Hytteinfo 2013

Page 35

Eitt fiskekort gjev deg tilgang til 20 fiskevatn, med tilhøyrande båtar og gapahukar. Godt tilrettelagt av Felle Fiskelag. -

Det beste agnet er makk, men det kjem vel an på kven du spør, seier leiaren av Felle Fiskelag, Per Sandåker.

Sjølv likar han best å fiske med makk og duppe. Andre brukar slukar av ulikt slag, og nokre vil helst fiske med fluge. Fangsten er felles. Fin aure på opp mot to kilo finst i vatna på Felle. Men det har ikkje alltid vore flust av fisk på Felle. På 80-talet var det bare rumpetroll og nokre få tryter som fann hei-vatna levelege. Tidleg på 90-talet blei det sett i gang eit stortstilt kalkingsprosjekt i heile Nissedal kommune. Framleis sender fiskelaget på Felle inn vassprøver til Staten, som kalkar der det trengs.

AURE: Fiskekortet frå Felle Fiskelag gjev deg tilgang til 20 vatn med fin aure. FOTO Simonas fotostudio

Fisketur på Felle

Fin aure Resultatet er gode fiskevatn med mykje fisk. Nokre vatn er blitt såpass fisketette at fiskelaget gjerne låner ut garn, for å få fiska opp ein del. -

Nøkkelen er å fiske nok, så me fiskar hardt i vatna og dermed blir det fin fisk, seier Sandåker.

På veggen til den nedlagte butikken på Felle heng ei kasse der folk kan skaffe seg fiskekort. Opplegget er tufta på sjølvbetjening. Ein legg pengar i konvolutten, riv av ein kopi av fiskekortet til seg sjølv og puttar konvolutt med betaling i kassa. Kart over området kan ein få ved å ringe kontakttelefonen, som står på eit oppslag ved kassa.

Lett å kome til Deretter er det bare å sette seg i bilen og køyre innover bomvegen mot Ljosevatn, Trælevatn og Orrevatn, for å nemne nokre. Det er også fiskevatn på vegen mot Skåli. -

Ein kan køyre heilt fram til dei fleste vatna. Det er ikkje tilrettelagt spesielt for rullestol, men det er ingen problem for ein med rullestol og fiske her, lovar Sandåker.

Nokre vatn må ein gå inn til, og slik sett passar dette området både for dei som vil ha ein lett og komfortabel tur, og dei som gjerne vil gå litt i fred i heia.

Lån gapahuk og båt GAPAHUK: To glade fiskejenter på sommarens fiskekonkurranse. FOTO Ingrid Felli Sandåker

Alle inntektene som kjem inn på fiskekort, går tilbake til vatna. Fiskelaget har sett opp lavvo og bygd både gapahuk, sitjeplassar og utedoar ved nokre av vatna. Folk kan også låne båt, heilt gratis. Bare pass på at båten du tek er merka med Felle Fiskelag. -

Om sommaren har me fiskekonkurranse, og me tenker å arrangere isfiskekonkurranse også, fortel Sandåker.

Om sommaren parkerar både norske og tyske bubilar langsvegane for å fiske. Det kjem sportsfiskarar frå heile Sørlandet, i tillegg til hyttefolk og nissedølane sjølve. -

Her tek me imot alle med opna armar, forsikrar Per Sandåker, som håpar på endå fleire besøk i sommar.

35


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Hytteinfo 2013 by Wera AS - Issuu