Onen 1/2013

Page 1

ONEN NYTT FRÅ OLAV H. HAUGE-SENTERET 3. ÅRGANGEN

1/2013 Språk er fossil poesi, skreiv den amerikanske filosofen Ralph Waldo Emerson i 1844. Med raust inkluderande arrangement over heile landet gjer Språkåret 2013 endå meir poesi til levande språk.

Foto: Jan Erik Vold

HAUGE-SENTERET I SPRÅKÅRET Ulvik ligg midt i verda, og verdas poesidag høyrer Ulvik til. Unesco vedtok i 1999 å lage ein slik verdsdag. Den dagen feirar Hauge-senteret laurdag 23. mars med film og lyrikk. I beste kaffitid på ettermiddagen viser me filmen Dråpar av eit diktarliv. Dei som gjekk glipp av poeten Erlend Nødtvedt på Ulvik Poesifest i fjor, får ein ny sjanse no. Dei som var der i fjor, veit kva dei har å gle seg til denne laurdagskvelden. No har han dessutan med seg Alexander Lund på kontrabass.

DROPAR AV EIT DIKTARLIV Til 80-årsdagen for Olav H. Hauge i 1988 vart det laga ein film der diktaren Jan Erik Vold intervjua Hauge heime på Rossvoll. «Vold og eg sette oss til eit bord på loftet, fotografane hadde sikta inn kanonane und ljoskastarane, og so bar det laust», skreiv Hauge i dagboka etter opptaka. Filmen Dråpar av eit diktarliv har ikkje vore vist offentleg på over 20 år. Produsentar var Turid Borgen og Hans Eirik Voktor. Dei har teke godt vare på filmen, som no er digitalisert av produksjonsselskapet TVP i Stavanger. Dette er ein av få filmar der Olav H. Hauge sjølv fortel om si dikting. Den 23. mars får filmen nypremiere i Hauge-senteret, og Voktor kjem for å presentera filmen.

HAUGE SAMLA PÅ TYSK – Det er utfordrande å omsetja og gjendikta Hauge, for han nyttar fleire ord som ikkje finst i ordbøkene, seier diktaren og omsetjaren Klaus Anders. I fjor vår var han ferdig med si store gjendikting av Olav H. Hauge til tysk. Me har intervjua Anders om arbeidet med Gesammelte Gedichte. Det intervjuet er no publisert på www.haugesenteret.no. ROM FOR UNG POESI Hauge-senteret skal formidla poesi i mange former på tvers av språkgrenser. Me ynskjer også å kryssa aldersgrensene. I Hauge-senteret får publikum møta både dei sterke røystene som lenge har vore viktige, og dei nye røystene som er på veg inn i poesien eller musikken. Når me feirar Verdas poesidag 23. mars, kjem difor 17 år gamle Åshild Sorteberglien Ljones frå Ulvik med sin vakre tradisjonssong saman med Marte Lindvik på fele.


OLAV H. HAUGE-SENTERET ARRANGEMENT VÅREN 2013 LAURDAG 23. MARS 16.00 Heradsstyresalen, Olav H. Hauge-senteret Dråpar av eit diktarliv

21.00 Den grøne kafé, Ulvik Poesikveld med Erlend O. Nødtvedt

Foto: Privat

Unge tonar: Tradisjonsmusikk med songar Åshild Sorteberglien Ljones og felespelar Marte Lindvik Kr 150 / student, honnør 100

Tonefølgje av Alexander Lund (kontrabass) Kr 100

Foto: Aschehoug

Olav H. Hauge i samtale med Jan Erik Vold Redigert filmopptak frå 1988 Introduksjon ved filmprodusent Hans Eirik Voktor

LAURDAG 4. MAI 16.00 Heradsstyresalen, Olav H. Hauge-senteret Inn i diktarverda Møte med ein folkekjær forfattar Program vert annonsert seinare Kr 100

FRÅ FILM TIL LYRIKK – Olav H. Hauge var ein internasjonalt orientert diktar, og er framleis respektert i mange ulike kulturar. Det universelle i det nære, opnar for spennande formidling av Hauge og anna nynorsk poesi. Det seier Geir S. Netland (53). Måndag 4. mars tek han til som dagleg leiar ved Haugesenteret. Netland har arbeidd med film og kino i fleire tiår. Han har produsert ei rekkje dokumentarfilmar og fjernsynsseriar og vunne prisar for fleire kortfilmar. Netland har også vore kinosjef på Bryne, i Sandnes og i Stavanger. Han har vore styremedlem i festivalen Maijazz og var med og bygde opp den barne- og ungdomsfilmfestivalen som no heiter Fabu. Kven av dei mange filmskaparane som er favoritten hans? Andrej Tarkovskij, ein av dei største i sovjetrussisk film. Hauge + Tarkovskij. Her er det duka for litt av kvart.

