Terramadreprogram (2)

Page 1

FRE LAU SUN

26 27 28

06 06 06

15 15 15

FRE LAU SUN

26 27 28

06 06 06

15 15 15

PRAKTISK INFO Terra Madre Hardanger Etter modell frå Terra Madre og Salone del Gusto i Torino Italia, vil Slow Food Hardanger skipa til ein lokal Terra Madre i Hardanger. Terra Madre Hardanger skal vera ein møteplass og eit utstillingsvindauge der ein set fokus på matidentitet i eigen region. Hardanger vil syna seg fram for Hardanger og for omverda. Dette er fyrste gong Terra Madre Hardanger vert arrangert.

Påmelding Du kan melda deg på til Terra Madre Hardanger her: Hoopla.no. Mange programpostar er gratis og krev ikkje særskild påmelding, medan andre er det deltakaravgift på som vert betalt via nett ved påmelding. Verkstadane har avgrensa plass til deltakarar, så her er det først til mølla som gjeld. Me har gratis frukost, lunsj og kveldsmat på Hjeltnes, medan festmiddagen på Elvatun på laurdag krev påmelding og kostar 250,-. Billett til festmiddagen kan du kjøpa både via hoopla og på Tenestetorget i Ulvik.

26.-28. JUNI

Reise Sjå kvar Ulvik ligg her: http://kart.gulesider.no/m/2fBw9. Frå Bergen og Oslo kan du reisa med tog til Voss og vidare med buss til Ulvik. Sjå nsb.no og skyss.no. Med bil tek det ca. 2 timar og 15 min frå Bergen, og 45 minutt frå Voss. Ta kontakt med slowfoodhardanger@gmail.com om du treng hjelp til å finna ut av reiserute.

ULVIK

Overnatting Me tilbyr rimeleg overnatting til delegatar i enkeltrom på internatet på Hjeltnes vidaregåande skule for 250,- per natt. Du kan tinga overnatting når du melder deg på via hoopla. I tillegg har Ulvik desse overnattingsstadane: Brakanes hotell og Strand fjordhotell - http://www.brakanes-hotel.no/ Ulvik fjordpensjonat og camping - http://www.ulvikfjord.no/

Transport under Terra Madre På laurdag set me opp transport frå Hjeltnes til vandringa langs Frukt- og siderruta, Mat i litteraturen på Olav H. Hauge-senteret, og til festmiddagen på Elvatun. Det vert også retur til Hjeltnes. Du finn óg Terra Madre Hardanger på facebook

slowfoodhardanger.blogspot.com Terra Madre Hardanger skal vera ein møteplass og eit utstillingsvindauge der ein set fokus på matidentitet i eigen region.

Ølbrygging Ysting Lefsebaking Krotekakebaking Føredrag Film Frukt- og siderruta

Ulvik

Hardanger

Ulvik ligg inst i Hardangerfjorden og er ei tradisjonell landbruks- og turistbygd. Med varme somrar og kalde vintrar er klimaet godt eigna for fruktdyrking, og dei seinare åra har me sett ei ny satsing innanfor landbruket der også foredling av eigne råvarer har vakse fram. 14. april fekk Ulvik herad melding om at dei har blitt godkjend som Cittaslow-bygd. Ein cittaslow-kommune legg vekt på livskvalitet, identitet og gjestfridom. Dette tyder at Ulvik må møta krav innanfor felta miljø, infrastruktur, stadplanlegging, verdsetjing av lokal produksjon og støtte til Slow Food sine aktivitetar.


FRE z LAU SUN

26 27 28

06 06 06

15 15 15

Lunsj og velkomst

Krotakaker bakt i eldhus (3,5 t)

Hjeltnes Velkomstlunsj Slowfood Hardanger ynskjer velkomen til Terra Madre Hardanger 2015.

