6 minute read

KRAFTOMSETNING

Next Article
INNHALD

INNHALD

Det er svært stor konkurranse i dette segmentet. Me blir stadig pressa av mange leverandørar som vil ta vår marknadsandel. Konkurransen vil ikkje minka dei komande åra, men me håpar me kan vera ein god lokal leverandør også i framtida.

Kraftlaget vil vera konkurransedyktige. Me vil fokusera på truverdigheit, enkle prisar utan skjulte kostnadar, rask og god kundeservice.

Advertisement

Fastpriskontraktar inngått i 2021 hadde varigheit på 12 månader og er avslutta dette året. Grunna gunstig krafthandel kunne Kraftlaget realisere ein gevinst på MNOK 8,5 dette året som gjer at resultatet vart svært godt. Deler av denne gevinsten vil styret bruke på innkjøp av sanntidsmålarar og app utvikling til gode for kundane. Det er gjort ei avsetning på MNOK 1,5 til dette i årets resultat.

Avvikling av straumprodukt

På grunn av store variasjonar i kraftprisane dette året var det svært vanskeleg å prissette produktet «standard variabel», og det var til det beste for kundane å bli flytta frå dette produktet og over på «spot time for time». Då fekk kundane moglegheit til å styre forbruket sitt etter prisane på NordPool, og dermed ha påvirkning på fakturaen sin. Straumproduktet «Standard variabel» vart avvikla frå 08.09.2022.

Solbank

Denne hausten oppretta me solbank for plusskundane våre (dvs. dei som har solceller). Solbank gjer at plusskundane kan spare opp overskotsstaumen sin. Kunden styrer sjølv når dei ynskjer å ta ut overskotsstraumen sin. Med solbank kan kunden blant anna velje kor mykje ein vil ta ut av overskotsstraumen til fråtrekk på fakturaen. Det er ingen grense for kor lenge ein kan samle opp eller kor mange uttak ein kan gjere. Det er heller ingen ekstra kostnadar med val av solbank.

App

Dette året starta me arbeidet med app for fullt. Kundane ynskjer lettare tilgang på straumprisane, forbruket sitt og mine sider. Dessverre vart ikkje arbeidet med app ferdig dette året, men arbeidet held fram. Det er viktig for oss å få ein app på plass.

Kraftsituasjonen i 2022

Kraftsituasjonen for 2022 var prega av historisk høge kraftprisar i sørlege Norge (NO1, NO2 og NO5), og betrakteleg lågare prisar i Midt- og Nord-Norge (NO3, NO4). Svært ulik ressurssituasjon og flaskehalsar i nettet var viktige årsakar til dei svært ulike prisane internt i landet. Kraftprisen i sørlege Norge (Fitjar sitt prisområde) var i snitt på rekordhøge 2 kr/kWh i 2022, som er meir enn ei dobling frå prisen i 2021.

Den viktigste årsaka til dei høge kraftprisane i vårt prisområde var den vedvarande høge gassprisen. Den hadde sterk påvirkning på kraftprisane på kontinentet som igjen påvirka prisen i vårt prisområde. Den høge gassprisen skuldast i hovudsak usikkerheta rundt tilgang på gass i den europeiske kraftmarknaden i forbindelse med invasjonen av Ukraina i februar 2022. I Europa er gass både viktig energikjelde til oppvarming og ein viktig innsatsfaktor i industrien, i tillegg til kraftproduksjon. I tillegg var det mindre vatn i vassmagasina enn gjennomsnittet gjennom heile året.

Straumstøtte

Hushaldningskundar fekk straumstøtte i heile 2022. Støtteordninga inneberer at kundane får utbetalt eller trekt frå eit beløp på straumfakturaen, basert på sitt eige månadlege straumforbruk og ein støttesats.

Elhub

Elhub er kraftbransjen sin felles «sentral» der alle data frå straummålarar i landet vert samla inn i eit felles system. Her finn du dine abonnement med informasjon om straumforbruk, kraftleverandør og anna.

Ynskjer du til dømes å sjå kva straumforbruk du har time for time kan du logge deg på Elhub Web Plugin og sjekka: https://minside.elhub.no.

Anna Verksemd

Elbillading

Grunna ny eigarstruktur og omstrukturering i Wallbox er ikkje Wallbox lenger vår foretrukne leverandør av elbilladarar. Det vert jobba med å finna ny god samarbeidspartner.