Med atterhald om endringar

Dette skulde vere ein ny dag, og eg trur det er. For eg har gjort eit stort forset, sett stål i viljen, og lova å byrja å nyo. Rett nok gjeng me og ventar på at det underfulle skal skje, og det fær me vona det gjer ein gong òg, men inntil so lenge fær me gjera det ein kan, med det ein ser seg råd med. Det er litt hardt å gripa til seigt metodisk arbeid for Foto: Odd Nerbø

Under utvikling: eit dokumentasjons- og H. Hauge og lyrikk i mange former på tv

ein som trur på magi, og det gjer me alle, men det fær so vera. Skal du til Mars, nyttar det lite å byrja gå etter stjerna. Olav H. Hauge i dagboka 1. mars 1959

GJESTENE HAR ORDET

A wonderful welcome from Olav Hauge to one who left many years ago. A man from my parents’ generation in Ulvik. Tusen takk! Trygve Bratteteig & Sanja Bulic Har med glede sett teikningane til Jon Hjelmevoll, og lese nokre dikt av Olav. Magnus Ljone


g formidlingssenter om Olav vers av språkgrenser

BESTE LYRIKKBIBLIOTEKET I LANDET Olav H. Hauge har sett mange spor etter seg i Ulvik. Eit av dei mest handfaste er i Ulvik folkebibliotek. Sidan 1965 har det kome ut mengder av lyrikk på norsk. Slike bøker kvittar dei fleste biblioteka seg med så fort dei kan. Berre ikkje Ulvik folkebibliotek. Der er dei alle saman, godt synlege fyller bøkene hyllemeter på hyllemeter, ute blant publikum, ikkje i eit låst magasin. Kan noko bibliotek i landet syna til noko liknande? Trur ikkje det, nei.

T I L S K O T S G I VA R A R

ULVIK HERAD

DEN FJERDE STILLINGA No har Hauge-senteret tre faste medarbeidarar og det er sett av midlar til den fjerde og siste stillinga ved Hauge-senteret frå hausten 2013. På 2 ½ år har Nynorsk kultursentrum sikra Ulvik og Hauge-senteret fire faste arbeidsplassar av den sorten kommunar flest saknar – og fleire nye innbyggjarar.

GJEST PÅ ROSSVOLL «Ham skulle du møte. Han og hans Bodil bor midt i et stort maleri», skreiv Rolf Jacobsen om Olav H. Hauge i 1977. Han hadde vore der før og visste kva han snakka om. I 1980 var han der att; dette

HAUGE-MATERIALE? Ei viktig oppgåve for Olav H. Hauge-senteret er å dokumentera diktarens liv og forfattarskap. Veit du om kvar det finst brev, dikt og anna han skreiv, og gjenstandar han eigde eller laga, høyrer me gjerne frå deg så me kan registrera eigar og informasjon.

MITT HAUGE-DIKT Holmen

Einsleg, forvist langt frå land, strider holmen på grufsen fjellsjø. I stille næter, når sjøen søv, kjenner han berget under seg breider seg tungt og veldig ut og vert eitt med landet. Dropar i austavind, 1966

biletet er teke i juni 1980. Jacobsen og Hauge kjende ikkje kvarandre personleg då dei var unge, men i godt vaksen alder vart dei gode vener. Dei møttest første gongen våren 1973 – Hauge var 64, Jacobsen 65. Foto: Bodil Cappelen.

TA KONTAKT! KOM INNOM!

Eksistensielt om byrgskapen og styrken i det å vere ein del av makrokosmos, enn kor einsamt det kjennest. Theresa Wallevik, leiar Venelaget Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-senteret, Promenaden 7, 5730 Ulvik www.haugesenteret.no Tlf. 56 52 70 70 Kontortid måndag–fredag 9–15 Omvising i temautstillingane etter avtale


UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM ANSV. REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD

I tråd med temaet Grenselaust har Dei nynorske festspela i år heile tre festspeldiktarar, alle unge og alt viktige: Lars Petter Sveen, Sigrid Sørumgård Botheim og Guri Sørumgård Botheim. Hauge-senteret eig litt i dette, me også. Guri Sørumgård Botheim er med i utstillingsgruppa som arbeider med den store basisutstillinga vår.

Tilbod frå nettbutikken

NEI, KVA GJER ME PÅ? Me tenkjer, les, ringjer, skriv, lærer, skriv, ringjer, les, ten-

Olav H. Hauge og Bodil Cappelen: ABC Kr 229

kjer. Me skal arbeida oss fram til våre måtar å fortelja på om Hauge og andre lyrikarar.

de, avtalar skrivne, dårlege idear forkasta. Er det noko du synest me bør gjera, høyrer me gjerne frå deg!

Me skal finna ut korleis heradshuset i Ulvik best kan fyllast med ei basisutstilling som overraskar publikum og gjev dykk lyst til å koma att. Og me skal gjera noko ingen har gjort før. Planar vert lag-

BLIR DU NR. 1000? Medan me byggjer opp det som skal verta det samla publikumstilbodet vårt, gjev me publikum ei rekkje arrangement, dessutan utstillingar i enkle former. Seinare i vår presenterer me sommarprogrammet. Så mange har gjesta oss at ein eller annan gong i år kjem gjest nr. 1000. Vert det du? Ei overrasking ventar til den rette.

Olav H. Hauge Dikt i samling (hefta) Kr 149

Iren Kleiven Putetrekk, bilete og kort med ulike Hauge-sitat Putetrekk kr 450 Bilete kr 229 Kort kr 30

www.haugesenteret.no

GRENSELAUST Torsdag 27. juni opnar Dei nynorske festspela i Ørsta og Volda. 50 arrangement seinare er det slutt søndag ettermiddag 30. juni. Festspela er eit av dei store arrangementa i Språkåret 2013. 200-årsjubileet for Ivar Aasen vert feira med å sjå framover.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.