Øvre Lekve Ulvik bygdekvinnelag syner oss korleis me bakar krotakaker eller Hardingkaker på tradisjonelt vis. Krotakaker er tunne, sprøe tradisjonslefser fra Hardanger. I bakstehuset på Øvre Lekve steiker me kakene på gamalt vis i vedfyrt baksteovn på takke og over open eld. Ein får òg prøva seg som bakstesvenn sjølv. Smaksprøvar er sjølvsagt inkludert. Pris 200,-

VERKSTADAR Ølbrygging (4,5 t) Holmen Ølbrygging på gamlemåten ved Kveik brygghus. Med blanke koparkjelar, brakje, malt, kveik og friskt vatn, vil Kveik brygghus vera vertskap for brygging av tradisjonsøl frå Hardanger. Kvart steg i prosessen frå mesking til ferdig øl vil verta forklart. Undervegs vert det servert smaksprøvar av lokalt øl. Pris 250,-

Ost på kjøkenbenken (3,5 t) Holmen Ystar Andreas Aspevold syner oss kva moglegheiter upasteurisert mjølk gjev oss og korleis me kan laga ost på eige kjøken. Pris 200,-

FRE z LAU SUN

26 27 28

06 06 06

FØREDRAG Landbruk og matproduksjon i Hardanger i eit historisk perspektiv (19.00 - 20.00) Hjeltnes Føredrag ved John Ragnar Myking, professor ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap ved UiB. Myking er òg ein av forfattarane bak bokverket Hardanger: ei regionshistorie. Verket er den første samla framstellinga av historia til Hardanger - frå istid til i dag.

Lefsebaking (3,5 t) Nedre Lekve Elin Einmo Lekve frå Lekve heimebakst syner oss korleis me lagar ulike typar tradisjonelle lefser på elektrisk takka. Kurset føregår i bakstehuset på garden. Pris 200,-

Kakebaking for born (3,5 t) Hjeltnes Slow Food Hardanger held kakekurs for borna. Her får ungane boltra seg i gode smakar og bakeglede. Gratis

Kveldsmat Hjeltnes Gratis

Bergen Creative City of Gastronomy (20.00 - 20.30) Hjeltnes Bergen søker Unesco om å få status som ein Creative City of Gastronomy. Det er regionens råvarer som dannar basisen i gastronomien vår og det er naturen, konserveringsmetodane og årstidene som gjev grunnlaget til matidentiteten vår. I val av råvarer og metodar er det viktig med god kjennskap til kva som er unike matprodukt i vår region, men det er minst like viktig å tenka nytt. Korleis kan eit utdannings-tilbod innanfor lokal gastronomi på Hjeltnes bidra til dette.

11.30–12.30

Lunsj og velkomst

11.30–12.30

Lunsj og velkomst

12.30 -

Verkstader

12.30 -

Verkstader

17.00-19.00

Pause i programmet, her er det tid for å få seg ein matbit.

17.00-19.00

Pause i programmet, her er det tid for å få seg ein matbit.

19.00

Føredrag

19.00

Føredrag

20.45

Kvelds

20.45

Kvelds

15 15 15


FRE LAU SUN

26 27 28

06 06 06

15 15 15

FRE LAU SUN

Rett frå bonden til middagsbordet Frukost Hjeltnes Gratis

FØREDRAG Lokalmat - ein resurs for reiselivet Hjeltnes Aktørar frå det lokale næringslivet i Hardanger kjem for å snakka om koplinga mellom lokalmat og reiseliv, og korleis lokalmat kan vera eit trekkplaster for reiseliv i regionen.

Voss næringshage ressurs for gründerar Hjeltnes Voss næringshage har vore ein suksess som har hjelpt unge gründerar på Voss. Korleis kan me læra av kva dei har gjort rett, og dra vekslar på den kompetansen dei sit på. Frode Rokne frå Voss Næringshage kjem for å røpa nokre av løyndomane bak suksessen.

