Univers nr.1 2013

Page 27

Forskning  DISP U TAS hovudpulsåra hennar og tel konsentrert medan sekunda tikkar. Henriette ser roleg ut, men litlebror har merka spenninga. – 120 i kvilepuls, slår han fast. Det er nokre praktiske ting òg som gjenstår, som å finne fram klede til borna. – Arild, eg sender deg berre lista. Så kan du gjere det som ikkje er gjort. Og Arild, kva er tanken med desse småtassane? Maren er med, men Sébastian og Jonatan, skal dei vere med? Kan du avklare det? Arild svarer: – Eg føler at det fell veldig mykje på meg her no. Alle ler.

09.55. PRØVEFORELESINGA: Over høgtalaren i auditoriet kan ein høyre svak meditasjonsmusikk. Om lag førti forventingsfulle familiemedlemmer, vener og kollegaer sit nokså stille. Om fem minutt skal Henriette halde prøveforelesinga si: A Bakhtinian analysis of August Strindberg’s «En dåres forsvarstal» as an aesthetic object. På den fremste rekkja sit dei internasjonale toppforskarane som seinare skal kritisere avhandlinga og stille vanskelege spørsmål. Det er professor Galin Tihanov frå Queen Mary-colleget ved Universitetet i London, lektor Lilian Munk Rösing frå Universitetet i København og komitéadministratoren, og kollegaen til Henriette, Nora Simonhjell, fyrsteamanuensis ved Institutt for kultur- og språkvitskap ved Universitetet i Stavanger. Alle tre sit og stirer rett på Henriette. Dei har bunkar av bøker og papir på det smale bordet framom seg. Med eitt stilnar den lågmælte praten i salen. Klokka er ti, og Tor Hauken, dekanen ved Det humanistiske fakultetet, tek ordet

TID FOR DISPUTAS: Dekan Tor Hauken ledar an den høgtidelege innmarsjen.

Sjølv etter årevis med forsking på romanen, kan eg bli riven med av opplevingar eg ikkje kan forklare med ord.

Henriette Thune

og presenterer Henriette, som førebels har på seg nokre svarte sko, berre ni centimeter høge. Med hendene held ho i talarboksen. – Can you hear me? seier ho. Får nokre nikk frå salen. Så rekkjer ho smilande ut tunga, raskt ut og inn, og trekkjer pusten. No er ho endeleg i gang. Ikkje noko flakkande og unnvikande blikk. Ikkje noko nøling. Ho snakkar klårt og tydeleg engelsk. Med stor autoritet i stemma forklarer ho korleis kjønn, seksualitet og ekteskap blir framstilt i Strindberg sin roman frå 1887 som eit estetisk objekt. Ho snur seg, viser med handa fram kunstverk på prosjektøren, fangar tilhøyrarane si merksemd med blikket sitt. Opponentane kikkar over augeglasa. Dei noterer flittig. Nøyaktig på tida 10.45 er ho ferdig. Applaus. Hovudrettleiar Alexandre Dessingue kjem ned og gjev henne ein high five. Kollegaer står i kø for å klemme.

11.55. DISPUTAS: Nokre kjem ein og ein.

Andre i små grupper. Dei ser seg rundt, lurer på kvar dei skal gå, og kvar dei skal setje seg ned. Dei fleste set seg litt bak i auditoriet. Nokre finn ei rad der det sit nokon dei kjenner, og går dit. Om lag femti er vi no. Salen er halvfull av familie, vener, kollegaer og nokre nysgjerrige andre. Koordinator Hallvor seier vi må reise oss. Døra bak i auditoriet går

opp. Ein tenkt trompetfanfare. Dekanen går fremst i blå kappe. Så følgjer Tihanov, Rösing og Simonhjell før Henriette kjem i sommarkjolen sin og no iført dei tretten centimeter grøne hælane. Den elles 175 centimeter høge dama tronar godt over dei fire som går føre. Dekanen bryt stilla i salen og seier høgtideleg på engelsk at komiteen har funne avhandlinga verdig å bli forsvart offentleg. Han ber kandidaten tre fram. – Can you hear me? seier Henriette. Ho skal halde ei innleiing før opponentane slepp til. Ho smiler. Ho kjenner godt til alle dei som sit i salen. På fyrste rad sit opponentane. På rad to sit to frå forskingsnettverket Nordisk Bakhtin-dialog: professor Anne Gjelsvik frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i Trondheim og lektor Anker Gemzøe frå Universitetet i Aalborg. På rad tre sit rettleiarane og nokre kollegaer. På rad fire sit mor, yngstesonen Jonatan og svigermor. Arild, mannen, sit på rad fem. Henriette byrjar med å seie at ein i mange år i litteraturfaget har hatt ein hang til å lese litteratur i lys av teori, i den grad at ein fort kan gløyme å halde fast i sjølve verket. – Eg ønskjer å sjå verket, og verdsetje den fyrste, umiddelbare lesinga, og forstå kva som skjer då. Ho fortel om opplevinga ho hadde av Sara Stridsberg sin roman Drömfakulteten, korleis ho vart gripen, bergteken og riven med – mest utan at ho skjøna kvifor. Ho ville undersøkje dette nærare og lage ein vitskapleg analyse av si eiga subjektive kunstoppleving. Resultatet var ein ny metode: Henriette sin metode. Den undersøkjer korleis estetisk form er knytt til meiningsproduksjon, og arbeidet hennar tek utgangspunkt i den

OPPONENT EX AUDITORIO: Anker Gemzøe, ekspert på Bakhtin, stillar Henriette nokre spørsmål og er imponert over avhandlinga.

univers nr. 1–2013 

27


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.