Kinnvegen

Page 1

INFORMASJON

EIN ENKLARE KVARDAG

KINNVEGEN EIENDOM

SOLDALEN & STORÅSEN

Harald J. og kona Else Marie har funne roen i Kinnvegen.

Kinnvegen er eit samarbeid mellom Allbygg, Vest Elektro og Mads Even Strømmen.

Kort avstand til naturen i Storåsen, badestrand på Sørstrand og landliv i Soldalen.


Enklare kvardag Eg saknar utsikta til Stabben, men eg saknar ikkje hagen og vedlikehaldet, seier Harald J. Stavang fornøgd. Han og kona Else Marie har flytta frå einebustad i Havreneset til ei 90 m2 stor blokkleilegheit på bakkenivå. No ser vi rett på Soldalen besøksgard, og er godt fornøgde med det. Harald – betre kjent som HJS – har heile 56 år bak seg i redaksjonen i Firdaposten, medan Else Marie kan vise til nærare 40 år i Kulturetaten i kommunen. Då eg måtte hjarteopererast skjønte eg at eg ikkje kunne leve evig, ler HJS. Dermed kom tanken om ein enklare plass å bu. Huset i Nyheimsvegen, som har husa familien i 39 år, vart selt på ein dag – og vi har fått eit godt liv i Kinnvegen.

Plass til barnebarn

småbruket i Pusavika. Her har vi 8 hus, inkludert utedo, og rikeleg med skog å arbeide med. Vi hadde nok ikkje skifta ut einebustad og hage med denne leilegheita om vi ikkje hadde Pusavika å reise til. Det er heile familien sitt pusterom og samlingsstad.

Enklare kvardag i Kinnvegen I Kinnvegen har det aktive pensjonistparet fått ein enklare kvardag. Alt er samla på eitt plan, med golvvarme

og korte avstandar til det som er viktig for dei – og samtidig nært naturen og rekreasjonsområda i byen. Dessutan er det relativt rimeleg i forhold til tilsvarande leilegheiter. For oss var det ikkje aktuelt å betale 1,5 millionar for god utsikt. På spørsmål om nærleiken til flyplassen er negativt, kjem svaret kjapt og enkelt. Vi veit ikkje om flyplassen her. Den har aldri vore til noko plage, men vi høyrde flytrafikken i gamlehuset i Havreneset.

Det var litt tilfeldig at vi kjøpte akkurat her, men Else Marie hadde eit klart krav om ikkje å bu midt i sentrum. Vi må ha litt luft rundt oss. No bur vi 1 minutt og 30 sekund frå dottera vår, og det er enkelt for barnebarna å komme på besøk. Med 3 soverom har vi god plass til overnatting, og det største soverommet har vi sett av til TV–stove til barnebarna, smiler Else Marie fornøgd.

Pusterom i Pusavika HJS er eit oppkomme av historier, og blar kjapt opp i dagbøkene sine om vi lurer på noko. Jobben som journalist i lokalavisa vart ein livsstil, og han har dagbøker i bokhylla frå ein heil mannsalder – heilt nøyaktig frå 1974 til 2013. Som så mange andre pensjonistar har Else Marie og HJS rikeleg å henge fingrane i. Det viktigaste er 2

Harald J. og Else Marie Stavang nyt eit enklare liv i Kinnvegen, med barn og barnebarn i nabolaget. Kinnvegen


Karen Anne flyttar heim Eg har alltid tenkt at eg skulle tilbake til Florø, fortel Karen Anne Løbersli. Ho kunne aldri tenke seg å flytte inn i noko gammalt, og har det som plomma i egget i den flunkande nye leilegheita i 2. etasje i Kinnvegen. Her er det solvendt, sentralt og kort veg til alt eg treng. Karen Anne fortel at ho var på utkikk etter ein stad å bu i kystbyen, og heilt tilfeldig oppdaga ho dette på FINN. Eg fekk med meg ei god veninne, og no bur vi i same blokk, smiler den blide dama frå Kristiansund. Levelege prisar og god plassering er viktig.

viklinga, og no synes eg byen har mange gode kvalitetar – og det er her eg har mykje av nettverket mitt. Etter 40 år i Florø, reiste ho tilbake til klippfiskbyen på Møre – men eg har alltid tenkt at eg skulle tilbake til Florø. No er eg heime igjen, smiler ho fornøgd.

