Me trur på Etne - Etne Høgre sitt valprogram for 2019

Page 1

Me trur pĂĽ Etne


Gode veljar! Det nærmar seg dagen då du skal velja kven som skal stå ved roret dei neste fire

Lars Olav Bergsvåg

åra. Etne Høgre vil med dette valprogram-

Ordførarkandidat

met gjera Etne kommune til ein endå betre

Fødselsår: 1954

plass å bu og arbeida, og som partiet sin ordførarkandidat lovar eg å stå på for å få gjennomført så mykje som råd er av Høgre

Bustad: Sørstranda Min hjartesak: Frivilligheit

sin politikk til beste for innbyggjarane. Eg vil vera ein ordførar med hjarta for heile Etne kommune!

bak meg to periodar som vararepresentant til kommunestyret. I inneverande periode er

Eg bur på Sørstranda der eg er fødd og

eg gruppeleiar og medlem i formannskapet.

oppvaksen, og mi arbeidserfaring er frå

Med desse erfaringane i bagasjen er eg klar

byggjebransjen der eg driv eige byggmeis-

til å ta på meg vervet som ordførar dersom

ter- og takstfirma. Gjennom mange år som

mange nok gjev si røyst til Høgre.

aktiv innan frivillig arbeid har det blitt mange verv og dugnadstimar, og på bakgrunn av

Etne Høgre har i denne perioden ikkje vore

dette har eg sett behovet for eit endå betre

ein del av fleirtalet bak val av ordførar, men

samarbeid mellom kommunen og dei frivilli-

har likevel arbeidd for å få gjennomført så

ge laga. I Etne Høgre har eg vore aktiv sidan

mykje som råd er av vårt program. Den stør-

2007. Eg har i ein periode vore leiar, og har

ste saka har vore å få på plass ny sjukeheim og bemanna omsorgsbustader.


Me har dessverre ikkje lukkast med å få fleirtal for å nå målet om eit tilfredsstillan-

Dersom eg vert ordførar vil eg vera synleg

de overskot i kommunebudsjettet. Den

og tydeleg. Openheit er viktig. Openheit

økonomiske situasjonen er krevjande etter

om kva som går føre seg i kommunen og

fleire budsjett med lite overskot. For meg,

openheit rundt vår politikk. Me skal føra ein

og for Etne Høgre, er det viktig å få snudd

ansvarleg politikk til beste for kommunen,

økonomien slik at me kan skapa vekst.

og saman med resten av Etne Høgre er eg

Dersom ein ikkje får til å få fleire tenester

klar til å ta fatt på dei vanskelige og viktige

for same beløp som no må det dessverre

sakene. Eg er klar til å ta ei avgjerd også

bli nokre kutt, og då er det viktig at kutta

i dei vanskelege sakene, sjølv om dei nok

ikkje rammar for hardt. Budsjetta må bli

ikkje alltid vil vera like populære.

betre, dei må haldast, og planarbeidet i kommunen må ha høg prioritet. Høg pri-

Dersom det er noko du lurer på er du

oritet må også arbeidet med å få på plass

velkommen til å kontakta meg eller ein av

ny trasé for strekninga mellom Bakka og

mine partifellar.

Solheim på E 134 ha.

Etne Høgre høyrer gjerne frå deg om kva nettopp du tykkjer er viktigast.

Det vart ikkje fleirtal for kommunesamanslåing ved folkerøystinga. Rogaland vert heller ikkje med i det nye fylket Vestland, noko som betyr at vår felles bu- og arbeids region Sunnhordland og Nord- Rogaland fortsatt kjem til å vere delt av fylkesgrensa. Med bakgrunn i dette, samt eit ønskje om større fagmiljø for administrasjon og tenester i kommunen, vil me ta saka opp att. Gode økonomiske tilskot frå staten ved samanslåing må også takast med i totalrekneskapen. Mitt fokus vil vera å sikra eit så godt tenestetilbod som mogleg for innbyggjarane i dagens Etne kommune. Ei anna utfordring er klimaendringane. Meir og sterkare vind samt meir konsentrert nedbør fører til auka storm- og flaumskader. Skal me få gjort noko med dette må nok alle bidra.

Godt val!


Oppvekst og kultur: Skulane våre er, og skal fortsetja å vera, trygge skular der både elevar og lærarar trivst og har det bra. Læraren si digitale kompetanse må styrkjast slik at alle er trygge på det digitale løftet, og foreldra skal få tilbod om opplæring i elevane sine digitale verktøy. Opplæring i digital dømmekraft skal rettast mot lærar, elev og foreldre. Skulestrukturen er effektivisert, og me ønskjer å bevara han slik han er i dag. Skulen kan for mange vera teoritung. Difor kan undervisning og fysisk aktivitet med fordel kombinerast, og det er også viktig at læraren får moglegheit til å vera kreativ og utforska alternative måtar å undervisa på. Me skal ha nulltorelanse for mobbing i barnehagen, på skulen og i fritidsaktivitetar. Etne er gode på kultur, og det skal me fortsetja med. Kommunen skal ha ein oppdatert oversikt over kvar frivillige lag og organisasjonar kan søkja økonomisk støtte. Fondet for positive tiltak, som vart vedteke i kommunestyret i desember 2017, må på plass snarast.


Foto: Funtek

Etne Høgre vil: • • • • • • • • • • • •

vidareføra tiltak i skulen, som SLT, MOT, BliZ og BTI bevara skulestrukturen slik han er i dag at tilbodet frå helsestasjonane er tilpassa elevane sine behov ha meir samordning av dei pedagogiske satsingsområda spesial utdanna minst ein lærar per skule på digitale arenaer leggje til rette for ein meir aktiv skule med ein time fysisk aktivitet per skuledag heia på og byggja opp engasjerte lærarar at skulene skal verta dysleksi vennlige skular at elevane skal ha ein trygg skuleveg få på plass eit samarbeidsprosjekt mellom kommune, skule og frivillige lag om mobbing og relasjonar styrkja samarbeidet mellom skulen og foreldra fortsetja å vera gode på kultur gjennom å samarbeida med lag og organisasjonar for å sikra eit så bredt kultur- og fritidstilbod som mogleg


Helse, omsorg og eldre I alle fasar av livet skal du som innbyggjar oppleva god omsorg. Me skal vidareutvikla bruken av velferdsteknologi, og sjå til at du som brukar eller pårørande vert sikra god informasjon slik at du kjenner deg trygg på bruken av denne. Dette må skje gjennom eit samarbeid mellom kommunen og dei aktuelle brukarråda. Du skal ha ein fastlege å gå til, og me vil behalda dei to helsesentra våre der du skal få svar på telefon eller digitalt. Treng du hjelp utanom kontortid skal det finnast eit godt legevaktstilbod. Kommunen skal leggja til rette for at du skal kunna bu heime så lenge du sjølv ønskjer det. Helsepersonell må nyttast slik at ein har rett kompetanse på rett nivå, og dei må få utvikla sin faglege kompetanse. Dette vil også gjera kommunen meir attraktiv når det kjem til rekruttering av nytt personale. Me vil også jobba for eit godt privat og offentleg tannhelse tilbod i heile kommunen.

Me vil også: • • • • • • • • • •

etablera bufellesskap for personar med psykiske utfordringar få på plass barne- og familie team innanfor området psykisk helse sikra rullering av handlingsplan for psykisk helse og rus ha auka fokus på psykisk helse og rus blant eldre få psykisk helsearbeidar inn i skulen og helsestasjonen auka bemanninga på legekontoret for å sikra god kapasitet at det skal bli fleire helsefagarbeidarlærlingar leggja til rette for vidareutdanning av helsefagarbeidarar retta fokus mot fall- og brann førebygging hos eldre sikra betre informasjon om kva ein kan søkja på av kommunale helse- og omsorgstenester


Etne inn i framtida. Økonomi og kommunestruktur Etne ligg i utkanten av det som snart vert eit endå større fylke. Difor vil me fortsetja å jobba for kommunesamanslåing, og for at regionen vår, Haugaland og Sunnhordland, skal samlast i same fylke. Me vil og gjera vårt for å sikra eit godt offentleg kommunikasjonstilbod. Eigedomsskatten skal ned, og me vil jobba for at den ikkje skal kunna brukast til anna enn investeringar. Me er ein distriktskommune med dei utfordringane som følgjer med. Delar av kommunen har dårleg mobil- og breibandstilbod, noko som resulterer i eit digitalt utanforskap. Betre dekning for både mobil og breiband vil vera noko me set fokus på. Det er viktig med ei digital satsing slik at alle innbyggjarane i kommunen kan dra nytte av digitale tilbod, blant anna innan velferdsteknologi.


Andre viktige punkt: • • • • • • • • •

strengare økonomistyring og hyppigare økonomirapportering jobba for at ungdommen vil flytta heim til Etne igjen vurdera konkurranseutsetjing av drift og vedlikehald kartleggja behovet for utbygging av breiband oppretta fond for midlar til utbygging av breiband tilby vaksenopplæring i datakunnskap ha enkle og gode digitale løysningar som alle kan bruka bevara tenestetilbodet i heile kommunen kommunen må engasjera seg i sentrumsutviklinga


Næring, reiseliv og samferdsel Næring Etne skal vera ein næringsvennleg og løysingsorientert kommune som legg til rette for både nyskaping og utvikling. Samarbeidet og dialogen med næringslivet skal styrkjast, og denne er også viktig når det kjem til inkludering, redusert sjukefråver og det å hindra fråfall. Oppretting av eit næringsforum beståande av medlemmer frå kommune, næringsliv og landbruk for å sikra eit tett og godt samarbeid, både når det kjem til etablert drift og moglegheit for utvikling, er svært viktig å få på plass. For å gjera Etne til ein attraktiv kommune for etablering av næringsverksemd med tilhøyrande arbeidsplassar, bør det i samarbeid med dei ulike aktørane utarbeidast ein næringsplan. Det må også bli enklare for dei som ønskjer å etablera næringsverksemd å finna god informasjon på kommunen sine nettsider, og søknadar om stønad frå næringsfondet må behandlast fortløpande.

Landbruk Landbruket er ein viktig del av det lokale næringslivet. Etne kommune skal jobba tett med bøndene og deira lag og organisasjonar i kommunen, eit samarbeid som skal føra til nytenking og vidareutvikling av eit aktivt landbruk i heile kommunen, og også jobba tett saman med bøndene opp mot Innovasjon Norge. Kommunen skal vera ein god støttespelar, rådgjevar og pådrivar for å få til investering i landbruket. Endringar i klima og miljø gjer at det kan verta meir utfordrande å driva med landbruk, noko kommunen må hjelpa til med å finna gode lokale løysingar for. Eit aktivt skog- og landbruk med beitebruk og avverking, samt det å leggja til rette for turisme, kan oppretthalde opne landskap og det tradisjonsrike kulturlandskapet som er unikt for vestlandsbygdene. I framtidige reguleringsplanar som tek produktivt landbruksareal i bruk til anna formål, må det krevjast gjenbruk av matjorda ein annan stad i kommunen.


Samferdsel E 134 er ei viktig samferdselsåre som har stor trong for utbetring, og me skal jobba hardt for å få fortgang i dette. Særleg hastar det med å få på plass ny trasé mellom Bakka og Solheim. Av fylkesvegar har Fv 48 mellom Skånevik og Håland førsteprioritet. Samstundes har me eit ansvar for våre kommunale vegar, og her meiner me at vedlikehaldet kan bli meir økonomisk forsvarleg ved konkurranseutsetjing. For at kollektivtransport skal opplevast som eit reelt alternativ må det finnast eit godt tilbod. Dette gjeld både buss og båt, og her er hurtigbåtruta frå Skånevik til Bergen eit godt eksempel. Viktige vegval: • • • • • • •

E 39 Hordfast Fv 34 Strondavegen må rustast opp Vera positive til veg frå Frette til Sauda Jobba tettare opp mot fylkeskommunen og Statens vegvesen for utbetring av fylkesvegnettet. Oppretta eit kommunalt vegfond Innføra hamneavgift Sjå på drifta av kommunale vegar og kaiar


Reiseliv Etne kommune skal vidareutviklast som reiselivs kommune. Me ligg mellom store attraksjonar som Trolltunga og Preikestolen, og har med det eit stort potensiale som ikkje er fullt utnytta. I samarbeid med aktuelle reiselivs aktørar og grunneigarar må kommunen leggja betre til rette for satsing på turisme, slik at vår flotte kommune er godt synleg for vegfarande turistar. Me må og få på plass ein tømmestasjon for bubilar. Også digitalt må me vere synlege med god og lett tilgjengeleg informasjon.


Klima og energi Skal Noreg nå måla om 40 % utsleppsreduksjon av CO2 innan 2030 må også Etne bidra. Me ser at klimaet er i endring. Bøndene har hatt to uår på rad, først med ekstrem fukt og deretter med ekstrem tørke. Dei unge som skal overta verda etter oss har sagt tydelig ifrå, og Etne Høgre lyttar. Gode klimatiltak handlar i stor grad om berekraftig matproduksjon, samfunnstryggleik og økonomi. Etne må bli ein klimaklok kommune som finn gode løysningar som bidreg til utslippsreduksjon og samstundes kan spara oss for utgifter. Me må tenkja både lokalt, nasjonalt og globalt. Å leggja til rette for produksjon av grøn og fornybar energi er viktig, men store vindmølleparkar er ikkje noko me vil seia ja til. Manglande kapasitet i straumnettet fører til at kraftutbygging det alt er gjeve konsesjon for, tilsvarande 7500 husstandar, ikkje vert noko av. Særleg er dette ei utfordring langs Åkrafjorden. Kommunen må vera ein pådrivar for utbygging av straumnettet og stilla seg positive til både utviding av eksisterande kraftverk og til framtidig, skånsam utbygging av vasskraft. Etne har ein unik natur frå fjord til høgfjell. Dette mangfaldet er viktig å taka vare på, både no og i framtida.


Etne Høgre vil: • • • • • • • • • • • • • •

at kommunen ved framtidige innkjøp går for køyretøy med nullutslepp ha ladestasjonar ved alle kommunale bygg vurdera investering i solcellepanel på alle kommunale bygg innføra energisparande tiltak i kommunale bygg ta initiativ til å starte eit prosjekt for grønare landbruk redusera plast forbruk i kommunen si drift med mål om å være plastfrie innan 2024 planta engfrø langs kommunale vegar for å leggja til rette for pollinerande insekt, og også taka omsyn til desse ved annan beplanting stilla krav om redusert matsvinn i kommunal drift oppretta ei nettside med gode klimatiltak vi kan gjera saman velja straumleverandørar som leverer grøn kraft at kollektivressursane skal nyttast smartare få ein grøn hurtigbåt gjennom å påverka fylket til å krevja utsleppsfri båt bidra til å leggja til rette for lokal produksjon av hydrogen


Lars Olav Bergsvåg Byggmeister 1954 Etne Mi hjartesak: Frivilligheit

Wenche Irene Strand Drange Autorisert rekneskapsførar / rådgjevar 1966 Etne Mi hjartesak: Bedriftsutvikling og samferdsel.

Sondre Gunleiksrud Paramedic / lærling koordinator 1975 Skånevik Mi hjartesak: Bevare skulestrukturen som han er i dag. Skånevik ungdomsskule må bestå.

Johanne Rafdal Lauritsen Student 2001 Etne Mi hjartesak: Inkluderande arbeidsliv og støtte bedrifter og gründerar

Liv Sigrun Kringlebotten Spesial sjukepleiar i psykisk helse 1975 Etne Mi hjartesak: At kommunen fortsatt skal være ein attraktiv kommune å bu og arbeide i.


Egil Kambo Prosjektleiar / kraftprodusent 1970 Etne Mi hjartesak: Fornybar energi og næringslivspolitikk

Siri Stenberg Veiledar på NAV 1977 Etne Mi hjartesak: Inkluderande arbeidsliv

Solveig Hetleflåt Sjølvstendig næringsdrivar 1971 Etne Mi hjartesak: Positiv utvikling i næringslivet og infrastrukturen.

Øystein Øverland Dagleg leiar 1957 Etne Mi hjartesak: Godt oppvekstmiljø for barn og unge

Roar Gundegjerde Seljar 1972 Etne Mi hjartesak: Næring/ landbruksutvikling og samferdsel


Me er klare for valkamp


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.