Festspelavisa2014 72dpi low

Page 14

14 Dei nynorske festspela • Ivar Aasen-tunet • 26.–29. juni 2014 • Ørsta og Volda

På bærtur med Nøtteliten I år er det 100 år sidan Alf Prøysen vart fødd. Dette blir storleg markert i Prøysenåret 2014. Dei nynorske festspela er glade for å ta i mot Prøysenbandet og Nøtteliten, som vil vise oss veg gjennom Prøysen sitt univers. Frå Hompetitten til Bolla Pinnsvin, Helene Harefrøken, han verdskjend. Frå 1938 fekk han Sirkus Mikkelikski og mange tekstar på trykk i Arbeidermagasifleire. net. Starten på forfattarskapen, der Alf Prøysen skreiv barne- og vaksenlitteratur på ringsakerdialekt. Visene hans vart folkeeige, «Du skal få ein dag» blei kåra til nasjonalvisa for Noreg i 1995. «Nordmannen» kom på 2. plass. Barnebøkene om Teskjekjerringa gjorde

Fredag 27. juni 11.00–11.45 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet På bærtur med Nøtteliten Konsert med Prøysenhusbandet Kr 100 / barn 50 / familie 200

det meste var på dialekt, var novellesamlinga Dørstokken heme, som kom i 1945. Barnebokdebuten, Lillebrors viser, kom i 1949. Den einaste romanen, Trost i taklampa (1950), vart omarbeidd for scenen. Stykket vart første gongen oppført på Det Norske Teatret i 1952. Seinare vart det både film og musikal. I 1952 debuterte Prøysen i barnetimen for dei minste i NRK Radio. Han spela gitar og song viser, knytte saman med små historier om fru Bollerud, gamle Marte og ‘n Baldrian. Mykje av det populære stoffet kom etter kvart i bokform. Innslaga i andre NRKprogram, mellom anna i Søndagsposten, var òg høgt skatta. Prøysen

Alf Prøysen samla fleire viser og gjorde gjendiktingar frå svensk og engelsk av mellom andre Elsa Beskow, Wilhelm Moberg og Charles Sale. Saman med Inger Hagerup gjendikta han britiske barnerim. Prøysenhusbandet er gitarist og orkesterleiar Frode Berntzen, trommeslagar Mats Lillehaug og altmulegmusikant Hogne Moe, som også er dagleg leiar på Prøysenhuset. Moe arbeider mykje med born, musikk og teater, og har mellom anna skrive bøkene og platene om Jonas i jungelen. Han

fortel at Alf Prøysen sine songar vert svært godt mottekne av barn over heile landet. Han blir ikkje lengre overraska over at born kan mange av Prøysen sine songar, vers på vers, på rams. Prøysenhusbandet ser fram til å treffe deg under Festspela, og vi ønskjer velkomen til ei musikalsk reise i Prøysens rike songskatt for born.

Lurivar presenterer: Grunnlova – Det eine jubileumsåret bit det andre i halen. Ikkje før er vi ferdige med å syngje “Hipp, hurra for Ivar Aasen”, så er vi i gang med å syngje grunnlovsjubileumssongar. Det er jo berre heilt festjubileumsfabulistisk, seier tunkatten Lurivar Lurivar er ein ordsamlar av rang. Så lenge han kan hugse har han samla på ord og uttrykk, og i år er det særleg mange grunnlovsord å finne rundt omkring. – Eg skal snuse meg inn på mange spennande setningar frå Grunnlova og historia frå 1814. Demokrati? Kva er det for noko? Konstitusjon? Det rimar jo på kondisjon, men er vel ikkje heilt det same? funderer Lurivar. Lurivar presenterer: Grunnlova er ei spesialframsyning for Festspela der tunkatten Lurivar (Maria Halseth) tek borna på ei reise gjennom Grunnlova og tida kring unionsoppløysinga frå Danmark. Lurivar leikar med ord og

Lurivar (foto: S. Osdal, Aasen-tunet) setningar. Han tolkar Grunnlova hit og dit. Ja, av og til går det litt vel langt, og borna og Lurivar sin makker må hjelpe Lurivar på rett spor att. Ein god dose gjøgleri, litt alvor, ei klype opplæring, ein smak

av språk, eit godt mål song og ein porsjon leik. Bland alt dette saman med nye lover og overraskingar, så har du oppskrifta på familieframsyninga Lurivar presenterer: Grunnlova!

Laurdag 28. juni 13.00–13.45 Uteamfiet, Ivar Aasen-tunet Lurivar presenterer: Grunnlova Kr 50 / familie 150


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.