
2 minute read
KVENAR I NOREG
by Samviten
Kva er kven og kvifor høyrer vi så lite om dei?
TEKST:
Advertisement
Sigbjørn Løland Torpe
ILLUSTRASJON:
Eydna Joensen
Kvenar og norskfinnar i Noreg er ei minoritetsgruppe. Kvenar er den nemninga som er mest brukt, og kvensk er eit austersjøfinsk språk som er nær i slekt med meänkieli i Sverige og med nord-finske dialektar. Språket blir snakka i hovudsak av kvenar i Troms og Finnmark. Opphavleg var dei utvandra frå Nord-Finland og Nord-Sverige til den nordlege delen av Noreg. Dei har status i Noreg som nasjonal minoritet på linje med skogfinnane, jødar, romanifolket og rom. Kvifor er det få som veit om kvenar?
KVIFOR ER DET FÅ SOM VEIT OM KVENAR?
Kjerneområdet til kvenane var tradisjonelt i Troms og Finnmark, og dei levde side om side med nordmenn og samar. Tidligare var det ikkje uvanleg at folk var fleirspråklege. Med tanke på synlegheit, er det slåande at generell kunnskap om folk i Nord-Noreg er mangelfull, og årsakene til det er fleire. Den eine er nedprioritering av dette emnet i undervisninga i skulen. Den nasjonale mediedekkinga av denne landsdelen er ikkje imponerande. Hos ein del nordmenn eksisterer det framleis: “vi er én nasjon” og ein motvilje som påverkar eigen negative stereotypiske oppfatning om samar og andre minoritetar som f.eks. kvenar. Slike haldningar er etterverknadar av tidlegare norske styresmakter si systematiske diskriminering og usynleggjering av minoritetar.
Usynleg P Grunn Av Spr Kleg Og Kulturell Undertrykking
Det var ei massiv språkleg og kulturell undertrykking, gjennom aktiv einsretta fornorskingspolitikk retta mot minoritetar som ikkje passar inn i det norske samfunnet. Skulane var sentrale aktørar i denne undertrykking som fungerte slik at om du snakka kvensk i timane, ute i friminutt og blant medelevar, kunne du risikere å bli stra a av læraren. Svært mange blei mobba og utestengde av medelevar i skulen. Det var også internt press blant kvenar som kjende seg tvungne til å snakke norsk. I tillegg blei språket i periodar sett på som «utanlandsk».
Kvensk Blei Tidlegare Forveksla Med Finsk
Sjølv om kvenar har budd lenge i Noreg, fekk dei eit innvandrar-stempel, då forveksla med finsk eller ein finsk dialekt. Noko av motivet for fornorsking var også bygd på konspiratoriske førestillingar blant norske politikarar, særleg i mellomkrigstida, der kvenar blei sett på som finske framand-agentar for Finland, med skumle planar om utviding av grensa nordover. Samla sett førte denne misoppfatninga, diskrimineringa og nedvurderinga av kvensk kultur og språk til at den stod i fare for å døy ut. Men heldigvis eksisterte det eldsjeler som tok kulturkampen, og kampen for språket sin eksistens. I 1998 blei kvensk o akseptert som eige språk, og i 2005 fekk kvenane status som ein av dei 5 nasjonale minoritetane i Noreg. Dei siste ti-åra har kvensk utvikla seg og blitt formalisert som eit eige skriftspråk.
Verdien Av Fleirkultur
At Noreg lenge har hatt fleire minoritetsgrupper og fleirkultur er ein realitet som fleire bør ta inn over seg. Kunnskap om folk, samfunn og historie har stor verdi og kan ikkje veljast vekk. For det finst i dag kvenar over heile landet og etablering av kvenforeiningar er i vekst. Det nyaste tilskotet i år er Kväänit Länsi-Norjassa (Kvener i Vestland). Fleire byar og tettstader rundt om i Noreg heiser kvenflagget på Kvenfolkets dag den 16. mars. Det er ei feiring som sannsynlegvis etter kvart kjem til å bli ei nasjonal hending.