3 minute read

Takk for meg!

Det er godt å sjå at interesse for foreiningsarbeid og lysta til å vera med å utvikla foreininga, har auka. Det lovar godt for framtida for NTpF.

Eg vart valt som leiar i 2010 på benkeforslag. Å seie ja til å stilla til val var ei krevjande avgjersle, men etter at den var tatt var svaret «never look back»! Det var kun ein veg: iherdig jobbing for utvikling og framgang for foreininga og medlemmer. Å ha ein visjon på vegne av foreininga var ein god drivkraft i arbeidsintensive år. Eg var overtydd at utvida kunnskap hos tannpleiarane var nødvendig skulle fagfeltet få gjennomslag politisk og hos vår arbeidsgivarar og myndigheiter. Det var også eit stort behov for tannpleiarar med masterkompetanse ved utdanningsinstitusjonane. I tillegg ville utvida utdanning blant tannpleiarar gi ein moglegheit til å koma i posisjonar for å påverke og å gi grunnlag for meir forsking på fagområda våre. Difor var arbeidet med å kunna tilby vidareutdanning for yrkesgruppa ein viktig målsetting.

Advertisement

Grundig jobbing ved Benthe Hansen i nyoppretta stilling som fagansvarleg, styret og eit godt samarbeid med Helse- og omsorgsdepartement og politikarar, var nødvendig. I 2016 var vidareutdanning for tannpleiarar, med moglegheit for påbygging til master ved Universitetet i Sørøst-Norge, ein realitet. Eg er stolt på vegne av yrkesgruppa at det i dag er 5 nye PhD kandidatar på gang. I mellomtida hadde vi fått utarbeida rapporten «Tannpleierfunksjon, oral helse og tannpleierfunksjon mot 2025» – som var med å gi nødvendig forankring og yrkesidentitet.

Sjølvstendig refusjonsrett for tannpleiarar var eit viktig arbeid som styret tok over i 2010. Endringa av folketrygdlova, slik at tannpleiarane også kunne praktisera på trygda si rekning på enkelte områder, forsterka sjølvstendigheita.

Denne tilpassinga har gitt pasientane eit betre tannhelsetilbod.

Det kjennes godt at sorti for meg og noverande styre, vart ein overgang frå Delta til Unio. Overgangen til hovudorganisasjonen for yrkesgrupper med bachelor og masterutdanning var tenkt av styre før mi tid, og i 2022 vart dette ein realitet – med godt samarbeid også med lokalavdelingane. Fokus framover må vera at alle tannpleiarar ser behovet av å stå samla i ein organisasjon som i fellesskap utviklar yrkesgruppa og fagfeltet. Saman er vi sterke og det klare målet er at Norsk Tannpleierforening i Unio skal voksa og bli endå sterkare med ei felles tannpleiar-stemme.

Eg er heldig som har hatt anledning til å møta mange interessante og kjekke menneske både i Norge og utlandet. Saman med styret og administrasjonen har eg fått høve til utvikla organisasjonen og profesjonen gjennom mange år. Takk til styremedlemmer i dei ulike styra for godt samarbeid desse åra. Vidare vil eg spesielt takka administrasjonen. Deira innsats har vore avgjerande i organisasjon med avgrensa ressursar og frikjøp. Kontorleiar Linda har vore nyttig samtalepart, og vi har følgt kvarandre gjennom 12 år. Det var godt og konstruktivt samarbeid med Benthe fram til ho vart pensjonist, og dei siste åra med fagansvarleg Gry som også har vore aktiv i å modernisera organisasjonen. Takk til dykk for ein idealistisk innstilling til ein hektisk arbeidssituasjon. Med liten administrasjon og mange ulike oppgåver som det er i organisasjonslivet, har vi 3 hatt eit bredt spekter av saker som er løyst i fellesskap.

Eg har alltid vore, og vil fortsetja å vera, overtydd at tannpleiaryrket er eit framtidsretta yrke. Sjukdomsbildet som ein gong var, og som tannhelsetenesta fortsett blir organisert utifrå, er endra. Paradigmeskifte i tannhelsetenesta er nødvendig, slik at tenesta blir organisert og har kompetanse som er i samsvar med sjukdomsbildet vi har i dag.

Eg ønskjer nytt styre og administrasjon lukka til med framtida og det vidare arbeidet for utvikling av yrkesgruppa og Norsk Tannpleierforeining.

Med venleg helsing

FOR EN FORSKJELL! OVERBEVISENDE BLEKERESULTAT MED OPALESCENCE GO™ BLEKEMIDDEL

En brukerrapport av tannlege Sara Jalili

Tannblekingsprotokoller kan være like komplekse som valget av egnet blekemiddel. Når pasienter med misfargede tenner krever en fleksibel, komfortabel og ukomplisert kosmetisk blekebehandling, er løsningen på vårt tannlegekontor alltid Opalescence Go blekegel. Årsakene er enkle og sier seg selv: Blekegelen med 6 % hydrogenperoksid er bruksklar rett fra pakken. Det er et pålitelig materiale, takket være enkel håndtering, korte brukstider og fantastiske resultater. Bleking med Opalescence Go er ideelt egnet til nesten alle pasienter så lenge de ikke har for mange restaureringer i det anteriore området, da disse naturligvis ikke kan blekes.

Før vi starter blekeprotokollen, får våre pasienter en profesjonell rensebehandling av tennene for å fjerne flekker, plakk og overflatisk misfarging. Etterpå instruerer vi pasientene på tannlegekontoret i hvordan de skal bruke Opalescence Go blekemiddelet korrekt:

1

Etter å ha børstet tennene skal de eksklusive UltraFit-blekeskinnene med Opalescence Go sitte i munnen i 60-90 minutter.

This article is from: