta. Det er utført kost/nytteanalyse berre for nokre av tiltaka. I dag går både rv. 5 og E39 gjennom Førde sentrum. I tråd med planprogrammet vart det utarbeida ein silingsrapport for å vurdere aktuelle alternativ for det overordna vegnettet, E39 og rv. 5 gjennom Førde. Ein del alternativ for rv. 5 vart vurdert, men konklusjonen i silingsrapporten var at tiltak i sentrum og på E39 var høgare prioriterte, og at tiltak for rv. 5 dermed var så langt fram i tid at dei ikkje skulle vurderast i planarbeidet. Ved si handsaming av silingsrapporten hadde Bystyret denne merknaden: «Ny trase frå rv.5 gjennom Sentrum Sør (side 40 i rapporten) skal utgreiast.» Vi har valt å vurdere dette som ein del av arbeidet med Kommunedelplan Trafikk, da det er uavhengig av val av E39-alternativ. Det er ein føresetnad at rv. 5 går inn til sentrum i Naustdalsvegen og vert kopla saman med ny E39 aust for sentrum. Bakgrunnen for denne avgjerda var m.a. at det viste seg at lengre tunnelar nord før Førde for rv. 5 får liten trafikk, då gjennomgangstrafikken er relativt liten. Analyser utført i planarbeidet støtter denne konklusjonen. Trafikkproblema i Førde sentrum skuldast i stor grad lokal trafikk. Mål Målet for planarbeidet er at E39 skal bli eit effektivt nord-sør samband på Vestlandet, og samstundes sikre eit godt lokalt vegnett på strekninga og bidra til positiv sentrumsutvikling i Førde. Dette er vidare konkretisert mellom anna i samfunnsmål og effektmål. Samfunnsmåla er knytt til korleis vegnettet skal fungerer både til gjennomgangstrafikk og som reiskap for god sentrumsutvikling. Basert på desse og overordna mål gjevne i Nasjonal Transportplan, er effektmåla knytt til betring av forholda for gåande, syklande og kollektivtrafikken: • Transportkostnadane og reisetida for gjennomgangstrafikk og trafikk til/frå Førde må bli redusert. • Del av trafikken i Førde som er gåande og syklande må aukast. • Del av trafikken i Førde som er kollektivreisande må aukast. Kort omtale og vurdering av tiltaka Til saman er 12 tiltaksområde omtalt i 11 forprosjektrapportar. 42 tiltak fordelar seg som følgjer: • 6 reine køyrevegar utan tiltak for gåande og syklande (tunnel og kryss) • 5 er nye køyrevegar med tilrettelegging for gåande og syklande Side 5


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.