Eigarskap

Når nettverksemda vart selt, fekk Fitjar Kraftlag eigarpost i Haugaland Kraft (HK). Fitjar Kraftlag tok samstundes eit strategisk grep ved at ein bytta eigarposten i SKL mot eigarskap i HK. Gjennom eigarskap i HK eig Kraftlaget indirekte i kraftproduksjon då SKL er eit dotterselskap til HK. Fitjar Kraftlag eig 3,6 % i Haugaland Kraft.

Fitjar Kraftlag eig 3,35 % i Midtfjellet Vindkraft AS.

Utbyte frå Haugaland Kraft AS var på ca. 17,3 mill. kroner dette året. Utbyte frå Midtfjellet Vindkraft AS var på ca. 5 mill. kroner dette året.

Fitjar Kraftlag har i lag med Fitjar Kommune stifta selskapet Fitjar Utvikling AS. Formålet med selskapet er å fremja utvikling av Fitjar gjennom investering, samarbeid og tilrettelegging, samt det som står naturleg i forbindelse med dette. Partane eig 50 % kvar.

Fitjar Kraftlag har i samarbeid med Fitjar Kommune bidrege til at Fitjar Kultur og Idrettsbygg AS har kunna oppretthalde drifta i ei vanskeleg tid med pandemi og høge straumprisar gjennom tilføring av driftsmidlar.

ÅLMENNYTTIGE TILTAK/ SPONSORSTØTTE

Kraftlaget har støtta lag, organisasjonar og enkelttiltak i Fitjar med ca. 1,3 millionar kroner. Av desse er ca. 1 million kroner knytt til årleg utdeling til ålmennyttige tiltak. Desse organisasjonane/tiltaka vart tildelt støtte ved utdeling til ålmennyttige tiltak:

Fitjar Idrettslag Støttemidlar

Fitjar Kultur- og Idrettsbygg Støttemidlar

Fitjar Idrettslag Pumptrack/sykkelsti i Midtfjellet

Kr 200.000,-

Kr 150.000,-

Kr 100.000,-

Fitjar Skyttarlag Påbygg garderobe til 15m banen Kr 75.000,-

Brandasund Grendalag Festsal/ Allbrukshall, støydemping og el anlegg Kr 50.000,-

Stord Fitjar Turlag Oppgradering av turveg, Dahlshaugane – Tveitaslottet Kr 50.000,-

Fitjar Frivilligsentral Gøy på landet – Kulturoppleving for ungdom i Fitjar - kino Kr 40.000,-

Fitjar Bedehus Hjertestarter, ny tv & playstation, Lydutstyr, Hobbyutstyr… Kr 40.000, -

Fitjar Skulekorps Støtte til nye instrument)

Kr 40.000,-

Osternes Grendalag Tilskot til tilrettelegging av turområde kring Kveldsturhytta Kr 30.000,-

10.klasse ved Rimbareid skule

Aktive fredsreiser, Polen – haust 2022 – 550 pr. elev som deltar Kr 20.350,-

Fitjar Sokneråd si diakoninemnd Årleg tur for pensjonistar/eldre i Fitjar Kr 20.000,-

Fitjar Shotokan Karateklubb Tiltak for barn og unge i klubben Kr 20.000,-

Fitjarstølane Velforening

Vidare opprusting av leikeplass – Rasteplassbord og bålpanne Kr 20.000,-

Osternes festning Midlar til digitalisering av Osternes Festning Kr 20.000,-

Fitjar Sogelag

Arbeid med innsamling, digitalisering, ”remastring” digital arkivering og vidare innspeling og publisering av podcast om Fitjars nære og fjerne historie Kr 20.000,-

Dåfjorden Velforening

Oppgradering og fornying av leikeapparat på leikeområde for dei minste barna Kr 20.000,-

Fitjar teaterlag Ung Scene

Eldrerådet i Fitjar Eldredagen

Osternes mannskor Støtte til oppsetning av kabaret høst 2022

Kr 20.000,-

Kr 15.000,-

Kr 15.000,-

Bok om Ivarsøykrinsen sin historie Bok om Ivarsøy skule og krinsen rundt Kr 10.000,-

