5 minute read

INNHALD

Next Article
ÅRSREGNSKAP 2022

ÅRSREGNSKAP 2022

Rsmelding

Fitjar Kraftlag er eigd av Fitjarbuen sjølv og andre som kan vera medlem i Kraftlaget. Saman vil me styrka selskapet og bidra til utvikling av bygda vår.

Advertisement

Eit av måla til styret er å gje tilbake til Fitjarsamfunnet. Verdiane vert skapt lokalt, og skal førast tilbake til både kundar og lokalsamfunn. Me deler difor kvart år ut midlar til lokale lag og organisasjonar, eller gode initiativ og prosjekt som kan koma alle i Fitjar til gode. Me har og betalt ut kjøpsutbytte på til saman 14,4 mill. kroner til medlemmane dei 3 siste åra.

Styret og administrasjonen har stort fokus på medlemskap og jobbar aktivt med å få nye medlemmar inn i Kraftlaget. Me ynskjer at flest mogleg av kundane våre er informert om medlemskap og ser verdien av å vera medlem hos oss.

I tillegg til å dela ut ca. 1 million ved den årlege utdelinga til ålmennyttige tiltak, har me og bidratt til julelysa som kjem på i teletårnet på Storhaugen. Gratis kino på 17. mai var ein suksess og Fitjar Frivilligsentral vart svært glade for gåva dei fekk på kr 50 000 som skal gå til flyktningar og andre vanskelegstilte familiar på Fitjar.

Fleire eldsjeler har gått saman om å laga ei stifting for båten Seladon, då det er eit sterkt ynskje om å beholda denne båten i bygda. Stiftinga Seladon har fått kr 50 000 til dette formålet. Me er glad for at me kan bidra til gode tiltak i bygda vår.

Fokusområda til Kraftlaget er breibandsverksemd, kraftomsetning, produksjon, eigarskap og samfunnsutvikling.

Grunna svært høge kraftprisar har me fått godt betalt for produksjonen vår og gode utbytter frå Haugaland Kraft og Midtfjellet Vindkraft som me har eigarskap i. Dette har bidratt til eit godt økonomisk resultat for Kraftlaget.

Driftsresultat og årsresultat etter skatt er positivt. All gjeld er nedbetalt.

Økonomien i Kraftlaget er god.

Vårt slagord er Kraft til utvikling!

Midtvatnet

F Rem L

Fitjar Kraftlag SA er eit ålmennyttig samvirkeforetak. Føremålet til føretaket er å:

• Fremja interessene til innbyggjarar og verksemder i konsesjonsområde (slik dette var per 1. januar 2018, seinare i vedtektene omtalt som ”konsesjonsområdet”)

• Eiga aksjar i selskap som driv nettverksemd

• Omsetja elektrisk energi

• Produsera energi eller delta som eigar i produksjonsanlegg eller -selskap

• Eiga, byggja og driva breibandsnett og andre elektroniske kommunikasjonsløysingar

• Eiga, driva, yta midlar til eller delta i anna verksemd med naturleg tilknyting til føremålet

• Delta i tiltak med allmennyttige føremål i konsesjonsområdet

• Yta gåver til tiltak med ålmennyttige føremål i konsesjonsområdet

Overskotet skal primært nyttast til vidareutvikling av Kraftlaget i samsvar med føremålet, ålmennyttige tiltak som kan koma medlemmar, og lokalsamfunnet i konsesjonsområdet til gode, dernest kjøpsutbyte.

Fitjar Kraftlag SA sitt forretningskontor er i Fitjar kommune.

Samfunnsutvikling

Fitjar Kraftlag har heilt sidan starten i 1935 vore ein samfunnsbyggjar, det ynskjer styret at Kraftlaget skal vera også i framtida. Styret ynskjer å bruka ressursane i selskapet til det beste for lokalsamfunnet. Samtidig som ein sikrar det som i dag er kjerneverksemda på ein best mogleg måte for framtida.

Fitjar Kraftlag bidreg årleg til lokalsamfunnet gjennom utdeling av gåver til ålmennyttige tiltak, me vil vera ein støttespelar for frivillige lag og organisasjonar. I åra som kjem vil me og vera med på prosjekt som utviklar Fitjar samfunnet, då me ynskjer at Fitjar skal vera ein god stad og bu, dette kan me gjera på eigen hand eller i samarbeid med andre.

Fitjar Kraftlag SA har i samarbeid med Fitjar kommune danna selskapet Fitjar Utvikling AS, dette selskapet kan vera eit reiskap for å utvikla Fitjar samfunnet på ein god måte for innbyggjarane.

Utsikt over Hellandssjøen

Breiband

Drifta på breibandsnettet har vore stabil. Arbeidet med å optimalisere og oppgradere teknisk utstyr pågår kontinuerlig.

Me har kopla opp 58 nye leveransepunkt i år. Ved årsskiftet hadde me 1610 kundar (aktive leveransepunkt).