40 år i Florø

Her vil eg vere

Karen Anne kom til Florø, som ung mor i 1973, og syntes at Florø var ein gammal og øde by. Eg har følgt ut-

Då vi kom hit i 1973 budde vi først på Ragnarrud, før familien bygde hus i Havreneset. Vi var berre innflyttarar

i starten på Ragnarrud – og det var lett å bli kjent med folk. Etterkvart fekk Karen Anne jobb i Trygdeetaten, og seinare har ho og jobba på Ungdomsskulen. Eg har 3 born som har vakse opp her, og eg synes byen – som i 1973 framstod som gammal og sliten – er blitt ein triveleg og flott småby. Familie og vener bur her, eg kjenner alt og alle her. Ja, her vil eg vere, ler ho.

Klar for eit aktivt liv i Florø Leilegheita til Karen Anne er på 70 m2, og akkurat passeleg for ei dame som bur aleine og som likar å reise. Eg har stort bad og 2 soverom, så her er barnebarn velkomne på besøk. Det er 5 minutt til næraste busshaldeplass, kort veg til butikk og så har eg turterreng med Røvarhillaren rett utanfor stovedøra. No har eg meldt meg inn i Pensjonistlaget, og håpar på mange kjekke aktivitetar. Ein må engasjere seg sjølv for å skape trivsel.

Familie og vener bur her, eg kjenner alt og alle her. Ja, her vil eg vere.

Karen Anne Løbersli

Utgjevar: Kinnvegen Eiendom i samarbeid med A til Å Grafisk Design og Media · April 2021 A til Å · Strandgata 17, 6900 Florø · Tlf. 57 75 29 00 · www.atilaa.no · Tekst: Anita Øygard · Prosjektleiar: Malvin Horne · Grafisk utforming: Charlotte Lindén-Nybø og Jan Tore Jagedal.

Storåsen sør

3


Agenturer

Hornnes Agenturer

Vi tilbyr alt innen: - Solskjerming - Markiser - Trapper i stål

A til Å · www.atilaa.no

A til Å · www.atilaa.no Foto: WeAre.

- Persienner - Rekkverk i stål

Linja AS sitt nye hovudkontor på Trolleskjæret.

SFE Nett er blitt til Linja Krav frå styresmaktene gjer at mange nettselskap må byte namn. SFE Nett har bytta namn til Linja, men vi er framleis ein del av SFE-konsernet. Sjå meir på Linja.no

EIT ROBUST STRAUMNETT GIR VEKST OG UTVIKLING Hornnesvegen 83, 6809 Førde - T: 950 41 650 - www.hornnes.no - post@hornnes.no

SUNDAL BYGG

Skal du bygge terrasse, skifte kledning eller renovere kjøkkenet? Snakk med oss – vi hjelper deg med kreative løysingar og godt handverk.

Ta kontakt med oss for eit uforpliktande tilbod.

VI TILBYR

• Oppussing • Trefelling • Ombygging /tilbygg • Rehabilitering • Vedlikehald • Støyping • Prosjektleiing

A til Å · www.atilaa.no

Har du eit prosjekt – som du aldri får tid til å gjennomføre?

VI TAR PÅ OSS JOBBEN!

Tlf. 992 95 272 · www.sundalbygg.no 4

Kinnvegen


– EIT RÅDGJEVANDE ARKITEKT- OG INGENIØRSELSKAP PÅ VESTLANDET

«iVest er i dag det leiande rådgjevarmiljøet i Kinn Kommune.

A til Å · www.atilaa.no

Vi har posisjonert oss for å ta del i utviklinga av Kinn kommune med våre 32 tilsette i sentrum av Florø».

Arkitektur ∙ Konstruksjon ∙ Bygningsteknikk Byggesaker og frådeling ∙ VVS og energi ∙ Elektro Prosjektadministrasjon ∙ Fornybar energi

JERNVARE - VERKTØY - MASKINER - VERKSTED

VA og veg ∙ Planarbeid

Spør MalvIn & Co ALT TIL PROFESJONELLE OG PRIVATE ivestconsult.no

PROFFPARTNER FLORØ

Evjegata, 6900 Florø - Tlf. 57 74 15 40 salg@ppfloro.no - www.proffpartnerfloro.no

iVest Consult - Strandgt. 6905 Florø--T:T:976 976 27 27 000 iVest Consult AS -AS Strandgt. 15,15, 6905 Florø 000--E:E:post@ivestconsult.no post@ivestconsult.no

Vi skreddersyr ditt bad Florø Rør lytter til kundene under byggeprosessen. Vi tegner badet sammen med deg, kommer med gode tips og hjelper deg med å sette ditt personlige preg på badet.

da

k v år b u

Florø Rør AS Telefon: 57 75 20 40 E-post: natalie@floro-ror.no Hamregata 17, 6900 Florø

Hverdager: 10.00 – 15.30 Lørdag: 10.00 – 14.00

A til Å - www.atilaa.no

s

ti k

Be

øk

gs åpe nt

Lø r

Ta kontakt med oss så vi sammen kan skape ditt drømmebad.

www.floro-ror.no Storåsen sør

5


Vi bygger for folk flest – til ein rimeleg pris Mads Even Strømmen, Egil Knapstad og Asle Solvang tilbyr moderne leilegheiter på byens beste solside, berre ein rusletur frå sentrum. Dette er ideelt for folk som vil bu både nær naturen og byen, fortel dei tre utbyggarane i Kinnvegen Eiendom. I tillegg så er det eit rimelegare alternativ enn andre tilsvarande prosjekt.

Eigarane har ordet Vi ser at dette passar inn i marknaden, seier Egil Knapstad. Gunstig pris og beliggenheit er fellesnemnaren for Storåsen sør. Bustadblokkene er på 3 etasjar med totalt 18 leilegheiter i kvar. Alle har balkong mot sør, og i kjellaren er det boder og parkeringsplass. Første blokka er ferdigstilt og byggesteg 2 er i startgropa. Planen er å bygge 6 blokker med til saman rundt 100 leilegheiter.

For folk i alle aldrar

Livskvalitet og aktivitet

Rimeleg alternativ

For mange er det god livskvalitet i å sleppe ansvar for vedlikehald og hage, fortel Asle. I staden kan ein nyte dei fine dagane på ein lun og skjerma terrasse eller i det flotte turterrenget som ligg rett utanfor stovedøra. Med Storåsen som næraste nabo og Sørstrand Folkepark berre ein spasertur unna, er det gode moglegheiter for å halde seg aktiv. Her har vi planer om å lage ei bru i terrenget, slik at bebuarane får ein snarveg til stien mot Røvarhillaren, fortel dei tre karane og peikar mot åsen nord for bygget.

Dei tre eigarane legg vekt på at dette er eit rimeleg alternativ, for folk flest. Vi tilbyr leilegheiter frå 65 til 95 m2, og prisane ligg godt under tilsvarande i Florø. Du får ikkje direkte sjøutsikt, men du er godt skjerma for nordavinden. Når du i tillegg har alt som gjer Florø attraktivt, nesten rett utanfor stovedøra – må dette vere midt i blinken for småbarnsfamiliar, nyetablerarar og folk som er ferdige med einebustad og hage.

6

Etter kvart kjem det på plass store fellesareal med mellom anna ballbinge og leikeplass. For mange er det og ein viktig trivselsfaktor å ha Soldalen besøksgard som nabo. Det ligg fleire barnehagar i nærleiken, og skulane i byen er heller ikkje langt unna. Å gå til sentrum tar omlag 20 minutt, og bybussen har stopp berre nokre få minutt unna.