Speidaren i Fitjar Støtte til innkjøp av bord, benker + div til leir Kr 10.000,-

Temakveldgruppa i Fitjar Kyrkje Temakveldar

Fitjar Seniorsenter Ålmennyttige tiltak for seniorane i Fitjar

Øverbygda 4H – Barne og Ungdomsklubb Benker og bord, bålpanne/grill til gapahuken ved Klovadalstjørna

Stord Røde Kors Barnehjelp Diskotek og juletrefest for personar med utviklingshemmingar

Kr 10.000,-

Kr 10.000,-

Kr 10.000,-

5.000,-

Informasjon

Kraftlaget nyttar nettstaden www.fitjar-kraftlag.no til informasjon om alle tilhøve kring drifta og til prisinformasjon. Med jevne mellomrom vert det sendt ut nyhetsbrev på e-post til alle kundar. Varsling av planlagt arbeid og anna viktig informasjon kan og bli sendt på SMS. Me er og på Facebook og Instagram. Søk oss gjerne opp der!

Organisasjon og personale

Kraftlaget hadde ved årsskiftet i alt 8 tilsette, av desse 2 lærlingar. Det vart utført til saman 8 årsverk dette året.

Kraftlaget tilbyr læreplass i kontor- og administrasjonsfaget og telekommunikasjonsmontørfaget.

Åpenhetsloven

Fitjar Kraftlag jobbar med å identifisera og handtera risiko for brudd på grunnleggande menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold i egen virksomhet og i leverandørkjeden. Vurdering etter åpenhetsloven er planlagt offentleggjort innan fristen den 30.06.2023. Den vil bli offentleggjort på www.fitjar-kraftlag.no .

Strategi / Framtidsutsikter

Styret i Fitjar Kraftlag jobbar etter vedteken strategi, ein vil i år starta rullering av strategien. Det er viktig for styret at strategien vert rullert minst anna kvart år.

I energibransjen skjer ting fort, me ser raske endringar i bransjen og det betyr at me raskt må kunna gjera endringar i vår strategi.

Fitjar Kraftlag tilbyr i hovudsak berre eit straumprodukt i dag, som er «spotpris med påslag». Det kan på sikt vera aktuelt å tilby andre produkt som til dømes «fastpris» att.

Ein vil i løpet av 2023 kunna tilby ein app med sanntidsmåling for våre kundar. Då vil alle kundar få moglegheit til å fylgja med på straumforbruket og tilhøyrande timeprisar på ein oversiktleg og god måte. Det kan vera nyttig for å kunne styra straumforbruket i forhold til timeprisar som igjen kan føre til lågare straumrekning.

Med nye kontrollanlegg på plass i kraftstasjonane våre vil me få betre overvaking og betre moglegheit for optimalisering av drifta. Me har og starta prosessen med revurdering av vassdragsanlegget vårt. Revurdering er ein grundig undersøkelse og tilstandsanalyse av eit etablert vassdragsanlegg som skal kartlegge om anlegget har et tilfredsstillande sikkerhetsnivå. Revurdering er eit krav frå NVE og skal gjennomførast minst kvart 20. år for våre anlegg.

Når revurdering er gjennomført vil me også starta arbeidet med å vurdera å få auka produksjonen gjennom å få meir magasin i fjellet. Dette vil gje oss auka produksjon og lønsnemnd i begge våre kraftstasjonar.

Fitjar Kraftlag ser og på nye energi prosjekter, m.a. solenergi. Her kan det vera aktuelt å gå inn på investorsida eller å byggja ut sjølv, dette vil i tilfelle vera prosjekter som må vera lønsame over tid.

Fitjar har eit godt utbygd fibernett, me vil halda fram med å fornya og gjera nettet vårt endå meir robust. Ein har også gått inn på eigarsida i eit selskap gjennom Altibox som vil byggja ut nytt mobilnett for 5G. Dette vil gjera at me på sikt kan tilby mobiltenester for våre kundar.

Utsiktene til utbytte frå eigarskapet vårt er gode i åra som kjem, men er litt usikre i forhold til størrelse grunna nytt skatteregime som kan komma.

Styret har som mål og kunna levera positivt driftsresultat også i åra som kjem.

Me er, og skal vera, ansvarlege, sjå moglegheiter, yta god kundeservice og samarbeida med lokalsamfunnet. Med dette grunnlaget skal me vera ein samfunnsbyggjar langt inn i framtida.

This article is from: