__MAIN_TEXT__
feature-image

Page 1

INFORMASJON

NYOPNING

Havhesten OPNING Måndag 2. november kl. 13.00

VELKOMMEN til nyopning av det flotte badeanlegget vårt!


Foto: Linda Regina Bruvik, Firdaposten.

Beste badeanlegget Anders Ole Sunnarvik har vore styreleiar i Havhesten dei siste 5 åra. Då eg overtok hadde anlegget store utfordringar med teknikk og vedlikehald. Sjølv med høge besøkstal var økonomien anstrengt, fortel styreleiaren som er glad for å få vere med på å få skuta på rett kjøl. Det er naturleg at eit 20 år gammalt anlegg med høgare besøkstal enn det er dimensjonert for treng oppgradering. For Havhesten var det energibruken og det tekniske anlegget som trengte eit krafttak – i tillegg til generelt vedlikehald og at vi ikkje tilfredstilte krava om universell utforming. Frå starten av var det ein svingete veg, med eit prosjekt som kom skeivt ut. Då vi endra prosjekttankane og heile anbodsmetoden til eit mykje meir spesifikt bestillingsverk var vi endeleg på rett veg.

Havari våren 2018 Eg gløymer aldri telefonen som kom om at vindauga var belagt med dogg, lufta var ikkje pustande i og ventilasjonsanlegget hadde knekt saman. Det kom skilt på døra om at Havhesten var stengt. Det var dramatisk, og vi måtte hive oss rundt og få tak i handverkarar som på mirakuløst vis klarte å få anlegget til å surre å gå fram til stenginga den 20. oktober 2019. Det beste badeanlegg Anlegget framstår som nytt, og målsettinga er å behalde posisjonen som det mest besøkte badet i Sogn og Fjordane regionen. Etter eit år med stenging, hardt arbeid og ein totalkostnad på 55 millionar kroner sit vi igjen med eit topp moderne badeanlegg. Den største kostnaden har vore automatisering av det

2

~

No gler vi oss til å ynskje velkommen til eit fantastisk flott badeanlegg! Anders Ole Sunnarvik, styreleiar med eit bankande hjarte for Havhesten

tekniske anlegget. Besøkande vil først og fremst sjå at vi har fått eit tilbygg med moderne gode kontorlokale, ny kafé, konferanserom til utleige og eigen inngang for skulesymjinga.

Samhandling gir suksess Suksessoppskrifta vår er samhandling og god kommunikasjon mellom dei ulike faggruppene, som har jobba på anlegget. Vidar Andersen, som har koordinert arbeidet har gjort ein fantastisk jobb. Nytilsett dagleg leiar Magny Rogne får og mykje skryt. Ho har gjort vesentleg meir enn kva som er forventa. Utradisjonelle arbeidsmetodar har gitt gode resultat, slår styreleiaren fast. Denne byggeprosessen har lært oss at god samhandling er avgjerande, for å klare å halde tidsfristar og økonomiske rammer.


Magny og co gler seg til snorklippinga Frå venstre: Brit-Helga Tødenes, Reneé Winter Brandsøy, Solveig Rønnekleiv Helle, John Mehammer, Ester Frøyen, Johanne Os og Magny Rogne. Foto: Jostein Vedvik, We Are.

Det aller viktigaste for at Havhesten skal fungere er dei tilsette. Å vere badevert er eit stort ansvar. Det er ein variert og hyggeleg jobb, der ein har ansvar for alt frå kundeservice og badevakt til instruktør i symjing og trening i vatn – og ikkje minst reinhald. No har vi fått eit mykje større anlegg å ta oss av, men vi er ein effektiv gjeng – så dette har eg trua på, smiler Magny Rogne, som har med seg 5 badevertar og ein med ansvar for den tekniske drifta.

å besøke oss. Merkinga er og blitt betre og tilkomsten for gåande er tryggare med den nye gangvegen.

Nytt teknisk anlegg Vi ser veldig fram til å opne anlegget og få ein meir normal kvardag, etter eit år nedstenging. Vi gler oss til å ha eit anlegg som kan levere skikkeleg varmt vatn – og at vi kan bruke mindre tid på feilretting. John Mehammer som har ansvaret for den tekniske delen har mykje nytt å sette seg inn i, men med hans lange erfaring vil han takle det fint.

Kurs i varmt vatn Den viktigaste endringa som følgje av det nye tekniske anlegget er skikkeleg varmt vatn. Det er viktig for revmatikarane og LHL-gruppa som trenar i vatn – men og viktig for opplæringa av dei yngste kundane. Vi gler oss til å komme i gang med alle dei ulike kursa utover hausten. Det viktigaste er å få på plass babysymjing, men det er og mange andre både barn frå 5 – 8 år og vaksne som kan få kurse seg i haust.

Universell utforming Utanom tekniske installasjonar har vi modernisert og skifta apparata i styrkerommet, fått nye spinningsyklar, fått eigen inngang for skulane og gjort anlegget meir tilgjengeleg for folk med nedsett funksjonsevne. Kaféen og gangane har fått universell utforming, og vi har fått nye spesialbygde garderobar, slik at vi lettare kan ta i mot folk som tidlegare hadde vanskar med

Dagleg leiar Magny Rogne.

Saknar lått og løye Det som eg gler meg aller mest til er å få på plass alle dei leikande ungane – og all lått og løye det medfører. Det har eg verkeleg sakna siste året. Som nytilsett dagleg leiar ser eg store utfordringar, men gler meg mest av alt - og kjenner meg trygg med eit godt styre og gode medarbeidarar i ryggen.

Utgjevar: Havhesten i samarbeid med A til Å Grafisk Design og Media November 2020 · A til Å · Strandgata 17, 6900 Florø · Tlf. 57 75 29 00 · www.atilaa.no Tekst: Anita Øygard · Prosjektleiar: Malvin Horne · Grafisk utforming: Charlotte Lindén-Nybø Framsidebilde: Jostein Vedvik, We Are.

3


– handlekraft på kysten

GODE PÅ KLIMA OG MILJØ I Kinn tek vi vare på naturen og er klima- og miljøvennlege.

ATTRAKTIV KYSTKOMMUNE Det er attraktivt å bu, besøke og drive næring i Kinn. Kystkvalitetane og kystressursane gir oss fortrinn.

GODE TENESTER I ALLE LIVSFASAR

kinn.kommune.no

4

A til Å - www.atilaa.no

Alle har det bra der dei bur, og får tenester i nødvendig omfang og kvalitet.


Gler meg til å hoppe i det Havhesten er det mest populære bygget vi har her i Florø, og det har hatt ei eventyrleg utvikling frå starten i 2000. Folk i Florø og nabokommunane har venta tolmodig på ei etterlengta nyopning – og er klare for å hoppe i det. Vi har eit badeanlegg med ei unik plassering, og ei utsikt som gir ein kjensla av å ligge og duppe i sjøen. Eg gler meg!