Kinnvegen


Eigarane av Kinnvegen Eiendom er frå venstre; Asle Solvang frå Allbygg, Egil Knapstad frå Vest Elektro og Mads Even Strømmen.

Kinnvegen Eiendom tilbyr nye, solrike leilegheiter med balkong, vedlikehaldsfrie materialar, bod og parkeringsplass i kjellaren. Tilkomst via innvendig trapp og heis.

Fordelar med å kjøpe nytt: • Låg dokumentavgift. Ein betalar 2,5% dokumentavgift for tomteverdien, ikkje av heile kjøpesummen. • Fast pris – ein unngår bodrundar noko som gir forutsigbar kjøpesum. • Låge straumutgifter grunna høg byggteknisk standard (Tek-17). • Tilpass leilegheita etter ditt behov. Du får vere med å sette ditt preg på di leilegheit. • Du unngår uforutsette utgifter på din eigedom i lengre tid. • Du kan nyte fritida utan og måtte tenke på vedlikehald. • Du set sjølv første stiften/skrua i veggen.

22 min. spasertur til sentrum

Storåsen sør

3 min. køyretur til byen

7 min. til offentleg transport

12 min. spasertur til matbutikk

Gangavstand (10 min.) til flyplassen 7


Kort veg til naturen frå Kinnvegen Frå Kinnvegen er det kort gå avstand til fleire turstiar både i skog og mark, men også langs sjøen. Storåsen og Sørstrand folkepark ligg berre ein kort gåtur frå Kinnvegen. Med sjøen som nabo

Skog og mark rett utanfor døra

Sørstrand er eit fint naturområde der du kan rusle langs sjøen, og komme tett på naturelementa. Her er det lagt til rette for aktivitetar som ballspel eller du kan starte kajakkturen din herifrå. Det er sett ut flotte grillar, som kan nyttast av alle. Nytt og moderne servicebygg gir stranda ein lun og lys inneplass. Om sommaren kan du nyte byens flottaste badestrand, tilrettelagt med bruer over til holmane i nærleiken. I Sørstrand Folkepark er det plass til alle.

I Kinnvegen har du skog og mark som næraste nabo. Rett utanfor døra ligg det populære turområdet Storåsen. Om du skal på ein treningstur, eller berre gå ein roleg tur og lufte hunden, så er Storåsen eit veldig bra utgangspunkt. Her går det stiar på kryss og tvers, som endar opp i flotte utsiktspunkt. Du kan nyte utsikta mot øyane i vest – eller sjå innover byen og fjella i aust.

Ta ein tur opp til utsiktspunktet på Storåsen og nyt utsikta når sola går ned i vest.

Foto: Salt Arkitekter

8

Kinnvegen


Kinnvegen

A til Å · www.atilaa.no

– prisgunstige leilegheiter med eigne balkongar og garasje

KONTAKT MEKLAR Greta Halvorsen Eigedomsmeklar MNEF Tlf.: 481 67 099 E-post: greta@eigedomsmekling.no

eigedomsmekling.no

– Kvalitet sidan 1930

A til Å - www.atilaa.no

BETONGELEMENT • BETONGPRODUKT • KOMPETANSE • MILJØFOKUS

193

0

A til Å · www.atilaa.no

90 år

–2 020

Telefon 99 21 25 55 • www.fsement.no

Postadresse: Postboks 295, 6802 Førde • Besøksadresse: Sandbrekka 13, 6813 Førde Storåsen sør

9


GS-MASKIN

Foto: Roger Anzjøn · Vidsyn Media

GS-Maskin

satsar nytt og tradisjonelt Som 17 åring starta Geir Sandvik å jobbe hos Knut Julnes. Eg hadde mest med Knut å gjere på den tida, anten eg var i gravemaskina eller på verkstaden, smiler Geir – og legg vekt på at han har vore ein viktig mentor. I 2006 såg GS-Maskin dagens lys, og har sidan hatt ei eventyrleg utvikling. I dag satsar vi i 3 segment, og er å finne både i Florø og over heile landet – og vel så det. For meg er det ekstra stas å vere tilbake i bygget og området der eg starta. Det var Allbygg som selde lokala i Leirvåggata til GS-Maskin. Vi var tidlegare samlokalisert med Kinn Bryggeri i Bjørndalsvegen. Då dei trengte meir plass, var det lettare for oss å flytte ut,

enn at Kinn Bryggeri skulle gjere det. I samband med ny base, har vi også bestemt oss for å dele aktiviteten vår i tre satsingsområde.

Tradisjonelt gravearbeid i Florø Dei tradisjonelle anleggsjobbane har

vi stort sett her i byen, seier Geir. Dette har vi no skilt ut som eit eige selskap, under namnet GS-Anlegg. Det var dette vi starta med, og vi har mellom anna jobba med Kinnvegen og andre utbyggingar for Allbygg. Den siste tida har vi tatt på oss store jobbar

Foto: Roger Anzjøn · Vidsyn Media

10

Kinnvegen


Foto: Roger Anzjøn · Vidsyn Media

både for Florø Hamn, på Trolleskjæret, radiomasta på Brandsøyåsen og i samband med Grønsberg si storsatsing.

ing, det vil sei omtrent avstanden frå Florø til Nordkapp. Vi starta med fiber i 2010, og Enivest var første kunden. Det viste seg å vere ei smart satsing.

Fiber og tele i heile landet Den delen av selskapet som jobbar under namnet GS-Maskin driv med fiberrelatert arbeid. Vi har rundt 70 mann og 40 maskiner i arbeid over heile landet – i tillegg til nokre oppdrag i Sverige. Geir Sandvik satsa i eit nytt felt til rett tid, og er ein av dei største i landet på såkalla microtrenching. Vi har 7 trenchingmaskiner, som gjer det mogleg å legge fiber utan graving. Dei sagar eit spor i vegen for fiberen, og dermed går arbeidet mykje raskare og er mindre omfattande enn tradisjonell graving. For tida driv vi med trenching i Oslo, på Sørlandet, i Trøndelag og her i Vestland.

maskinpark, og meiner det er unødvendig at alle har alt slags utstyr på lager. Entreprenørane i Florø er både konkurrentar og samarbeidspartar, og vi har fått positive tilbakemeldingar på utleigekonseptet.

700 m2 «midt i byen» Plasseringar vår i Leirvåggata er ideell for driftsforma vår. Det er sentralt og samtidig har vi god plass, til både kontor og store maskiner. Vi har ein bra verkstadhall der vi har 3 mann i arbeid med reperasjonar og vedlikehald, i tillegg til ein ny vaskehall for klargjering av utleigemaskinene. Det er litt tilfeldig at eg er tilbake der eg starta, men det kjennest veldig rett, avsluttar ein fornøgd gründer.

Maskinutleige til proffe og private Fiber Florø – Nordkapp Vi har spesialisert oss på dette området, og har opparbeidd oss eit godt rykte, smiler Geir fornøgd. Det gjer at vi får forespørslar frå heile landet. Vi har satsa i ei ny nisje, og utbyggarane ser at vi er gode på dette. Til saman har GS-Maskin lagt ned 2 millionar meter med fiber ved hjelp av trench-

Eit heilt nytt satsingsområde for Geir Sandvik og gjengen hans er utleige av maskiner, til private og profesjonelle aktørar. Her er det minigravarar og hageutstyr som privatfolk kan leige frå GS-Utleie i Leirvåggata. Om ein entreprenør i Florø og omland manglar ei maskin, kan også dei leige hos oss. Geir Sandvik kan vise til ein stor

www.gs-maskin.no

GS-Maskin blir no GS-Anlegg, GS-Maskin og GS-Utleie • GS-Anlegg er eit entreprenørselskap med hovudaktiviteten innanfor bygg- og anleggsverksemd. • GS-Maskin er eit entreprenørselskap med hovudaktiviteten innanfor utbygging av fiber og telekommunikasjon. • GS-Utleie leiger ut maskiner og utstyr til private og næringsaktørar. Storåsen sør