26 27 28

06 06 06

Film Olav H.Hauge-senteret Filmframsyning av to korte filmar frå regionen:

Hjeltnes “Matkollektivet” på Landås organiserer innkjøp direkte frå bønder i nærområdet til bebuarar på Landås. I Danmark er “Kjøp rett fra bonden” eit liknande initiativ. Martin Inderhaug frå Matkollektivet og Mogens Bisgaard frå “Kjøp rett frå bonden” kjem for å snakka om korleis dette har fungert og korleis dette kan bidra til ein meir lokal økonomi.

Fjordens liv 2012 (20 minutt) - Bli med på ei reise ned i Hardangerfjorden, til ei verd me har visst lite om. Til ei verd full av liv. Filmen er regissert av Randi Storaas, og er laga på oppdrag frå Havforskningsinstituttet. 1986 (20 min) Gamalost frå Vossestrand - Dokumentar om Vossestrand Meieri som dreiv fram til midten av 1980-talet. Meieriet på Vossestrand var den siste produsent av kommersiell gamalost laga på Sognemetoden.

Frukt- og siderruta Vandring langs frukt- og siderruta. Me besøker Ulvik frukt- og cideri, Syse gard og Hardanger saft- og siderfabrikk. Produsentane fortel om produksjonen på garden og me får smaka på nokre av godsakene. Transport frå Hjeltnes kl. 13.00. Det vert transport tilbake frå den siste garden. Pris 250,-

Festkveld på Elvatun Ordførar Hans-Petter Thorbjørnsen ynskjer velkomen til cittaslow-bygda Ulvik. Tidlegare landbruksminister og leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, har ord for dagen og snakkar om mat, matproduksjon og verdiskaping i landbruket. Etterpå vert det festmiddag i god slowfood-tradisjon, og me hygger oss i godt selskap ut i dei små timar. Pris 250,Det vert høve for å kjøpa drikka i baren. Billettar til festmiddagen vil også vera for sal på tenestetorget.

Mat i litteraturen Olav H. Hauge senteret Erling Gjelsvik diskar opp med ei variert litterær matoppleving på Olav H. Hauge-senteret. Erling Gjelsvik er romanforfattar, men har også skrive fleire bøker om mat, og er oppteken av maten si rolle i litteraturen. Pris 100,-

08.30-09.30

Frukost

16.00-17.00

Film

10.00-12.00

Føredrag

16.00-18.00

Møte for alle dei norske lokallaga av Slow Food

12.00-13.00

Lunsj i det grøne - (om været tillet det)

17.00-19.00

Pause i programmet, med høve for å ta seg ein liten matbit.

13.00-15.30

Frukt og siderruta: HAKESTAD-SYSE-LEKVE

19.00

Festmiddag

14.00-15.30

Mat i litteraturen

15 15 15


FRE LAU SUN

26 27 28

06 06 06

15 15 15

FRE LAU SUN

26 27 28

06 06 06

15 15 15

Føredrag Hjeltnes Småføredrag om produksjon, metodar og utvikling innanfor lokal matproduksjon og foredling. Meir informasjon kjem seinare. Presentasjon av det nye fagskuletilbodet på Hjeltnes - Lokal gastronomi

Hakestad

Syse Øvre Lekve

Sanking og matauk Steinar Rinaldo frå Gløyp spiseri i Kinsarvik tek oss med ut i vegkanten og på enga og syner oss kva me kan sanka og ha i matfatet.

Nedre Lekve Holmen

Elvatun

Avslutning med lunsj Hjeltnes Me avrundar Terra Madre Hardanger 2015 med ein felles lunsj Gratis

Hauge senteret

HJELTNES

09.00-10.00

Frukost

10.00-13.00

Føredrag

11.00-13.00

Sanking og matauk

13.00-14.00

Avslutningslunsj

Hjeltnes Vgs Holmen Lekve heimebakeri Hardanger saft- og siderfabrikk Krotakaker Syse gard Ulvik frukt- og cideri

Elvatun Hauge senteret


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.