Putsj #05/05

Page 22

UnStealing Hugsar du surkålpoeten? Den mystiske undergrunnspoeten Elling som stolt spreidde sitt lille dikt gøymt inni surkålpakkar? Legg til eit politisk bodskap, og du har ein aksjon. Numéro sinquo: Avstjeling!

U

nstealing, eller avstjeling på morsmålet, er akkurat det motsatte av å stjele. Det handlar om å spreie din eigen politiske bodskap gjennom varer i vanlege, kommersielle butikkar – varer som folk skal kjøpe. Her kan du gjere nesten kva du vil; trykk på Tskjorter og heng tilbake i butikken, legg små dikt/løpesedlar/mini-manifest i bøker i bokhandelen, snik din heimesnekra CD inn mellom Katie Melua og Jamie Cullum på Platekompaniet, surkålpakkar er allereie nemnt, og sjansen er stor for at den lokale Remaen har fleire utfordrande innpakningar å by på. Eller kvifor ikkje legge igjen fanzina di blant høstens debutantar på Nordli? Tenk kor artig å finne eit gratis hefte i bokhandelen, som ikkje er reklame for ein ost- og vinbokklubb! Felles for alt dette er at du tar eit produkt, gjer det til ditt eige, og set det tilbake i si opprinnelege setting. Slik får du bodskapen din ut på ein heilt ny marknad. Hadde ikkje du blitt glad om du fann ei poetisk innføring i fiskeriministerens inkompetanse i Grandis-pakken din ein ettermiddag..?

Du treng:

• eit bodskap (i form av eit slagord, dikt, manifest, teikning, låt, eller kva du no er bra på.) • ubrukte varer å formidle bodskapen gjennom (T-skjorter, surkålpakkar, bøker, eller noko anna du kan finne på å «avstjele».) • tøymaling, sjablongar, penn, papir eller liknande. • instrument, mikrofon, PC med CD-brennar, blanke CDar.

Bankerott eller Røkke? Kjem heilt an på kva slags varer du siktar mot. Å kjøpe alle Tskjortene på H&M kan bli dyrt (og frykteleg politisk ukorrekt… huff!). Eit alternativ kan vere å kjøpe kle på Fretex i staden, mange kjedekler endar sine dagar der. Tenk og på aksjonar som ikkje krev førehandskonsumering, som for eksempel å legge lappar i bøker i bokhandelen.

Bra å bruke fordi: I tillegg til å spre di meining om den saka du brenn mest for akkurat no, gjer du ein trøtt forbrukar ein sikkert tiltrengt oppkvikkar i kvardagen. Samtidig er aksjonen i seg sjølv ein artig kommentar til heile vårt absurde forbrukarsamfunn og ein sjanse til å slå storselskapa på deira eigen heimebane!

Viktige ting å hugse på: Sjølv om vi veit at avstjeling er akkurat det motsatte av stjeling, er det ikkje sikkert Securitasvaktene på H&M veit det. Å ta eit plagg opp frå ein sekk kan sjå ganske likt ut som å putte eit plagg ned i ein sekk. Om du blir tatt burde Securitassen skjønne poenget når han ser trykket på skjorta (eller løpeseddelen i surkålpakka..). Det er nok uansett lurt å ta med kvittering på kjøpte varer. Forklar fint for vakta at nei, du er ingen butikktjuv. Dette er noko mykje større og viktigare. Dessutan har sikkert vakta óg sett Elling.

Kven kan delta? Alle med litt is i magen og sans for nye, spennande aksjonar. Perfekt for deg som er litt lei av stand-og-løpesedlar-på-torgetkvar-lørdag og er klar for å ta kvardagsaktivismen din til nye høgder.

22


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.
Putsj #05/05 by Miljømagasinet Putsj - Issuu