Skip to main content

Jul i Knarvik Senter

Page 8

Styling til fotoshot Emma Hodneland Jobbar på Rose Parfymeri Emma Hodneland jobbar deltid på Rose Parfymeri. Ho starta å jobbe på parfymeriet då ho var i praksis på Service og Samferdsel i fjor. Til juleutgåva av SenterAvisa har ho sminka modellen Henriette før fotografering. - Dette var ein gøy utfordring, og eg hoppa i det. Eg har ikkje gjort så mykje av denne typen oppdrag, men har blant anna sminka nokon til bryllaup tidlegare, fortel Hodneland. Ho seier at sminke er ein stor hobby, og at det å pynte seg på julaftan er ein viktig del av juletradisjonen heime hos familien hennar. - Vi er ein jentefamilie, og vi likar å pynte oss og sminke oss i lag. Til jul pyntar eg meg gjerne med kobbar, glitter og litt bling bling, men det må også vere elegant, fortel ho. Hodneland gler seg til å feire jul saman med mor, tanta og to kusiner heime i Alversund.

Silje Vindegg Frisørlærling hos Think Hairwear Silje har ordna håret til cover-modell Henriette til julefotografering, og synes det er kjekt å gjere denne type stylingoppdrag. I tida før jul er det høgsesong i salongen, og det blir mykje jobbing. Ho skal også vere på jobb i romjula, og blir derfor i Bergen for å feire jul saman med kjærasten. Vindegg kjem opphavleg frå Geilo, og i år er det første gong ho feirar jul utan f amilien sin. - Eg gler seg til jul, men synes det kan vere litt stress med gåvene. Det er godt når julaftan kjem og ein kan berre kose seg og gjere alt og ingenting, seier ho. Vindegg er ferdig med læretida si i mars neste år, og er svært nøgd med å vere på salongen i Knarvik.

8 – JUL 2019

| #knarviksenter


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Jul i Knarvik Senter by Picapoint Studio - Issuu