Ks senteravisa nr3 2014

Page 7

d e M so For Øystein Johansen er sjøen ein del av kvardagen heile året. Heilt sidan han som liten gut vaks opp ved sjøen både heime og på hytta hjå besteforeldra har sjøkanten vore den naturlege opphaldsstaden. I dag er det blitt ein livsstil, når han som sjølvstendig næringsdrivande er involvert i tre lokale verksemder med sjøen og aktivitetane den kan tilby som midtpunkt.

Øystein fortel at det begynte med at han fekk laga sitt eige brett han kunne stå på bak båten når han var liten. Der i frå har det berre balla på seg. – Sjølve forretningsbiten starta eg med den sommaren eg blei 18 år. Då gjekk eg i 3. klasse på tekniske- og allmenne fag (TAF) ved Knarvik vidaregåande skule, og vi byrja å selje det vi kunne noko om. Det omhandla i stor grad utstyr som kunne nyttast til aktivitetar knytt opp mot båtlivet, som wakeboard, tube, vannski og den type ting, seier han. I dag er han snart 25 år og driv nettbutikkane seafun.no og westsurfing.no sjølve, samstundes som han og jobbar mykje i Havsportveka på Austrheim og eventselskapet Oceanordic. Det å halde på med tre ulike typar verksemder og deltidstudiar i leiing av varehandel ved BI på ein gong kan vere hektisk, men Øystein hevder likevel at det ikkje blir for mange ballar i lufta. – I alle verksemdene er det mykje dei same aktivitetane, produkta og logistikken som går igjen, så det å kombinere dei er berre positivt for alle tre greinene. På den måten kan vi oppnå positive synergiar og vekse saman framover. Utdannings-løpet er eg heldig og kan styre sjølve, slik at eg kan tilpasse det etter bedrifta, seier han.

m livs

l i st

Havsportveka Havsportveka i Austrheim vert i august i år arrangert for sjette gong på rad, og er eit arrangement som etter kvart har vakse seg ut av kommunen til å omfatte ein stor del av Nordhordland og eit eige arrangement i Bergen i forkant. – I år vil det vere arrangement både i Radøy, Lindås, Austrheim, Fedje og Gulen. Eg har vore med frå starten av, og er i år ansvarleg for aktivitetsprogrammet, seier Øystein. Han ser på Havsportveka som ein unik møteplass for dei som driv med havsport jamleg heile året gjennom og dei som opplever havsport for fyrste gong. – Vi set fokus på havsport og aktiviteter på sjøen, og skaper ein arena kvar veldig mange menneske får moglegheit til å forsøke nye aktiviteter. I ein sånn situasjon møter vi også mange som driv med nokolunde det same som oss, men konkurranse er sunt og dei største konkurrentane våre er nok ikkje dei som driv med havsport, men dei som kan tilbyr andre ting og aktivitetar å bruke tida si på, seier han.

− CMYK –

− VITUS APOTEK–

− FARGERIKE –

− THINK HAIR WEAR –

− HELSEKROKEN –

− CUBUS –

− PLAYCOM –

− KIWI–

− ROSE PARFYMERI –

− FELLINI BARN–

Senter SenterAvisa |

juni 2014

7


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.