Kommunedelplan trafikk Førde

Page 47

Kommunedelplan trafikk Førde sentrum

3.5.3 Forslag til tiltak for å betre kollektivtransport i Førde Etter kvart som utviklinga av nye utbyggingsområde i Førde vert gjennomført, vil det vere behov for å vurdere kollektivtilbodet. Det er likevel visse tiltak som kan gjennomførast alt i dag. For det fyrste er tilbodet i dag lite oversiktleg. Rutetabellane er vanskelege å lese og det er ein rekkje fotnotar som viser unntak på dei enkelte avgangane. Optimalt sett burde kollektivtrafikken i sentrum hatt stive ruter 1 med så høg frekvens at passasjerane ikkje hadde behøvd å sjå på klokka for å planlegge kollektivreisa. I praksis vil ein så høg frekvens ikkje vere mogleg i ein relativt liten by som Førde, men stive ruter burde vere mogleg å oppnå. Eit kart som viser traseane til kollektivrutene vil og gjere rutetilbodet lettare å forstå. Eit anna tiltak kan vere å innføre pendleruter gjennom sentrum, og ikkje ruter som avsluttar i sentrum. På denne måten vert det eit høgare trafikkgrunnlag. I områder med lite trafikkgrunnlag og dermed lågare frekvens, som for eksempel i Førde, kan man få til smidige bussbyte ved å takte alle linjene som møtast i eit knutepunkt. Takting går ut på at alle busslinjene vert lagt opp slik at dei kjem fram til eit knutepunkt samtidig, slik at alle reisande kan byte mellom alle ruter utan lange ventetider. Dei nemnte tiltaka retter seg mot kollektivplanlegginga. I tillegg er det mogleg å gjere tiltak i vegnettet for å styrke bussane sin konkurransekraft mot bilen. For eksempel kan det vurderast å bygge to nye kollektivfelt i staden for bilfelt når ÅDT på rv. 5 og eksisterande E39 aukar til 12 000 kjt/døgn. Inn mot kryss, for eksempel på Storehagen mot rv. 5, kan det i tillegg vurderast å etablere kollektivfelt. Med omsyn til kollektivtrafikken vil det vere ein forholdsvis kort rushperiode med få bussar der det er avviklingsproblem. Det vert vurdert som viktigare å ha fokus på eit oversiktleg og godt kollektivtilbod enn å gjere fysiske tiltak. Samandrag ♦ Med dei vegtiltak som er føreslege i trafikkanalysen vil tilhøva for kollektivtrafikken bli tilfredsstillande. ♦ Dersom det i framtida som konsekvens av trafikkmengda blir aktuelt med firefeltsveg på delar av E39 og rv. 5, kan tilhøva for kollektivtransporten betrast med å etablere eit kollektivfelt. ♦ Vesentlege tiltak for kollektivtrafikken no er kollektivplanlegging inklusiv informasjon.

3.6 Parkering Situasjonen i dag Førde kommune har i dag ein eiga norm for parkering i samsvar med gamal Plan- og bygningslov § 69. Parkeringsnorma vert teken inn som føresegn i reguleringsplanar. Det er i denne parkeringsnorma og krav til oppstillingsplassar for sykkel. I tillegg er 1

Ruter der avgangene skjer samme antall minutt over hver hele time, for eksempel avganger klokken 0725, 0825, 0925 og så videre. Side 46


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.