Vallesparebank 150ar

Page 90

Gode tider førde med seg nydyrking, investeringar i meir funksjonelle driftsbygningar og innkjøp av maskinreiskap. Sjølv om folk flest ikkje let seg rive med av den auka pengestraumen, hadde dei likevel skaffa seg gjeld.

Ein ny krig var i emning før økonomien igjen var så nokolunde på føtene att og arbeidsløysa på veg nedover. Vi kan ikkje her gå inn på alle sider ved krisa, men det seier seg sjølv at Valle Sparebank som hadde finansiert det meste av investeringane, fekk merkbare tap.

«Då omslaget kom hausten 1920 med lågare prisar og avsetningsvanskar, var dei fleste uførebudde. Arbeidsløyse tok til å breie seg, og produksjonen gjekk i stå. Samstundes vart det eit mål for styresmaktene å binde krona til gullprisen att. Det arbeidet vart fylgt av ein sterk deflasjon, og for mange av dei som hadde lånt pengar og investera i dei gode tidene, vart gjeldi uråd å greie. Deflasjonen hadde som resultat at låntakarane laut betale att mykje meir enn dei hadde lånt i banken, og det i ei tid då betalingi dei fekk for eigne varor var jamt sigande. For bønder og småbrukarar som sat på eigi jord var tilhøvi syrgjelege. Betre var det heller ikkje for dei som levde av å arbeide for andre. På nyåret 1921 sende fylket ut eit rundskriv om arbeidsløyse.» (Valle kultursoge bd. VII)

Fyrst har vi alle dei private som fekk vanskar. Berre den eine dagen 29. februar 1928 vart det skriva 89 kravbrev til kundar som ikkje hadde gjort opp for seg, og 8 saker sende til forliksrådet. Likevel har vi grunn til å tru at både valldølar og hylstringar på det jamne slapp lettare frå det enn i Bygland, der det t.d. mellom 1931 og 1934 vart tvangsselt 54 gardsbruk. Gjeldsprosenten, som fortel kor mykje gjeld eit gardsbruk har i høve til totalverdien, var etter måten låg i Valle, og i Valle kultursoge vert vi fortalde at det i 1933 berre var seks bruk i bygda med ein gjeldsprosent over 75; dvs. så høg gjeld at det vart vanskeleg å greie avdrag og renter.

90

VALLE SPAREBANK 150 ÅR


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Vallesparebank 150ar by Valle Sparebank - Issuu