SenterAvisa utg5-2012

Page 8

Sebastian Torsvik Berland (13) Sebastian er snart klar for skulestart. Men ikkje heilt enno. Først skal han nyte siste resten av sommarferien. Han har vore på fleire turar i sommar. ”Eg har vore i Portugal hos farmor”, fortel han. ”Det var veldig kjekt”. Sebastian har og hatt tid til å reise litt i Noreg. ”Vi var i Oslo hos tanta mi, og på veg heim var vi på ein fjelltopp”. Han tenker. ”Eg hugsar ikkje kva den heitte, men trur den var 1800 meter høg”. Til hausten byrjar Sebastian på ungdomsskulen. Då ventar ny skule og nye elevar. ”Eg kjenner jo dei eg har gått på skule med før”, fortel han, ”men eg er spent på kven eg kjem i klasse med”. Sebastian trur det skal bli kjekt å byrje på skulen igjen. ”Eg gler meg til å møte igjen alle venene mine”.

Josefine Torsvik Berland (9) Josefine skal snart byrje i fjerde klasse, og gler seg litt til å byrje på skulen igjen. Ho er nøgd med sommaren, som har blitt tilbragt både i Portugal, Oslo og litt her heime. ”Eg har bada ein del”, fortel ho ”og vi har hatt besøk av tante”.”Det skal bli kjekt å treffe venene mine igjen”, fortel Josefine. ”Og så gler eg meg til å gjere lekser”. Når ho byrjar i fjerde klasse, skal ho byrje med eit nytt fag på skulen. ”Vi skal ha mat og helse”, seier ho fornøgd. ”Då skal vi lage mat, og smake på det vi har laga”. No er ho snart klar for skulestart. ”Eg skal berre kjøpe ny ransel”, fortel Josefine ”og den skal helst vere lilla og kvit”.

Klede og ryggsekkar til modellar på forside og denne sida: Big Bang 8

SenterAvisa |

august 2012


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.