Skip to main content

Putsj #04/05

Page 8

DEN STORE KLIMAKAMPEN:

SVERIGE vs. NORGE Tekst: HANNA ØSTBY STUB og SIRI HELLE Foto: HANNA ØSTBY STUB og LINN HERLAND LANDRO

S

öta bror bankar oss norrbaggar i antal internasjonale musikk-kjendisar. Dei slår oss i likestilling, men vi knuser dei på ski. Men kven er eigentleg best på miljø? Noko av det viktigaste ein innsåg da ein begynte å snakke om klimaendringar, var at problema måtte løysast lokalt. Lokal Agenda 21 skulle oppfordre kommunar til å løyse miljøkrisa. Putsj tok turen til ein svensk og ein norsk kommune for å finne ut korleis det har gått.

Det starta i Rio de Janeiro, Brasil, i 1992. For fyrste gong snakka ein om dei menneskeskapte klimaendringane. Gro Harlem Brundtland frå Noreg vart verdas uoffisielle miljøvernminister. Slagordet var; Tenke globalt, handle lokalt. I Kyoto i Japan vart i 1998 all verdas regjeringar einige om å redusere verdas samla klimagassutslepp med fem prosent, rekna frå 1990-nivå, innan 2012. Eit lite, men fyrste steg på vegen, sa ein den gongen. I dag skriv vi august 2005. Korleis ligg vi an no? Har verdas miljøvernminister og landsmoder Gro fått rett? Er det typisk norsk å vere god?

SVERIGE:

Medan norske kommunar har tatt klimagassheisen mot øvste etasje, har svenskane funne stoppknappen. Växjö kommune i Sverige skal bli karbonfri innan 2050. Toget til Växjö tøffar stilt av garde. Utanfor ruta susar små tettstadar forbi på rekke og rad. Så er det plutseleg slutt, og det er berre skog å sjå. Ein stad er skogen rasert av ein storm. Og så, ut frå ingenting, dukkar Växjö opp. Frå perrongen ser det ut som nok ein liten tettstad, men byen har 55 000 innbyggjarar. Växjö kommune ligg midt i den sørlege halvdelen av Sverige og har vakse fram der vegane frå dei større byane langs kysten møtest. I denne litt bortgøymde og idylliske kommunen kan dei midtsommaraftan 2005 feire at dei har redusert klimagassutsleppa sine med bortimot 25 prosent på elleve år. Hadde det ikkje vore for sjøane, kunne mykje vore annleis. Dei var så forureina at kommunen ikkje såg seg anna råd enn å gjere noko med dei. Arbeidet gav fort resultat, og appetitt på meir miljøarbeid. Etter Rio-konferansen tenkte nokre av kommunepolitikarane i Växjö at dei måtte ta ansvar for sin del av klimagassutsleppa. Med det starta soga om Växjö som miljøkommune. I dag har Växjö ei høg stjerne i Japan. Stadig kjem det nye folk som vil høyre kva Växjö har gjort for å redusere så mykje i klimagassutsleppa sine. – Vi har kanskje gjort meir for Japan si klimapåverknad enn for Sverige, ettersom det kjem så mange japanarar hit, ler Henrik Johansson i miljøavdelinga i kommunen. – Eit år hadde vi nesten eitt besøk i veka. Det kan nesten bli litt slitsamt, faktisk. Henrik Johansson ser ut til å vere i slutten av tjueåra, og ville nok helst gått heim litt tidleg. Morgondagen

Svensk mittsommar med maistang i juni.

8


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Putsj #04/05 by Miljømagasinet Putsj - Issuu