For oss som bur på kysten er det ekstra viktig å kunne beherske å vere i vatn. Dessutan er det ein fantastisk måte å både leike og trene. For turistane som kjem til Florø er det eit populært aktivitetstilbod på dei regntunge dagane. Ein er inne i varmen, men det ser nesten ut som at vi er ute.

~

Så ønskjer eg velkommen til nyopning og ein god badevinter inne i varmen – eg gler meg! Ola Teigen, ordførar og badeløve Livsviktig svømmeopplæring Det høyrest rart ut, men faktumet er at mange av dei eldre som har vakse opp i fjæresteinane her lærte aldri å symje. No får vi det heldigvis inn med den livsviktige skulesymjinga. Den gruppa som i dag stiller svakast er nye innbyggarar som kjem frå andre land, der det ikkje er vanleg å lære seg kunsten å symje. Havhesten legg til rette for dette i lag med Florø Frivilligsentral. Trening og velvære Havhesten er og viktig som trenings- og velværesenter. Det er mange som har gått her fast i årevis, og no håper vi sjølvsagt at alle kjem tilbake. Anlegget med oppgradert styrkerom og nyoppussa badeanlegg er eit kinderegg av eit treningstilbod. Dei

Ordførar Ola Teigen gler seg til at Havhesten gjenopnar og håper at alle tar turen! Foto: Jostein Vedvik, We Are.

som ønskjer det kan avrunde treningsøkta med varm boblemassasje og/eller badstua før ein avsluttar med eit sosialt kafébesøk.

Urbane verdiar i heile Kinn Med ny stor kommune ser vi kor viktig det er med eit tilgjengeleg badeanlegg. Målet er at vi får til eit tilsvarande tilbod i Måløy sentrum. Det er sjølvsagt at vi klarer å realisere og styrke gode urbane tilbod i heile Kinn. Til slutt vil eg takke styret, entreprenørar og tilsette for godt gjennomført arbeid – og at dei klarte å halde budsjettet.

Dette magasinet blir distribuert til husstandane i Florø, Måløy, Bremanger og Naustdal. Her kan du lese om alle dei fantastiske aktivitetstilboda ein finn i badeanlegget. Havhesten har fått eit etterlengta ansiktsløft og ei oppgradering av det tekniske anlegget. Ein god plass å leike og trene – for folk i alle aldrar. Velkommen til Havhesten!

5


Britt Maret Sunde og Anita Hammarseth Æsøy i Flora Revmatikerlag ser fram til gjenopning av Havhesten, og eit godt varmt bad. Foto: Anita Øygard.

Badar for eit betre liv Flora Revmatikerlag har hatt organisert trening i terapibassenget i Havhesten, heilt sidan opninga for 20 år sidan. Primus motor Anita Hammarseth Æsøy og leiar for lokallaget Britt Maret Sunde gler seg stort til å få dette tilbodet tilbake. Det er avgjerande for revmatikarane sin livskvalitet slår dei to fast. I vanlege symjebasseng ligg temperaturen på rundt 28 grader, men det blir for kaldt for revmatikarane. Vi blir stive i kroppen, og får dagevis med plager om vatnet er for kaldt. Idealtemperaturen er 34 grader, men den siste tida klarte ikkje Havhesten å komme høgare opp enn 31 – 32 grader, fortel dei to damene.

Gratis trening Vi samarbeider med LHL Flora, som er eit lokallag under «Landsforeningen for hjerte- og lungesyke», slik at vi deler på utgiftene med å leige Havhesten. Dermed klarer vi å oppretthalde eit gratistilbod for medlemmane våre. Tidlegare hadde vi to dagar per veke, men dei siste åra har vi hatt trening i vatn kvar tysdag. I snitt er vi 8 – 12 personar på kvar trening, og vi har god plass til fleire. No ser vi berre fram mot gjenopning av badeanlegget, og håpar at fleire blir med på treningane våre. Varmt vatn og gode instruktørar Det viktigaste med treningane våre er at vatnet er varmt nok, at instruktørane er flinke – og så er det bra med musikk som passar til bevegelsane. Trening i vatn er gunstig for alle, fordi ein ikkje belastar kroppane når det er vatnet som står for motstanden.

6

~

Trening i varmt vatn er avgjerande for eit godt liv. Anita Hammarseth Æsøy, primus motor i Flora Revmatikerlag

For oss med muskel- og leddplager er vatnet heilt avgjerande. Vi trenar både styrke og kondisjon, og instruktørane er flinke til å motivere oss. Mange av oss brukar i tillegg styrkerommet i kjellaren. Det er eit fantastisk godt tilbod, og så går det jo inn i same billetten, smiler dei to.

Bli med på gratis velvære Til slutt vil dei to eldsjelene oppfordre fleire til å vere med på treninga i vatn. Alle får den første prøveøkta gratis, og så kan ein jo vurdere å bli medlem hos oss. Trening i varmt vatn er avgjerande for eit godt liv. Etter treninga løyser vi verdsproblem både i badstua og kaféen – så det sosiale er viktig opp i dette og, avsluttar to badeglade damer.


Spinn klare med nye syklar Foto: Havhesten.

Kor mange stader kan ein trø seg svett med utsikt utover sjøen og til lyden av bølgeskvulp? Spinninginstruktørane Inger Lise Hjertenes Refvik, Linda Ulriksen Frøyen, Siri Rognsø og Svein Bjørkedal er spinn klare for ein ny sesong på sykkelsetet. Svein Bjørkedal fortel at han er spinningsinstruktør i dei flottaste lokala ein kan tenke seg. Her er det lyst og triveleg – og i tillegg svært godt ventilasjonsanlegg. På godvêrsdagar flyttar vi til og med spinningsyklane ut på kaikanten – det er heilt spesielt.

Timane våre er lagt opp slik at dei skal passe for alle, presiserer Svein. 4 – 5 kveldar for veka kan du vere med på 45 minutt spinning med påfølgande utstrekking. Dei skikkeleg tøffe avsluttar med eit stup i sjøen, smiler Svein.

Den nyoppussa spinningsalen i kjellaren under Havhesten har fått vindauge ut mot sjøen, slik at du kan svette deg fram med verdas beste utsikt. Vi er 4 instruktørar som er spinn klare til å komme i gang i «nye» lokale og med splitter nye syklar.

Det er ei stor oppleving å sitte ute og plutseleg kjem det eit fly inn for landing, og i neste augneblink padlar det ein kajakk stille forbi. Her kjem ein nær på naturen i Florø.

