
1 minute read
Kva skal du velja? Nokre gode råd frå ordføraren.
Eg forstår godt at det er krevjande for deg som går i 10. klasse å velja utdanning og yrke. Det er mykje å velja mellom, og du tenkjer gjerne at det valet du tar er avgjerande for lang tid framover.
Uansett er det viktigare å følgja dine eigne interesser enn å satsa på det som er populært for tida. Snakk gjerne med andre elevar, lærarar og foreldre. Her kan de hjelpa kvarandre og støtta opp om dei vala som vert tekne av den enkelte. Hugs også at det er lov å tenkja nytt og ta utradisjonelle val. Det er også verdt å merka seg at innan helse og omsorg er det eit stort behov for arbeidskraft i framtida.