Studiestart 2009

Page 6

Praktisk informasjon

Informasjonsmøte

Semesterregistrering/ godkjenning av utdanningsplan

Alle studieprogram har informasjonsmøte ved studiestart. Kva tid og kor møtet for ditt studium finn stad står i tilbodsbrevet frå Universitetet i Stavanger. Det står også i denne brosjyren på side 16 – 24. På informasjonsmøtet vil du møte faglærarane dine, du vil få informasjon om undervising, pensum og timeplan, og sist men ikkje minst vil du møte medstudentar.

På StudentWeb finn du mellom anna utdanningsplanen din. Alle studentar må semesterregistrere seg/godkjenne utdanningsplanen. Frist for å gjere dette er 15. september, men det er ein fordel å gjere det så raskt som mogleg. Tysdag 18. august mellom kl. 09.00 og 16.00 kan du få hjelp til dette i datarom V-102 i Arne Rettedals hus. Dagen etter at du har godkjent utdanningsplanen din får du tilgang til informasjon om dine emne på it´s:learning.

Frammøteregistrering For at du som student med nytt opptak på eit studieprogram ikkje skal misse studieplassen din, må du møte opp personleg for frammøteregistrering ved semesterstart. Frammøteregistreringa skjer vanlegvis i same bygg og på same dag som informasjonsmøtet ditt. Kva tid og kor frammøteregistrering for ditt studium finn stad står i tilbodsbrevet frå Universitetet i Stavanger. Det står også i denne brosjyren på side 16 – 24.

Studentbetaling Alle studentar med opptak på eit nytt studieprogram får giro på studentbetaling sendt i posten. Fristen for å betale er 15. september, men det er ein fordel å betale i god tid før semesterstart. Betalinga må være registrert før du kan få studentkort. Det er fyrst når du har gjort opp studentbetalinga og semesterregistrert deg/godkjent utdanningsplanen din, at lærestaden sender ein stadfesting til Lånekassen slik at du kan få utbetalt lån/stipend. Det er difor i di eiga interesse å gjera dette så raskt som mogleg. Les meir om Lånekassen på side 12.

Du kan registrere deg før eller etter informasjonsmøtet, alt etter kva som passar best. Ha med gyldig legitimasjon. Har du ikkje høve til å møte i det tidsrom som er satt opp ber vi om at du gjev skriftleg melding til opptakskontoret på e-post: opptak@uis.no. Meldinga må innehalde namn, fødsels-og personnummer, samt kva for eit studieprogram du har fått opptak på. Studentar som etter avtale møter seinare, må ta kontakt med fakultetet dei høyrer til for nærare informasjon.

Studentkort Studentkort får du ved å kontakte ekspedisjonen i Arne Rettedals hus (sjå kart). Kvittering for oppgjort studentbetaling, saman med gyldig legitimasjon, må visast fram. I tillegg til å fungera som studentbevis kan studentkortet nyttast som lånekort på Universitetsbiblioteket, samt nøkkelkort for å komme inn i dei ulike bygga på campus på kveldane og i helgane.

Studentar som har fått opptak seint og difor møter etter semesterstart, må ta kontakt med opptakskontoret for å frammøteregistrere seg.

Brukarnamn og passord Ved frammøteregistrering får du tildelt brukarnamn og passord som sikrar deg tilgang til universitetsnettet, e-post og dei andre datasystema vi brukar. Samstundes får du ei brukarrettleiing med informasjon om pålogging, it’s:learning, StudentWeb, samt regler for korleis universitetets nettverk skal brukast. Universitetet har to hovudapplikasjonar for kommunikasjon mellom studentar og institusjon. Desse er StudentWeb og e-læringssystemet it’s:learning.

6


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Studiestart 2009 by University of Stavanger - Issuu