A til Å · www.atilaa.no

Den fleksible samarbeidspartnaren i Førde og Florø

MEKANISK ARBEID

ARBEID OG INKLUDERING

VEDLIKEHALD EIGEDOM

KURS

www.origod.no FLORØ Tlf. 57 75 21 40 Industrivegen, 6902 Florø

FØRDE Tlf. 57 83 36 00 Øyrane 2, 6800 Førde

7


CARGILL

Cargill satsar stort i Florø Tidlegare har vi bygt ut litt og litt, men no satsar vi skikkeleg, fortel fabrikksjef hos Cargill i Florø, Tor-Erik Røynesdal. Han viser til det 1 620 m2 store bygget i 4 etasjar som reiser seg tvers over vegen for portane, som fører inn til fiskefôrgiganten. Vi treng eit samlingspunkt for alle tilsette, og no gler vi oss til innflytting i nye lokale juni 2021.

Det er Trolleskjæret AS, ved Thor Arne Ullaland, som eig og står for utbygginga av det nye administrasjonsbygget på 4 etasjar. Det blir ei luftig gangbru som skal binde det gamle og nye saman, slik at det blir ei rasjonell utviding – utan vanleg vegkryssing for å komme til fabrikken.

Samlingspunkt Det blir veldig bra å få samla alle dei tilsette på ein stad, vektlegg Røynesdal. I underetasjen blir det parkeringsplassar og i etasjen over blir det garderobeplass for alle tilsette. Til samen er vi rundt 120 personar som jobbar på fabrikken, i administrasjonen og med IT, HR og salg. For tida leiger vi ein del kontorplassar i det gamle SFE-bygget i sentrum, så vi ser fram til å få alle samla under eitt tak. I andre etasje blir det kontor og ei stor kantine, og i toppetasjen blir det endå meir kontor og møterom. Koronatida har lært oss at vi må satse ekstra på digitale møteløysingar – så det blir ei skikkeleg oppgradering på den fronten i nybygget. Ekstern lokal eigar Cargill som lagar EWOS-fôret er ein betydeleg arbeidsplass i Florø, og vi legg vekt på eit sikkert og godt arbeidsmiljø for alle tilsette, fortel fabrikksjefen. No er tida moden for å oppgradere fasilitetane – og eigarane våre har vist stor vilje til å investere i anlegget. Vi ser fram til å få skikkelege lokale, der vi kan ta i mot kundar og leverandørar på ein god måte. Cargill brukar helst investeringsmidlar på fabrikkanlegga, så vi er godt fornøgde med å ha fått med oss Trolleskjæret som ekstern eigar og utbyggar. Dei eig bygget, og vi leiger det – og vi har vore i tett dialog i heile planleggings- og gjennomføringsfasen.

8

Fabrikksjef Tor-Erik Røynesdal i Cargill og Thor Arne Ullaland som eig eigedomsselskapet Trolleskjæret AS er godt fornøgde med framdrifta og samarbeidet om det nye administrasjonsbygget på 1 620 m2 med 2000 m2 parkeringsplass. Det skal stå ferdig i juni 2021, og blir ei etterlengta oppgradering av Cargill sine fasilitetar. Foto: Anita Øygard.

~

Det blir veldig bra å få samla alle dei tilsette på ein stad. Tor-Erik Røynesdal, fabrikksjef hos Cargill i Florø

Ringverknader i Florø Både vi og eigedomsselskapet Trolleskjæret er opptatt av å bruke lokale leverandørar – så langt det let seg gjere. Fabrikken gir betydelege ringverknader i lokalsamfunnet, og årleg kjøper vi varer og tenester til ein verdi av 150 – 200 millionar til fabrikken i Florø. Det er avgjerande viktig å ha lokal beredskap og fagkunnskap for oss som har drift 24 timar i døgnet. Fôrfabrikken har gått 24/7 gjennom heile sommarhalvåret – og det betyr store tap om vi må stenge ned for til dømes å få tak i langvegsfarande reparatørar. Globalt og lokalt samarbeid Vi gir næring til verda gjennom fiskefôret vårt – og samtidig er vi gjensidig avhengige av det lokale næringslivet i Florø. Nybygget og dei store investeringane er eit godt teikn på godt lokalt samarbeid – for å kunne levere globalt, smiler fabrikksjefen fornøgd.


Må takle vatn på alle kantar Det er utruleg kjekt å sjå at barn og unge som aldri har vore i vatn tidlegare, lærer seg å symje i Havhesten. Siri Stavang jobbar med inkludering i Florø Frivilligsentral – og meiner det er avgjerande viktig at folk er trygge i vatn og kan klare å redde seg sjølve, når dei bur på ein plass som Florø. For oss som har vakse opp i Norge er det ein naturleg ting å bade og å lære seg å symje, men slik er det ikkje for alle. Mange, både barn og vaksne, med fleirkulturell bakgrunn har aldri vore så nær vatn. Då er det ei stor barriere å få vatn opp til halsen – for ikkje å snakke om å dukke hovudet under.

Fantastisk samarbeid Samarbeidet med Havhesten og instruktør Sonja Olsen har vore kjempegodt. Sonja er gull verdt for symjeopplæringa i Florø. Vi har arrangert 10 vekers kurs, for barn og Siri Stavang. Foto: Privat. unge med fleirkulturell bakgrunn i tillegg til kurs for vaksne og andre unge som har behov for det. Vi tar inn 10 på kvart kurs, og det er alltid fullt. Så snart Havhesten er klar er vi klare for nye kurs, smiler Siri Stavang.

A til Å · www.atilaa.no · Foto: Margrethe Nelumka Haddal Gjertsen.

Gratis kurs etter behov Vi får økonomisk støtte frå fylkesmannen til symjekurs for barn og unge med fleirkulturell bakgrunn, som går i introklasse. For andre barn og vaksne søkjer vi midlar frå andre instansar. Kursa, som har vore arrangert dei siste 4-5 åra, er svært populære og viser eit stort behov. Det er viktig at familiane kan kjenne seg trygge, og at dei vaksne torer å gå på tur med ungane sine, her som det er vatn på alle kantar.

Etter eit kurs i Havhesten veit dei kva som må til om nokon skulle dette i sjøen.

Framtida startar i dag! Vi er generalpartner til Florø Fotball og støttar den lokale idretten. ssf.no

9


ENIVEST

No kan vi kombinere hyttelivet med arbeid, fortel Johnny og Inger, som har fått ein ny hyttekvardag på fritidseigendomen sin på Reksta.

Kortare veg mellom jobb og fritid – med fiber på hytta Fiberen har utløyst heilt andre moglegheiter til å vere på hytta, fortel Johnny Stigedal, som er hytteeigar på Reksta, busett i Førde – og salssjef i Sogn og Fjordane for Ahlsell VVS. Med DSL var nettet ustabilt, og det datt gjerne ut dersom naboane var aktive på nett. Då kunne eg ikkje basere meg på å jobbe herifrå.

Som seljar skjer det meste via nett og telefon, og med den nye fiberen har eg fått ein ny arbeidskvardag. Ja, eg har i grunnen lært meg å bli meir digital etter at vi fekk fiberen på plass. Kona Inger Reksten Stigedal presiserer at prosessen fram til ferdig nett har vore viktig. Det tok litt lang tid, men det totale resultatet er kjempebra – fordi dei som installerte var løysingsorienterte og lytta til våre ønskjer og behov.

Meir digital På kontoret i Førde har Johnny veggen full med permar og katalogar, der han har oversikt over vareutval og prisar. Etter at eg starta med heimekontor på Reksta, kunne eg ikkje dra med meg heile bokhylla, smiler han. Dermed er eg blitt tvinga til å bruke dei

10

digitale løysingane vi har. Å bruke nettet i staden for papir er jo mykje enklare – så arbeidet mitt er blitt mykje meir rasjonelt både på hytta og kontoret. Av og til treng vi å bli tvinga til å tenke nytt.

Skjult fiber I tunet «Garden» på Reksta er det alltid liv og røre, og mykje som skjer. Inger Reksten Stigedal overtok barndomsheimen sin for mange år sidan, men før det bygde familien seg hytte på fjøstomta, som ligg vegg i vegg med gamlehuset. Hagen, som går heilt ned i flomålet, er prega av ein hageentusiast som er veldig glad i stein og fargerike blomstrar. Frå tidleg vår til seint på hausten står hagen i flor, og alle små krinkelkrokar er prega av estetisk sans. Sjå her seier


Inger, og lettar på nokre garnkuler og steinar. Her har dei lagt fiberen på ein slik måte at den er heilt skjult. Montørane var så velvillige og imøtekommande. Når vi sa korleis vi ville ha det, så la dei til rette for det.

Nett viktig for storfamilien I det daglege er Inger psykriatisk sjukepleiar i Førde, men ho nyttar nesten alle fridagar, som turnuslivet gir, på fritidseigendommen på Reksta. Det ho likar aller best er å samle familien med barn og barnebarn, til gode aktivitetar på yndlingsøya. Når små og store er samla er det ikkje til å stikke under ein stol at vi er

~

Ja, eg har i grunnen lært meg å bli meir digital etter at vi fekk fiberen på plass. Johnny Stigedal, salssjef i Sogn og Fjordane for Ahlsell VVS Eg er så fornøgd med dei som installerte fiberen. Dei la alt til rette for at leidningar og rør ikkje skulle vise i hagen. Alle foto: Anita Øygard.

tid noko som skal fiksast eller reparerast når ein har ein fritidseigendom med hus, hytte, stor hage, uthus og sjøbu. Dessutan er begge sterkt engasjerte i Reksta Ungdomslag sitt 100 år gamle skulehus med festlokalet Rekstakjellaren. Her svingar dei to Reksta-/ Førdianarane hammar og målingskost både seint og tidleg. Vi må engasjere oss om noko skal skje, og dette er viktig kulturhistorie som må takast vare på. Med fiber og heimekontor på hytta er det blitt mykje kortare veg mellom arbeid og fritidsaktivitetar. Eg er blitt tvinga til å klare meg utan permar og katalogar. Det har gjort arbeidet mitt meir rasjonelt både på hytta og kontoret, seier Johnny, som sel VVS delar frå hytta på Reksta.

avhengige av stabilt og godt nett – sjølv om vi aller helst vil vere på sjøen eller springe på fjellet, ler Inger. For sonen Asbjørn, som er ein av gründerane bak Birdbox-hyttene og firmaet Livit, var tilgjengeleg og stabilt nett avgjerande for at han kunne feriere her i sommar.

Kort veg til fritidsaktivitet Ein finn som regel Inger liggande på kne mellom busker og stein, anten med luking eller den store lidenskapen muring og støyping. Husbonden Johnny finn ein helst med spikarforkle og hammar. Det er all-

Margrete Lunde, salsleiar PM: Enivest er stolte av at vi har fått på plass tenestene våre ute på øyane i Florø. Alle som er med på dette prosjektet kan få ein kapasitet på fiberen heilt opp i 600 Mbits/s, i tillegg til TV og strøymetenester frå Telia gjennom den same kabelen. enivest.no

11


NYE FLOTTE

Havhesten Vi gratulerer Hovudentreprenør Totalleverandør innan bygg og anlegg

Harald Kapstad as T: 57 72 03 00 M: ghk@haraldkapstad.no www.haraldkapstad.no

RØRLEGGERARBEID UTFØRT AV - en bedre elektriker

Tlf: 57 73 63 40 • Mail: post@skaar-vvs.no Adresse: Dalsvegen 320, 6963 Dale i Sunnfjord

skaar-vvs.vb.no

Vi takker for oppdraget med elektroarbeidet! NBN Elektro 577 52 800 www.nbn.no

Foto: Photoevent

- din VB rørlegger i Sunnfjord og Sogn

«jo renere vann – jo bedre energi» Niprox har levert to vedlikeholdsanlegg til Havhesten www.niprox.no

12


Foto: Nils Petter Fredheim.

– og takker for oppdraget! Arkitektene i prosjektet

Rådgivende ingeniør - Byggteknikk, og prosjektering av brann • akustikk • elektro • VVS

T: 57 74 27 45 M: post@saltarkitekter.no A: Strandgata 26, 6905 Florø

Angedalsvegen 4, 6800 Førde

www.sweco.no

www.saltarkitekter.no

GK Inneklima AS Tlf: (+47) 902 67 113 Øyrane 7, 6800 Førde

www.gk.no

Vi har hatt entreprise for sanitær- og varmeanlegg, ventilasjon, automatikk og SD-anlegg

Enwa Badeanlegg har levert vannbehandlingsanlegget til nye Havhesten

22 30 40 40 . enwabad@enwa.com

Ventilasjonsanlegg montert av Norblikk AS T: 57 74 25 11 • M: post@norblikk.no • A: Hamregata 36, Evja, 6900 Florø

