Issuu on Google+


INNHALD

1 Mat ................................................................................................   6 Mat frå heile verda ..............................................................   6 Umami – kva smaker det? ................................................. 12 Kva språket kan brukast til ................................................14 Butikkvers ...............................................................................16 Kniv, skei og gaffel ................................................................18 Mat og drikke hos vikingane ........................................... 22 Dei gjevmilde dyra .............................................................. 26 Marsvin er festmat .............................................................. 30 Forbruk av mat og drikkevarer ........................................ 36 Bidos og rognbollesuppe .................................................. 37 Markus på restaurant ......................................................... 40 Eit nummer i matkøen ....................................................... 56 Svolt, den permanente krisa ............................................ 57 2 Universet .................................................................................... 62 Kva er universet? ................................................................. 62 Utan tyngdekraft blir ein sogen ut i rommet ............. 67 Jorda ........................................................................................ 69 Stjernene ................................................................................ 70 Stjernebilete ...........................................................................74 Romfart ................................................................................... 76 Med blikket mot stjernene ............................................... 80 Måneguten ............................................................................. 82 Galileo Galilei ...................................................................... 83 Flukta frå Utpost 4 .............................................................. 84 Ein skrapbil står att på månen ........................................ 94 Månen er den nærmaste naboen vår ............................ 96 Det er mykje mellom himmel og jord .........................100


3 Tid ..............................................................................................104 Tidstjuven ............................................................................104 Kva er tid? ............................................................................106 Tikk takk, sier Tiden ..........................................................112 För tidigt och för sent .......................................................114 Ein pinne i bakken .............................................................116 Verdsuret ..............................................................................122 Kalendrar .............................................................................124 Tid, kalender, primstav ....................................................128 Kampen om tida ................................................................ 136 4 Grøss og gru ........................................................................... 148 Tannlege Skrekk ................................................................. 148 Huset Goggenheim ........................................................... 150 Gjenferdet i Nidarosdomen ........................................... 156 Helgenmysteriet ................................................................. 158 Mörkret ................................................................................. 166 Dødeleg blits ....................................................................... 168 Vampyrar .............................................................................. 178 5 Oppfinningar ......................................................................... 188 Oppfinning eller oppdaging? ........................................ 188 Norske oppfinningar ........................................................190 Snikkaren som blei oppfinnar ....................................... 194 Samtale ventar .................................................................... 197 Gi aldri opp! ........................................................................ 198 Boktrykkjarkunsten ......................................................... 200 Doktor Proktors tidsbadekar ........................................ 204 Datamaskinen ..................................................................... 212 Stikkord ........................................................................................ 215 Litteraturutval ........................................................................... 216 Forfattarregister ....................................................................... 217


1 MAT MÅL • Lese, forstå og lage samansette tekstar • Nærlese, skumlese og leitelese i sakprosa – utdrag frå faktabøker – oppskrifter – nettsider – tabell – rapport • Lese skjønnlitteratur – forteljingar – dikt • Uttrykkje eigne opplevingar av tekstar og reflektere over innhaldet • Bruke lese- og læringsstrategiar – BISON-overblikk – nøkkelord – VØL-skjema – samandrag • Vurdere eigne tekstar og tekstane til andre

6

Mat frå heile verda

Før du les: Les overskriftene og sjå på bileta. Kva trur du denne teksten handlar om?

Har du tenkt på at maten du et, kanskje fortel noko om kvar du er frå? Det finst ulike mattradisjonar rundt omkring i verda. I Italia et folk mykje pizza og pasta, i USA biff og hamburgarar, i India ris og kyllingretter, og engelskmenn et «fish and chips». Dei et sjølvsagt mykje anna òg, men desse rettene er mykje brukte av mange. I gamle dagar åt dei fleste i Noreg mest kjøt, fisk og poteter. Grønsaker og frukt var det lite av. Dei åt berre det som blei dyrka og voks her. Men kosthaldet har endra seg mykje på nokre få år. Dersom du har reist i eitanna land, smakte du kanskje mat som du ikkje hadde ete før? I våre dagar kan du gå i butikken heime og kjøpe ingrediensar og lage den same maten. I butikkhyllene kan du finne frukt, grønsaker og krydder frå heile verda. I denne enkéten kan du lese kva Sander, Natalia, Manzoor, Peo og Lea av og til et. Alle bur i Noreg, men nokre av dei er fødde i eit anna land, og foreldra deira har teke med seg sine eigne mattradisjonar til Noreg. Kanskje får du lyst til å prøve nokre av oppskriftene?


7


MAT

Fårikål Fårikål er kåra til Noregs nasjonalrett. Sander er norsk, og han et av og til fårikål til middag. Dette treng du: 500 g lammekjøt ½ kålhovud 1 ms kveitemjøl

1 ts salt 1 ts heil pepar 2–3 dl vatn Slik gjer du: 1 Del opp kjøtet og kålhovudet i serveringsstykke. 2 Legg kjøt og kål lagvis i ein kjele. Drys kveitemjøl, salt og pepar mellom laga. Hell på vatn og kok opp. 3 La retten trekkje, ikkje koke, i 1–1 ½ time.

Pirogar Natalia er frå Polen. Ho og familien hennar et ofte pirogar. Dette treng du Dette treng du: til fyll: 1 egg 1 kokt potet 2 ms rømme litt smelta smør 2,4 dl mjølk litt mjølk 1 ts bakepulver litt salt Slik gjer du: 1 Kjevle ut deigen og trykk ut sirklar med eit mjølkeglas. 2 Legg ei teskei fyll på, fukt kantane og brett saman. 3 Kok pirogane i lettsalta vatn i 3–5 minutt. Dei er ferdige når dei flyt opp. 4 Steik pirogane i litt smør saman med løk. 8


Bolani Manzoor er frå Afghanistan. Han og familien hans et ofte bolani, som er eit tradisjonelt afghansk brød fylt med spinat. Dette treng du: 1 kg kveitemjøl ½ kopp olje litt salt 2 1/2 dl lunka vatn 50 g gjær Deigen skal heve i romtemperatur i ca. 1 time. Dette treng du til fyll: 1 gul løk 1 dl olje litt fersk koriander 1 grøn chili ¼ boks hermetiske tomatar ½ boks hermetisk spinat litt salt 1 ts tørka koriander

Slik gjer du: 1 Finhakk løk og kok han i 15 minutt i varm olje til løken er gyllen. 2 Finhakk chili og ha det i gryta. 3 Ha i tomatane, spinaten, saltet og tørka koriander og rør godt. 4 Ha i den ferske korianderen og senk varmen. 5 Legg massen på eit fat og la han bli avkjølt. 6 Form deigen til lette bollar og klem dei flate som tallerkenstore sirklar. «Kast» dei mellom hendene. 7 Legg fyll på halvparten og brett den andre halvparten av deigsirkelen over. 8 Pensle brøda med olje og steik dei på 300 °C i ca. 10 minutt.

9


MAT

Gai Pad Yod Khao Pod Peo er frå Thailand. Når ho og familien skal kose seg med noko ekstra godt til middag, et dei Gai Pad Yod Khao Pod – eller varm kyllingsalat, som det heiter på norsk. Dette treng du: 3 ms olje 500 g beinfritt kyllingkjøt 3 fedd* kvitløk, knust 2,5 dl babymais 1,5 dl frisk sjampinjong eller østerssopp 2 ms fiskesaus 2 ms østerssaus 2 ms sukker ½ ts nykverna pepar 2 vårløk

Slik gjer du: 1 Varm opp oljen ved sterk varme i ei wokpanne. 2 Legg i kyllingkjøtet og steik det i 2 minutt. 3 Set til resten av ingrediensane. 4 Hald fram å steikje til kjøtet er gjennomsteikt og alle ingrediensane er godt blanda. 5 Legg retten på fat og sserver dampa ris til. *fedd – ein av dei små båtane i ein kvitløk

10


Wali na Maharagwe Foreldra til Lea kjem frå Kongo. Lea liker godt denne retten. Namnet tyder ris og bønner på norsk. Dette treng du: 1 kopp brune bønner 1 løk 2 tomatar 1 ts salt ½ ts pepar 2 fedd kvitløk

Litt olje 2 koppar ris Slik gjer du: 1 Legg bønnene i vatn over natta. 2 Kok bønnene til dei er møre. 3 Kutt opp løk, kvitløk og tomatar og la dette surre i olje i nokre minutt. 4 Bland løken og tomatane med bønnene. 5 Legg retten i ein bolle og server med ris til.

OPPGÅVER 1a Kva for nokre av oppskriftene fekk du lyst til å prøve? Grunngi svaret ditt. b Kva matretter er det du et som seier noko om kvar du er frå? Fortel. 2a Vel ein matrett du liker godt. Følg punkta på plakaten og skriv oppskrifta. b Gå saman med ein annan og les oppskriftene for kvarandre. Bruk punkta på plakaten og vurder oppskriftene til kvarandre.

Legg oppskrifta i mappa di. SLIK LAGAR DU EI OPPSKRIFT 1 Skriv opp alt du treng. 2 Skriv opp kva du skal gjere. Det er lettast å følgje instruksjonane dersom du skriv éin om gongen og bruker nummer. 3 Lag teikningar. I somme tilfelle er det best å lage éi teikning for kvar ny ting du skal gjere.

11


MAT Før du les: Ta eit BISON-overblikk over teksten.

Umami – kva smaker det? Du har kanskje lært at vi har fire ulike smakssansar på tunga – surt, salt, søtt og bittert? Det er ikkje lenger heilt rett. No er det blitt påvist ein femte smak, nemleg smaken umami.

Sjølv om du ikkje har høyrt om smaken umami før, så er dette eigentleg ikkje ei ny oppdaging. Allereie for hundre år sidan oppdaga ein japansk forskar denne smaken, men kunnskapen nådde oss først for nokre år sidan.

Gammalt nytt? Du lurer kanskje på kvifor vi ikkje fekk vite noko før? Jo, han gløymde å fortelje til andre kva han hadde funne ut, så denne oppdaginga måtte gjerast på nytt. Dette viser kor viktig det er for forskarar å fortelje andre om funna sine!

Kva smaker umami? Umami er eit japansk ord som kan omsetjast med delikat eller vedunderleg. Det er vanskeleg å forklare korleis denne smaken kjennest i munnen, men somme skildrar han som saltsøtt eller «kjøtaktig». *protein – næringsstoff som kroppen må ha kvar dag. Du får i deg protein når du et mellom anna kjøt, egg, fisk, bønner og linser. *glutamat – syre som verkar slik at ein betre kjenner smaken på det ein et *aminosyre – Alle protein inneheld mange aminosyrer. Dei er viktige for å byggje opp nye celler i kroppen.

12

Smak av protein* Smaken umami er eigentleg smaken av glutamat* i det vi et. Glutamat er ei aminosyre* som finst i protein, og det er mykje protein i kjøt – det er nok derfor somme seier at smaken umami smaker «kjøtaktig». Det er spesielt mykje glutamat i kjøt, ost, tomat og morsmjølk.

Smaksløkar over heile tunga Fram til for nokre få år sidan trudde vi at smaksløkane var plasserte på eigne område på tunga, for eksempel at smaksløkane som kunne kjenne att søte matvarer, var plasserte berre ytst på tunga. Det stemmer ikkje. Forskarane har no funne ut at alle dei fem typane av smaksløkar er spreidde utover heile tunga.


Vi bruker mange sansar for å smake Smaksopplevinga vår er eit samarbeid mellom fleire sansar. Lukta har mykje å seie for korleis vi oppfattar smaken. Du har kanskje lagt merke til at maten ikkje smaker så mykje når du er forkjølt? Korleis maten ser ut, har også mykje å seie for korleis du opplever smaken. Og har du forresten lagt merke til at maten ofte smaker betre dersom du et saman med andre? Av Kjersti Pedersen Frå Nysgjerrigper 29. april 2008, nettutgåva

OPPGÅVER 3a Kva for matvarer synest du luktar godt? Lag ei felles liste. b Vel éi av matvarene. Kva retter kan du lage der du bruker denne matvara?

4 a b c d

Kva slags mat synest du smaker surt? salt? søtt? umami?

13


MAT

Kva språket kan brukast til Måten du snakkar på, kan fortelje noko om kven du er, og kvar du kjem frå.

Språket bruker vi til å snakke med kvarandre. Vi gir beskjedar til kvarandre. Vi lovar kvarandre ting, og vi forbyr kvarandre å gjere forskjellige ting. Språket bruker vi til å tenkje med. Vi må ha språket når vi skal tenkje framover og bakover, for å planleggje det som skal skje, og for å hugse det som har skjedd. Gjennom språket kan vi lære om andre stader og tider. Språket bruker vi til å bli kjende med andre menneske. Språket vårt fortel andre noko om oss sjølve. Måten du snakkar på, fortel mykje om kvar du kjem frå, kor gammal du er, og om du er gut eller jente. Språket fortel også noko om kven du ønskjer å vere – kanskje har de nokre eigne ord som de bruker blant venner og kameratar, i klassa eller på fotball-laget. Språket skaper nemleg grupper. Det å snakke same språk får ein til å føle at ein høyrer saman. Du kan endåtil velje å snakke på ein bestemt måte for å vise deg sjølv og andre kvar du høyrer til.

14


Det er nokså mange måtar du kan be om potetgull på Kan du vere så snill å sende meg potetgullet, trur du? Eg blei visst ikkje heilt mett av den middagen, eg. Er det berre du som skal ha potetgullet, eller? Kunne eg også få litt potetgull, kanskje? Gi meg potetgull med ein einaste gong! Kunne du ha sendt meg potetgullet? Send meg potetgullet, er du snill! Kan du sende meg potetgullet? Eg vil gjerne ha litt potetgull. Kan eg òg få litt potetgull? Hitover med potetgullet! Send meg potetgullet! Hit med potetgullet! Gi meg potetgullet! Potetgull!! Hit!! Potetgull!! No! Potetgull!!! Gull!!! ... eller du kan peike på potetgullbollen. Frå Helene Uri: Den store faktaboka om språk

15


MAT

Butikkvers Eg skal på butikken gå Men eg skal ikkje handle Eg skal berre bort og sjå på snopet og alt det andre Der er det poteter og neter og cornflakes og kake og sommarkål og agurkar i lake og hundeposar og sitronbrus og gjesteskinke og mangojus og gule pastillar og kattemat og smelteostar og brun salat og skeive brød og kringlefantar Men er det ’kje likevel noko som vantar? Jau, bringebærsokkar og lakrissko og varmare bås for Litago og hermetiserte mumieføter, sprengte fersken og ferske røter og grilla kjukling med glidelås bak – å få delt han i to var inga sak Og store, stilige breiflabbkyser og søte morellar med steinar som lyser Og erter i eske med prompegaranti for barn som vil starte med småindustri Alt dette siste gjekk visst an å bestille det kom berre an på om fleire ville Vil du tinga noko, så fyll ut her ... På kjøpet får du eit viskelêr Frå Mary Bente Bringslid: Dei blå revane

16


OPPGÅVER 5a Les høgt for kvarandre «Det er nokså mange måtar du kan be om potetgull på». Les med ulike røyster: trist, sint, glad, lattermild, høfleg osv. b Kva røyst passa best til innhaldet? Grunngi svaret ditt. 6 Korleis vil du, på ein høfleg måte, be om potetgull a på din eigen dialekt? b på engelsk? c på eit anna språk enn engelsk og norsk, dersom du kan det?

7 Les diktet «Butikkvers». a Finn og skriv minst fem rimpar i diktet. Eksempel: sitronbrus – mangojus. b Skriv eit tøysedikt om kva du kan kjøpe i butikken. Bruk gjerne teksten til Mary Bente Bringslid som mønster. Prøv om du kan lage nokre rimpar. Du kan begynne slik om du vil: Eg skal kjøpe sykkelhjul og nye koppar, seige seigmenn med grøne kroppar. Eg skal kjøpe ... Legg diktet i mappa di.

17


MAT

Før du les: Les overskrifta, ingressen og mellomtitlane. Kva veit du om dette frå før?

Medan du les, skal du av og til stoppe og skrive eit faktaspørsmål til det du les. Alle spørsmåla skal begynne med eit spørjeord.

Kniv, skei og gaffel Synest du det er vanskeleg å ete pent med kniv og gaffel? Ville du heller ha brukt hendene? Då er du ikkje åleine. Mange stader i verda et folk med fingrane. Det gjorde vi lenge her i landet òg. Bordbestikk er eit nokså moderne påfunn.

Kniv Kniven er ei steingammal oppfinning – heilt frå steinalderen. I mange tusen år var kniven den viktigaste reiskapen folk hadde. Alle hadde sin eigen kniv, som dei bar med seg overalt. Med ein kniv kan du skjere og spikke, skrape og stikke – og dele maten pent opp før du et han.

SPØRJEORD kva? kven? kor? korleis? kvifor/korfor? Stopp – tenk – skriv spørsmål. kvar/kor? når?

Biletet er frå 1023, frå manuskriptet De universo (Universet). To menn skjer opp mat med kniv og et med gaffel.

18


«Liten pike. Årestue» av Knud Bergslien. 1867.

Skei

Stopp – tenk – skriv spørsmål.

Folk har ete med skei i mange tusen år. I egyptiske pyramidar og graver er det funne flotte, dekorerte skeier som er meir enn fire tusen år gamle. Også her i Noreg begynte vi tidleg å bruke skei. Her åt vi graut lenge før nokon kom på å bake brød, og graut er lettast å få i seg med skei. Dei første skeiene var skorne til av tre eller horn. Etter kvart fekk kongar og andre rikfolk laga skeier av sølv og gull. Men vanlege folk brukte treskeier til langt ut på 1800-talet. Alle i huset hadde si eiga skei, akkurat som dei hadde sin eigen kniv. Men skeia blei berre brukt til å ete med. Etter måltidet slikka folk godt av skeia og stakk ho inn i sprekkane mellom tømmerstokkane i veggen. Så var oppvasken unnagjord! 19


MAT «Takk for maten, 1952» av Vemund Tollefsen. 2009.

Gaffel

Stopp – tenk – skriv spørsmål.

20

Gaffelen er den mest moderne av etereiskapane, men vi veit ikkje heilt kor gammal han er. Til å begynne med blei gaffelen brukt til matlaging og servering. For om lag tusen år sidan kom dei første gaflane til å ete med til Italia. Først var dei ikkje særleg populære. Prestar og biskopar meinte at folk heller fekk bruke gaflane dei hadde på hendene! Den nye skikken spreidde seg likevel, men svært langsamt. På 1400-talet var gaffelen i bruk over heile Italia. Mange utlendingar syntest italienarane var rare som åt med denne merkelege reiskapen. Først eit stykke ut på 1700-talet var gaffelen blitt vanleg over det meste av Europa.


Kniv og gaffel, skikk og bruk Dei fleste amerikanarar bruker kniv og gaffel på ein litt annan måte enn vi gjer her i Europa. Ein amerikanar deler først opp maten i små bitar. Så legg ho eller han frå seg kniven og bruker gaffelen til å lyfte bitane inn i munnen. Her deler vi opp maten og et han etter kvart. Mange amerikanarar synest det verkar grådig å ete slik vi gjer. Det er som om vi ikkje greier å vente til maten er delt opp, før vi gaflar han i oss. Det går nok ikkje an å bli samde om kva måte som er best. Men det er iallfall heilt sikkert at dei fleste menneske i verda greier å få i seg maten utan å bruke gaffel i det heile! Dagny Holm SPISEPINNAR

Somme et med kniv, skei og gaffel. Somme bruker fingrane når dei et, og somme bruker pinnar. Spisepinnar er vanlege i store delar av Aust-Asia. I Kina har spisepinnar vore brukte i over tre tusen år. Pinnane er ca. 25 cm lange, er rette og blir gradvis tynnare mot den eine enden. Somme pinnar kan vere laga av plast eller porselen, men det er mest vanleg med spisepinnar av tre. Dei som er vane med å ete med pinnar, kan endåtil få i seg suppe med hjelp av pinnane. SLIK SKAL DU HALDE PINNANE

1 Hald den eine spisepinnen mellom tommelen og peikefingeren. Plasser pinnen slik at han støttar seg mot ringfingeren. 2 Plasser den andre spisepinnen mellom tommelen og peikefingeren, over den første pinnen. 3 Tuppane på spisepinnane skal vere parallelle. 4 Hald den nedste spisepinnen i ro. Tren på å flytte den øvste pinnen opp og ned med tuppen av peikefingeren, langfingeren og tommelen. 5 Grip rundt ein matbit med spisepinnane. God middag!

OPPGÅVER 8 Still kvarandre spørsmåla de skreiv medan de las. 9a Kor mange slags knivar veit du om? Lag ei felles liste.

b Lag ei teikning av éin av knivane. c Skriv desse orda på rett plass på teikninga di: knivegg, skaft, knivblad. 10 Nærles faktaruta om spisepinnar. Bruk to blyantar, følg oppskrifta og prøv om du kan lyfte eit viskelêr frå pulten.

21


MAT

Bayeuxteppet, brodert etter 1066. Før du les: Ta eit BISON-overblikk over teksten. Kva handlar han om, trur du? Medan du les, skal du stoppe, lese mellomtitlane og skrive nøkkelord til det du les. Nøkkelorda skal du skrive under kvarandre. BAYEUXTEPPET

Bayeuxteppet er 70 meter langt og ein halv meter breitt. Teppet fortel historia om korleis Vilhelm Erobraren fekk herredøme over England. Utsnittet ovanfor viser eit festmåltid før slaget ved Hastings. Kjøtet blir steikt over open eld, og tenarar serverer dei som sit ved bordet. Etter måltidet grev mennene forsvarsverk.

Mat og drikke hos vikingane Dersom du hadde levd i vikingtida, for om lag tusen år sidan, kunne du ikkje ha gått i butikken og kjøpt den maten du trong.

Mat og drikke Vikingar – og anna folk på den tida – åt den maten dei kunne skaffe seg ved å dyrke jorda og halde husdyr, og elles ved jakt og fiske. I sør dyrka folk kveite og rug, lenger nord bygg og havre. Dei siste to kornsortane var mest utbreidde i Noreg. Storfe og griser var vanlege nesten overalt. Vest-Noreg, øyane i Nordsjøen og Island høvde godt for sauehald. Viltet kunne også vere ulikt frå stad til stad. I Danmark jaga dei villsvin, i Noreg reinsdyr.

På kjøkkenet

*bakstetrau – avlangt kar av tre til å ha deig i

22

Vikinghusmora hadde gryter og kjelar av jern eller kleberstein. Kjøt og fisk kokte ho oftast i den store gryta som hang over eldstaden midt i huset. For å få smak på maten salta ho kjøtet og kokte det saman med løk og urter. Fugl og småvilt blei anten steikt på spidd eller i steikjepanner av jern. Grillrister var også vanleg. Tallerkenar, bollar og bakstetrau* laga folk i Norden helst av tre, men keramikk fanst òg. Mange stader, særleg på Island, hadde dei kokegroper i bakken


Stopp – tenk – skriv: Les mellomtittelen over og skriv tre nøkkelord til avsnittet.

Stopp – tenk – skriv: Les mellomtitlane ovanfor og skriv fem nøkkelord til avsnitta. *klebersteinskar – fat eller krukker laga av kleberstein. Kleberstein er ein grå, mjuk stein som held lenge på varmen når han først er blitt varm.

*myse – når mjølk surnar, skil mjølka seg, og det blir eit fast ostestoff og ei vassaktig væske. Denne væska blir kalla myse.

utanfor huset. Der sette kvinnene ned klebersteinskar* og varma dei opp ved å leggje glødande steinar i vatnet.

I staden for kjøleskap Om vinteren heldt maten seg best. Elles var det vanleg å finne ei lita vasskjelde der ein kunne setje mat som måtte stå kjølig. Mjølk og ymse slags mat blei lagra i store kar av tre eller metall. Men den mest vanlege måten å oppbevare kjøt og fisk på, var å salte, røykje eller tørke maten – eller leggje han ned i sur myse*.

Sterk drikke

*blote – ofre til dei nordiske gudane

Øl høyrde til når det var fest og høgtider, og ølbrygginga var kvinnearbeid. Husfrua måtte syte for at det var bryggja rikeleg med godt øl til dei store høgtidene når ein skulle blote* og drikke for fred og godt år. Mjød var ein sterk, søt drikk, laga av honning og ymse slags urter som gjæra. Søtsmaken var kraftig, og folk rekna mjøden som ein særskilt lekker drikk.

Åt vikingane middag? Stopp – tenk – skriv: Les mellomtitlane ovanfor og skriv fem nøkkelord til avsnitta.

Det var to hovudmåltid – dagverd midt på dagen og kveldsverd om kvelden. Men folk åt sikkert oftare om dei hadde råd til det. 23


MAT

24


Bordskikk

Stopp – tenk – skriv: Les mellomtittelen ovanfor og skriv fem nøkkelord til avsnitta.

Dei åt med fingrane, men skar opp maten med kniv og hadde skeier til suppe og graut. Gaflar til å ete med var ukjende. Det blir fortalt at det blei sendt rundt vaskefat før og etter maten, men det er ikkje sikkert at det var vanleg hos alle. Mange nøgde seg med å vaske feittet av fingrane etter måltidet, medan andre tørka fingrane på kleda. Når det var fest, åt og drakk alle så mykje dei fekk i seg. Både menn og kvinner kunne bli temmeleg fulle. Det hende nok ofte at folk drakk til dei kasta opp, og det er ikkje sikkert at Egil Skallagrimsson var den einaste som viste si forakt for verten når oppdekkinga var for simpel: «Han gjekk tvers over golvet dit Årmod sat, hogg nevane i skuldrene hans og sende ut av seg ei svær spye midt i ansiktet på han, inn i auga, nasen og munnen, så det rann nedover han.» KVARDAGSKOST

FESTMAT

Byggraut eller havregraut Sodd eller kjøtsuppe Flatbrød Grønsaker: kål, løk, erter Røter Mjølk: søt, sur Rømme

Kokt og steikt kjøt Fisk, fugl, småvilt Villeple, bær Honning Øl og mjød

Frå Ole Røsholdt: Vikinger

OPPGÅVER SAMANDRAG 1 Ta eit BISON-overblikk over teksten. 2 Nærles heile teksten. 3 Skriv nøkkelord til kvart avsnitt. 4 Bruk nøkkelorda og skriv éi setning for kvart avsnitt. Bruk dine eigne ord!

11a No skal du lage eit samandrag av teksten. Bruk nøkkelorda og skriv éi setning for kvart avsnitt. Bruk dine eigne ord. b Illustrer samandraget ditt. Du kan teikne sjølv eller finne bilete på Internett. c Bruk punkta på plakaten «Samandrag» og vurder samandraget ditt. Greidde du å følgje alle punkta?

25


MAT Før du les: Ta eit BISON-overblikk over sidene 26–29.

Dei gjevmilde dyra Korleis ville du ha likt å ete insekt og marsvin eller drukke varmt blod rett frå eit dyr? I denne teksten får du vite litt om at mat kan vere mykje forskjellig. Dyra er mine venner – og eg et ikkje vennene mine. George Bernard Shaw

Forfedrane våre lærte å drepe dyr for over fem millionar år sidan, men fram til for om lag ti tusen år sidan måtte ein vere ein svært dugande jeger for å kunne ha kjøt på menyen ofte. Jegeren måtte kaste spydet slik at det trefte i bestemte delar av dyrekroppen, anten slik at dyret blei drepe med det same, eller slik at det blei svekt gjennom eit stort blodtap. Ein annan måte å fange dyr på var å jage dei utfor stup eller ned i dyregraver. Slike graver kan vi enno sjå spor etter i norske fjell. Helleristing frå Alta.

26


Stopp – tenk: Kva åt dei når dei ikkje hadde meir kjøt att, trur du? *bederva – skjemt, øydelagt, ikkje etande

Ein mammut kunne gi mat til ei gruppe jegerar og familiane deira i mange, mange veker. Den enorme haugen med kjøt kunne frysast om vinteren, men om sommaren måtte kjøtet røykjast eller kokast så fort som råd før det blei bederva*. Viltkjøt er mindre feitt og mykje sunnare enn kjøt av dyr som har stått stille i eit bur eller på båsen, både fordi dyra sjølve et sunnare mat, og fordi dei er i rørsle. Sjølv om variert kost er viktig, har menneske overlevd i fleire tusen år nesten berre på kjøtdiett. Samane har i om lag tretti tusen år fått nesten alle vitamina dei treng, frå reinkjøt. Reinen var transportmiddel, samtidig som han gav mjølk, klede, verkty og livsviktig næring. 27


MAT

*savanne – grasslette med høgt gras og spreidde tre i varme strøk

28

Masai-folket i Kenya får den næringa dei treng, frå dei same kjeldene i dag som forfedrane deira gjorde: frå blodet, mjølka og kjøtet til kyrne og sauene dei gjeter på savannen*. Dei opnar ei blodåre på dyret og fyller eit kar med blod. Dette blodet drikk dei, og på den måten slepp dei å slakte dyra. Masaiane er høge og sunne med nesten perfekte kroppar og tenner. Dei farlege hjartesjukdommane som tek livet av dei fleste i vestlege samfunn som et for mykje og går for lite, er svært, svært sjeldsynte blant folk som lever som masaiane.


