SenterAvisa - mai 2015

Page 17

KJEM EG I 'AN?

VI HAR BLOMSTENE TIL

Maifesten

Det er det same kvart einaste år. Eg har tenkt mykje på det, men utsatt det lenge. Førre veke ringde eg både bestemor og mamma i panikk for å høyre om dei kan stille som redningsmannskap i siste liten om det ikkje går. Mai er både den beste og den verste tida på året. Den byr på høgtid og eksamen. Ein vert ikkje berre testa i teoritunge fag på skule og universitet, men og i kor godt ein har klart å føre livet det siste året. Det handlar ikkje om sommarkroppen 2015. Det er om sjølve livet det står. Ja, bunadslivet altså. Der Vinskvetten får "Julapresangen-til-kåno-paknikken" får eg "Kjem-eg-ibunaden-panikken". Han var trong i fjor, og det var berre nett så vidt han gjekk igjen året før. "Du lyt prøva", seier dei. Eg utset det nokre dagar til medan eg angrar på peparkaker, påskeegg og at eg ikkje klarte å gjere alvor av draumen om å ete salat til lunsj kvar dag, eller i det minste nokre dagar i veka. Til slutt tek eg mot til meg. Finn fram stakk og skjorte, bringeduk og belte. Det er dei som kan gje meg fasiten. Sensuren. Det er tross alt betre med karakteren "ikkje greidd" enn "ikkje møtt". Då står det ikkje på innsatsen. Eg får på meg skjorta, og drar stakken over hovudet. Sug inn magen og pustar så lite som mogleg. I ein desperat augneblink ber eg sambuaren om hjelp. Ser fasiten i auga hans. Han kvir seg for å seie det, men det lyser av han likevel. Eg innser nederlaget. Til neste år skal eg få sydd han ut i god tid. I år har eg tapt. Benedicte Midthaug Torsvik

K N A R V IK S E N T E R - T l f . 5 6 3 5 1 2 7 0 FØLG OSS GJERNE PÅ FACEBOOK OG INSTAGRAM

Senter SenterAvisa |

mai 2015

17


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.