13


Ketil Søvik Rådgivar bedrift kjetil.sovik@spv.no Tlf.: 95 75 12 68

Kjell Gunnar Lilleøren Rådgivar bedrift kjell.lilleoren@spv.no Tlf.: 90 99 10 20

Nina Eren Hovland Liseth Konsulent nina.liseth@spv.no Tlf.: 95 15 20 23

Kristin Teigene Rådgivar privat kristin.teigene@spv.no Tlf.: 95 22 00 62

Leif Arve Aarøy Rådgivar privat leif.aaroy@spv.no Tlf.: 94 26 96 08

Silje Nistad Alræk Rådgivar privat silje.alraek@spv.no Tlf.: 47 34 74 09

Lars Eivind Solnørdal Banksjef privat lars.solnordal@spv.no Tlf.: 41 21 87 46

GODE RÅD

Din rådgivar i Florø Treng du eller din bedrift nyttige råd om lån, sparing og forsikring. Vel den lokale rådgivaren din, vi står klar med gode økonomiske råd. Book møte enkelt selv på www.spv.no/motebooking

FLORØ BYGG AS - Firdavegen 30 - 6900 FLORØ - Telefon 57 74 77 00 - www.florobygg.no

14

A til Å - www.atilaa.no

FRÅ PLAN TIL FERDIG BYGG Vi i Florø Bygg tar oss av alt – frå prosjektering og byggesøknad til ferdig bygg. Vi er totalleverandør med leiligheiter på eigne tomter, og er ellers engasjert i store næringsbygg og mindre påbygg.


Havhesten som medisin og arbeidsplass Eg har hatt store isjiassmerter og plager med ryggen i mange år, og vart introdusert for bassengtrening på Hauglandsenteret. Då forstod eg kor godt det er for kroppen min. Solveig Rønnekleiv Helle har bak seg 20 år på kontorstol i forsikringsselskap og 6 år som eigar av syverkstaden Hjertefryd i Strandgata. Å sitte i ro var umulig med den ryggen, og sybutikk er ikkje så inntektsgivande – så no er ho klar for draumejobben som badevert på Havhesten. Eg har lang erfaring med å trene i Havhesten, og går der fast 2 dagar for veka, smiler Solveig. No gler eg meg til meir trening og ein spanande jobb der eg får bevege meg.

~

Utsikta frå Havhesten må ein heller ikkje gløyme. Det er heilt magisk – uansett vêr. Solveig Rønnekleiv Helle, nytilsett badevert Trening og bevegelse Den beste medisinen for dårleg rygg er trening og å vere i bevegelse. Trening i vatn er heilt supert, for då unngår ein skader og feilbelastning. I tillegg går eg turar i terrenget og driv med litt yoga og sykling. Med denne resepten klarer eg å halde ryggen min i sjakk. Å få ein jobb der eg kan vere mykje i bevegelse er avgjerande for at eg skal fungere. Det er heilt greitt å legge ned butikken min no, seier ho – men spøt og saum vil alltid vere ein del av meg. Ny energi I tillegg til å bli bra i ryggen så held eg meg i form, og så er det veldig sosialt å trene i Havhesten. Eg startar som regel øktene mine med å svømme i det store bassenget, før eg går over til revmatikarlaget si felles-

Solveig Rønnekleiv Helle går frå butikken Hjertefryd til draumejobben som badevert i Havhesten. Foto: Anita Øygard.

trening i terapibassenget. Når det passar seg slik tar eg gjerne ei økt i styrkerommet også. Det er ein ekstra bonus at instruktørane er flinke og blide. Det blir mykje lått og løye når ein trenar i lag – og det gir ekstra energi, ler Solveig.

Havhesten på heiltid Utsikta frå Havhesten må ein heller ikkje gløyme, påpeikar Solveig. Det er heilt magisk – uansett vêr. No er ho klar for å jobbe med denne utsikta kvar dag. Det blir noko heilt nytt og spanande, og eg er litt spent på korleis det blir å jobbe turnus. Eg er sikker på at det blir kjempekjekt – men først må eg gjennom ein del kursing i førstehjelp og dykking.

Tlf. 57 74 07 30 - svein@byggservicefloro.no

www.byggservicefloro.no

www.systemhus.no

15


LOCAL HOST

Gjengen i Florø som du treff i dei nye lokala midt i byen «går verkeleg på». Frå venstre: Henrik Lillebjerka, Nils Magnus Eliassen, Bent Agledal og Anita Hauge. Foto: Ian Cassels.

Tung teknologisatsing i Florø – med evne til å løfte fram andre Den viktigaste jobben vår er å gjere IT enklare, fortel Bent Agledal, som leiar LocalHost si avdeling midt i Florø sentrum. Det betyr ikkje at vi berre skal selje løysingar til bedriftene. Vi skal sørge for at ting fungerer, at vi forklarar kva vi tilbyr og at vi gir råd om kva bedrifter bør og ikkje bør bruke. LocalHost satsar i Kinn, og medgründer Sindre Kvalheim fortel at dei har ein klar visjon med å satse i Florø. For oss er det ein naturleg del av marknaden. Med 29 tilsette fordelt på kontor i Måløy, Florø, Nordfjordeid, Ålesund, Vestnes og Åre i Sverige har bedrifta som mål å vere det leiande IT-miljøet på Vestlandet.

Brei erfaring LocalHost har brei industriell IT-erfaring, og har vore sentrale i oppbygginga av store aktørar som Lefdal Mine Datacenter, Videonor og Seevia. Konsulentane i selskapet har i gjennomsnitt over 15 års fartstid, og har jobba med IT i ei rekke ulike bransjar – alt frå butikk og rekneskap til fiskeri, industri og produksjon. På kundelista til LocalHost finn ein mange store industribedrifter, som til dømes LAB Entreprenør,

16

~

Med den største satsinga vår sidan 2007 er vi nå klare for å gi næringslivet i Florø profesjonelle råd og framtidsretta IT-løysingar.

Sindre Kvalheim Administrerande direktør i LocalHost Ervik Havfiske, Coast Seafood, Selstad, Norwell og Kinn Regnskap.

Fleksibel leverandør med rask responstid Bent Agledal fortel at noko av styrken til LocalHost er


stor fleksibilitet og rask responstid. Vi hjelper med alt fra Office-pakkar hos enkeltmannforetak til komplette driftsløysingar og utarbeiding av IT-strategiar for store konsern med milliardomsetning. LocalHost har alltid hatt fokus på at ein skal få hjelp når ein treng det – for å sikre dette monitorerar bedrifta mellom anna svartid på sentralbordet.