11


Enivest Enivest leverer leverer internett internett ogog Get TVTV Enivest leverer internett og Get TV tilfrå Notøbakken Telia til Kinnvegen. Panorama. Med Get TV kan du sjå på TVPanorama. når og kor du vil! til Enivest MedNotøbakken Telia Play kan du sjåhelside på TV når og kor du vil! Skyopptak gir deg óg tilgong til dine opptak når Skyopptak girkan degdu ogsjå tilgang opptaka når Med Get TV på TVtilnår og kordine du vil! du er på hytta eller på farten. dugir erdeg på hytta eller på farten. Skyopptak óg tilgong til dine opptak når du er på hytta eller på farten. For prisar og meir informasjon:

enivest.no enivest.no

For prisar og meir informasjon:

Nett der du bur Nett der du bur Nett der du bur

12

Kinnvegen


VI BYGGJER FRAMTIDA Allsidig entreprenørfirma med solide referansar på Vestlandet

1

Allbygg har vore med på mange små og store prosjekt rundt om på Vestlandet. I Florø byggjer vi Kinnvegen. Moderne leilegheiter på byens solside.

2

1

Allbygg er aktive på Bulandet med å byggje ein berekraftig laksefarm for Bulandet Miljøfisk. Utbygginga er planlagt ferdig i løpet av 2021.

2

3 A til Å · www.atilaa.no

4

3

I Florø har Allbygg har vore med på å byggje om betongsiloen til eit 9-etasjes leilegheitsbygg for Per Bortheim Transport As.

Allbygg er med som underentreprenør for Veidekke i Haukå, med bygging av eit nytt smoltanlegg.

4

Allbygg er eit aktivt entreprenørfirma med mange års erfaring, sjå vår heimeside:

6900 Florø · Tlf: 57 74 20 50

allbygg.no Storåsen sør

13


ENIVEST

No kan vi kombinere hyttelivet med arbeid, fortel Johnny og Inger, som har fått ein ny hyttekvardag på fritidseigendomen sin på Reksta.

Kortare veg mellom jobb og fritid – med fiber på hytta

Fiberen har utløyst heilt andre moglegheiter til å vere på hytta, fortel Johnny Stigedal, som er hytteeigar på Reksta, busett i Førde – og salssjef i Sogn og Fjordane for Ahlsell VVS. Med DSL var nettet ustabilt, og det datt gjerne ut dersom naboane var aktive på nett. Då kunne eg ikkje basere meg på å jobbe herifrå. Som seljar skjer det meste via nett og telefon, og med den nye fiberen har eg fått ein ny arbeidskvardag. Ja, eg har i grunnen lært meg å bli meir digital etter at vi fekk fiberen på plass. Kona Inger Reksten Stigedal presiserer at prosessen fram til ferdig nett har vore viktig. Det tok litt lang tid, men resultatet er kjempebra – fordi dei som installerte var løysingsorienterte og lytta til våre ønskjer og behov.

Meir digital På kontoret i Førde har Johnny veggen full med permar og katalogar, der han har oversikt over vareutval og prisar. Etter at eg starta med heimekontor på Reksta, kunne eg ikkje dra med meg heile bokhylla, smiler han. Dermed er eg blitt tvinga til å bruke dei digitale løysingane vi har. Å bruke nettet i staden for papir er jo mykje enklare – så arbeidet mitt er blitt mykje meir rasjonelt både på hytta og kontoret. Av og til treng vi å bli tvinga til å tenke nytt.

Skjult fiber I tunet «Garden» på Reksta er det alltid liv og røre, og mykje som skjer. Inger Reksten Stigedal overtok barndomsheimen sin for mange år sidan, men før det bygde familien seg hytte på fjøstomta, som ligg vegg i vegg med gamlehuset. Hagen, som går heilt ned i flomålet, er prega av ein 14

~

Ja, eg har i grunnen lært meg å bli meir digital etter at vi fekk fiberen på plass.

Johnny Stigedal, salssjef i Sogn og Fjordane for Ahlsell VVS

hageentusiast som er veldig glad i stein og fargerike blomstrar. Frå tidleg vår til seint på hausten står hagen i flor, og alle små krinkelkrokar er prega av estetisk sans. Sjå her seier Inger, og lettar på nokre garnkuler og steinar. Her har dei lagt fiberen på ein slik måte at den er heilt skjult. Montørane var så velvillige og imøtekommande. Når vi sa korleis vi ville ha det, så la dei til rette for det.

Nett viktig for storfamilien I det daglege er Inger psykiatrisk sjukepleiar i Førde, men ho nyttar nesten alle fridagar, som turnuslivet gir, på Reksta. Det ho likar aller best er å samle familien med barn og barnebarn, til gode aktivitetar på yndlingsøya. Når små og store er samla er det ikkje til å stikke under ein stol at vi er avhengige av stabilt og godt nett – sjølv om vi aller helst vil vere på sjøen eller springe på fjellet, ler Inger. For sonen Asbjørn, som er ein av gründerane bak Birdbox-hyttene og firmaet Livit, var tilgjengeleg og stabilt nett avgjerande for at han kunne feriere her i sommar.

Kort veg til fritidsaktivitet Ein finn som regel Inger liggande på kne mellom busker og stein, anten med luking eller den store lidenskapen muring og støyping. Husbonden Johnny finn ein helst med spikarforkle og hammar. Det er alltid noko som skal fiksast eller reparerast når ein har ein fritidseigendom med hus, hytte, stor hage, uthus og sjøbu. Dessutan er begge engasjerte i Reksta Ungdomslag sitt 100 år gamle skulehus med festlokalet Rekstakjellaren. Her svingar dei to Reksta-/Førdianarane hammar og målingskost både seint og tidleg. Vi må engasjere oss om noko skal skje, og dette er viktig kulturhistorie som må takast vare på. Med fiber og heimekontor på hytta er det blitt mykje kortare veg mellom arbeid og fritidsaktivitetar. Margrete Lunde, salsleiar PM: Enivest er stolte av at vi har fått på plass tenestene våre ute på øyane i Florø. Alle som er med på dette prosjektet kan få ein kapasitet på fiberen heilt opp i 600 Mbits/s, i tillegg til TV og strøymetenester frå Telia gjennom den same kabelen.

enivest.no Kinnvegen


Besøksgard som næraste nabo Soldalen besøksgard ligg berre ein kort spasertur unna Kinnvegen – lunt og solrikt like ved Storåsen friområde. Her kan ein oppleve dyr i trygge omgjevnader og aktivitetar for heile familien. Kvar einaste søndag – gjennom heile året – er det open tundag i Soldalen. Mellom klokka 10 og 14 på søndagane kan du ta med deg familien inn i dette unike tunet og nyte bondelivet «midt i byen».

Søndagstur til dyra Tar du søndagsturen til Soldalen kan du nytte tunet med grillhytte og bålpanne. Små og store kan leike og møte dyra på ein trygg og god måte. Har du lyst, kan du vere med i stallen mellom klokka 11 og 12, og bli med på aktivitetar som riding og køyre i hestevogn.

Open gard Omtrent ein gang i månaden har dei open gard, der besøkande får sjansen til å lære meir om dei tamme dyra på garden. Vere med å gi dei mat og kos, og kanskje vil du prøve deg på ein ridetur? Her er god plass til å leike på uteområdet, og kiosken er open.

Trygt og tilrettelagt Soldalen besøksgard er kvalitetssikra og er godkjent som Inn på tunet-gard og 4H-gard. Gardstunet er tilrettelagt for barn i alle aldrar, også for dei med nedsett funksjonsevne.

Alpakka i Soldalen.

Vi gir deg ei enklare IT-drift

Indata er lokalisert sentralt i Florø, og leverer tenester og løysingar innan informasjonsteknologi. Vår forretningside er å levere gode og framtidsretta løysingar, og vi skal vere ein føretrekt leverandør. INDUSTRIDATA AS - Evjegata 10, 6900 Florø - Tlf: 57 75 87 00 - www.indata.no

Storåsen sør

A til Å · www.atilaa.no

KAMPANJE IT-SIKKERHEIT

15


Tlf: 57 75 22 11 E-post: post@vestelektro.no Man-Fre: 07:30 - 15:30 Evja, 6900 Florø

Trenge r du en elektr iker?

• • • • • • • • • • • • • • • •

Belysning og lamper Service Bolig/leiligheter Smarthus installasjoner Nybygg (profesjonelle) Industri/automasjon Landbruksinstallasjoner Brannvarslingsanlegg for landbruk Prosjektering Boligkontroll Internkontroll mot næringskunder Brann- og innbruddsalarm Svakstrøm (data, tele, fiber) Hvitevareservice Elbil lader Solcelleanlegg

Ingen oppdrag er hverken for små eller for store.

A til Å - www.atilaa.no

Vi kan blant annet tilby følgende tjenester:

www.vestelektro.no 16

Kinnvegen


FAGHANDEL INNEN TRELAST OG FAGHANDEL BYGGEVARER

Seljetun 5, 6900 Florø Tlf: 57 75 79 90 E-post: butikk.floro@xl-bygg.no Man–fre 07–17 Lør 09–14

Storåsen sør

Vi følger deg gjennom hele tilvalgsprosessen og kommer med løsninger tilpasset dine ønsker og behov

A til Å · www.atilaa.no

INNEN TRELAST OG BYGGEVARER FAGHANDEL INNEN TRELAST OG BYGGEVARER

xl-bygg.no Følg oss på

17


1

2

3

4

5

6

No er det klart for byggjesteg II i Kinnvegen – Storåsen Sør. Her får du prisgunstige leilegheiter, alle med eigne balkongar. Til leilegheitene følgjer det med parkeringsplass og bod i garasjeanlegg. Byggjesteget består av 18 leilegheiter fordelt på 3 etasjer. Gå inn på www.kinnvegen.no og sjå detaljerte planløysingar og pris for kvar enkelt leilegheit.

18

Kinnvegen


1

Flott 3-roms leilegheit vendt mot nordvest på 71,8 m2. Leilegheita har 1 parkeringsplass og bod.

2

Flott 2-roms leilegheit vendt mot nord på 60,1 m2. Leilegheita har 1 parkeringsplass og bod.

3

Flott 3-roms leilegheit vendt mot nordaust på 61,8 m2. Leilegheita har 1 parkeringsplass og bod.

4

Flott 3-roms leilegheit vendt mot sørvest på 73,3 m2. Leilegheita har 1 parkeringsplass og bod.

5

Flott 2-roms leilegheit vendt mot sør på 70,2t m2. Leilegheita har 1 parkeringsplass og bod.

6

Flott 3-roms leilegheit vendt mot søraust på 73,3 m2. Leilegheita har 1 parkeringsplass og bod.

bbservicesystem.no

BB ServiceSystem – kvalitet siden 1987

A til Å - www.atilaa.no I Foto: Photoevent

Storåsen sør

19


EIT RIMELEG ALTERNATIV FOR FOLK FLEST

Moderne leilegheiter på byens solside, berre ein rusletur frå sentrum. Nyt naturen rett utanfor stovedøra med turløyper i Storåsen, badestrand på Sørstrand og landliv i Soldalen.

RIMELEG BUSTAD PÅ SOLSIDA I FLORØ Tett på byen og naturen i Storåsen sør

kinnvegen.no

A til Å · www.atilaa.no

STORÅSEN SØR


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.