SenterAvisa - november 2015

Page 4

Levande Eggum

Det seiast at Jan Eggum gjev melankolien eit ansikt, og om nokon skal bryte ned den myta kan det berre vere Jan Eggum sjølve. Sjølv etter å ha gitt ut over 20 album klarar Jan Eggum stadig å utvikle det musikalske uttrykket sitt, og kvaliteten blir berre betre og betre med åra. Den nye plata «Rio» er spelt inn nettopp i Rio de Janeiro, i løpet av 14 dagar saman med livebandet til Gilberto Gil. Gil er ein legendarisk brasiliansk musikar og låtskrivar som også har vore kulturminister i landet. Til tross for kort innspelingstid var kjemien upåklageleg, og når ein høyrer resultatet skulle ein tru at dei har spelt saman i mange, mange år. Slik har det alltid vore med musikken til Eggum. Dyktige musikarar har likt å spele den, fordi den er

krevjande og byr på mykje musikalske utfordringar, samstundes som den gir eit kjent og naturleg uttrykk. Mange av låtane frå plata har på få månader rukke å bli godt kjende for det norske publikum, og som med alt Eggum-materiale går dei fort inn i rekkjene av musikalske høgdepunkt alle kan nynne med på. Det er ei stor ære å endå ein gong få lov til å presentere Jan Eggum som konsertartist på Knarvik Senter. Hans konsertar gir ei oppleving som ikkje er lik nokon andre, når han frå scena delar av sin humor, varme og livserfaring på ein måte andre berre kan draume om.

Vi gler oss til Eggum sin nattopekonsert klokka 21 på Senterscena. Håpar å sjå deg der!

Drøymer om å ha musikken som levebrød I august gav Ruben Risnes frå Radøy ut si første plate «Rule the World», og snart skal låtane hans spelast dagleg på radio. På nattope kan du høyre smakebitar frå albumet, når han gjer sin første liveopptreden etter plateslippet. Målet til Ruben (22) er først å nå ut til heile Noreg, og så heile verda. Allereie er musikken hans tilgjengeleg på godt over 150 digitale musikkløysingar verda over. – Draumen er å leve av å reise rundt og spele låtane som har inspirert meg til andre, og at dei skal kunne inspirere publikum og. Eg vil sjå verda, og spele for verda, fortel han. Ruben blir inspirert av omgjevnadane sine, og forklarar at mykje av musikken kjem til han nærmast automatisk. – Plutselig poppar melodiane opp, så eg får det nesten som servert på sølvfat inne i hovudet mitt. Eg kan ikkje presse det fram ved å til dømes sitte å jobbe med noko i fleire timar. For meg blir ikkje det bra, det må berre klikke og dukke opp av seg sjølve, seier han.

4 SenterAvisa |

november 2015

Premiere på nattope Debutplata «Rule the World» har Ruben gitt ut på eige selskap, og den er produsert saman med Daniel Hauge ved det lokale lydstudioet Lydetaten AS i Isdalstø. Livet som nyetablert artist krev mykje arbeid, og han gjer også jobben med å promotere plata sjølve. – Eg har fått mykje hjelp av vener og familie, spesielt frå kjærasten min som både har hjelpt meg med tekstar og mental støtte. Eg har lenge forsøkt å få musikken klar for radio, og fleire av låtane frå plata skal snart spelast dagleg på P5. Det blir kjekt, og eg håpar det kan spreiast til andre radiokanalar når dei får høyrt musikken min, seier han. For Ruben er det viktig å kunne spele lokalt, og når han kjem til nattope blir det første gang han opptrer live etter plata kom ut. – Det er spennande å kunne vere ein del av det lokale og opptre der. Det er ekstra gøy og alltid god stemning med mange kjente i publikum. Ein treng ikkje reise langt for å finne folk ein kan inspirere, fortel han.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.