
1 minute read
5.1.Satsingsområde ”
5.0.1. VERN, BRUK OG UTVIKLING AV LOKALKULTUREN.
HOVUDMÅLSETJING FOR KULTURMINNEVERNET I SKJÅK:
Advertisement
HOVUDMÅLSETJING
* VERE MED Å SKAPE HEIMSTADKJENSLE FOR INNBYGGJARANE I SKJÅK
* STYRKE REISELIV OG LANDBRUK VED YMSE TILTAK
* ARBEIDE FRAM NÆRINGSSKAPING MED BAKGRUNN I KULTURMINNEVERNET
5.0.2. KOMMUNEN SITT ENGASJEMENT.
Kommuna skal stimulere til aktivitet innan feltet kulturminnevern, til gagn og nytte for alle som bur i bygda, utad og i profilering av bygda utover. Derfor er det sjølsagt at kommuna må vere med og ta eit tak økonomisk i visse samanhengar.
5.1. SATSINGSOMRÅDA.
Det har peikt seg ut tre satsingsområde innan kulturminnevernet i Skjåk (sjå del 1, punkt 4.1-4.3):
5.1.1. VATNET.
PRIORITERING/VEKTLEGGJING.
• Registrere. - Vi skal supplere registreringar av vassvegar i bygda og kulturminne knytte til dei. - Vi skal supplere registrerar av kulturminne knytte til utnytting og bruk av vatnet i Skjåk, gjennom video opptak og bruk av GPS for å få nøyaktig stedfesta kvar dei går i terrenget
• Restaurering. - Vi skal restaurere og leggje tilrette for bygdafolk og andre interesserte, bygg og anlegg knytta til vatnet og bruken av det.
• Utstilling. - Eventuelt dra inn bruken av vatnet i ei utstilling for å vise nytten av det.
• Profilering. - Samle trådane om nytting av vatnet i profileringa av bygda.
5.1.2. JAKT OG FANGSTTRADISJONANE.
PRIORITERING/VEKTLEGGING AV TILTAK.
• Kulturstig - Elgfangst - Oppnosi. - Vedlikehalde kutlrstig i Oppnose i samarbeid med fylkeskonservatoren i Oppland.
• Stigmerking. - Merke stigar til fangstanlegg, med tilrettelegging ved anlegget.
• Registrering/arkivering. - Hente inn og fotografere aktuelle lokalitetar for bruk i utstillingssamanheng.
- Fangstreidskapar m,v. Ansvarleg for oppbevaring: Skjåk Historielag.
- Finne fram til lokalitetar som kan brukast til utstilling.
• Restaurere/vedlikehalde hytter. - Restaurere innsmogo/hytter som har vore brukt til jakt/fiske.
- Leggje planar som sikrar at dette blir gjort på ein skikkeleg måte.
• Bokprosjekt. - Bok om småvilt. Gje ut ei bok/hefte om småviltjakt i Skjåk
• Undervisningsopplegg. - Leggje tilrette for bruk av emne i undervisningssamanheng ved publikasjonar og opplegg. Leggje tilrette for utprøving av fiske/fangst i valfagsamanheng. Skaffe klasse sett av publikasjonar som på ein pedagogisk måte kan gje elevane ei levande innføring i denne delen av kulturen vår.