1 minute read

Programmerar/utviklar i ACOS

Vi bruker alle ulike applikasjonar i kvardagen, og det sit nokon bak og utviklar desse. Sander Breivik fortel i denne artikkelen om seg sjølv, utdanninga og kva han gjer i jobben hos ACOS.

Ein typisk arbeidsdag for meg er å starta dagen med å sjekka tavla over oppgåver for å sjå kva som er på agendaen for denne dagen. Deretter held eg fram der eg gav meg dagen før, heilt fram til morgonmøtet med arbeidsteamet mitt. På dette møtet synkroniserar vi arbeidet, diskuterar eventuelle utfordringar og hjelper kvarandre.

ACOS er kjend for å ha eit svært godt arbeidsmiljø, noko eg kan stadfesta etter dei åra eg har arbeidd her. Vi har god stemning på kontoret, mykje latter og gode diskusjonar. Ein «foosball-kamp» etter lunch er obligatorisk, og blåturane som vert arrangert av våre eigne trivselsansvarlege, er heilt fantastiske. Årlege team-samlingar, som oftast på Voss, er og utruleg bra. Det er veldig kjekt å verta kjend med arbeidskollegar på eit anna og meir personleg plan.

This article is from: