Røde Kors-avisa 1/2015

Page 2

INFORMASJONSAVIS FOR SOGN OG FJORDANE

RØDE KORS AVISA

NR. 1 2015 ÅRGANG 26

Røde Kors Avisa Sogn og Fjordane ANSVARLEG UTGJEVAR: Sogn og Fjordane Røde Kors, Langebruvegen 28, 6800 Førde. Tlf. 05003. REDAKTØR: Dag Hovland. REDAKSJONSSJEF: Henning A. Hellebust. ANNONSAR: Faktureringsservice Sør AS. FRAMSIDEFOTO: Sogn og Fjordane Røde Kors LAYOUT/PRODUKSJON: findriv. TRYKK: Sogn og Fjorane Avistrykk OPPLAG: 42000

På skøyter med Røde Kors 2 2015

BARN SOM HØGLYTT DISKUTERER HUMANITET OG NØYTRALITET I KOMBINASJON MED SKØYTER OG PIZZA. EIN TYPISK KVELD MED BARNAS RØDE KORS. Det nærmar seg den avgjerande augneblinken for mange. Stasjonsvogna dei kjem glidande i, stoppar framfor den improviserte skøytebana nedanfor Alexandra hotell. Ungane i rosa, turkis, blå, svarte eller lilla vinterkle hoppar ut. Dei konsentrerer seg om å få heile isen inn i synsfeltet. Det skal snart avklarast. Kan dei klare å gå på skøyter? - Å, dette blir vanskeleg, seier Julie, som sit og får hjelp til å stramme skøytene. Det er første gang. - Eg vil ikkje vere først, seier ho, og skottar mistenksamt bort på den blenkande flata. Men når fleire kjem til og alle deler på grugledinga, er det ikkje så gale. Med god knekk i hofte, lute anklar, skjelv i knea og armane rett fram, prøver dei seg varsamt utpå. Etter nokre minutt er det vanskeleg å seie kven i mengda som ikkje har stått før. Dei samlast framfor Winnie Strand, den vaksne leiaren for Barnas Røde Kors. - Kva reglar trur de er lurt å ha på isen, spør ho. Hender skyt i veret, og snart er det einigheit om at det er lov å hjelpe andre, men ikkje skubbe. - Kva kan skje på isen då, spør Kjartan Urne, den andre frivillige rødekorsaren. - Vi kan slå oss, seier Elvira. - Vi kan knekke kneet, ropar Tiril. - Kva gjer vi om nokon skadar seg, spør Kjartan. - Vi kan ringe etter ambulanse og Røde Kors og ha på bandasje, seier dei i munnen på kvarandre.

- Seie frå til andre vaksne, seier Malene. Leik og alvor Barnas Røde Kors inneheld ei blanding av leik, ferdigheiter innan friluftsliv, enkel førstehjelp og kunnskap om Røde Kors og humanitære problemstillingar. Ungane får lære å ta ansvar og sjølv finne fram til gode løysingar. Det inkluderande sosiale samværet, spesielt i samband med å ete litt mot slutten av samlinga, er viktig. Aktiviteten flyttar seg etter kva kveldens tema er. Når alle har gjort seg godt kjent med underlaget, er det på tide med litt organisert leik. Winnie hentar fram plakatar med teikningar av dei sju prinsippa Røde Kors er tufta på: humanitet, uavhengigheit, nøytralitet, universalitet, frivilligheit, upartiskheit, einskap. - Kva betyr humanitet, spør Winnie. - At vi skal hjelpe dei som har skada seg, svarar Tiril. - Kva er nøytralitet, det viser teikningen av han med øyreklokker i midten, kva betyr det? - At han skal høyre på musikk? Spør Elvira. - Mja, vel, det betyr at han hjelper alle, utan å la seg påvirke av kva andre seier. - Kva er uavhengigheit, då spør Kjartan, og held opp ein plakat av ein katt som syklar mellom to som prøver å overrekke gåver til han. - Han syklar utan hjelm, kvifor gjer han det? Er det ei som spør. - Ja, kvifor gjer han det, stemmer alle i? Medan Kjartan og Winnie prøver å avklare den hjelmlause katten si uavhengigheit,

kjem ein forelder bort og ser på kveldens happening.

SMAK PÅ FRIVILLIGHEIT

- Dette er første året mine to på seks og åtte år er med. Vi fekk eit skriv frå skulen. Blant mange andre valde vi dette, seier Veronica Sunde. - Det er ein fornuftig og lærerik aktivitet, så vi er veldig positive. Faren har også vore aktiv i Hjelpekorpset. Første gong dei møttest lærte dei å lage båre. Det å lære seg førstehjelp, å vite noko om kva ein skal gjere om ein kjem i krevjande situasjonar er bra. Dei vert meir sjølvstendige, seier ho, og føyer til at Røde Kors er ein utruleg bra organisasjon som har måtta trå til mange gonger. Det er stadig behov for nye frivillige, så eg håpar dette kan gje ungane lyst til å bli aktive i Røde Kors seinare også, avsluttar Sunde. Sju av borna har no fått festa plakatane med Røde Kors sine prinsipp på ryggen. - No skal vi leike «trygt land», seier Winnie. Alle skøyter rundt på isen, og når Winnie ropar ut eit prinsipp, skal alle finne rette vedkommande og pigge seg dit. Ord, bilder, spørjing og skøyting; i kveld kretsar aktiviteten rundt prinsippa som sikrar Røde Kors sitt mandat om å avdekke, hindre og lindre nød. I praksis også Internasjonal Humanitær rett, IHR.

GRATIS ALTERNATIV

Medan Winnie var ein av dei som starta aktiviteten i 2009, har Kjartan Urne kome inn


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Røde Kors-avisa 1/2015 by Sogn og Fjordane Røde Kors - Issuu