Brudd mellom TV2 og Altibox På grunn av uenighet om ny avtale mellom TV2 og Altibox mista våre TV kundar tilgangen til TV2 sine kanalar på Altibox plattformen. Bruddet var eit faktum i starten av april og varte heilt fram til slutten av oktober 2022. Konflikten var negativ for alle partar, men den nye avtalen ser ut til å fungere bra og varer i 4 år.

Grøft mellom Sandvikvåg og Engevik – Ny gang og sykkelsti frå Sandvikvåg til Kuleskotet Våren 2022 starta Fagne opp arbeidet med å grave ny grøft for å skifte ut og legga i bakken høgspentkabelen som går mellom Sandvikvåg og Engevik. Underveis i planlegginga kom Vegvesenet på banen med ekstra midlar, slik at prosjektet etter kvart vart utvida til å bli ny gang og sykkelsti fra Sandvikvåg til Kuleskotet. Då dei gamle høgspentmastene skal rivast, må Fitjar Kraftlag delta i denne grøfta med nye rør/ kablar. Dette gjev oss mulighet til og fornya fibernettet i dette området, samt bidra økonomisk i prosjektet slik at ny gang og sykkelsti vart ein realitet.

Årskog Industriområde

Det vert høg aktivitet i Årskog Industriområde framover. Året 2022 har vore planleggingsfase for Lerøy sitt nye smoltanlegg, samt Equinor/Aker BP sitt landanlegg for kraft til Noa Krafla. Det blir mykje graving og omlegging i Årskog framover, og dette påvirkar også vårt fibernett.

Tårnselskapet Holding AS

Hausten 2021 kjøpte Altibox mobilfrekvensar i myndighetenes auksjon av frekvensar for 5G. På nyåret 2022 kjøpte Lyse mobilselskapet ICE. Dette dannar grunnlaget for den framtidige satsinga på mobil og fast trådløst breiband i Altibox-partnerskapet. Som ein del av partnerskapet vil kundane til Fitjar Kraftlag kunne nyte godt av dette i framtida. For å kunne tilby FTB (Fast Trådløst Breiband) til sluttkundane våre er det eit krav til at Fitjar Kraftlag som Altibox partner deltar som eigar i Tårnselskapet Holding AS. Selskapet er eit holdingselskap som skal eiga aksjar i Tårnselskapet AS. Fitjar Kraftlag har gått inn med kr 500 000 i aksjekapital i Tårnselskapet Holding AS.

basestasjonar og hjelpesystemer for teletjenester. 5G-partnarane skal ha mulighet til å oppføre slike tårn for Tårnselskapet.

Organiseringa skal blant anna legga til rette for rask utbygging og sørga for straumlinjeforma tilgang for eksterne aktørar, utbygging og drift, samt å legga til rette for at ein eller fleire finansielle eller industrielle investorar eventuelt kan tre inn på eigarsida på eit seinare tidspunkt.

Eigarforholdet i Tårnselskapet AS skal ved oppstart vera fordelt med 51 % av aksjane til Lyse Fiber AS, Signal Bredbånd AS, Viken Fiber AS (herunder samla omtalt som «Lyse-partnerne») og Lyse Fiberinvest AS, og 49 % av aksjane til dei øvrige 5G-partnarane (Tårnselskapet Holding AS). Fitjar Kraftlag sin andel er 2,4 % i Tårnselskapet Holding AS ved stifting.

Aksjonærane sin felles ambisjon er å bygga i underkant av 1000 tårn innan utgangen av 2025. Utbygginga av tårn skal skje i tett samarbeid mellom Aksjonærane, Selskapet, Tårnselskapet og Altibox.

Tårnselskapet skal vera eit selskap som bygger, eig og forvaltar tårn som skal brukast til å leiga ut plass til teleoperatørar for innplassering av antenner,

Kraftproduksjon

Både Rimbareid og Årskog kraftstasjon har fått nytt kontrollanlegg dette året. Nye kontrollanlegg vil gi betre overvåking og optimalisering av drifta til anlegga.

I tillegg til nye kontrollanlegg har Rimbareid kraftstasjon fått ny turbin og ny generator på plass, så denne kraftstasjonen er betydeleg oppgradert. Den nye turbinen gir oss noko større produksjon enn tidlegare då den er meir effektiv. Det har vore noko nedetid grunna klargjering til ny turbin og nytt kontrollanlegg på Rimbareid, men utanom det har det vore god produksjon på denne kraftstasjonen.

Årskog kraftstasjon var ute av drift heile hausten etter at kraftstasjonen stoppa grunna lynnedslag og generator havarerte under testkøyring, etter at nytt kontrollanlegg vart montert. Generator vart nyoverhalt (dekka av forsikring) og kraftstasjonen var i drift igjen frå nyåret 2023.

Det har vore fokus på miljøet i kraftstasjonane dette året og ein har starta ei oppgradering rundt det. Dette arbeidet vil pågå også til neste år.

Total produksjon vart 4,87 GWh dette året. Det er litt over middelproduksjon siste 10 år som er på 4,65 GWh. Rekordhøge straumprisar gjer at driftsresultatet vart svært positivt. Oppnådd gjennomsnittspris for produksjonen dette året vart 1,83 kr/kWh.

This article is from: