1 minute read

5.3.Spesielle felt som treng omtale ”

5.3.1.Hus i bygda.

I Skjåk har vi ikkje noko bygdatun. Målet har vore at hus skal takast vare på på sin opphavelege plass og i sitt opphavelege miljø. Vi har derfor heller ikkje noko erfaring med eller midlar for å sikre bygningar. Når så enkeltsaker kjem opp, har det ein tendens til å "-å kome som julekvelden på kjerringa." Jfr. Skamsarstugu til Skjåk Historielag, Kommunehuset i Marlo osv. Gjennom SEFRAK-registreringa og befaringar veit vi at mange hus - heile tun står for fall. Kva gjer vi med dette? Revisjon 2001: Problematikken har ikkje endra seg. Det vert derimot konstatert at forfallet fortset. Eindel enkeltobjekt er redda frå forfallet gjennom SMIL-ordninga. Nokre har fått midler frå kulturminnefondet.

Advertisement

5.3.2.Hus utanfor bygda.

Svært mange hus er flytte frå Skjåk og til andre stader i landet. Spesielt Maihaugen og sentrale delar av Austlandet har mykje av bygningsmassa. Korleis kan vi utnytte dette positivt på nokon måte?

Buodden .Buodden ligg i Finndalen statsallmenning og høyrer til Kjeka. Huset kan representere den verksemnda som folk frå Skjåk har hatt i andre område.

This article is from: