51a3a5f10a204dd3bd33cedbb60bc8af

Page 32

Historia om Ivar Aasen-museet (frå 2003): Vidare dokumentasjon blei samla inn også i 2011. Digitalisering av Fedraheimen (frå 2005): I samarbeid med Norsk Ordbok 2014 arbeider vi med å publisere dei 14 årgangane av Fedraheimen i latinsk fulltekst på Internett. Noko liknande har ikkje vore gjort med norske aviser tidlegare. Den samla tekstmengda er på om lag 25 millionar teikn, fordelt på meir enn 8000 artiklar. Prosjektet byggjer på eit nært samarbeid med Norsk Ordbok 2014, som har stått for digitalisering og korrektur, medan vi legg til rette for brukarvennleg publisering. I 2011 blei prosjektet revitalisert med ein ny medarbeidar på plass. Olav H. Hauge-relatert materiale (frå 2010): Forprosjektleiar Guro Ljone fullførte i januar 2011 ein omfattande dokumentasjon av Olav H. Hauge-relatert materiale som både vil bli oppdatert jamleg og vere til stor nytte i det vidare arbeidet. Digitalisering av avisårgangar (frå 2011): I samarbeid med Senter for Digitalisering av Kulturven i Ålesund skanna vi i 2011 svært mykje avismateriale – alle årgangane av Fedraheimen 1877 – 1891, dessutan årgangar av Nynorsk Vekeblad, Dølen, Den 17de Mai, Nordmannen, Vestmannen, og For Bygd og By. Gledene ved plikta. Årstale nr. 11 om tilstanden for nynorsk skriftkultur blei halden av direktør Ottar Grepstad 22.9. i Ivar Aasentunet. Heile talen handla om opplæringspolitikken for nynorsk og tok til orde for endringar på grunnlag av klare føresetnader om kva som må stå fast. I 2011 var fleire eksterne forskings- og dokumentasjonsprosjekt i gang med utgangspunkt i samlingane våre: Mastergrad i nynorsk skriftkultur (frå 2002): Hausten 2003 tok Ivar Aasen-instituttet opp ti nye studentar i det mastergradsstudiet i nynorsk skriftkultur som blei sett i gang hausten 2002. Studentane kjem i aukande grad til å bruke samlingane våre aktivt, og det kan bli aktuelt med både førelesingar og anna fagleg arbeid frå vår side.

biografisk informasjon ligg føre om 2831 personar, for intern bruk. Allkunne har i praksis teke over materialet for vidare oppdatering. Nettbiblioteket (frå 2001), frå 2009 Litteratur, er den mest omfattande dokumentasjonen på Internett av tekstar på nynorsk og dialekt frå fleire hundreår. Mot slutten av 2011 nærma prosjektet Alfa seg ei avslutning. Målet er å gjere fleire litterære samtidstekstar tilgjengelege. Om lag 30 forfattarar eller etterkomarane deira blir spurde om løyve til å publisere utvalde tekstar og tekstutdrag. Nynorske dikt og songar (frå 2001): Arbeidet med å samle inn diktarane sine siste versjon av klassiske dikt og songar heldt fram og blir no etter kvart publiserte på nettstaden. For songane sin del tek vi også med tilrådd versjon i moderne rettskriving. Artikkelarkivet (frå 2001). Dette arkivet inneheld avis- og medieklipp på papir, mest om enkeltpersonar, men også noko om institusjonar og hendingar. Frå og med 1.1.2011 blir arkivet ikkje bygt systematisk ut vidare, men får tilfeldig tilvekst. Dette har frigjort arbeidstid, men også gjort det vanskelegare å halde aktualitetshylla i basisutstillinga a jour og kan påverke arbeidet med nye temautstillingar. Ivar Aasen-bibliografi (frå 2002): Ein bibliografi over skrifter av og om Ivar Aasen (frå 1841–2002) er publisert på aasentunet.no. Bibliografien vil bli oppdatert. Det nynorske Noregskartet (frå 2002): Vi arbeider med ein geografisk-kronologisk database som syner korleis nynorsken blei teken i bruk, ut frå tidspunkt for innføring av nynorske skulekrinsar, Blix-salmar, nynorsk liturgi, Nynorsk Salmebok, vedtak om tenestemål og målform på informasjon frå Postverket. Versjonar, variantar og tradering av ”Nordmannen” (frå 2002): I dette prosjektet gjer vi greie for historia om denne mykje brukte allsongen, m. a. med grunnlag i originalkjelder som finst berre i Ivar Aasen-tunet.

30


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.