Nattope i Knarvik Senter 2.mai!

Page 24

Det var far min som kom med joggeskoa. Han jobba i byn, og handla på instruks frå sjefen i huset. Altså eg. Det var store val. Borrelås eller snøring? Rosa eller blå? Eit år var det Punky-joggesko. Så var det kvite joggesko med lys lilla kant. Det var som magi. Første flekken var den verste, men så gjekk det slag i slag. Grønske, sykkelolje, blåbær og jord.

S kr ev et av M ar

M it

Så kom sommarfuglane. Flaksande, viltre og kilne. Med våren kom nemleg 17. mai, og med den, den evinnelege 60 meteren. I det toget marsjert inn på skuleplassen, kunne eg sjå dei. Banene som var markerte med sagmugg på grusplassen. Nøye oppmåla av komiteen kvelden i forveien. 60 meter. Alle må vere med. Knakande kjekt.

Enkelte ting høyrde berre med. Ny kjole til jul. Ny bukse til skulestart. Og nye joggesko til 17. mai. Sistnevnte blei mottatt med sommarfuglar i magen, og lukta av spon i nasen.

ård idtg

Etter nokre rundar med hotdog og lykkehjul var det dags. Mor kom fram med posen. Av med finskoa. På med joggaeskoa. Nokre hadde forhandla seg fram til å skifte klede og. Bunad eller joggebukse? Lakksko eller joggesko? Det var mykje som stod på spel. Så smalt det. Heiaropa på sidelinja, oppvirvla sagmugg, målstreken. Eg ser tuppen av joggeskoa framfor nasen min. Høgre, venstre, høgre, venstre. Framme snart? 60 meter er langt. Det tar lang tid. Minst ti sekund. Så var det over. Ti sekund, og våren kunne byrje. Eg børsta sagmuggen ut av borrelåsen, og sleppte sommarfuglane fri. Aldri hadde vel isen smaka så godt? Eller joggeskoa vore så fine? Eller våren vore så vakker?

God 17. mai!

24

SenterAvisa |

april/mai 2014


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.