SPEIDEREN #4 - 2021

Page 36

KRISE PÅ TUR TEKST: AMALIE DALHAUG HALLELAND І FOTO: KIRVIL KAASA

Mål: F-10, K-8

Kva gjer du når det «brenn på dass»? Shit! Kva gjer eg no?! Har nokon plumpa i elva, brunne hol i soveposen, eller det er tomt for dopapir? Hald hovudet kaldt og prøv å finne ei smart løysing! Her er nokre tips. VÅTE KLEDE PÅ TUR Å bli våt er eit av dei vanlegaste problema på tur. Korleis turker ein klede på tur? Fortast går det om ein turker dei over bålet eller ei anna varmekjelde, men ver forsiktig. Turk dei med avstand til flammene, pioner gjerne eit stativ som held kleda på riktig avstand. Ei anna løysing er å turke klede på kroppen eller i soveposen. Sokkar eller andre små plagg kan du leggje på låra under stillongsen. Der er det varmt og til ei viss grad luftig, det gjer at vatnet fordampar fortare og transporterast ut. Dette kan du og gjere når du går. DOPAPIRKRISE Ikkje fortvil sjølv om du har mange dagar igjen på tur og rullen er tom. Er det snø, er det betre enn papir, lag ein god snøball og turk i veg. Sumartid kan du sjå etter ulike vekstar som kan hjelpe deg. Torvmose er til dømes ypparleg, mjuk og god som våtserviettar. Finn du ikkje slik mose, er andre typar mose eller store blad gode alternativ. HOL I SOVEPOSEN Om du sit inntil bålet, eller fyrer brennaren inne i teltet, pass godt

36 | SPEIDEREN #4.2021

på klede og soveposen. Du kan vere uheldig å få gneistar på posen, eller, i verste fall, kome borti flammene med dunjakka eller soveposen. Kva gjer du då? Det er vanskeleg å reparere eit slikt hol på turen, så å lukke det med sportstape frå førstehjelpsmappa er den beste løysinga. Bruk tapebitar som er litt større enn holet, dekk godt til med tapen og stryk over med handa. Legg tape på både innsida og på utsida av

holet i plagget eller posen. Er limet i tapen dårleg, kan det vere lurt å varme tapen opp med hendene eller med ei varmeflaske, slik at han festar betre. Når du kjem heim, reparerer du holet på skikkeleg vis. Kva bruker å gå gale når du er på tur? Har du gode tips til løysing på problemet? Del bilete og historie på Instagram og bruk emneknaggen #speiding. v


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook

Articles inside

Heder & ære

3min
pages 55-56

Ideer til juleavslutningen

2min
page 50

Bli med på feiringen

1min
page 47

Leirbål skaper STEMNING

3min
pages 48-49

Testpatrulje søkes

1min
page 46

Ombudet den som får ting til å skje

2min
pages 52-53

Portrettet: Paul Henrik Wanderaas

2min
pages 44-45

Helt unike julegaver

3min
pages 41-43

North of the ordinary

2min
page 39

Kva gjer du når det «brenn på dass»?

2min
page 36

Fett med felles femkamp

1min
pages 34-35

Ut i verden: Her er Lotta

1min
page 33

Peffens hjørne

2min
page 26

Ta et merke: Til tjeneste

1min
page 37

Heisann, Zambia

4min
pages 24-25

Konkurranse: Patruljens våteste turhistorie

1min
page 23

Kortnytt

6min
pages 3-7

Historien om Svalbard

5min
pages 15-17

Bli med til Sør-Korea i 2023

3min
pages 18-19

Auroras beste boktips

6min
page 20

Patruljedyret: Rev

6min
pages 10-13

Ta et merke: Verden og vi

1min
page 14

Kva skal vi ete på tur?

2min
page 22

Turtips: Bak pepperkaker ute

1min
page 21
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.