Stopp – tenk: Kva slags insekt ville du ha valt å ha på menyen?

Folk har ete dei underlegaste dyr eller delar av dyr, anten for å overleve eller som delikatesser: elefantføter, bjørnelabbar, haifinnar, fuglereir, rottesuppe eller hundelapskaus. Dessutan et menneske utruleg mange insekt. Det er ikkje utan grunn, for mange insekt er smakfulle i tillegg til å vere næringsrike. Ein del insekt, som grashopper, er stappfulle av protein og inneheld ikkje feitt i det heile. I Thailand er makk, grashopper og jamvel skorpionar delikatesser. I California i USA er det i visse krinsar blitt populært å ete kjærleik på pinne med eit insekt inni. Insekt er faktisk svært mykje enklare å ale opp enn andre dyr – dei treng ikkje stor plass, dei et ikkje mykje, og noko som er særs viktig: Dei formeirar seg raskt. Før det har gått fjorten dagar, har dei sytt for matforrådet for neste månad for familien din. Sanninga er at det er farlegare for helsa å ete kyr og griser enn insekt. Svært mykje taler for at vi bør satse på meir insekttilskot i dietten. Vi får berre lære å gløyme utsjånaden, knasinga og kjensla av eit levande insekt i munnen! I Australia bruker aboriginane dei feite, proteinrike larvane som føde for småborn. Elles består den tradisjonelle dietten deira av mange ulike insekt og av små gnagarar og firfisler, kenguruar, rotter, bær, nøtter, plantar og røter. Slik har dei overlevd i mange tusen år i ørkenområde der du eller eg raskt ville ha døydd av mangel på vatn og mat. For fleire hundre år sidan åt inka-folket i Peru marsvin. Dei ville ikkje ete hundar, men nesten kvar einaste heim alte opp marsvin i bur til middagsmat. Kaninar har også stått høgt på menyen til mange folkeslag, og er kanskje det kjæledyret i verda som opplever å bli kost mest med før det hamnar på middagsbordet. Frå Philip Newth: Fra margbein til spretne tomater. Mat i millioner av år

29


MAT Før du les: Skumles teksten. Kva trur du han handlar om?

SLIK SKUMLES DU – La auga gli nedover sida. – Les overskrifter og ord som er utheva. – Les berre nokre ord for å finne ut kva teksten handlar om.

Marsvin er festmat Steikt marsvin er ein festrett blant indianarane i Andesfjella. Eg høyrde om det for mange år sidan, og frå då av har det vore blant dei matrettene eg har drøymt om å få smake. Gjett kva som står på ønskelista mi første gongen eg er på besøk hos fjellindianarane i Ecuador!

Eg er heldig og får oppfylt ønsket mitt. Eg får vere med på eit marsvinmåltid i Canjar-dalen, som ligg meir enn tre tusen meter over havet. Ei norsk kvinne som har budd i området i mange år, har avtalt med ein familie ho kjenner godt, at ho kan ta meg med på besøk. Vi køyrer bil så langt vi kan kome, og derifrå går vi bratt nedover lia i drygt tjue minutt før vi er framme.

Velkomst med feiekost Huset vi skal til, er bygd av jordblokker og har bølgjeblekkplater på taket. Slik er dei fleste indianarhusa i dalen. Ei smilande taita, det vil seie den eldste kvinna i huset, tek imot oss. Vi må stanse litt på avstand og vente medan jordgolvet inni huset og gardsplassen utanfor blir feia grundig med sopelime. Det er viktig for indianarane å vise gjestene at dei kjem til reint hus. Det er ikkje vanleg at framande får sleppe inn i husa til Canjar-indianarane. Oftast får gjester servert mat utandørs. Men ho som har teke meg med, kjenner familien så godt at gjesten ho har med seg, også får passere dørstokken. I tillegg til taita er dottera og svigerdottera hennar heime. Mennene er ute på arbeid.

Marsvin på spidd Gamlemor går og hentar to lekre marsvin i eit spann. Ho har slakta og flådd dei tidlegare på dagen, og lagt dei i salt eit par timar. Vi som kjem på besøk, har med oss poteter som vi skreller sjølve. Vi er i potetene sitt heimland. 30


«Vil du sjå?» spør taita. I spannet har ho marsvin som ho har slakta og flådd.

31


MAT

Det blir tent opp bål på ei stor steinhelle inne i huset. Gryta med poteter blir sett over flammane for å koke. Så er det marsvina sin tur. Ein pinne blir stukken gjennom kjeften og godt inn i magen på dyret. Så blir det krydra det med karve, og steikinga begynner. Det er svigerdottera i huset som har fått oppgåva med å steikje. Langsamt vender ho marsvinet over flammane, slik at det blir jamt steikt. Innimellom smør ho på litt feitt, slik at kjøtet ikkje skal bli for tørt. Det breier seg ein fin, gyllen farge over den vesle, lekre skrotten. Med jamne mellomrom må eg ta meg ein tur ut for å tørke tårer og trekkje frisk luft. Det er ikkje noko avtrekkssystem i rommet, så røyken legg seg tjukk under taket. Det verkar ikkje som om indianarane har problem med røyken, men så ragar dei heller ikkje så høgt opp mot taket som eg gjer. Hovuda deira er trygt plasserte under det tette røykteppet. 32


Sløsing med maten Canjar-indianarane et sjeldan kjøt heime. Det kan kanskje gå ein månad mellom kvar gong. Men dersom det er fest, eller dersom det kjem gjester på besøk, står ofte cuy på menyen. Det er ordet for marsvin på quechua, som språket deira heiter. Marsvin kjem opphavleg frå Sør-Amerika, og dyret er utbreidd i alle landa der. Allereie før dei spanske erobrarane kom dit, blei marsvin haldne som husdyr hos inka-indianarane i Peru og Ecuador. Når eg fortel indianarane at det er vanleg å ha marsvin som kjæledyr i Noreg, ler dei høgt. Dei kan ikkje forstå at nokon lèt dei små dyra rusle rundt til dei blir gamle og døyr av seg sjølv. Då kan dei jo ikkje etast! Slikt er å sløse med maten, synest dei.

Gjestene inviterer Når steikinga er ferdig, blir marsvina skorne i stykke og lagde oppi eit fat, ikkje ulikt eit gammaldags norsk vaskevassfat. Potetene blir tømde oppi eit anna fat, og både kjøt og poteter blir plassert midt på golvet. Så trekkjer indianarane seg tilbake, og vi to norske blir åleine i rommet. Kvifor går dei? Skal ikkje vertsfolket også ete? Det er alltid slik, forklarer den norske kvinna meg. Når det kjem gjester, set ein fram mat til dei, men familien sjølv deltek ikkje i måltidet. Gjestene kan derimot invitere dei til å vere med å ete. Det gjer vi, og då set dei tre indianarkvinnene seg ned saman med oss. Eit av barneborna til taita dukkar opp, og vi inviterer han òg.

Som mager kylling Vi sit på huk på jordgolvet med maten i midten. Poteter og kjøtbitar tek vi med fingrane rett frå fata og puttar direkte i munnen. Tallerkenar eller bordbestikk er det ikkje snakk om. Eg aner ikkje om dei bruker slike 33


MAT

reiskapar i andre samanhengar, men til eit marsvinmåltid høyrer det iallfall ikkje med. Det smaker utruleg godt! Både smaken og konsistensen kan minne om mager kylling. Eg nyt maten. Eg nyt heile situasjonen. I denne augneblinken får eg oppleve eit måltid som eg har drøymt om i mange år. Det blir ikkje servert noko å drikke til maten. Middagsmåltidet blir vanlegvis innteke tørt, får eg forklart. 34


Vi gneg godt av dei tynne marsvinbeina og legg restane på bakken. Dei får hundane etterpå. Det blir ikkje ein smule att i dei to vaskevassfata. Ein gjest på fest åt siste rest. Vidar Kristensen Frå Vårt Land 11.01.1991

URFOLK Mellom 370 og 500 millionar menneske i verda kan kallast urfolk, på engelsk «indigenous peoples». Dette er over seks prosent av alle menneske på jorda. Urfolk er den opphavlege befolkninga i eit område. Dei har ein kultur og eit språk som skil seg frå resten av befolkninga. Urfolk er opptekne av å ta vare på naturen og naturressursane. Opp gjennom tidene er dei blitt forfølgde og utsette for overgrep og urett. Urfolk er som oftast i mindretal i eit land, men ikkje alltid. I Latin-Amerika er indianarane i fleirtal. I desse tekstane har du lese om aboriginar og indianarar. Saman med samar og fleire andre folkegrupper høyrer dei til urfolka i verda.

Å LAGE PLAKAT – Bruk stor overskrift. – Skriv kort og pent. – Finn høvelege fotografi/ teikningar. – Bruk fargar. – Lag plakaten ryddig og oversiktleg.

PRESENTASJON • Snakk høgt og tydeleg. • Sjå på tilhøyraren av og til.