Spesialtilpassa løysing med høg sikkerheit IT-bransjen er stadig i endring, og dagleg kjem det nye tekniske løysingar på markedet. Det er vår jobb å halde følgje med utviklinga for å kunne gje kundane våre gode råd og korrekt rettleiing. Med eigne utviklarar kan vi skreddarsy løysingane for kvar enkelt kunde, seier Bent Agledal. Sertifisert leverandør LocalHost er sertifisert VISMA-forhandlar og sertifiserte på ISO 9001 og 14001. Med eige datasenter, der alle kunder er 100% adskilt kan alle kundane våre sove godt om natta – vel vitande om at bedrifta sine data er i trygge hender. Når produkta i tillegg er levert utan bindingstid er vi svært bevisste på at vi må levere gode løysingar for å halde på kundane, legg Agledal til. Ønskjer kundar maskinvare og anna utstyr så tilbyr vi dette via søsterselskapet vårt NetPartner, som har eigen butikk i Måløygata og fleire produkt på lager hos LocalHost i Florø. Profesjonell rådgjevar med eige Tiger Team Administrerande direktør i LocalHost Sindre Kvalheim presiserer at det viktig å forstå kundane sine, for å kunne vere med å legge ein strategi for modernisering. Å overta eit komplett team i Florø, gir oss ein posisjon til å etablere eit Tiger Team. Det vil sei ei gruppe spesialistar som jobbar saman for å nå eit mål, eller løyse eit bestemt problem hos ein kunde. Satsinga i Florø er vår største sidan 2007, og vi ønskjer å markere at vi også er ein viktig samfunnsaktør.

Ein viktig samfunnsaktør LocalHost er godt mottekne i Florø og har allereie fått fleire nye kundar i portefølja. Bedrifta har og som mål å vere ein viktig bidragsytar i heimkommunen. Dei jobbar i lag med vidaregåande skular, har eigen utdanningsavdeling (Måløy Academy) og støttar lag og organisasjonar som driv arbeid for barn og ungdom, som til dømes Florø E-sport. Innovatør og Investor I tillegg til å vere ei teknologibedrift er vi også eit investeringsselskap, med solid kapital i ryggen – og ikkje minst vilje og evne til å hjelpe og rådgje bedrifter i oppstartsfasen. Vi har fått eit viktig løft ved å vere på plass geografisk i heile Kinn kommune, og vi vil gjerne vere med å løfte andre opp og fram, avsluttar Sindre Kvalheim.

Vi i Norwell har hatt LocalHost som samarbeidspartner i mange år. Det gjer at vi slepp å bekymre oss for om det tekniske fungerer. Dei er raske på labben om vi har trøbbel eller spørsmål – og gir oss den servicen vi treng. Vi jobbar i ein internasjonal marknad, og er avhengige av at kommunikasjon alltid er på topp – og at den fungerer 24/7. Med LocalHost som leverandør kan vi sove godt om natta. Ingrid Kassen, Managing Director, Norwell

I 2009 blei Adcom Nordfjord innfusjonert i LocalHost og vi gjorde med dette ei større satsing på Nordfjordeid. Dette ble en ubetinga suksess for selskapet, dei tilsette og for kundane. Nå har vi gjentatt suksessen i Florø – og starta 2020 med å gjere vår største satsing sidan starten i 2007. Med teamet i Florø er vi endeleg i posisjon til å etablere eit Tiger Team for industrien. Florøkontoret blir svært viktig for vår offensive satsing framover og vi vil framleis vere den største IT-leverandøren i Kinn og Stad. Sindre Kvalheim, Administrerande direktør i LocalHost local-host.no

17


Svømming som konkurranseidrett er ein av verdas største idrettar. Vi ønskjer Sivert masse lykke til i NM i kortbane i november! Foto: Privat.

Frå babysymjing til elitesvømmar Sivert Helland Veseth (22) har nærast vakse opp i Havhesten. Ja, eg starta med babysymjing – og sidan har eg gått gradene – frå å plaske i terapibassenget til eg tok mitt første 25 meters merke i det store bassenget. Dei første trenarane har vore avgjerande for at eg har fortsett med denne idretten. I tillegg har eg ei trufast mor, som stiller opp heile vegen. Eg starta med aktiv trening i Havhesten då eg var i 6 – 7 års alderen, og trenarduoen Hilde Sørstrand Æsøy og Asbjørn Æsøy var fantastisk motiverande. Eg er eit konkurransemenneske av rang – og ville helst hevde meg mot dei store gutane, men trenarane hadde aldri fokus på å bli best. Målet var å bli den beste utgåva av deg sjølv. Det er dei to eg kan takke for at eg framleis er aktiv i idretten, smiler Sivert fornøgd.

Meistring og glede Som 12-åring var eg ranka som nummer 1 i min klasse i Norge, men det vart aldri ei stor greie. Tida i Havhesten gav meg først og fremst glede og følelsen av å meistre – og så gjorde det meg veldig strukturert. Eg var ei tid vekke frå svømminga, men i 2. klasse på vidaregåande bestemte eg meg for å gå «all in». Då fekk eg avtale med Havhesten, slik at eg kunne trene før skulestart. Kvar morgon frå måndag til laurdag var eg og mamma i Havhesten frå klokka 5.40. Eg har mykje å takke mamma for! Struktur og sjølvdisiplin Eg lærte meg å utnytte dei 24 timane vi har i døgnet – og eg lærte meg å bli strukturert på denne tida. Det var ikkje andre i Florø som trena på det nivået, så eg tok kontakt med Bergen Svømme Club (BSC)

18

– og fekk tilsendt treningsprogram som eg følgde til punkt og prikke. I Florø vart det ein einsam idrett som kravde streng disiplin – men etter vidaregåande flytta eg til Bergen og kom med i eit godt lag.

Heiltidsstudent Sivert fortel at han no trenar rundt 25 timar i veka. Eg har 8 økter i bassenget, i tillegg til 3 økter med styrke og 2 med spinning. Han held på med siste året i fysioterapiutdanning, så han har verkeleg lært seg å utnytte timane i døgnet. Idretten og studiane er viktige for meg og eg ønskjer å prestere best mogleg på begge arenaer. Å svømme og å trene har hovudfokus – men eg får faktisk tid til å vere litt med kompisar og, ler han. Viktig møteplass i Florø Tida i Havhesten har betydd mykje for den eg er i dag – og eg trur den er viktig for mange Florøfolk. Eg hugsar det som ein veldig kjekk plass å møte kompisar på, og så er det utruleg bra trening for alle – uansett nivå. Kvar gong eg er heime må eg ein tur i Havhesten. Eg har ein litt spesiell juletradisjon, avsluttar Sivert. Kvar julaftan må eg ha ei treningsøkt i Havhesten. Eg kjenner jo kvar ei flis i anlegget – så det blir spennande å teste «nye» Havhesten.


– EIT RÅDGJEVANDE ARKITEKT- OG INGENIØRSELSKAP PÅ VESTLANDET

«iVest er i dag det leiande rådgjevarmiljøet i nye Kinn Kommune. Vi har posisjonert oss for å ta del i utviklinga av Kinn kommune med våre 35 tilsette i sentrum av Florø».

Arkitektur ∙ Konstruksjon ∙ Bygningsteknikk Byggesaker og frådeling ∙ VVS og energi ∙ Elektro Prosjektadministrasjon ∙ Fornybar energi VA og veg ∙ Planarbeid

ivestconsult.no iVest Consult AS - Strandgt. 15, 6905 Florø - T: 976 27 000 - E: post@ivestconsult.no

19


LINJA

Vi er stolte av å jobbe på Linja og meiner vi har fått fram ein enkel og solid merkevare, som speglar verdiane våre; ekte/trygg, framoverlent/nyskapande, hjelpsam/nær, berekraftig/miljøbevist, stolt, ambisiøs, røff, påliteleg/kompetent. Frå venstre: Tove Søreide Rindheim, Asgeir Aase, Sven Arild Kjerpeset, Ingunn Rønvåg og Mats Haugnes. Foto: Emil Rasmussen, We Are.

Vi jobbar på LINJA SFE står for mykje av straumproduksjonen i vårt distrikt, medan selskapet SFE Nett tar seg av nettleiga, målaravlesing, straumbrot m.m. For folk flest kan det vere vanskeleg å halde styr på kven som er kven. Asgeir Aase, som styrer skuta i nettselskapet fortel at no skal dette bli lettare. Myndigheitene har pålagt alle nettselskap å ha namn som skil nettselskapet tydeleg frå andre selskap i eit energikonsern, slik at kundane ikkje skal forveksle dei for å vere same selskap. Vi måtte dermed, til liks med dei andre nettselskapa i landet, sette i gang ein prosess for å få nytt namn på plass. Konsernet vil framleis heite SFE/Sogn og Fjordane Energi. Vi har fått mange nydøypte nettleverandørar rundt om i landet, med velklingande namn som Elvia, Tensio, Linea, Brenett og Sygnir – og vårt eige som enkelt og greitt har fått namnet Linja.

Engasjerte tilsette Christin Aare, som er seniorrådgjevar kommunikasjon i SFE, fortel om ein god intern prosess. Dei tilsette har vore sterkt engasjerte, og vi fekk inn mange gode namneforslag. Det er ein kunst å finne eit namn som passar personlegdommen og identiteten vår og samstundes noko dei tilsette føler passa godt. I tillegg skal namnet ha ledig domene, klinge godt, vere lett å hugse, ikkje vere avgrensande til det ein driv med eller geografi. Det er mange omsyn å ta. LINJA meiner vi er eit folkeleg og kjent omgrep, som passar oss godt.

20

LINJA er livsnerven Inspirasjonen til namnet LINJA er henta frå ei god blanding av innkomne forslag, historia vår og den røffe arbeidskvardagen ute på linja. Vi har ei over 100 år lang historie med folk som har bygd landet før og no. Vi tør å påstå at Linja er sjølve livsnerven i samfunnet – eit viktig samfunnsoppdrag vi har – som knyt oss saman. Robust straumnett Ein viktig del av prosessen var å komme fram til ein logo og grafiske element, som folk skal kjenne seg igjen i – og hugse. Uttrykket skulle vere robust, enkelt og synleg. Resultatet har blitt ein logo, med tilhøyrande uttrykk som speglar oss på ein god måte. Fargane symboliserer både at vi skal vere synlege og at vi jobbar på lag med den røffe naturen vår. Vi og dei tilsette er linja.no stolte over den nye merkevara.


Lær ungane å leike og kose seg i vatn – så skal eg ta meg av resten, ler Sonja Olsen. Ho har lært mange tusen born og vaksne kunsten å symje, både i skuleopplæring og på kveldskurs. Det vanskelegaste er når folk er redde for vatn. Eg føler meg nesten som ein del av inventaret, etter å ha hatt ansvaret for symjeopplæringa i Florø sidan starten på 90-talet. Det er grådig kjekt, og drukningsstatistikken viser dessverre at det er meir og meir viktig.

Bruk Havhesten Dagens barn og unge er eldre før dei lærer å symje, enn dei var på 80 – 90 talet. Dermed misser dei sjansen til å bruke naturen og tilboda rundt oss. Det er symjeopplæring i 2., 3. og 4. klasse, men det er dessverre for lite. No må folk bli flinkare til å bruke Havhesten – og gjere ungane trygge i vatn. Instruktør og kontrollør Sonja Olsen, som til dagleg er kontaktlærar på Florø barneskole, er meir i vatn enn dei fleste. Som skule-

kontrollør og symjeinstruktør, har ho i snitt 10 til 12 timar i vatn for veka. Ja, eg reiser rundt i store delar av gamle Sogn og Fjordane, og har både livredningskurs og kontrollerer slik at lærarane kan gjere jobben sin.

Kurs for dei yngste og dei eldste Det er dessverre for mange vaksne som ikkje er trygge i vatn, difor har vi gjerne kurs for dei etter ordinær opningstid i Havhesten. Aller helst vil eg starte med babysymjing. Då lærer dei tidleg å vere trygge og kva dei skal gjere for å få luft og for å returnere inn til den trygge kanten. Med nytt teknisk anlegg og skikkeleg varme i vatnet gler eg meg til å starte opp igjen med dei aller minste.

Fjord1 er leiande i det grøne skiftet Fjord1 har si kjerneverksemd innan ferjetransport, og er det leiande ferjeselskapet i Noreg. Selskapet har og aktivitet knytt til hurtigbåt, catering og fjordbasert reiseliv. Fjord1 tenker energileiing og berekraft i alt vi gjer, og er eit innovativt selskap med store ambisjonar. Selskapet sin målsetnad er å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, og vi arbeider kontinuerleg med å utvikle nybygg i verdsklasse. Sjå ledige stillingar på fjord1.no

STØRSTE FERJESELSKAPET I NOREG

2,7 milliardar

19,9 millionar

9,9 millionar

21

Foto: Anita Øygard.

Viktigast å vere trygg


Pensjonistparet Jan og Gunn Veberg som investerer i eiga helse har aldri vore i betre form. Foto: Anita Øygard.

Har aldri vore sprekare Det er opplest og vedtatt at styrketrening og balanse er viktig – spesielt for dei som ikkje er heilt unge lenger. Jan og Gunn Veberg har gjort noko med det. Vi har aldri vore så spreke før, smilar pensjonistparet – som trenar styrke fast 3 gonger i veka. Alle plager med armar og hofte er vekke – så dette er den beste medisinen folk kan få.

Ein god kombinasjon Måndagane trenar vi berre styrke i kjellaren, men onsdag og fredag går vi vidare til trening i vatn. Jan likar å svømme ei lang økt før han går til badstua for å løyse verdsproblem med andre som nytter tilbodet. Gunn går til trening med musikk i det varme terapibassenget. Det er fantastisk god trening og veldig hyggelege instruktørar. Kombinasjonen med styrketrening og så trening i vatn, meiner dei to er heilt genialt. God struktur På spørsmålet om det ikkje er veldig krevjande med eit så stramt program er dei klare på at dei set pris på å strukturere dagane sine slik. Vi kjem godt i gang tidleg på morgonen – og får mykje ut av dagane. For dette er ikkje einaste aktivitetane dei driv med. Gunn går fast på tur på med ei damegruppe som kallar seg Budeiene – uansett vêr. Ho er med på Flora turlag sine nærturar – og elles deltek dei gjerne på turlaget sine ettermiddagsturar. Det er jo eit fantastisk nettverk av turstiar i Florø og omland, skryt Jan.

22

Nye vennskap Vi er blitt sprekare som pensjonistar, enn vi har vore før. – Mykje sprekare, presiserer Jan. Dette burde fleire vere med på. Ein treng jo ikkje å prestere noko, vi bidreg berre til at vi sjølve får eit betre liv. Dessutan er det sosialt å komme seg ut av huset. Vi er blitt kjent med mange nye folk, slik at det gjerne blir ein ekstra kafétur med nye trimkameratar. Hekta på trening No når Havhesten var stengt har vi fortsett med styrketreninga, men vi gler oss til kombinasjonstreninga der. Havhesten trengte ei oppussing, så dette er nok verdt å vente på. Vi er jo blitt litt hekta på trening, så om vi hoppar over ei økt så er det noko som manglar. Trening er ferskvare, så det må haldast ved like, avsluttar det spreke pensjonistparet.

Foto: Vidsyn Media

Kvar måndag, onsdag og fredag stiller Florøparet opp i Havhesten, når det opnar klokka 9. Vi startar alltid i styrkerommet i kjellaren. Her har vi ei god økt med dei forskjellige apparata. Begge har fått tips frå fysioterapeut om kva øvingar dei bør ta – og etter kvart har vi merka at vi kan ta tyngre og tyngre løft, smiler Gunn fornøgd.

Westcon Yards AS, Florø Ole Aaserudgate 7, 6900 Florø firmapost@westcon.no Telefon: +47 57 74 68 00

WESTCON.NO


Galne og glade morgonbadarar Kvar tysdag og torsdag morgon kickstartar Wenche Gulestø Hermansen dagen med å svømme meter etter meter i bassenget. Det er den beste treninga ein kan få, men avslutninga er endå betre ler Wenche. Då hoppar vi havet – og då blir vi både galne og glade. Eg blir rett og slett litt høg på livet. Sidan tidleg på 2000-talet har Wenche, saman med ein gjeng på 10 – 12 andre, møtt opp på Havhesten klokka 6.30 to dagar for veka. Svømming er den beste forma for trening. For oss over 50 er det lett å dette litt saman, men her får vi strekt ut heile kroppen i full lengde.

~

Vi hoppar i havet – og blir både galne og glade! Eg blir rett og slett høg på livet.

Høge på livet! Framme: Wenche Gulestø Hermansen. Bak frå venstre: Siri Bjorstad Hjermann, Aase Aarseth Ulriksen, Anita Norstrand og Solveig Willis. Foto: Privat.

er alltid blide, og tek godt vare på oss. Dei er med på kaikanten presis klokka 7.15, målar sjøtemperaturen og ser etter at alle kjem seg velberga på land – og så serverar dei rykande varm kaffi i garderoben. Kan det bli betre?

bbservicesystem.no

Wenche Gulestø Hermansen, Lukkeleg (eller sprø?) morgonbadar

BB ServiceSystem – kvalitet siden 1987

Kaldt kick Etter å ha lagt minst 1000 meter bak seg i bassenget, går dei i samla tropp ut på kaien og hoppar i sjøen – uansett vêr og temperatur. Dess kaldare dess betre, skrattar Wenche. Med snø på bryggekanten er morgonbadarane i sitt ess. Boblar over Vi får ein skikkeleg kickstart på dagen, og eg kjenner at eg blir stappfull av energi. Når eg kjem på jobb må eg roe meg litt ned, for der sit folk med søvnen i auga medan eg nesten boblar over, fniser den glade badedama. Eg kan ikkje hugse kor tid eg sist var sjuk, så at dette har helseeffekt er ikkje noko å lure på. Garderobeglede Latteren, kaffikoppen og den gode praten i garderoben er og med på å gjere treninga til ein fantastisk god start på dagen. Eg kan love at mange verdsproblem blir løyste før vi går på jobb. Dei tilsette i Havhesten

A til Å - www.atilaa.no I Foto: Photoevent

23


Bilde: Salt Arkitekter

Dei 20 første som kjøper årskort får 1 par Nemesis badebriller til ein verdi av 400,-

NYOPNING

Måndag 2. nov kl. 13.00

Vi har gleda av å ynskje alle nye og gamle gjester velkommen til nyopning av det flotte badeanlegg vårt. Ta med venner og familie og nyt eit varmt og godt bad i fantastiske omgjevnader!

VI HAR NOKO FOR ALLE:

Foto: WeAre

Symjing for liten og stor Sklie og stupetårn Symjekurs Babysymjing Trening i vatn med eller utan musikk Styrketrening Spinning Treningsrettleiing Utleige Sal av badeutstyr Kafé og gratis parkering

en!

Symjehallen V elkomm Mån. / ons. / fre. Kl. 10.00 – 20.00 Tys. / tors. Kl. 06.30 – 20.00 Laur. / søn. Kl. 09.30 – 15.30

GRATIS

FRI innmeldingsavgift heile november

1/2 PRIS på enkeltbillettar

veke 45

Deretter, ½ pris på enkeltbillettar kvar måndag i november

Styrkerom kl. 09.00 – 20.30 kl. 06.30 – 20.30 kl. 09.30 – 16.00

TILBOD Kaffi og svele

Kr. 30,opningsdagen

A til Å - www.atilaa.no

• • • • • • • • • • •

Covid-19: I henhold til FHI sin veiledar for Idrett er talet besøkande i symjehallen avgrensa til maks 60, maks 15 personar i garderobe og maks 12 personar på styrkerommet. Alle må registrere seg ved ankomst. Covid-19 kan ikkje smitte gjennom klorvatn, men uansett om vi er på land eller i vatn, må kvar enkelt tenke hygiene og avstand.

havhesten.no

Profile for A til Å Grafisk Design og Media

Havhesten  

Magasinet markerer nyopning av det fantastiskt flotte badeanlegget Havhesten i Florø.

Havhesten  

Magasinet markerer nyopning av det fantastiskt flotte badeanlegget Havhesten i Florø.

Profile for atilaa

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded