Adcom TID

Page 22

REPORTASJE / ADCOM SØRE SUNNMØRE

sjølvsagt er spesielt nyttig ved gruppearbeid, ein har uavgrensa med lagringsplass, og IT-avdelinga kan legge ut nye program, og sette reglar på alle maskiner, med eit par museklikk. Vidare erfarer vi at løysingane engasjerer. Dei harmonerer godt med korleis dagens elevar er vane til å bruke teknologien på fritida, og det er ei viktig side ved saka. For å forstå valet av IT-plattform meiner vi nøkkelen er nettopp dette - å sjå kva som er eleven sin faktiske teknologi-kvardag. Verktøyet må samtidig vere spesialtilpassa for skulebruk, og ikkje kvasi-løysingar eller oppsett som til dømes passar betre på rådhuset i kommunen. Ein må huske at skule er noko anna enn både privatbruk og kontorlandskap, seier IT-konsulent Sverre Osdal.

Skreddersydd for skulebruk I alt er det over 1000 Google Apps-brukarar og 600 Chromebook-/Chromebox- einingar i bruk i Ørsta kommune. Elles i landet er løysingane i bruk i blant anna Trondheim, Narvik, Larvik, Odda, Hordaland fylkeskommune, Drammen, Randaberg, Sola, Gjesdal, Stavanger, Lillesand og hos Høgskulen i Volda ved Seksjon for Medie- og Kommunikasjonsteknologi.

Lærarane treng eit IT-system som dei kan stole på alltid fungerer, og som alle enkelt kan handtere. Skulane treng både maskin- og programvare som gjer det dei ønskjer, og som er enkle å bruke, robuste og ikkje krev vedlikehald. Med andre ord; Ei framtidsretta og kostnadseffektiv løysing, avsluttar Heggen.

Utdanningssystemet til Google er i hovudsak ein integrasjon av eksisterande tenester, med

22


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.