OPPGÅVER 12a Leiteles i tekstane og lag ei liste med alt det som dei ulike folkegruppene et. b Sjå på lista. Set eit kryss ved det du et. 13a Kva for urfolk veit du om? Lag ei felles liste. b Vel éi av urfolkgruppene. Lag eit VØL-skjema og fyll ut V- og Ø-ruta. c Søk på Internett eller leit i faktabøker. Fyll ut L-ruta. d Lag ein plakat og presenter urfolkgruppa for dei andre i klassa.

35


MAT

Forbruk av mat og drikkevarer

Før du les: Ta eit overblikk over tabellen. Kva får du vite?

Statistisk sentralbyrå samlar inn opplysningar og lagar statistikk over mykje forskjellig. Du kan finne statistikk over kor mange som bur i Noreg, kor mange av innbyggjarane som er born, kor mange som for eksempel heiter Anna, kor mange som blir fødde eller døyr eit år, kva folk tener, kor mange som er med i eit idrettslag, og mykje anna. Forbrukte mengder av mat- og drikkevarer per person per år, etter varegruppe. 2007–2009. Kg/Liter

SLIK LEITELES DU Bruk auga og fingeren og leit i teksten etter det du skal finne. Les ikkje heile teksten.

Varegruppe

Kg/Liter

Mengd per person

Brød og kornprodukt

Kg

82,5

Kjøt

Kg

49,9

Fisk

Kg

18,4

Mjølk, ost og egg

Kg

114,0

Frukt

Kg

58,1

Bær

Kg

4,7

Grønsaker

Kg

45,9

Poteter og potetprodukt

Kg

30,3

Sukker, sjokolade, andre sukkervarer

Kg

29,9

Liter

105,2

Mineralvatn, leskedrikker og juice

Utdrag frå tabell. 2009 © Statistisk sentralbyrå

OPPGÅVER 14 Snakk saman utan å sjå i tabellen: Kva trur du det blei ete mest av i åra 2007–2009: a kjøt eller fisk? b frukt eller grønsaker? 15 Leiteles i tabellen. a Kva for ei matvare blei det ete mest av? b Kva for ei matvare blei det ete nest mest av?

36

c Kva blei det ete minst av? d Kor mange fleire kilo kjøt enn fisk blei det ete? e Kva et du mest av, trur du? 16a Lag ei liste over alt du åt i går. b Samanlikn listene dykkar. Kva er likt, og kva er ulikt?


Bidos og rognbollesuppe Før du les: Skumles teksten. Kva trur du han handlar om? *bidos – ei tradisjonell samisk kjøtsuppe som blir laga av mykje reinkjøt og lite vatn. Bidos blir også brukt som festmat – både blant samar og hos andre folkeslag.

Samiske mattradisjonar Samane hentar mykje av maten sin frå naturen. Når dei skal lage festmat, er bidos* ein av favorittane.

Bidos, rognbollesuppe, tørka reinkjøt, tørka fisk, reinskav og hjernemassekaker. Dette er eksempel på retter frå det tradisjonelle samiske kosthaldet. Naturen bestemte kva som hamna på tallerkenen: Fisk frå havet, fjordane og innlandsvatna. Kjøt frå rein og småvilt. Egg og kjøt frå fuglar. Bær og plantar frå myrar og vidder. Før kjøleskap, fryseboks og ferdigmat blei sjølvsagde ting for folk, måtte dei finne andre løysingar for å ta vare på maten. Det vanlege var å salte, røykje eller tørke kjøtet og fisken. Då var maten framleis næringsrik, han heldt seg i månader og år, og han var enkel å frakte med seg. Tørrfisk er eit godt eksempel på dette, tørka reinkjøt òg. Desse metodane for å ta vare på maten blir nytta også i dag, for folk liker smaken på den tørka fisken og det tørka kjøtet.

Enkelt og godt Både for samane som budde ved kysten, og for reindriftssamane i innlandet var reinen svært viktig som matressurs. Under haustslaktinga måtte ein ta vare på store mengder kjøt. Dei utnytta så mykje som råd av dyret: kjøtet, sjølvsagt, men også innmaten, som lever og  nyrer. Dei brukte også hjartet, lungene, hjernen og blodet. Av blodet laga dei blodkaker og blodpølser. Kokekaret hang over eldstaden. Det var lite plass til kjøkkenutstyr og til å lage mat. Maten kunne kokast eller steikjast over elden. Mange retter var baserte på kraft eller buljong og blei kokte i ei stor gryte over bålet. 37


MAT

Bryllaupsfest i Karasjok.

Ein av dei mest kjende samiske matrettene, bidos, er kjøtsuppe kokt på mykje reinkjøt og lite vatn. Det er festmat! Tørka reinkjøt kunne brukast på mange måtar – det kunne vatnast ut og kokast, eller ein kunne spikke kjøtbitar av det som ein åt som dei var. Reinmjølka gav god næring. Ho var svært feit og høvde godt til å lage smør og ost av. Fisk tok ein også vare på, og tørka fisk var mykje brukt.

38


Bidos Dette treng du: 500 g reinsdyrsteik ca. 1 ms kveitemjøl ca. 1 ts salt ca. 1 ts pepar 1/4 løk ca. 400 g poteter smør til steiking vatn

Slik gjer du: 1 Skjer kjøtet i terningar, litt større enn buljongterningar. 2 Rull kjøtterningane i ei blanding av kveitemjøl, salt og pepar. Dette gjer du lettast ved å helle mjøl og krydder i ein plastpose og riste kjøtterningane i posen. Ta dei varsamt ut, elles kan det bli mykje søl. 3 Varm smør i ei gryte og steik kjøtet til det er pent brunt. Rør ofte for å få jamn bruning. 4 Når kjøtet er bruna, heller du over vatn til det så vidt dekkjer kjøtet. 5 Hakk løken og ha han i saman med kjøtet. 6 Skru ned varmen og la kjøtet trekkje ein time. 7 Skrell potetene og del dei i bitar, litt større enn kjøtbitane. 8 Ha i potetene og la maten trekkje til potetene er så vidt møre.

Retten skal serverast som ei tjukk suppe og etast med skei. Kan serverast med brød til. Kjempegod dessert er moltegraut med sukker og fløyte. Dette er festmat! Frå Elisabeth Johansen og John Roald Pettersen: Sápmi. En bok om samisk kultur og historie

OPPGÅVER 17a Leiteles i oppskrifta. Kor mange ulike ingrediensar treng du for å lage bidos? b Kvifor er ein del av oppskrifta nummerert, trur du? 18a Kva trur du tek mest tid når du lagar denne retten?

b Om lag kor lang tid ville du trenge på å lage bidos? 19a I oppskrifta står det at kjøtet skal trekkje. Kva tyder det? b Kva skjer når kjøtet koker?

39


MAT Før du les: Les overskrifta og ingressen. Sjå på illustrasjonane.

Markus på restaurant Har du nokon gong vore på restaurant og ikkje skjøna kva som stod på menyen? Kameratane Markus og Sigmund har bede med seg Mona og Ellen Christine på restaurant. Dei tingar noko dei ikkje heilt veit kva er, og det kan bli eit problem. Dessutan skal Sigmund lære Markus noko om korleis han skal gjere inntrykk på jenter.

Ellen Christine og Mona sto allerede og ventet da drosjen med Markus og Sigmund kjørte opp foran restaurant Stjernen. Det var første feil. La aldri en dame vente. – Er det et bryllup? spurte drosjesjåføren da Sigmund rakte ham en femtilapp. – Nei, det er bare en liten, privat sammenkomst. Sjåføren skottet bort på Markus og flirte. – Den norske mafiaen, hva? He, he. – He, he, sa Markus grøtet og gikk ut av bilen. Sigmund hadde tatt på seg hvit smokingjakke med svarte bukser, svart tversoversløyfe og svart magebelte. Både han og Markus hadde et hvitt silkeskjerf rundt halsen. Sigmund bar smokingen som om han skulle være født i den. Han hadde beholdt håret sitt som det var, men så var det heller ikke hans generalprøve. Han var instruktør og hadde tatt med seg blokk og papir for å notere eventuelle tabber hovedrolleinnehaveren gjorde. Den kom nok til å bli flittig brukt, tenkte Markus mens han forsøkte å smile elskverdig til jentene. Han var sikker på at de skulle begynne å le med en gang de så ham, men de gjorde ikke det. De stirret på ham med åpen munn. – God dag, mine damer, sa Sigmund og bukket belevent. – Hvor er Markus? spurte Ellen Christine. – Her, sa Markus tynt. – Så ... voksen du ser ut, sa Mona, uten antydning til ironi i stemmen. – Stilig, sa Ellen Christine. – Jeg kjente deg ikke igjen. 40


Stopp – tenk: Kva ville du ha svart om du var Markus?

– Forandring fryder, mumlet Markus. Han følte seg plutselig mye bedre, men var fremdeles ikke helt sikker på om dette bare var en slags stillhet før stormen eller latteren braket løs. – Dere ser ikke så verst ut, dere heller, la han forsiktig til, og ble svært overrasket da begge jentene rødmet. Det var helt uvant. Som regel var det jo han som rødmet når jentene snakket til ham. Han skjønte at de virkelig syntes han så flott ut. Ja ja, smaken var forskjellig, og bra var det. Han merket at toppformen begynte å komme. 41


MAT

*innprente – seie noko med ettertrykk

42

– En enkel kjole kan jo alltid gjøres finere ved hjelp av en elegant liten veske og et par søte sko, sa han vennlig. – Jeg fikk dem til bursdagen min, hvisket Mona og kikket ned på de sølvfargete skoene sine. – Sto det et bilde av jubilanten i avisen? spurte Markus høflig. – Hæ? – I så fall måtte du nok regne med at det ble oppfattet som et signal om at du tok imot visitter. Sigmund begynte å bli litt urolig ved siden av ham, men Markus la ikke merke til det. Nå var han virkelig i siget. – Det fører med seg at mange mennesker man har glemt, som gamle skolekamerater, lar høre fra seg og gratulerer. – Nå går vi inn, sa Sigmund. – Det er noe av det hyggeligste ved fødselsdager, sa Markus med høy, klar stemme og holdt døra oppe for jentene. Da Mona gikk forbi ham, blunket han muntert til henne. Hun skvatt til og fortet seg inn i restauranten. – Det er ikke nødvendig å overdrive, hvisket Sigmund da de leverte silkeskjerfene sine i garderoben, men Markus var langt inne i rollen som verdensmann. Det var ingen vei tilbake. Nå gjaldt det å stå på. – Jeg heter Markus, sa han til garderobevakten. – Jaså, gjør du det? – Ja. Jeg vil gjerne innprente* det. Markus! Garderobevakten så grunnende på ham. – Det kommer jeg nok aldri til å glemme, sa han langsomt. – Nei, sa Markus rolig. – Jeg regna med det. Jentene var gått inn på toalettet. Sigmund hadde satt seg på en stol for å vente. Markus fortsatte å konversere med garderobevakten. – Har dere et eget rom der vi kan sitte og planlegge måltidet?


– Nei. Det har vi ikke, sa garderobevakten litt surt. Det var tydelig at restaurant Stjernen hadde fått besøk av en liten blære. – Nei vel, sa Markus. – Da får vi diskutere menyen i fred og ro med hovmesteren. – Det er muligens løsningen, ja, mumlet garderobevakten. I det samme kom jentene ut fra toalettet. De luktet sterkt av parfyme. Sigmund reiste seg, og Markus nikket til garderobevakten. – Markus, sa han. – Det er mitt navn.

43


MAT

*distingvert – fornem, fin

*diskré – taktfull, dempa

44

Etter et lite tilløp til kork i døra slapp Markus og Sigmund jentene først inn. Der sto hovmesteren og tok imot dem. Han var en distingvert*, eldre herre med stripete bukser og mørk jakke. Han hadde sølvgrått hår og var nesten to meter høy. Litt av piffen gikk ut av Markus. Han visste ikke at hovmestere var så lange. – Har selskapet bestilt bord? spurte han. Det virket ikke som om han la merke til at de var barn. Han lespet svakt, og stemmen var dyp, fyldig og diskré*. – Ja, sa Sigmund. – Til Markus Simonsen junior. Fire personer. Det var Sigmund som hadde bestilt bordet, og han hadde ikke fortalt at han hadde bestilt det til junior. Markus merket at jentene så litt forbauset på ham. Hovmesteren nikket og gikk i forveien mot et bord innerst i restauranten. – Vær så god, sa han. – Kelneren kommer om et øyeblikk. – Jeg heter Markus, sa Markus. – Det er mitt navn.


– Jeg heter Dahl, sa hovmesteren og forsvant uten å diskutere menyen med dem i fred og ro. Det oppsto en liten pause. Ellen Christine og Mona betraktet guttene, særlig Markus, som om de ennå ikke helt trodde sine egne øyne. Markus la merke til at begge to hadde sminket seg. Egentlig syntes han at sminke var noe kliss, men han hadde jo selv gjort noen små forandringer med utseendet sitt. Dessuten var han ikke Markus lenger, men Markus junior, og Markus junior syntes ikke sminke var noe kliss. Det var han helt sikker på. Kelneren kom med menyen. Han var ung og kvikk. – Jaså, gutter, sa han. – Dere er ute med damene. – Mitt navn er Markus, innprentet Markus, uten at det lot til å imponere kelneren. – Skal det være en drink før maten? spurte kelneren. – Ikke umulig, sa Sigmund. – Hva har dere? – Vi har champagne, sherry, whisky, campari, farris, solo, cola, sitronbrus, juice og vann. Markus lurte et øyeblikk på om han skulle bestille champagne, men Sigmund, som skjønte at kelneren bare forsøkte å være morsom, kom ham i forkjøpet. – Fire cola. On the rocks. – Yes sir, sa kelneren og travet i vei. – Hva betyr «on the rocks»? spurte Ellen Christine. – Med is, svarte Sigmund. Han satt på benken med ryggen til vinduet, ved siden av Ellen Christine. Markus var ikke sikker på om det var helt korrekt. Riktignok var Sigmund et halvt år eldre enn ham, og Ellen Christine var fire måneder eldre enn Mona. Når et yngre par inviterte et eldre ut, skulle det eldre selvfølgelig sitte på benken med utsikt mot salen. Men det var jo faktisk Sigmund som hadde invitert, og da var det kanskje det yngre paret som skulle sitte på benken. Han grunnet litt på dette mens han studerte menyen. Den var stor, og selvsikkerheten hans ble mindre og mindre. Den flotte entreen hadde tatt på kreftene, og nå begynte forretter, hovedretter og desserter å danse for øynene hans. 45


MAT

Stopp – tenk: Kva slags mat er dette, trur du?

46

– Nå, Markus. Hva skal vi velge? Sigmund så oppfordrende på ham. Markus stirret ned i menyen. Han hadde ikke peiling. Egentlig var han ikke sulten i det hele tatt. Et lite stykke pizza var toppen av det han kunne tenke seg, men det sto ikke pizza på menyen. – Jeg veit ikke riktig, sa han langsomt. – Hva har dere lyst på? – Bestem du, sa Mona. – Vi er ikke så vant til restaurantmat, sa Ellen Christine. – Ta noe du vet er godt. Markus nikket. Han satt med bøyd hode som i gamle dager. Det brant i øreflippene, og tversoversløyfen boret seg inn i halsen hans. – Ja, sa Sigmund. – Hjemme lar man jo ikke gjestene velge mellom forskjellige retter, så hvorfor skal man gjøre det på restaurant? Han hadde også studert boka og kunne store partier utenat. Jentene nikket fornøyd, og Markus hadde mest lyst til å vri halsen rundt på ham. – Nå, har dere bestemt dere? Det var kelneren som kom med colaen. Alle fire stirret på Markus. Han hoppet i det: – Fire Ansjos vinaigrette, fire Boeuf bourguignon og fire Appelsinsufflé.


Han leste fra menyen i hytt og pine og regnet med at den beste maten var den med de vanskeligste navnene. Han uttalte navnene på de forskjellige rettene i rasende fart akkurat slik de sto på papiret. Det var visst ikke helt korrekt, for kelneren så litt forvirret ut. – Kan du være så snill å ta det en gang til? Markus gjorde det. – Hva er bo-e-uf? spurte kelneren. Markus pekte på menyen. – Det uttales «bøff». Det er en fransk kjøttgryte. – Jeg veit det, men jeg pleier å si bo-e-uf. – Hvorfor det? – Det er enklere, sa Markus og renset halsen. Han begynte å klø i nesa. Hvordan nøs man på en restaurant? Så lydløst som mulig med bortvendt ansikt? – Bo-e-uf, mumlet kelneren, mens han noterte bestillingen. – Den skal jeg huske. Hva vil dere drikke til maten? Markus så fortvilet på Sigmund, mens han forsøkte å holde nyset tilbake. Heldigvis oppfattet han signalet og viste seg både som en profesjonell restaurantgjest og en god venn. – Juice til forretten, cola til hovedretten og sitronbrus til desserten. – Hvilken årgang? spurte kelneren. – Du er visst en morsom kar, sa Sigmund. Kelneren nikket. – Dere er ikke så verst, dere heller.

47


MAT

*Mons er faren til Markus.

48

Da nøs Markus. Et halvkvalt nys med ansiktet mot kelneren. Tårene spratt og nesa klødde fremdeles. Kelneren tørket diskré noen dråper vekk fra kinnet og fjernet seg raskt fra bordet, akkurat tidsnok til ikke å høre en tynn stemme hviske: – Jeg heter Markus. Etter en god start måtte man vente seg en liten nedtur. Markus’ nyseanfall var en stor nedtur. Det var et av disse anfallene som aldri ga seg. Mons* hadde det på samme måte. Når han begynte å nyse, kunne han holde på en halv times tid minst. Det hendte de nøs sammen og lo godt av det etterpå. Nå var det ingen som lo. Tvert imot, både jentene og Sigmund lot som om de ikke la merke til det. De konverserte ivrig om bøker de hadde lest, filmer de hadde sett, lærere de mislikte, og tenniskamper de hadde vunnet. Men hele tida holdt de hemmelig øye med ham, mens de ventet på neste nys. Hver gang han nøs, lente Mona seg tilfeldig over bordet. Som om hun akkurat kom på noe hun måtte si, eller som om hun var spesielt interessert i noe som nettopp ble sagt. Da han hadde nyst fjorten ganger, var anfallet over. Midtskillen var ikke så skarp lenger, og det røde lommetørkleet var fullt av grønne og gule flekker. Kelneren kom med juice og ansjosen. Nedturen fortsatte. Ansjos vinaigrette regnes som en fin forrett, og en utmerket rett på sommerverandaen, men det er få trettenåringer som regner den som sin favoritt. Den består av ansjos, hakkete egg, hakket løk, hakket persille og dressing. Smaken er ganske salt. – Er det Ansjos vinaigrette? spurte Ellen Christine og kikket mistenksomt ned på tallerkenen sin. – Jepp, sa Markus og puttet tappert en ansjosfilet i munnen. Den var glatt og sleip, og han hadde en følelse av at den var levende. Han hadde mest lyst til å spytte den ut, men han sugde den i seg som en spagetti. – Herlig! stønnet han og drakk juicen sin i én slurk. – Du kan godt få min også, sa Mona.


Stopp – tenk: Kvifor tilbyr han seg å ete forretten for jentene, trur du?

– Og min, sa Ellen Christine. – Vi slanker oss. – Det skal dere være forsiktig med, sa Sigmund. – Det kan være farlig. Sigmund likte voksen mat. Han spiste sin Ansjos vinaigrette langsomt og med god appetitt. Markus så takknemlig på ham. – Vi vil bare spare appetitten til hovedretten, sa Ellen Christine. – Ja, sa Mona. – Til bo-e-uf’en. Hun tømte ansjosen sin over på tallerkenen til Markus. – Tusen takk, sa han og smilte blekt, men elskverdig. Ellen Christine rakte tallerkenen sin over bordet. – Vær så god. Sigmund kikket opp fra ansjosen sin og smilte til Markus. – Heldiggrisen, sa han. – Du kan godt ta den, du, sa Markus. Sigmund ristet på hodet. – Nei takk. Det blir litt for sterkt for meg. Jeg har ikke så voksen smak som deg. 49


MAT

Jentene nikket ivrig og uttrykte sin beundring over hvor voksen smak Markus hadde. Det avgjorde saken. Med et lydløst sukk tok han imot tallerkenen Ellen Christine rakte ham, og helte innholdet opp i sin egen. Der nede lå det nå fjorten ansjosfileter. De så ut som en partert blekksprut. Han spiste dem i taushet til vennenes beundrende blikk. Da den siste fileten svømte ned i halsen hans, ville alle de andre opp igjen. Han svelget og svelget og klarte på et eller annet vis å drukne dem i magesaft. Da kom kelneren med boeufen. Boeuf bourguignon er en klassisk fransk rett, som kan inneholde mye forskjellig godt. Selv om den kokes på rødvin, kan den spises av barn, for alkoholen fordamper under kokingen. Den gryta restaurant Stjernen serverte, inneholdt oksekjøtt, gulrot, selleri, løk, hvitløk, tomatpuré, bacon og sopp. Det var en kraftig rett, som kelneren serverte med safrankokt ris. Porsjonene var store, og kelneren forsikret at det var mer der det kom fra. 50


– Det er fint, sa Ellen Christine og nikket mot Markus. – For han spiser som en hest. – Liten mann, stor mage, hva? sa kelneren og blunket til Ellen Christine. – Kan jeg være så snill å få et glass vann? sa Markus. Han ante ikke hvordan han kom seg gjennom kjøttgryta, men han hadde i hvert fall krefter nok igjen til å si «nei takk» da kelneren ville gi ham en porsjon til. Det var forresten alt han var i stand til å si. Han forsøkte å løsne på magebeltet, men det var festet med hemper under smokingjakka. Da kom kelneren med appelsinsuffleen. En mektig dessert. Den så ut som et digert, oppsvulmet sukkerbrød, dekket med melis. Den var laget av hvetemel, smør, melk, sukker, pressete appelsiner og egg. Den var rykende varm og restaurant Stjernens stolthet. Jentene var henrykt, Sigmund avslappet, og Markus følte seg som Guffen etter å ha forspist seg på maten til Bestemor Duck. Han førte skjeen langsomt ned mot suffleen, utstøtte en gurglende lyd, en slags mellomting mellom et rap og et gulp, og reiste seg langsomt, som en eldre herre, fra bordet. – Ønskjl, mumlet han uten å åpne munnen. Han gikk fort, med korte skritt, gjennom restauranten og ut på toalettet, der han kvittet seg med tolv ansjosfileter, åtte baconbiter, fire småløk, femti gram oksekjøtt og et lommetørkle i forskjellige farger. Da han kom ut i garderoben igjen, følte han seg nokså svimmel. Garderobevakten kikket opp fra avisen. – Er det du som heter Markus? Markus åpnet munnen for å svare, lukket den, nikket og løp tilbake inn på toalettet. – Du liker deg på do? sa garderobevakten da han kom ut igjen. – Simonsen, sa Markus. – Markus Simonsen junior. – Jaså, sa garderobevakten. – Jeg trodde det var senior.

51


MAT

Da han kom tilbake, hadde de andre spist opp og kelneren sto ved bordet. – Suffleen din er blitt kald, sa han. – Det gjør ikke noe, sa Markus. – Jeg skal ikke ha noe. Kelneren hevet øyenbrynene. – Liker du ikke suffleen vår? Nå hadde Markus fått nok. Han så kelneren rett inn i øynene og sa i et anfall av fortvilet mot: – Jeg har invitert gjester på restaurant. Hva kan jeg vente av hovmesteren og servitøren? – Hæ? sa kelneren, men Markus fortsatte med høy, tonløs stemme som om han framførte en utenatlekse, og det var jo nettopp det han gjorde: – Jeg kan først og fremst vente høflig – og ikke på noen måte nedlatende – oppmerksomhet. Hovmesterens og servitørens viktigste oppgave er å sørge for at gjestene trives, og den største bommert de kan begå, er å ignorere gjestene eller få dem til å føle seg underlegne. En dyktig servitør vet øyeblikkelig når han trengs ved et bord, uten at du må vinke etter ham, men han er aldri påtrengende. Han spør ikke uavlatelig om maten smaker, og han korrigerer deg ikke hvis du kommer i skade for å uttale navnet på en fransk vin galt! 52


Den satt. Jentene så på ham i stum beundring. Sigmund noterte ivrig på blokka si, og kelneren stirret på ham mens han åpnet og lukket munnen som en fisk som nettopp er skyllet på land. Sigmund puttet blokka i lomma og smilte til kelneren. – Og nå vil vi gjerne ha regningen, hvis det ikke er for mye bry. Kelneren nikket og trakk seg stille og raskt tilbake. – Den hadde han godt av, sa Ellen Christine. Mona nikket begeistret. – Det er det råeste jeg har hørt. – Jeg finner meg ikke i hva som helst, sa Markus og famlet etter lommetørkleet han hadde lagt igjen på toalettet. Kelneren kom tilbake med regningen. Han la den uten et ord foran Markus og trakk seg raskt og diskré tilbake. Markus så på den og skjøv den over til Sigmund. Den var på nøyaktig sekstenhundreogfemti kroner. Sigmund reiste seg langsomt. – Unnskyld oss et øyeblikk, sa han. – Vi må bare ut og ... Han kikket bort på Markus, – gre håret. – Jeg trodde ikke det var så dyrt! Sigmund hadde nettopp skylt ansiktet sitt. Han tørket seg med et av håndklærne som lå i pene stabler ved siden av vaskeservanten. – Hvor mye har du da?

53


MAT

Stopp – tenk: Kva synest du dei skal gjere no?

Markus sto rød og opphisset ved siden av ham. Dette var absolutt det verste som kunne skje. Og han som nettopp hadde skjelt ut kelneren. Det var nok ingen medlidenhet å vente fra den kanten. – Tusen kroner. – Du må ringe til faren din! – Det tør jeg ikke. Han blir helt fra seg hvis han får vite at jeg bruker sparepengene mine på restaurant. Dessuten synes jeg godt du kan betale litt, du også. – Jeg har bare hundre kroner! – Da må du ringe til faren din. – Nei! – Jeg skal gjøre det. Markus sukket tungt. Han var sikker på at Mons ville hjelpe dem ut av krisa, men han var ikke sikker på hva han ville si etterpå. Nå ja, den tid den sorg. Det var nok den eneste løsningen, og at Sigmund skulle ta seg av det praktiske, var i det minste en liten trøst. Frå Klaus Hagerup: Markus og Diana

54


OPPGÅVER 20a Finn eit utdrag frå teksten som de synest det passar å lage eit lite skodespel av. b Kor mange roller treng de? c Skriv replikkane. d Skriv scenetilvisingane. e Kva rekvisittar vil de ha? f Øv dykk godt, og spel stykket for nokon andre. TIPS TIL RESPONS – Kva var bra? – Høyrde de det som blei sagt? – Korleis var replikkane? Høyrdest dei naturlege ut? – Korleis var kroppsspråket? – Kva kan bli betre? – Kva for rekvisittar brukte de? Passa dei?

g Bruk punkta på plakaten «Tips til respons» og vurder framføringane til kvarandre. 21a «Sigmund bar smokingen som om han skulle være født i den.» Kva fortel denne setninga om Sigmund? b Jepp, sa Markus og puttet tappert en ansjosfilet i munnen.» Kva fortel denne setninga om Markus? 22 Les skildringa av hovmeisteren på side 44. a Kor høg er hovmeisteren, og korleis er håret hans? b Kva slags klede har han på seg? c Korleis er røysta hans?

SKODESPEL • Roller – når du er med i eit skodespel, må du late som om du er den personen du skal spele. • Replikkar – det personane seier til seg sjølve eller til kvarandre. • Scenetilvisingar – fortel kvar du skal vere, og kva du skal gjere på scena. Scenetilvisingane står i parentes. • Kroppsspråk – rørsler med kroppen som viser kva du tenkjer, eller korleis du har det. • Rekvisittar – utstyr som skodespelarane treng i eit skodespel. Det kan vere møblar, ein telefon, bøker, eit fjernsynsapparat eller noko heilt anna. • Kostyme – kleda skodespelarane skal ha på seg når dei speler ei rolle.

55


MAT

Før du les: Les overskrifta og sjå på illustrasjonen. Kva trur du diktet handlar om?

Eit nummer i matkøen Køen er lang, og lengre blir han for kvart minutt som går, massane stormar og dyttar kvarandre nedst i køen, der eg står. «Nummer 64» høyrer eg ei stemme, og ei lita kvinne går fram, ho viser sitt nummer og får sukker og mjøl som blir målt i gram. Ho takkar fleire gonger, og skundar seg heim igjen. Igjen same stemma ropar nummeret, nestemann er berre nummer sekstifem. Frå Merima Maja Brkic: Vekk meg. Dikt

OPPGÅVER 23 Diktet heiter «Eit nummer i matkøen». Kva tenkjer du på når du høyrer ordet matkø? 24a Kven trur du «eg-personen» i diktet er? b Kva for andre personar høyrer du om i diktet? 25a Les diktet høgt for kvarandre.

56

b Bruk punkta på plakaten og vurder opplesinga til kvarandre.

OPPLESING AV DIKT – Les tydeleg. – Varier røysta. – Finn musikk eller lydar som passar til diktet. – Sjå på publikum av og til.


På veg til matutdeling. Frå Somalia. Før du les: Ta eit BISON-overblikk over teksten. Er denne teksten sakprosa eller skjønnlitteratur? Grunngi svaret ditt. Medan du les, skal du av og til stoppe og skrive eit faktaspørsmål til det du les. Alle spørsmåla skal begynne med eit spørjeord.

SPØRJEORD

kva? kven? kor? korleis? kvifor/korfor? kvar/kor? når?

Svolt, den permanente krisa Kan du førestelle deg at du ikkje skulle få ete deg mett kvar dag? Mange born og vaksne rundt om i verda opplever ein dagleg kamp for å skaffe seg nok mat.

Svolt Det er vanskeleg for oss i det rike nord å førestelle oss kva svolt eigentleg inneber. For det er så fjernt. (...) Svolt er meir enn smerter i kroppen. Svolt er spedbarn som græt døgna gjennom. Det er drøymande barn framfor butikk- og restaurantvindauge. Svolt er barn og vaksne i kamp seg imellom og med rotter og rovfuglar om matrestar på søppeldyngjer. Svolt er stadige konfliktar i familie og samfunn om fordeling av maten. Svolt er dei vanskelegaste av alle val: Skal familien gi mat til dei medlemmene som treng han mest, eller til dei som har størst sjanse til å overleve? 57


MAT

Stopp – tenk – skriv tre spørsmål.

Skal den gravide mora prioritere sine små barn eller seg sjølv og fosteret ho har i magen? Skal åtteåringen sendast på skole for å lære å lese og skrive eller ut i byen som skopussar eller fabrikkarbeidar for å skaffe mat til dei mindre ungane? Skal ungjenta sendast heimanfrå på arbeid eller kanskje i prostitusjon for at familien skal få pengar til mat? Skal ho giftast bort tidlegast råd for at huslyden skal få ein munn mindre å mette? Svolt er uvisse om framtida. Det er barn som har fått hemma vekst, brote ned motstandskraft og livsenergi på grunn av for lite og einsidig kost, som risikerer å bli blinde på grunn av A-vitaminmangel, fysisk veikare og få svekt immunforsvar. I Sør-Asia var 46 prosent av barna under fem år undervektige i 2006, i Afrika sør for Sahara 28 prosent, rapporterer FN. Svolt er folk på vandring, folk som må forlate sine og den staden og det landet der dei helst vil bu, i ei fortvila von om ei betre framtid andre stader. FN seier såleis at den mest effektive metoden for å stoppe spreiinga av aids er å gi innbyggjarane i utsette land mattryggleik. (…)

Hungerfella Forskarar bruker uttrykket the hunger trap, hungerfella. Dei som er svekte av svolt, er i ein vond sirkel av svolt og fattigdom og meir svolt og meir fattigdom. Det blir gjerne sagt at dei fattige har berre si arbeidskraft å leve av. Men den permanent svoltne har knapt nok det. Det blir ofte oppfatta som latskap eller motvilje mot arbeid, men er i realiteten annleis. Når svolt har vore ein livslang tilstand, som har hemma vekstevna, svekt immunforsvaret og gjort den som er ramma, meir sårbar for sjukdommar, har det også ramma arbeidsevne og energi. Svekt fysisk tilstand er vanlegvis synleg, aller mest på kroppslengda. Undersøkingar frå mange land syner at personar som ser små og forkomne ut, har større 58


Frå ein flyktningleir i Albania. 1999.

Stopp – tenk – skriv tre spørsmål.

vanskar med å få arbeid, og at om dei får arbeid, er produktiviteten lågare. Anten dei er i lønns- eller akkordarbeid, blir difor utbyttet ofte lågt. Det gjeld kroppsarbeid, men er det annleis med kontorarbeid og liknande oppgåver? Ofte har den som er plaga av kronisk svolt, heller ikkje fått skolegang. Eller om han eller ho var på skolen, var dei ikkje i stand til å konsentrere seg og dra full nytte av undervisninga. Og svekt fysikk gjer at problema varar ved i vaksen alder. Når mattilgangen er usikker, krevst ekstra innsats av familiemedlemmene for å få endane til å møtast. Særleg gjeld dette kvinnene. Undersøkingar blant fattige landarbeidarar og jordlause i Nepal til dømes viser at kvinnene bruker åtte til ti timar dagleg for å samle brensel, dyrefôr, gras og vatn og for å lage mat. All deira tid går med, og dei blir utan høve til å delta i arbeidsliv eller utdanning. Det gjeld også barna. Nauda tvingar foreldra til å setje dei til pass av mindre barn, gjeting av dyr og andre arbeidsoppgåver framfor skolegang. (…) 59


MAT

Vegane ut av uføret (…) FAO, FNs organisasjon for mat og landbruk, har rekna ut at halvering av svolten i verda vil koste verdssamfunnet 24 milliardar dollar i året, og at verda samtidig ville spare 120 milliardar dollar årleg på det – fem gonger så mykje. Kronisk under- eller feilernæring gjeld altså minst ein av sju av oss. Og det gjeld barn og unge meir enn vaksne. Dødsårsaker er samansette, og det blir operert med noko ulike tal. Årleg døyr nesten ti millionar barn under fem år. Den utløysande dødsårsaka kan vere diaré, meslingar, lungesjukdommar eller malaria. Men bak ligg ofte svolten, som har svekt dei små kroppane og immunsystema deira. Verdas matprogram i regi av FN (WFP) seier at vel halvparten av dødsfalla, 53 prosent, kjem av svolt. Hadde dei fått tilstrekkeleg, stabil og sunn næring, hadde desse fem millionane unge kunne vorte berga. Fem millionar i året er nesten 14 000 om dagen. (…) På mange vis har menneska fått det betre dei siste tiåra. Ein stadig større del av oss har lært å lese og skrive, mange sjukdommar er nedkjempa, og gjennomsnittleg livslengd har auka. Også svolten gjekk attende i ein periode. Men det siste tiåret har talet på underernærte auka att, og i 2007–2008 har svolten auka mykje, blant anna fordi prisen på matvarer har stige. Det blir dyrare å kjøpe mat, og rike land som gir mathjelp, får mindre mat for hjelpebudsjetta sine. Ved sida av global oppvarming er massesvolten det største problemet kloden står overfor. Men det er ein viktig skilnad mellom dei to problema. Det er svært vanskeleg å stogge den globale oppvarminga, særleg fordi enorme utslepp alt har funne stad. Svolten er enklare å nedkjempe. Vi har ressursar til å fø alle verdas innbyggjarar. Oppgåva er å mobilisere den klokskapen og handlekrafta som må til. Olav Randen Frå En verden uten sult. Rapport fra Utviklingsfondet 2009

60


OPPGÅVER 26 Still kvarandre spørsmåla de skreiv medan de las. 27 Lag ei felles liste og skriv kva problem svolt kan føre til for eit menneske. Eksempel: 1 Veksten blir hemma. 2 ... 28a Kva kan og bør gjerast for å stoppe svolten i verda? Snakk saman og lag eit tankekart om kva vi kan gjere. BILLIGARE MAT TIL FATTIGE LAND

b Studer tankekartet. Kva kan kvar einskild av oss gjere? 29a Bruk oppskrifta på plakaten og skriv eit dikt på fem linjer om svolt. b Skriv diktet pent på ark eller på PC. Illustrer. Legg diktet i mappa di.

FEMLINJERS

1. linje: eitt ord: det som diktet skal handle om 2. linje: to ord: korleis svolt er 3. linje: tre ord: kva svolt gjer med folk 4. linje: fire ord: skal handle om kjensler 5. linje: same ordet som i 1. linje

DETTE KAN VI GJERE

I MÅL?

LAG EIN REKLAME Dette kan du tenkje på når du skal lage ein reklame: – Kva vil du reklamere for? – Kvar vil du reklamere? – Kven skal vere mottakargruppe? – Kva skal vere namnet på produktet? – Kva for positive ord vil du bruke? – Kva faktaopplysningar vil du ha med i reklamen? – Korleis skal biletet eller illustrasjonen vere? – Kva slags lyd eller musikk vil du bruke dersom reklamen skal vere i radio, på fjernsyn eller på Internett?

1 I dette kapitlet har du lese tekstar i ulike sjangrar. Kva sjangrar høyrer desse tekstane til: a «Pirogar», side 8 b «Butikkvers», side 16 c «Dei gjevmilde dyra», side 26 2a Lag ein enkét og spør åtte elevar på skulen din kva dei har med i matpakken sin i dag. b Kor mange hadde med brødskive med ost? Kor mange hadde ...? Set opp eit søylediagram over det de fekk vite. c Presenter resultatet for dei andre i klassa di. 3a Lag ein reklameplakat for skulens beste matpakke. b Vurder plakaten din. Kva for nokre av punkta på plakaten har du greidd å følgje? c Kvifor kan vi seie at ein reklameplakat er ein samansett tekst? ARBEIDSBOKA, side 4–20

61


Zeppelin 6 lesebok pluss NN