4 minute read

I fjellet er du fri

50 år etter at Pride starta i New York, nådde røyrsla i sommar toppen av Tverrådalskyrkja (2088 moh). Nokon stoltare?

FLAGGET TIL TOPPS: Porten er vid og taket høgt på Tverrådalskyrkja (2088 moh) - eit perfekt turmål og klimaks for feiringa av fyrste Fjellpride i historia.

FLAGGET TIL TOPPS: Porten er vid og taket høgt på Tverrådalskyrkja (2088 moh) - eit perfekt turmål og klimaks for feiringa av fyrste Fjellpride i historia.

Foto: Håkon Noren

Advertisement
INKLUDERANDE FRILUFTSLIV: Aldri har DNT arrangert ein meir fargerik fellestur enn denne: Homofile og transpersonar, heterofile og bifile, introverte og ekstroverte, helseminister og generelsekratær i ei lang og litt skeiv rekke.

INKLUDERANDE FRILUFTSLIV: Aldri har DNT arrangert ein meir fargerik fellestur enn denne: Homofile og transpersonar, heterofile og bifile, introverte og ekstroverte, helseminister og generelsekratær i ei lang og litt skeiv rekke.

Foto: Fredrik Kleppe/ Nasjonalparkriket

Idet vi tuslar inn på setertunet Sota, lener dei århundregamle tømmerhusa seg mot oss. Skeive, inkluderande og fulle av levd liv – nett som deltakarane på historia si aller fyrste utgåve av FjellPride.

Eit døgn seinare skal diskolysa svøpe dei solsvidde seterveggane i liberale regnboger, fire urbane DJ-ar vugge fjellheimen i «deep house», Lars Monsen sitt turfølgje utagere på bordet, og hetero- og homofile danse limbo i vakkert mangfald. Sjølv sakrale Tverrådalskyrkja (2088 moh) nikkar stolt til feiringa. Aldri har høgfjellet opplevd liknande dyrking av livet, kjærleiken – og friluftslivet. Happy Pride!

BRUDEBURET.

– Det ligg ein naken mann der inne!, utbryt turfølgje Marius Stenbakk og skvett attende over dørstokken.

HER PÅ SOTA ER MOTTOET VÅRT «I FJELLET ER DU FRI»

Utsikta til å sova burt sumarnatta er brutalt fortrengt. To romnøklar har vi fått tildelt, to gonger har vi blitt støkt av sovande pridedeltakarar med og utan klede. Til slutt gir resepsjonisten på Sota opp, rekker oss ein solid smijernsnøkkel, og takkar av med nattynskjet «i brudeburet er dykk garantert for dykk sjølve».

Slik gjekk det til at to heterofile menn grytidleg neste morgon vaknar i ei toetasjes dobbeltseng, framfor ein svulstig klebersteinspeis, krinsa av eit scenario meir overdådig enn nokon Melodi Grand Prix. Vi er klare for historia sin aller fyrste Fjellpride.

TIL TOPPS FOR MANGFALDET.

– Alle på plass? Då går vi til Kyrkja!, lyd marsjordren frå guide Mathias.

Gjennom den eventyrlege fjellfuruskogen opp frå Sota seter ruslar følgjet av homofile og transpersonar, heterofile og bifile, introverte og ekstroverte, helseminister og generalsekretær. Ein meir fargerik fellestur kjem DNT neppe til å arrangere før Dovre fell. I høve Fjellpride er legendariske raude T-ar erstatta av mangfaldet sine regnbogefargar, straight DNT-fellestur døypt om til skeiv parade. Turmål: Tverrådalskyrkja (2088 moh) – høgfjellet sitt eiga gudshus, med høgt nok tak til at alle kan kjenne seg heime. Framleis i tvil om at tru kan flytte fjell? Då var du ikkje i Breheimen under historia sin fyrste Fjellpride.

FRI I FJELLET.

– Ein kveld etter at ungane var i seng, satt kona og eg og snakka om kva vi kunne gjere som ingen andre gjer for å skape ei happening på Sota, seier hyttevert Ove Lilleengen.

Sota har i fleire tiår vore eit ynda vaffelfat for pensjonistar og småbarnsfamiliar. Då det nye vertskapet Silje og Ove Lilleengen i fjor rykka inn, var det med nye idear, ungdommeleg pågangsmot, småungar og permanent flyttemelding. Med på lasset fulgte raftingpadlarar, hipsterar, brevandrar, toppsankarar, matelskarar og ein ny generasjon frelste Sota-vener. Ideen om Fjellpride innebar likevel eit sjumilssteg inn i ukjend terreng.

– Her på Sota er mottoet vårt «I fjellet er du fri», det er slett inga sjølvfølge for mange i dag, fortel Lillengen:

– Vi kom i snakk om at den nye generalsekretæren i DNT er homofil, at 2019 er DNT sitt Inkluderingsår – og at mangfald og kjærleik er verdt ei skikkeleg feiring og i steinrøysa. kampen for mangfald, stoltheit og aksept.

– Svært mange er ikkje trygge nok på seg sjølv og eiga legning til å ta turen til Sota seter og prideparade, konstaterer transperson og psykolog Silje-Håvard Bolstad.

Med fornamn frå både jentekjønn og guttekjønn jobbar Bolstad i dag som psykolog på ein helsestasjon for å gje vegleiing til unge om kjønn og seksualitet. Sjølv i liberale Noreg har transpersonar framleis ein lang veg å gå for å få aksept for eiga identitet. Flott då, at småbarnsfar Ove Lilleengen omfamnar mangfaldet og slår hyttedørene på Sota på vidt gap:

– For ei aldeles eventyrleg helg! Etter denne oppturen treng vi inga betenkingstid: Neste summar er både transpersonar, homofile og heterofile velkomne attende til ny Fjellpride! I det vi tumlar mot brudeburet for ei kort natt i djup søvn, nikkar sjølvaste Tverrådalskyrkja oss storslått og stolt i seng. Sett her frå tunet på Sota seter ser ho då faktisk litt skjeiv ut?

Skribenter: HÅKON NOREN & SIGURD RØNNINGEN. Håkon er en turglad lesjing som brenn for foto og formidling. Studerer til dagleg anvend matematikk ved NTNU i Trondheim.

Fjellpride • Pride, eller gay pride («homofil stoltheit»), er ei feiring av skeiv kjærleik og mangfald. • Sidan tidleg 1980-tal har pride-feiringane satt sitt preg på norske byar og tettstadar, og gjort det skeive miljøet stadig synlegare i det norske samfunnet. • Fjellpride på Sota feira mangfaldet og friluftslivet med raftingtur, fjelldisko og lokalmatgilde toppa av verdas høgste prideparade til Tverrådalskyrkja. • Neste Fjellpride blir arrangert på Sota i juli 2020.