Hytteinfo 2013

Page 12

Eigarar med hytte i IATA – kommunane

Ordning for avfall frå hytter Frå 01.01.2001 er det ikkje høve til å legge matavfall og anna våtorganisk avfall på deponi. Indre Agder & Telemark Avfallsselskap IKS, som syter for avfallshandteringa i Drangedal, Nissedal, Åmli og Nome, har tatt konsekvensen av dette og innfører sortering av avfall frå hytter. I dykkar felt er det bygd bu for sortering av avfall. I bua blir det plassert dunkar for dei ymse avfallstypane. Dunkane blir merka for det avfallet som skal i. Det er viktig at rett avfall blir lagt i rett dunk. Slik sorterer du avfall: Avfallstype: Døme: Matrestar: Frukt, grønsaker, teposar, bakevarer, ris, pasta Papir: Aviser, vekeblad, tidsskrift, reklame Papp: Pappaskar, brunt papir Plastemballasje: All emballasjeplast som flasker, kanner, plastboksar, plastbeger, plastfolie, bæreposar Glas/småmetall: Klart og farga glas/flasker med lokk skrudd av, vaska hermetikkboksar, metallok, metallkorkar Drikkekartong: Reingjorde kartongar til mjølk, juice, dessert, syltetøy, youghurt Restavfall: Avfall som blir att når du har kjeldesortert, t.d. hardplast bleier, keramikk, porselen

DETTE MÅ DU SJØLV BRINGE TIL MILJØSTASJONEN Husk me har laurdagsope 4. mai og 7. september kl 09:00-14:00 Trevirke, bygningsavfall, hageavfall, møblar. Bildekk og andre typar dekk. Jernskrap, kasserte elektriske og elektroniske produkt (TV, kjøleskap, komfyr, radio, støvsugar m.m). Bilbatteri. Ikkje set dette avfallet inne i eller på utsida av bua. Dersom bua blir nytta til avfall som ikkje skal vere der, vil kostnaden med fjerning av avfallet bli fakturert alle som soknar til bua. Avfallsbuene blir låst. Kvar hytte får tilsendt ein nøkkel. Avfallet blir henta av renovasjonsbilane til avfallsselskapet. I bua er det slått opp kalender som syner når dei ymse avfallstypane blir henta. Matrestar bør bli samla opp i eigna papir- elle bioposar på hytta. Dersom det er fleire som nyttar hytta, gjer ordninga kjent for alle. Heng denne informasjonen opp saman med nøkkelen til sorteringsbua. Sortering av avfallet starter ved kjelda. Ei tilrettelegging for kjeldesortering på kjøkkenet med oppsamlingseiningar kan difor ofte vere ein god start. Spørsmål om avfallshandteringa kan rettast til: IATA IKS, 3855 Treungen, Tlf: 35 04 83 50

NB!! Restar av måling, lakk, beis, lim, tynner, løysemidlar, spillolje og lyspærer, lysstoffrøyr, energipærer og oppladbare batteri og småelektronikk (mobiltlf, småradioar og liknande) er ikkje restavfall. Dette definerast som farleg avfall. Me vil køyre ekstra rute for oppsamling av farleg avfall 4 vender i året.

Langmoen Avfallsplass tlf. nr.35 04 83 50 - www.iata.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.