Kommunedelplan trafikk Førde

Page 26

Kommunedelplan trafikk Førde sentrum

Figur 3-3 Det vart vedteken ein tematisk kommunedelplan trafikk for Førde sentrum vest i 2001.

Frå 1997 er følgjande gjennomført i samsvar med trafikkplanane: • Frå 1997 er ny fylkesveg (fv. 484) over Brulandsvellene bygd. • Frå 2001 er det etablert nytt lyskryss på Naustdalsvegen i samband med Handelshus Nord. • Nye veglenkar over Hafstad bydel og Indre Øyrane vart innarbeidd i kommuneplanen sin arealdel og er regulerte. Dei er ikkje bygde. • Konsekvensar av desse nye utbyggingsområda og fortetting i Førde sentrum er så tydelege i trafikkanalysane at det mellom anna er stilt rekkjefølgjekrav til etablering av vegar ved alle nye reguleringsplanar i sentrum. Samstundes er det strenge plankrav ved eventuelt oppstart av nye planar. Ein føresetnad i planen frå 1997 var ein ny trasè for E39 til rundkøyring på Hafstad, det såkalla C-alternativet. Dette er og lagt inn i gjeldande arealdel for Førde kommune. Side 25


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.