Issuu on Google+

FESTSPELSYMRA NYTT FRÅ DEI NYNORSKE FESTSPELA 2009

FREDAG 26. JUNI

Festspeldiktar Tove Bakke i samtale med kulturredaktør Jan H. Landro (Foto: Sunniva Lillebø)

ELSKAR LYDEN AV DIKT – Eg må høyre korleis teksten er på originalspråket før eg kan omsetje han. Difor sit eg ofte og snakkar med PC-en medan eg arbeider, sa festspeldiktar Tove Bakke i samtalen med Jan H. Landro torsdag. Tove Bakke si omsetjargjerning byrja med dikt. Ho elskar nemleg lyden av dikt. Det er likevel omsetjinga av Anna Gavalda sin suksessroman Saman er ein mindre aleine, ho er mest kjend for. Denne romanen har selt i meir enn 100 000 eksemplar, det høgaste salstalet til ein roman på nynorsk nokon gong. Det var også Gavalda-omsetjingane det handla mest om i Litteratur med Landro. Jan H. Landro roste Bakke for å få fram ein flyt i språket som er unik, og ikkje gir lesaren ein einaste grunn til å stoppe opp for å stusse ved val av enkeltord. – Kunsten er å narre lesaren til å tru at han les på fransk. Så ein må trylle litt innimellom, sa Tove Bakke. – Har du hatt ei kjensle av at di omsetjing har forbetra originalen? spurde Landro. – Ein gong, svara Bakke, og lo. – Det var då eg skulle finne eit norsk motsvar til eit radioprogram alle franskmenn kjenner til. Eg kalla det for Råneradioen, og er svært godt nøgd med det, smilte Bakke.

24 25 26 27 28

FRÅ NORWEGIAN WOOD TIL FESTSPELA For to veker sidan spelte Stein Torleif Bjella på Norwegian Wood-festivalen i Oslo. I dag kjem han, Kjartan Kristiansen og Tor-Egil Kreken til Festspela og til ein langt meir intim og stemningsskapande sal. Eit godt utgangspunkt for viseforteljingane hans, som er fulle av humoristiske undertonar. ”Kolmørkt bygdedarkness”, var merkelappen ein av musikkmeldarane sette på CD-en Heidersmenn som kom tidlegare i år. Stein Torleif Bjella synest det var fint sagt. Sommarkvelden er lys, og motsetnader tiltrekkjer kvarandre, så her gjeld det å sikre seg plass til ei god oppleving! Før Bjella går på scenen skal Per Inge Torkelsen underhalde på sitt friske vis, med ord om erotikk og humor. Ein uslåeleg kombinasjon det er få grunnar til å gå glipp av. OPPLEVINGAR PÅ REKKJE OG RAD Ragnhild Oterholm frå Volda storkosa seg på Prisvinnarens time torsdag. – Det var veldig underhaldande med ein slik premievinnar, seier ho. Samtalen mellom Ottar Rekkedal og Audhild Gregoriusdotter Rotevatn var det tredje arrangementet Oterholm fekk med seg på torsdag, og ho var klar for meir. – Eg gler meg til samtalen mellom Jan Landro og Tove Bakke. Eg har lese Anna Gavalda både på fransk og norsk, og er svært imponert over kor naturleg Bakke får teksten til å gli i den norske utgåva, seier Ragnhild Oterholm. GLIMRANDE LESESTUND Alle som har lese Vaffelhjarte og kronikkane hennar i Sunnmørsposten, veit at Maria Parr har eit heilt særeige lag med ord. Torsdag ettermiddag fekk vi oppleve den unike formidlarevna ho også har. Framhald s. 2

UTGIVAR: NYNORSK KULTURSENTRUM REDAKTØR: GAUTE ØVERENG ANSVARLEG REDAKTØR: OTTAR GREPSTAD


Gamlemuseet i Aasen-tunet var fullt i to omgangar då Maria Parr las, eller rettare spelte ut teksten frå den nye romanen Tonje Glimmerdal som kjem til hausten. Sommarsveitte born som sit heilt stille for å lytte, talar for seg. Borna var både stille, lyttande og engasjerte då Lurivar hadde omvising i Aasen-tunet i same arrangementet som lesestunda. Denne omvisinga er det også mogleg å få med seg resten av sommaren, kvar tysdag og fredag i Aasen-tunet.

ARTIG TULL OM ORD OG TAL – Det var heilt fantastisk å vere her, seier Audun Skorgen. Då han kom opp i Aasen-tunet torsdag føremiddag, forstod han kor ille det var at han ikkje har vore her før. – Eg blei heilt fjetra då eg kom opp hit, og her var så mange hyggjelege folk. Dette var kjekt, seier Skorgen. Han spelte bass i barneFoto: Christoffer Eikrem framsyninga Frå null til tull som var på utescena torsdag. Inger Bakke, Stian Omenås og Skorgen leika seg med dikt av Marit Kaldhol til stor fryd for store og små.

FESTSPELA I DAG

FORTRYLLANDE LYDLANDSKAP Arve Henriksen, Jan Bang, Terje Isungset og Karl Seglem spelte opp ein lydleg eventyrskog til å drøyme seg vekk i, i salen i Aasen-tunet. Verket Ellivan er inspirert av Stryn-diktaren Elling Vanberg og diktaren sjølv var med i lydopptak frå NRK. Med plystring, strupesong, falsettsong, bukkehorn, elekFoto: Stine Dahl tronikk, saksofon, trompet og diverse perkusjon trylla musikarane fram vakre skildringar av forhold mellom menneske og underfundige anekdotar frå Vanberg sine dikt. Konserten var plateslepp for CD-en Ellivan, og det var dotter til diktaren som fekk æra av å sleppe CD-en – i scenegolvet. 3445 KRONER TIL REDD BARNA Vidvanke, mallumallore og skunk var mellom orda som blei lodda ut på Språkbasaren på Målbar torsdag kveld. Basaren gav 3445 kroner til Redd Barna-kampanjen ”ABC redder barna”. Nynorsk kultursentrum er bedriftsfadder for denne kampanjen, og gåvekort er å få kjøpt i Ivar Aasen-tunet.

FESTSPELA I MORGON

Foto: Johann Aakre

Erotikk, med andre ord

Heidersmenn

Festspelferja 2009

Per Inge Torkelsen om erotikk og humor Kr 150

Stein Torleif Bjella, Kjartan Kristiansen og Tor-Egil Kreken Kr 200

MF Folkestad går inn Austefjorden med kraftsong frå Storm Weather Shanty Choir, og ord frå Agnes Ravatn og Ragnar Hovland Kr 280

20.15 Salen, Aasen-tunet

22.30 Salen, Aasen-tunet

14.00 Volda ferjekai

Side Brok og Tabanka Crew 20.00 Volda bygdetun Årets sommaroppleving! Kr 300 / 150 / 750 fam.

Billettar og meir informasjon på www.aasentunet.no. Du får også kjøpt billettar på Narvesen. HOVUDSPONSORAR


Festspelsymra 3/2009