1.11.1962 Til Voss til tannlækjar og stakk stein or tennene. Eg var inn på bokhandelen og kjøpte Nynorsk lyrikk, utvalet som Erling Nielsen sende ut i Dannmark, det er kome i Orionserien til Samlaget. Same boki er òg kome i Sverige. Eg har ikkje set utvalet fyrr. Stort set er det bra, for utgjevaren har vore bunden av dikti i Norske dikt. Men det utvalet var ikkje heilt godt. Det var godt for sume forfattarar sitt vedkommende, men ikkje alltid. Aukrust kjem ikkje til sin rett i Norske dikt, og det gjer han ikkje i utvalet til Nielsen heller. Nei, i utvalet til Aarnes og Boyson, som kom i fjor, møter eg den Aukrust eg møtte fyrste gongen eg las han. For han er no vår største lyrikar, lat dei segja kva dei vil. No er dikti i dette utvalet òg gode, men det er ikkje retteleg Aukrust. Elles ser eg Rytter hevdar seg godt, dikti hans er gode! Ein skal ikkje alltid sjå sidetalet. Den forfattaren som kjem best til rett i utvalet, er Nygard. Sameleis Tor Jonsson. Dei er heilstøypte, og utan store svingingar. Dikti til Rytter er òg gode og mektige, Ørjasæter har òg eit godt utval, han har mest. Garborg kunde vore betre. Blix skulde havt nokre salmar i staden for dei dikti sine. Hovden sine dikt er ikkje gode. Nokre sterke salmar, «Eg livde millom berg og knaus» og «Fagert er landet» skulde vore med. Utvalet av meg skal eg ikkje klaga på, dikti er gode, eg har vel ikkje gjort noko betre. At Skrede har fenge større rom, er gledeleg og rett; han er repre-sentativ og har ein dominerande stilling i norsk dikting i dag. Men Kaste! Kvar er det vorte av han?! Vel, det kjem vel hans dag òg. Lese meir i Nynorske dikt av Erling Nielsen. Utvalet av Aasen, Rytter er godt. Dei tvo fyrste hjå Nygard burde ikkje vore med. Aukrust er bra, når ein tek umsyn til utvalet i Norske dikt. Men det er ikkje som det skulde! Ørjasæter er ikkje bra. «Våris» burde ikkje vore med. Det er langt og i grunnen ikkje godt. «Den minnebundne» burde vore med. Elles er utvalet godt. «Bonden møter vinteren» er framifrå. Sivle kunde vore betre. Hovden og Blix sameleis. Verkeleg godt er utvalet av […] Best er utvali av Aasen, Uppdal, Rytter, Vesaas. Av Nygard er ikkje utvalet godt. «Svevn» vantar, og «Svarberg» og «Såtehonn». Og Aukrust er ikkje Aukrust. No, det er ikkje Nielsen si skuld, han har gjort godt arbeid innan det utvalet som han hadde i Norske dikt. 3.11.1962 Eg har set litt i Nynorsk lyrikk av Nielsen. Rett nok kunde utvalet av Aukrust vore betre, men der er då med «Still meg ei storvengja sorg yverskygde ». Og det er nok. Større dikt finst ikkje i Norden. Eg trur Johannes av Krossen hadde teke hetta av. No skynar eg kvifor dei tegjer, småpoetane, når talen kjem på Aukrust. Alf Larsen har tala ut, han er den einaste. Av Nygard saknar eg «Svevn» og «Etter ein andlåt». Elles er utvalet godt. Han er ein av våre aller beste og finaste diktarar.
15