Teft desember2014 web

Page 29

H E N S I K T S M EMS OS RI GA EL FTOERKSSKT A R

SKRIV BOK: Ph. d. Terje Emil Fredwall har avtale med Cappelen Damm om å gi ut bok på forlaget. Han arbeider no med å gjere om doktoravhandlinga frå 509 til rundt 350 sider for den interesserte lesaren. Her er Fredwall saman med fengselsbetjent Chris Myhre.

måte betjentane sjølve forstår og beskriv ansvaret sitt, er ein viktig del av arbeidet mitt, seier Fredwall. VESAAS-FORSKAR. Før Fredwall vart moral-

Komiteen meiner han har skrive ei lærd avhandling som framstiller komplekse samanhengar om straff, kontroll, tryggleik, hjelp, rehabilitering og omsorg på ein klar måte.

forskar, var han filolog og utdanna bibliotekar. Han hadde skrive hovudfagsoppgåve om romanen Is-slottet av Tarjei Vesaas, og planen var ikkje å forske på fengsel. Men så fekk han eit vikariat på Kriminalomsorgas utdanningssenter. Der arbeidde han i fire år (2000-04) som rådgjevar, deretter vart det tre år som rådgjevar i Justisdepartementets kriminalomsorgsavdeling (2005-2008). Da vart han fengsla. – Du blir fort engasjert når du arbeider i dette feltet, det er eit livsområde der mykje står på spel og etiske problem blir sette på spissen, seier Fredwall. Frå 2008 til 2012 har han vore stipendiat ved Fakultet for Humaniora og pedagogikk ved Universitetet i Agder, og disputerte i september i år. I innstillinga seier bedømmingskomiteen at avhandlinga er eit originalt og dristig arbeid. Dei gir doktoranden skryt for å ha levert ein sakprosatekst av høg litterær kvalitet, samtidig som han skriv vitskapleg presist. – Eg har prøvd å skrive ei avhandling som kan tilføre vanlege lesarar kunnskap om emnet, seier Fredwall.

Fredwall har laga ein kvalitativ og tverrfagleg studie, basert på analysar og tolkingar. Størstedelen av oppgåva er deskriptiv (beskrivande), mens sluttkapittelet er normativt (drøftande). Han har intervjua 19 fengselsbetjentar i lukka fengsel og fem medlemmar i Kriminalomsorgas aspirantnemnd. Vidare har han analysert tre styringsdokument der kriminalomsorgas politiske og faglege leiing beskriv betjentrolla: Kriminalomsorgsmeldinga Straff som virker (2008), Kriminalomsorgas fagstrategi (2004) og Kriminalomsorgas yrkesetiske retningslinjer (2005). I tillegg har han gjennomført ein såkalla multimodal analyse av rekrutteringsbrosjyre frå Kriminalomsorgas utdanningssenter. – Kriminalomsorgas utdanningssenter har monopol på opplæring av alle fengselsbetjentar, og aspirantnemnda vel dei som får utdanne seg til betjent. Derfor vert tankar rundt utveljing og beskriving av utdanninga viktige for å danne seg eit bilete av betjentideala, seier Fredwall.

INTERVJU OG STYRINGSDOKUMENT.

Fredwall har identifisert fem etiske ideal som pregar rolla til fengselsbetjenten: Det ordensvaktande, oppdragande, medvandrande, rettleiande og transformerande (endrande) idealet. – Eit viktig fellestrekk mellom alle ideala er at ingen skal rømme frå fengselet. Ei av dei fremste oppgåvene er dermed å vakte. Eit anna viktig fellestrekk at det er sjølve fengslinga og fråveret av fridom som er straffa, og at betjentane skal syte for at dei innsette ikkje blir påført tyngre soningsforhold utover det, seier Fredwall. Han ønskjer dialog om doktorarbeidet, og i sluttkapittelet i avhandlinga drøftar han dei fem ideala i lys av det som på bokmål vert kalla barmhjertighetstradisjonen. Fredwall hentar døme frå Martha Nussbaum (f. 1947) og hennar tolkingar av stoikaren Seneca (4 f.Kr-65 e.). – Eg finn mykje av denne tradisjonen igjen i dei medvandrande og rettleiande ideala. Det er nødvendig å dømme urett, stille personar til ansvar for det dei har gjort og kombinere dette med empati, mildskap og interesse for fangane som enkeltmenneske. Slike perspektiv bryt kraftig mot andre ideal som gjennomgåande let samfunnsnytta eller fengselskvardagen få forrang framfor enkeltmennesket. Det er ikkje minst på dette området eg håper avhandlinga mi kan bidra med språk og refleksjonar, seier Fredwall. u TEFT 29


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.